Merkelapp-arkiv: busetting

Busettingssoga i Setesdal 8

Share

Her kjem siste del av Leonhard Jansen sitt foredrag om busettingssoga i Setesdal som han heldt i Valle Radio den fyrste sendinga hausten 2009, 2. september.

Jernvinne og anna utmarksnæring på heia, og handel og handverk nede i dalbotnen – dette i kombinasjon med vanleg gardsdrift – kan ha vore grunnlaget for den velstanden vi tykkjest finne i dalen i vikingtida.

Men ikkje alt varer evig. Nedgangstidene i seinmiddelalderen med pest og annan sjukdom råka hardt. Heiane vart fråflytta, og busetnaden konsentrert til dalbotnen. Johannes Skar fortel: Men «Storedaui» kom. Og han herja so hardt. Heile dalen mestom låg i øydet. På Bykleheidane livde fire menneskje etter. (—)

Finndalen kom aldri i hæve meir. Der var prest ei tid frametter; men han druknast då han skulde til kyrkja. Då la dei Finndalen under Valle – etter segni. (—)

Gardane er underlagde til støylar – Ækra og Gamasbø er støylar som andre; men Gamasbø hev dei vendt av namnet og kallar det «Gåmålsbø». Mange av gardane ligg plent i øydet. Men manntykt hev der vore; der er ikkje ko åkerfòll utyver støylane.

Bjørgedalen vart øyden. Der sat tri kjempor i Bjørgedalen då sotti kom; det var Rygg Fissstøyl og Åni Skjellestøyl og Knipp Harstøyl. Dei var som rysar på storleik og skapleik og lag. Storedaui tok dei, alle tri. Dei er gravne kvar på sin gard. (—)

På Uppstad vart hjuringen etter. So læste han hurdene og tok på Nordlandet – lyklane kasta han i «Lyklebekkjen». Då han kom att, var der ein som hadde teke garden; men han sette kvar lykjel i sin lås, og hin laut pila seg. Frå Bjønnarå kom ei gjente. So sat dei på Uppstad, hjuringen og ho. (—)

Skåmedalen var bygd i lang tid framigjenom; der var so vent og greidt. Men det gjekk nedetter; gardane vart underlagde til støylar, den eine etter den andre. Fyre enden var ikkje ko Jørundlid etter. Men det tok same vegen”.

Slik var det til langt ut på 1600-talet, då folketalet på ny var på veg oppover. Men det lyt verte ein annan historie ei anna gong.

Busettingssoga i Setesdal 7

Share

Leonhard Jansen sitt foredrag går mot slutten. Her fortel han om utvinning og smiing av jern.

”Dei smida av myrjarn. Dei saud det sjave av surte. Mann og kone saud eit halvt bismarpund” (2,5-3 kg) ”til dagen. Til heile året saud dei på ei vike. Her visar verone etter dei i lidene. Der er store holor, og innmed er surtedike allstødt”. Slik står det i «Gamalt or Sætesdal», enkelt og greitt. Vi får inntrykk av at det er tale om ei onn, ei vekes arbeid, og at det var berre til eige forbruk. soppa

Den kunnskapen vi har om jernvinna i Setesdal, tek utgangspunkt i registreringane i Hovdenområdet for 30 år sidan. Omfanget er så stort at det er vanskeleg å tenkje seg den organiseringa som må ha lege bak. Enorme mengder jern har vorte produsert og frakta til marknaden. I åra som er gått har det og vorte klart at Hovden i seg sjølv ikkje er eineståande, men at verksemda har gått føre seg i stort omfang på båe sider av heia langt sørover i dalføret. Registreringar tilsvarande dei på Hovden, er det ingen andre stader. Men det er heller ikkje leita eller vore utgravingar som kan samanliknast. Jernvinna på Hovden er datert til ein periode frå ca. 800 – 1450, med 1200-talet som glansperiode. Ei utgraving Perry Rolfsen stod for på Straume, dvs. heilt nede i dalbotnen, er datert til romersk jernalder, noko som kan tyde på at jernvinna sin historie i Setesdal kan skuvast endå nokre hundreår tilbake.

Restar etter jernutvinninga er vanlegast å finne på heiane. Men kolgroper er det også mykje av nede i dalbotnen. Eg har stilt meg spørsmålet: Kvifor er det brent så mange kolgroper nede i dalbotnen når jernet vart vunne ut på heiane? Eg vil også prøve å gi eit svar.

Levegrunnlaget for setesdølane var samansett. Det var heller ikkje likeins for dei som budde i sidedalane og på heia, som for dei som budde nede i dalbotnen. Fjellbonden produserte eit overskot av jern og skinn, kan hende au kjøt og fisk. Bonden nede i dalbotnen dreiv i tillegg til korndyrking og husdyrhald, også med handverk – underforstått smedeyrket – og handel. Kor vidfemnande handelssambandet var, er uråd seie, men avstandane er ikkje større enn at utmarksbonden på Hovden godt kan ha selt varene sine til smedar lenger nede i dalen.

Jernet vart der smia til barrar, som var ei handelsvare. Til utsmiingi trongst mykje kol, så dersom ein kan tenkje seg at råjernet vart frakta nedetter dalen for å smiast til jernbarrar, altså handelsvara, har vi ei forklåring på kvifor det er så mange kolgroper også nede i dalbotnen. Dei ferdige varene kunne seljast på marknaden i Valle eller andre stader m.a. i byte for korn.

I denne samanhengen må vi au nemne Hylestadportalen. I alt seks motiv er utskorne på portalen, og av desse er to lagde til ei smie. Var det fordi dølane kjende spesielt godt til dette handverket? Depotfunnet frå Helle, som ein tenkjer kan ha vore varelageret til ein smed, peikar i same lei: Smiing – med jern og sølv – var og er eit viktig handverk i dalen!

Busettingssoga i Setesdal 6

Share

Vi held fram med busettingssoga i Setesdal. I dette avsnittet kjem Leonhard Jansen inn på handel i gamal tid.

Difor meiner eg at eit utgangspunkt for drøftingar omkring Setesdal si forhistorie liksåvel kan gjerast i ljos av kunnskap ein har om liv og levemåte vestafor. Det er ting som kan tyde på at Valle kan ha vore eit knutepunkt for ferdsla mellom austland og vestland. Nemninga Bispevegen på vegen mellom Setesdal og Fyresdal er vel ein indikasjon på at dette har vore ein vanleg nytta veg for stavangerbiskopen og hans menn. Ein embetsveg, men også ein veg som kan ha vore sentral for handel mellom aust og vest. Det er då også omstende som kan tyde på at det i vikingtida har gått føre seg ein utstrekt handel også i Setesdal. Ei grunngjeving for slike tankar legg Jan Henning Larsen fram i ein artikkel han kallar Vikingtids handelsplass i Valle, Setesdal frå 1980.

Valle er også i dag ein stad der veger møttest, og ein urimeleg stor del av gravfunna frå yngre jernalder i Aust-Agder er gjorde her. Det som slår ein er at ein her finn uvanleg mykje importerte gjenstandar, så mykje at det ikkje er mogeleg å samanlikne med andre delar av Aust-Agder. (Og som eg var inne på ovanfor, kanskje er ikkje det heilt rett å gjere det heller!) Vidare ei uvanleg stor mengde med vektlodd og perlar, gjenstandar arkeologane er samde om at helst vart nytta til å vege gull og sylv med i samband med handel.

Konklusjonen til Jan Henning Larsen er at ein i vikingtida har hatt ein eller fleire marknadsplassar, og at dei må ha lege i nærleiken av Valle kyrkje, eventuelt nær Hylestad kyrkje. Området låg sentralt langs gamle ferdslevegar, og utmarksnæringane gav eit overskot som laut seljast.

At slik handel ikkje berre er tenkt, vert mellom anna underbygd av ei nedteikning frå om lag år 1700. Der heiter det ”En Miil fra Bykle staaer en gammel Boe kaldet Koup-mands Bua, der synes Nordmændene, og Sæterbyggerne at have mødt hvert Aar med sine Warer at sælge. Nordmændene med Salt, Heste, Klæder, Lærret, Fisk og andet saadant, Sæterbyggerne med Bueskap, Huder og Skind”.

Kaupmannsbui ligg i Støyledalen i Nordbygdi i Bykle.

Handelen det vert fortalt om, var tydelegvis slutt den tid kjelda vår sette seg ned med fjørpenn og blekk. Han nemner heller ikkje det som hadde vore usedvanleg spennande å høyre noko om – handel med jern. Jernvinna må ha hatt avgjerande betydning for setesdølane sin eksistens frå vikingtid til høgmellomalder. Utan ei inntekt som gav grunnlag for kjøp av nødvendige matvarer, er det vanskeleg å tenkje seg at busetnaden kunne breie seg slik den gjorde. At det var samanhengar går mellom anna fram av eit funn av ei vikingtidsgrav frå Straumsfjorden like ved Skjoldmøyfjellet. Grava inneheldt kniv, fil og sigd av jern. I same området er det tolv jernvinneanlegg. Ein kan difor med god grunn rekne at den gravlagde har hatt gard i nærleiken (på ein av støylane), og produsert jern for sal.

Busettingssoga i Setesdal 5

Share

Her fylgjer eit nytt avsnitt om busettingssoga i Setesdal, eit foredrag Leonhard Jansen heldt på eit seminar som Setesdalsmuseet arrangerte, og som vi sendte opptak frå i Valle Radio onsdag 2. september 2009.

Dette er berre som eit døme på korleis busetnaden kan ha utvikla seg. Og stadnamna er med og fortel oss litt om rekkjefølgja dei kan ha vorte rydda. Det er fornfunn nær sagt over alt, så dei må vere rydda i førkristen tid. Det er noko av problemet vi støyter på når det gjeld busetnaden på heiane, at vi ikkje utan vidare finn den type fornminne som gjer oss sikre på at vi har med gamal busetnad å gjere. Det kan hange saman med at dei fleste av dei er rydda etter at kristendomen vart innført, og at gravplassen deira vart ved kyrkja, og at dei ikkje dreiv tradisjonelt jordbruk høgt til fjells, men t.d. dreiv jernvinne, jakt og fangst i kombinasjon med husdyrhald og litt korndyrking. Det er faktisk registrert ein heil del åkerreinar på heiane etter kvart, men svært mange stader der det er grunn til å tru at det har vore busetjing, manglar dei.

Tradisjonen, med hovudforankring i Gamalt or Sætesdal, vil ha det til at busetjinga tok til på heiane: ”Det fyrste Sætesdal var bygd, sat der snart ikkje folk med åi; det var på heidane og i heimehòlli dei rudde. I Bykleheidane var gardar; der var tykke bygdelòg det bil «Storedaui» kom til dalen. (—)

I Valle var upprudt so fælt på heidi. I Finndalen var både konge og prest.” I Hylestad var Bjørgedalen bygd. Der var tri gardar; både Fisstøyl og Skjellestøyl og Harstøyl var gardar. (—) I Sandnes på Åraksledi, var Haugetveit, Brasstveit og Træltveit opprudde fyrst. På Skåmedalsheidi var fullt stor kyrkjesokn. I Træledalane på Bøsheidi, var ei heil bygd. Der låg Ormelid, og Knutslid og Gjystøyl og Skjeii og Nøvelting.”

Dette er nokre utdrag av ei lang tekst. Skildringa inneheld påstandar som i utgangspunktet får oss til å stusse litt. Men når ein får tenkt seg litt om, underbyggjer dei tankar som ein lett gjer seg når ein ferdast i heia, at det ein ser ikkje berre er minnesmerke etter støylsdrift. Det må ha budd folk på mange av stadene.

I høgmellomalderen må vi sjå føre oss eit ganske tett befolka Setesdal. Alle stader der det i dag bur folk, var det også folk for 7-800 år sidan. I tillegg kjem bufaste folk i sidedalar og i parallelldalar. Levegrunnlaget har vore husdyrhald og kanskje også jakt. Skatten vart gjerne målt ut i ei vare som skatteytaren lett kunne skaffe. T.d. på Austlandet var det tunner korn, og på Vestlandet våger fisk. I Setesdal er målet huder og skinn.

Då det første tilløpet til ein sentraladministrasjon vart bygt ut, vart Setesdal lagt under Stavanger bispesete. Skatten måtte fraktast over heia, og nemninga Skinnevegen lever den dag i dag. Forresten var det mange Skinnevegar som alle enda opp vestpå. Svært sannsynleg var all vesentleg kontakt med kystnære strok vestover, til Ryfylke og Stavanger. Råbyggjelag høyrde inn under Gulating, og etter kvart til Stavanger lagdøme. Ikkje før i 1556 vart vi forlena saman med Nedenes len. Kristiansand vart etablert som by i 1641, men først då det kom postveg oppover dalen i 1844 vart den byen viktig når bonden skulle selje eigne varer og kjøpe att det dei ikkje hadde nok av sjølve som korn og salt, brennevin til seg sjølv og vakkert tøy til kona. Eit unntak må sjølvsagt gjerast for somme av bygdene lenger nede i dalen der det sjølvsagt var freistande å take stuttaste vegen ned til ei hamn på sørlandskysten. Men skatten måtte au dei betale i Stavanger.

Busettingssoga i Setesdal 4

Share

Leonhard Jansen sitt foredrag i Valle radio har eit stort avsnitt om gardane i Valle:

Etter kvart som det vart fleire bønder i same dalføret, måtte det til ei fordeling mellom dei au. Frå før gjekk det langstrenger mellom dalføra. No vart det fastsett stuttare strenger som gjekk på tvers av dei gamle langstrengene. Somme stader i landet veit vi at desse har kryssa elva i dalbotnen, slik at garden har strekt seg frå langstreng til langstreng.

Dette går ikkje direkte fram av det grensematerialet som er kjent hjå oss. Likevel er det ikkje umogleg at til dømes heile Hylestad ei gong kan ha vore ein slik kjempegard. Strengene mot Valle sokn og mot Austad sokn er nokså beine liner frå fylkesgrense til fylkesgrense.

Den dag i dag er grensa mot langstrengen dei fleste stader i sameige mellom fleire gardar. I Tveitebø, til dømes, er det slik, noko som klårt syner at heile dette området i si tid har vore ein gard.

Me finn au døme på gardar med greie grensor, men som tydeleg er skilde ut frå ei større eining. Helle er ein slik gard som utan tvil er dela frå garden Rysstad. Like tydeleg er det at Besteland i sin tur må vere dela frå Helle.

Ein stad måtte sjølve busetjinga begynne, og det er ikkje unaturleg å tenkje seg at utgangspunktet var det som i dag er rekna som grender, t.d. Nordbygdi i Bykle, Oveinang og Homme i Valle, Bygdi (Hovet) og Treungen i Hylestad, Årak og Jordal (eller Åraksbø og Jordalsbø) i Bygland. Innanfor kvar grend finn vi namnet på ein opphavsgard, og så kjem ei vidare oppdeling i namnegardar.

Dei eldste gardsnamna er reine naturnamn – Ose og Straume kan tene som døme. Slike namn kan vere frå tida då folk framleis vandra frå stad til stad, jakta og dreiv svedjebruk. Når dei sidan vart fastbuande, var det rimeleg at dei slo seg ned der dei tidlegare hadde drive jordbruk, og slik vart det gamle namnet hangande med garden.

Vi hentar eit døme frå den sentrale vallebygda. Midt i rekkja av hus ligg Viki, som er eit naturnamn, og på sida er Rike som er eit nokså uforklåreleg namn. Sunnafor er Åkre, og Voll (no Prestegarden) ligg nordanfor det att, og endå lenger nord er Jordet. Dei tri siste namna viser alle til at det har vorte drive jordbruk på staden. Så byrja dei å setje namna saman, og namn ihopsette med -vin (eng) og -heim vert rekna som dei eldste i så måte. Men dette finn vi ikkje døme på i Setesdal, om ikkje då Breive kan ha eit slikt opphav. Så kom namn ihopsette med –land, og i Valle har vi Nomeland og Steinsland rett over elva for Viki. Så kom det ei fortetting. Kanskje var det sønene i Viki som fekk dele frå noko jord. Iallfall heiter dei gardane Harstad og Kyrvestad, båe ihopsette med mannsnamn, sunnafor Åkre og mellom Voll og Viki. To gardar til vart pressa inn; Sagneskar og Kjelleberg, men så måtte dei oppetter lia, til Tveiten og Brottveit. Innimellom dette er det og nokre gardar som vart borte samband med Svartedauden: Preststøyl og Troendestøyl, Døli, Haugebirke og Kjosvid.

I Valle gav det som må ha vore eit stort jorde – Voll – namn til heile prestegjeldet.

Busettingssoga i Setesdal 3

Share

Her kjem meir frå Leonhard Jansen sitt foredrag:

Namnet på gardane i dalen gjev oss også haldepunkt. Mange av dei eldste gardane slik dei let seg identifisere i dag – ”opphavsgardane” – har namn og funn som tilseier at dei vart rydde eitt av dei fyrste hundreåra etter at vår tidsrekning tok til. Andre gardar – det kan vi likså visst slå fast – er dela frå opphavsgardane seinare.

Med nemninga ”gard” meiner vi eit varig anlegg, der menneske og dyr har fast tilhald, og der innmarka vert bruka år etter år. Kvar gardseining må vere skild frå grannegarden med ei grense. Dette føreset fast busetnad i området, og at det finst eit samfunn av gardar. I vår tid har kvar gard sitt eige gardsnummer, og kvart gardsbruk eit bruksnummer.

Grensene har sin eigen historie. Lat oss tenkje oss attende til tida då dei fyrste fastbuande hadde slege seg ned som bønder i dalen. I grannedalane Sirdal og Fyresdal var au folk. Det trongst ei grensedraging, mellom anna for at alle partar skulle sikrast tilgang til heia. Grensene mellom dalføra, langstrengene, er ihopsett av fleire kortare strenger som går frå knaus til knaus, og frå fjell til fjell. I hovudsak fylgjer dei vass-skilet. At ingenting var tilfeldig, går tydeleg fram av ei sak på Straums-/Austadheia i år 1700, der langstrengen mot Telemark vart kontrollert med bruk av kompass.

At det ikkje alltid var enkelt å kome fram til greie grenser, går fram av soga om då grensa skulle setjast mellom Valle og Skafså i Telmark. Slik det er i så mange vandresgner, skulle valldølar og skafsingar reise frå same tid heimanfrå, og der dei møttest, skulle grensa gå. Men valldølane tok ut kvelden før, og kom langt inn på skafsåsida. Då vart det eit stort slag der, på Stridsmo. Så dikta dei :

Her ska heite Striss-mo,
for her hev runne gorr å blo,»

sa valldølane.

Der er fullt av grefter utyver moen.

Busettingssoga i Setesdal 2

Share

Eg held fram med stoff frå Leonhard Jansen sitt foredrag om busettingssoga i Setesdal.

Yngre steinalder vert rekna frå 3500 til 1800 f.Kr. Rundt Straumsfjorden på Austeheia var det for 30 år sidan omfattande arkeologiske undersøkingar. Feltarbeidet vart leia mellom anna av Jan Henning Larsen og Per Oscar Nybruget, og Perry Rolfsen skriv i forordet i rapporten frå 1981: ”Det er få vann i Sør-Norge det er funnet så mange fornminner som ved denne fjorden. Bakgrunnen for de mange fornminnene må være rike ressurser på vilt, fisk og myrmalm.»

Seinare har det også vorte utført ei pollenanalyse frå ei myr ved Straumsfjorden, som viser at det gjekk husdyr og beitte der 2600 år f. Kr. Så desse folka hadde også eit anna levegrunnlag. Det einaste vi har å jamføre med er analyser frå Breive heilt opp mot høgfjellet, som viser at husdyrhaldet der kan daterast til 2800 f.Kr. Då dyrka dei og bygg på Breive. Eit samanhangande jordbruk må vi likevel fram til kring 1500 f.Kr. for å finne, og frå ca. 500 e. Kr. tek korndyrkinga seg kraftig opp.

Jordbruket i yngre steinalder har truleg vorte drive på nomadisk vis, med svedjebruk – dvs. brenne skogen og dyrke korn der 2-3 år, for så å flytje seg til ein annan stad. På same vis har husdyra vorte drivne frå beite til beite. At det er kontinuitet i korndyrkinga frå eldre bronsealder passar for så vidt inn i skjemaet når det no er registrert bronsealdertufter på Moi. Men det må understrekast at det er all grunn til å tru at busetjinga først kom nede i dalane, på dei store flatene i Bygland og Valle som berre ligg 2-300 m over havet (som for eksempel Moi). Perry Rolfsen si utgraving av ei tuft på Skarg i Nordbygdi i Bykle daterer busetjinga der til kring 400 e.Kr. Heller ikkje Skarg kan reknast som eit førsteval for fast busetnad. Men det er undersøkingar som tyder på at folk alt så tidleg var bufaste også på heiane. I Finndalen i Valle var det utgravingar i 1940-åra. Der synte det seg at den faste gardsbusetnaden kan daterast til folkevandringstida (400-600 e. Kr.).

Så vi får vel berre slutte oss til konklusjonen til ein kar som sat og skreiv om Setesdal tidleg på 1700-talet, om at at dalen nok var ”opfunden og opdyrket noget efter Syndfloden, dog før Christi Tid”.

Busettingssoga i Setesdal

Share

Leonhard Jansen heldt i sommar eit foredrag om busettingssoga i Setesdal på eit seminar som Setesdalsmuseet skipa til. Foredraget vart sendt i Valle Radio onsdag 2. september, og då eg spurde han om å få manuskriptet for å ha på bloggen, fekk eg eit hyggeleg svar med ein lang tekst. Det er strålande at vi har ein institusjon i bygda som kan formidle forskning og syne oss historiske linjer som ein ikkje så lett elles ville finne. Tusen takk til Leonard.

Ein reknar at heile Setesdal vart isfri ei gong mellom 6- 7000 f. Kr. Dei svære ismassane hadde verka som eit sandpapir på landskapet. Alt laust vart rive med og følgde med isen.

Det meste av lausmassane vart lagt att i dalane – sidedalane og hovuddalføret. Det som i dag er den flataste og beste jorda er gamal elvebotn.

Dei første som kom var nok ikkje særleg opptekne av jordsmonnet. Jakt og fangst stod øvst på lista over viktige gjeremål, og ikkje minst reinsdyra med sine årvisse trekkruter var ei sikring for tilværet. Frå heiane er det registrert buplassar frå steinalderen som er over 7000 år gamle.

På buplassane finn vi avslag av flint, bergkrystall og kvarts; og steinflingrer med kvasse egger og slagmerke på, som vart liggjande att når jaktarane smia seg våpen av stein. Av og til kan ein kome over sjølve reiskapen eller deler av han; ein pilespiss, ein skrapar, ei sundslegen øks osb. Vidare finn vi raudaktig kokstein; sundbrend stein som har vorte bruka til koking eller steiking. Korleis det vart gjort skal vi vere med på seinare i dag.

I samband med kraftutbyggingane er det gjort mange funn, ein del frå eldre steinalder, men det meste frå yngre steinalder. Det er lite som tyder på at nokon har vore bufaste. Mangel på tufter etter hus er det rimeleg å tolke som eit indisium på at folk budde i telt eller låg under hellerar og der det elles var råd å søke ly. Dei eldste spor etter hus er så vidt eg kjenner til det som no er grave ut på Moi, og som vi skal høyre meir om i morgon.

Folka vi snakkar om er med andre ord veidefolk på vandring. Til Vesteheia kom dei frå Lista, Jæren og Ryfylke. Til Austeheia – der var det au reinsdyr i forhistorisk tid, sjølv om den stamma som er der no kjem frå tamreinhaldet – var det nok folk frå kysten i Aust-Agder som helst kom. Kanskje kom dei i årlege syklusar – kvar gong reinsdyra kom på trekk akkurat der det var lageleg å felle dei. Vi talar om drivjakt av ulike slag. Fangstsystem med dyregraver er noko som høyrer ei seinare tid til, frå kring 700 f. Kr. til 1500 e. Kr. Det emnet er forresten noko diffust. Det er registrert så få dyregraver, at mykje tyder på at fangsten i våre heiar har gått føre seg på heilt andre måtar enn for eksempel austpå, der det er dokumentert gigantiske fangstsystem. Eg vil tippe at bogestilla i våre heiar må ha hatt ein langt viktigare funksjon i den gamle fangsten enn vi har trudd til no. Men dette emnet lyt eg late liggje og heller kome inn på det som er temaet mitt: busetjinga.