Merkelapp-arkiv: john olav

Dannelsesagent

Share

Denne sendinga starta eg med å lese kommentarartikkelen Harald Stanghelle skreiv i Aftenposten i høve John Olav Larssens bortgang. Det var ein svært interessant artikkel. Han kallar predikanten ein kristen dannelsesagent:

I boken Kunnskapens hus portretterer Rune Slagstad – velformulert, men ikke alltid like presist – det han kaller dannelsesagenter. Både dem han liker (som Trygve Bull) og dem han misliker (som Einar Hanseid).

I dette selskapet finner man ikke John Olav Larssen. Han eksisterer nok ikke på Slagstads intellektuelle radar. Men hadde han gjort det, kunne han trolig vært utropt til en norsk dannelsesagent. For i flere tiår påvirket han i stor grad tanker og holdninger til utrolig mange mennesker. Hans betydning for en av den tids sterke motkulturelle strømninger kan ikke overvurderes.
http://www.aftenposten.no/meninger/kommentatorer/stanghelle/article2860132.ece

Eg har tenkt mykje på dette dei siste par dagane og lese artikkelen fleire gonger. Det utdraget som eg har sitert er interessant og eg er samd med Harald Stanghelle i at John Olav påverka utruleg mange menneske. Sjølv er eg ein av dei, eg fekk fire år i lag med han frå 1972 til 1976 då vi arbeidde saman i Den indre Sjømannsmisjon. I gravferda kunne ein ane noko gjennom helsingar på minnnesamværet om folk som hadde blitt påverka frå samarbeidet med John Olav, mange fleire enn Rolf Listrøm, som vart oppdaga då han song på eit møte John Olav hadde i Chicago og spurt om å gje eit halvt år til å vere med på møteseriar i Norge. Rolf bur framleis her i landet, 50 år seinare.

I minnesamveret helsa Øystein Kristensen og fortalde at han hadde fått vere med John Olav og be for sjuke. Det var nok ei side som ikkje så mange visste om, men den var der. Eg fekk eit prov på det i dag då Reidun fortalde at ho hadde fått ei historie om ein som var blitt frisk etter forbøn då John Olav hadde møteserie i Mandal, det var i 1957.

Sjølv vil eg seie at han inspirerte folk til å gå inn i rekkene og gjere ein innsats for evangeliet. Visjonane hans var slik at vi kunne gå inn i dei, og mange gjorde det i dei åra.

John Olav Larssen 2

Share

Fredag fekk eg vere med i gravferda til John Olav Larssen. Det var ei sterk oppleving. Du kan lese meir på Bloggen til Harald Haugland, http://www.eskeland.net/node/5934 som er ein blogg eg har starta på Helge sine heimesider. Der har eg og lenker til litt av det som andre har skrive om dette.

På grunn av turen til Time har eg vore utan nettforbindelse nokre dagar. Difor har eg ikkje fått oppdatert bloggen min særleg godt. Men no er det vel etter kvart tilbake til det vanlege livet.

Sjølv om det var mange år sidan vi hadde møtt borna til John Olav og Norma, var det hyggeleg å oppleve at dei kjende oss att, triveleg å møte dei og få bekrefte vennskap med dei og Norma. Mange andre var og møtt fram for å ta avskil med John Olav, så vi møtte Rolf Listrøm, Øystein Kristensen og Arne W. Haugland, som for mange år sidan var sentrale i Justøyfamilien og sidan medarbeidarar i Den indre Sjømannsmisjon.

I denne tida har det slått meg kor mykje av mitt liv som har fått kursen etter møte med John Olav. Han var ei inspirasjonskjelde og ein venn som eg kjem til å sakne sterkt.

John Olav Larssen

Share

I dag kom meldinga om at John Olav Larssen var død. Han vart 81 år gamal, her er lenke til artikkelen om han på wikipedia, den vart oppretta i dag: http://no.wikipedia.org/wiki/John_Olav_Larssen Også på Eyvind Skeies og Oddbjørn Evenshaugs bloggar var det omtala: http://eyvindskeie.no/2009/01/john-olav-larsen/
Og her er ein omtale i Vårt Land: http://www.vl.no/folk/article4026541.ece

Om han har vore i Valle, veit eg ikkje, men truleg har han det. I løpet av si gjerning som predikant var han over det meste av landet. Det som forundra meg mest var korleis han kunne kjenne att folk over alt der han kom.

Sjølv hadde eg gleda av å vere nær ven og medarbeider til John Olav, særleg i perioden frå 1972 til 1976 då eg var redaktør av Fiskerens Venn. Å jobbe med han og få ganske så frie tøylar for skriveglede, var ei glede og ei oppleving. I den tida måtte om lag 40 a-4 sider gjennom min skrivemaskin kvar veke, han skreiv leiarartiklar, og saman prøvde vi å finne det stoffet som skulle til for å fylle bladet.

Ofte var vi på talarferder saman, han tala, eg møtte folk og skreiv om arbeidet til Den indre Sjømannsmisjon. Inspirert og inspirerande var han, men sterk omsorg for organisasjonen sitt arbeid og for folka vi arbeidde mellom, fiskarar og sjøfolk i nære havområde. For han ville utvide verksemda til DISM, han ville at ikkje bare fiskarar skulle nyte godt av evangelisk omsorg, men også sjøfolk. Difor var han svært oppteken av at vi skulle få til eit arbeid i havner som ikkje var tradisjonelle fiskehamner. Ikkje alle skjøna det, men for John Olav var det viktig, og han ville vinne nytt land med arbeid i Stavanger saman med Havnemisjonen, i Porsgrunn og Drammen, store havnebyar med stor trafikk. Ja, til og med arbeid for norske fiskarar på Shetland kom i gang i hans tid, og samarbeidet med Det Norske Misjonsselskap om betelskipet Shinko Maru i Japan.

Det var ei livleg og sterk tid for ein traust organisasjon. Sjølvsagt tok det på kreftene. For min del førte det til at eg fekk kall til å verte rektor på Hadsel Folkehøyskole, som DISM gjekk inn som medeigar i frå 1976. For hans del førte det til at han svara ja på eit kall om å verte landssekretær i Misjonsalliansen. Men omsorg for at Havets folk skulle verte Herrens folk, det hadde han også i si nye teneste.

Dagen i dag vart ein underleg dag. Eg oppdaga at han var gått bort litt utpå dagen, og minnene strøymde på. Kontakten med han vart mindre med åra, men takksemda over å ha fått vore nær medarbeidar i ein periode av livet og ven med han, er stor. Fred med John Olav Larssens minne.