Merkelapp-arkiv: bygdekvinner

Bygdekvinnelaget i Fædrelandsvennen

Share

I regionavisa i dag hadde Johs Bjørkeli eit flott oppslag om Bygdekvinnelaget. Det skulle ikkje undre meg om han hadde lese på bloggen og funne stoff til artikkelen der. Det er hyggeleg når stoffet eg leitar fram kan brukast på andre arenaer. Og biletet han hadde fått frå ein av deltakarane, syner ein feststemt gjeng i eit muntert sekund der dei spelar på kam. Ei rekke damer i orkester med kam er eit lite særsyn og truleg historisk i Fædrelandsvennen.

60 år i Valle Bygdekvinnelag

Share

Melodi: Flaumen går

60 år er me i år,
dette vil me feire:
Til Bykle i kveld, på Bykle hotell
Pynta er me til fest.
Ferdige mate, det ve» me have,
inkje tomle og stelle sjave
60 år er me i år,
det feirar me i kveld.

I førtisju, kan du det tru,
då vart laget starta.
Trege start, ikkje så rart,
Men så fekk laget fart:
Bondekonene kom som maure,
ropa og sa: du må meg skrive.
60 år er me i år,
det feirar me i kveld.

Kurs i fleng, samle inn peng,
Sauesjåbasaren.
Kopp og kar til hundre me har,
gåver mange det var:
Kunst til skulen og ljos til kyrkja,
mangt som vel kunne Valle styrkja.
60 år er me i år,
det feirar me i kveld.

Sjalerus rundt i kvart hus
det var fyrste tida.
Sidan det blei ei nøktern lei
det var rette vei.
Me produserte kalenderar mange,
lagsavisene kunne bli lange.
60 år er me i år,
det feirar me i kveld.

Kultur i bok på oss me tok:
Våre tradisjonar.
Mat så flott, heimsleg og godt
vakkert som i slott.
Rette klede i Setesdale
også det er i bok omtale.
60 år er me i år,
det feirar me i kveld.

Ut på tur, aldri sur,
lett å reise saman.
Ut ein dag, triveleg lag,
rundt me for med buss.
Flo og Fjære og Kvipt og Dalen,
heim om kvelden og sjå til smalen.
60 år er me i år,
det feirar me i kveld.

Jolefest, Fjoruven gjest,
Me fekk Kulturprisen.
Sæbygg syng og dikt og draum,
det er som Otras flaum.
Mat til Kongen har me servera,
no me kvarandre vil gratulera:
60 år er me i år,
det feirar me i kveld.

Valle Bygdekvinnelag samla 25 av dei 36 medlemene til fest på Bykle Gjestegard i går kveld i høve at laget er 60 år i år. Då song dei denne songen saman med mange andre, etter det eg har høyrt. Melodien til Flaumen går er ein av dei mest populære melodiane i laget, så difor var det denne dei ville ha då dei skulle syngje om seg sjølve.

Eg kjem tilbake med meir stoff om laget seinare i haust. Lisbeth på biblioteket har lova å skaffe fram ei liste over leiarane i desse 60 åra.

Til fellesskapets beste

Share

**Den tillitsvalde har prioritert å bruke ein del av livet til fellesskapets beste.**

Det var leiar i Utdanningsforbundet, Helga Hjetland, som sa dette til deltakarane på Utdanningsforbundet Aust-Agder sin tariffkonferanse i dag. Eit femtitals tillitsvalde frå alle kommunane i fylket er samla på Quality-hotellet i Sørlandsparken for å tenkje strategi om lønspolitikk og fagforeningsarbeid. Eg har fått høve til å vere med, det har vore ein interessant dag med mange innspel som eg ikkje skal referere her. Men sitatet over tek eg med for å setje søkelyset på noko som gjeld i mange samanhengar, det kan utan tvil også brukast på engasjementet i Valle Radio.

Å bruke ein del av livet til fellesskapets beste er ikkje sjølvssagt, det er etter kvart blitt vanskelegare å finne folk til ei rekke tiltak som vert prøvd å setje i verk til fellesskapets beste. Men i Valle Radio lever ideen om at det er viktig å ta eit tak til fellesskapets beste. Når Ørnulf og Jørund, Kjetil Carolis og Helge saman med Sigurd Haugsgjerdlagar ei fem timar lang valsending, får fellesskapets beste ein utvida dimensjon, ikkje bare er det tale om underhaldning der og då. Det er også hjelp til folk som skal stemme slik at dei skal ha best mogleg grunnlag for å gjere sitt sjølvstendige val.

I mange samanhengar er det tale om å bruke av tid og krefter til fellesskapets beste. Fellesskapet kan vere ei forening, ei bygd eller ein kyrkjelyd, til dømes. Om ein ser seg rundt når ein køyrer i landet vårt, finn ein mange eksempel på at grender og bygder har etablert skulehus, grendehus og bedehus til fellesskapets beste i år der landet vårt ikkje på langt nær var så rikt som no. Framleis er ein slik tradisjon levande i mange grender, sjølv om ein nok kan merke at folk er mindre viljuge til å stille opp til fellesskapets beste. Vi er nok blitt meir individualistiske dei siste åra. Om det er jappebølgja eller andre grunnar, skal ikkje eg seie for sikkert, andre har kanskje sterke synspunkt her.

At nokon stiller opp til fellesskapets beste er ikkje mindre viktig i vår tid, anten det gjeld idrottslag, bygdekvinnelag eller Valle Radio. Vi har vore heldige i Valle, dugnadsånda lever framleis i rimeleg grad her i bygda.

Lat oss gjere vårt beste for at det kan halde fram og i dagar som kjem