Kategoriarkiv: Setesdalswiki

Med over hundre bøker i bagasjen

Share
Landeskogen er møteplassen i dag

Når Landeskogen Litteraturfest opnar om eit par timar, har forfattarane som skal delta over hundre bøker i bagasjen sin. Bøkene er ikkje på utstilling på Landeskogen, så det er nok helst som virtuell bagasje, den er jo ganske lett å bære. (Eg som har hatt folk til å rydde i boksamlinga mi i sommar, veit noko om at bøker veg mykje.)

Grunnen til at eg kom til å tenkje på dette var at eg sette meg som mål å skrive artiklar på Setesdalswiki om dei som skal delta på arrangementet i Grendi i dag. Sjølv om dei ti forfattarane ikkje har skrive like mykje, hadde det blitt ei flott utstilling om dei stilte ut alle bøkene sine. I arbeidet med artiklane fann eg ut at Ragnar Hovland har skrive nesten eit halvt hundre bøker gjennom mange år som forfattar, Terje Dragseth har minst 15 bøker bak seg og Hans Herbjørnsrud har eit titalls diktsamlingar på norsk, men mange er omsette til andre språk i tillegg.

Jo meir eg arbeidde med prosjektet, jo meir imponert vart eg over at Gunstein Bakke og Hind Helene Røynesdal har klart å samle så mange og så kjende deltakarar til arrangementet. Medan arrangementet i 2013 hadde deltakarar med lokal tilknytning der Paal-Helge Haugen var det store namnet, har dei denne gongen fått med seg folk som Ragnar Hovland frå Bergen og Hans Herbjørnsrud frå Notodden, Steinar Opstad frå Vestfold og Ingrid Storhol frå Trøndelag. Og musikken er frå Hedmark.

Medan arrangementet for to år sidan sprengde matsalen på Landeskogen, den har plass til 150 og det kom 200, lurer eg på om oppslutninga blir like stor i år. No må dei konkurrere med Tall Ships Races i Kristiansand og Canal Street i Arendal. Men det skulle vel vere nok folk til å fylle dei tradisjonsrike lokala. Eg vonar satsinga kan lukkast og ønskjer arrangørane lukke til.

 

 

Biografisk leksikon for Setesdal

Share
Valle jenter 14 2012 har ikkje biografi-tekstar i Setesdalswiki, med unntak av trenar Ulf Kjelleberg, men om dei held fram med same sportslege innsatsen i haust som i vår, kan det fort endre seg

Nå er det minst 500 personartiklar i Setesdalswiki, så ein kan samle dei til eit Biografisk leksikon for Setesdal. Det har eg gjort, og det var interessant å få den lista gjort synleg slik ho no ligg. Det viser seg at det er langt fleire folk frå Valle enn frå dei andre kommunane. Det er vel kanskje ikkje så spesielt, for eg held jo til i Valle, og ettersom eg skriv mest på Setesdalswiki, vil nok dei personane eg skriv om i større grad kome får Valle enn frå dei andre kommunane.

Men det er jo fritt fram for alle å skrive, og det er mange røde lenker på personar som kan fyllast ut. Eg tek med meg tradisjonen frå Wikipedia, der det heiter at ein ikkje skal ha med familiemedlemmer om dei ikkje på eiga hand fortener ein plass i leksikonet. Men det er eit prinsipp som ikkje er så høveleg i Setesdalswiki, for i prinsippet kan alle som bur i Setesdal ha ein artikkel her. Likevel er eg litt forsiktig med folk som er under 18 år, dei får nok helst bare artikkel om dei er aktive innan idrett eller på annan måte gjer noko som får dei til å skilje seg ut frå andre barn og unge.

Eg har nok av og til tenkt at eg burde lage artiklar også når eg ikkje har så mykje stoff om ein person. Til no har eg mest tenkt at artiklar bør vere fyldige, men eg ser jo at det er vanskeleg å få så fyldige artiklar som ein skulle ønske, i alle fall når ein baserer seg på det som står i Setesdølen, for der står det kanskje bare ei linje. Då har eg ikkje teke med vedkomande, men av og til har eg lurt på om eg burde lage artiklar om folk der bare nokre få informasjonar er tekne med.

I går skreiv eg om Marit Moi, og då eg sende henne eit spørsmål via Facebook. Svaret hennar var Oi, det var ikkje verst å komme med der. Eg vart glad for den kommentaren og  skulle ønske at mange tenkte som Marit. Send meg CV om du vil vere med, så fiksar vi ein artikkel til det biografiske leksikonet for Setesdal.