Merkelapp-arkiv: jolemesse

Normisjons si jolemesse i Valle

Share

Tysdagskvelden var Åse Rike i studio og fortalde om Normisjon si jolemesse som skal vere i Valle menighetshus laurdag 29. november. Det var ei stor glede å få henne til å kome og informere om jolemessa, ho brenn for dette arrangementet som kvinneforeningane Fjellblomen i Valle og Regnbogen i Hylestad står bak. No har dei halde på i 26 år, kunne ho fortelje. Denne gongen kjem Knut Svein Dale og Oluva Laksa frå Normisjon Agder krets.

Det som er spesielt med messa i år, er at dei har salsbord med mange heimelaga ting, mellom anna har dei baka jolekaker som dei vil selje. Mange bakar ikkje lenger sjølv, då kan det vere greitt å ha ein smak av jolebakst slik han var før å setje fram. Som vanleg vil det vere suppe og eplekake på jolemessa, så vel som kaffe, vaflar og kaker. Og åresalet er av godt, tradisjonelt merke med marsipankaker, kransekaker og fruktkorger som hovudgevinst. Så kan ein vurdere kva for ei trekking ein vil kjøpe flest årer i.

Det har og vore tradisjon å ha eit større lotteri med gevinstar på bok. Denne boka ligg ute på Joker i Valle, så om ein ikkje kjem seg på messa, kan ein legge i når ein er på butikken.

I løpet av dagen vert det andakt klokka 13 og familiemøte klokka 16, då kjem Vallle og Hylestad barnekor for å syngje. Og så er det trekking om lag klokka 18, kunne Åse Rike fortelje. År om anna får ein inn hundre tusen kroner til Normisjon sitt arbeid. Normisjon arbeider både i Noreg og har misjonærar rundt om i verda, så organisasjonen treng pengar for å halde oppe arbeidet.

Eg vart så glad då Åse tok utfordringa og sjølv kom i studio for å fortelje om jolemessa. Det er viktig at dei som står midt oppe i eit arbeid, fortel om det dei brenn for. Dei har meir å fortelje enn eg vil ha om eg les opp annonsen frå avisa. Når ein nyttar lokalradio på denne måten, då er det ekte lokalradio, etter mi meining.

Stuvfullt hus og tom lommebok

Share

Då eg snakka med Ragnar Aas om jolemessa på Rysstad, var han godt nøgd med resultatet både når det gjaldt folk og pengar. Han var særleg takksam for at ordførar Bjørgulv Sverdrup Lund hadde kome med ei helsing i høve at det var 25 år sidan desse jolemessene starta. Og veret hadde vore lagleg jolemessever, ikkje så fint at folk gjekk på heia og ikkje så dårleg at folk sat heime.

Sjølv fekk eg det som truleg blir mi einaste jolemesse i år denne helga. Det var Normisjon si jolemesse i Mandal, og eg tok ein tur dit laurdagskvelden for å høyre Kurt Hjemdal tale. Han talte i ein halv time utan manuskript med utgangspunkt i 1. Peters brev 1, 3: Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i si store miskunn har født oss på nytt til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde! Temaet for talen var Levande von og det var inspirerande å høyre på. Gospelkoret Restart frå Søgne song og det var trøkk i songen deira. Stuvfullt bedehus var det og denne kvelden.

Men så var det tilbake til åresal og sosialt samvær med kaffe og mat. Ulikt messa på Rysstad hadde dei seks gevinstar, så trekkinga tok si tid. Men dei som var der, hadde nok sett av laurdagskvelden til dette. Truleg hadde dei teke ut pengar og, men akkurat som på Rysstad var det ein minibankterminal om nokon gjekk lens. I grunnen er det fort gjort å gå lens på ein slik kveld, det vert fort til at ein kjøper for ein hundrelapp eller to i åresalet. Og så skal ein leggje i på hovudtrekkinga. Og plutseleg er lommeboka tom.

Sjølv vann eg ein pose Sørlandschips denne kvelden. Eg får trøste meg med at andre kveldar har eg ikkje kome så tomhendt heim. Og så hadde eg jo tenkt å støtte arbeidet med nokre kroner, no fekk eg ein triveleg kveld attpå med ei god preik og vakker song.

Jolemessa på Rysstad

Share

I samband med jolemessa i år har eg hatt to innslag i Valle Radio. Fyrst intervjua eg primus motor Ragnar Aas frå Evje, og så fekk eg tak i Gunnar Hamnøy og hadde ein god prat med han. I dag kom annonsen i Setesdølen:

Jolemesse i Setesdal
I soknehuset på Rysstad
laurdag 17. november 2007

Kl. 11.00 Opning
Kl. 13.00 Møte – Tale av Gunnar Hamnøy
Kl. 16.00 Song og familiemøte ved Strandakameratene og Valle og Hylestad Barnekor
ca. kl. 18.30 Avslutningsmøte ved Gunnar Hamnøy og Strandakameratene

Mellom møta blir det

SAL av handarbeid, lefse og flatbrød
LOTTERI med gevinstgaranti
UTLODNING av mange fine ting
ÅRESAL – 300 kaker: kransekaker, marsipankaker, kringler, ostekaker og sjokoladekaker
KAFETERIA med mykje god mat: lapskaus, kaffi, brus og heimebakt

Det vert sett opp private turbilar.
Ynskjer nokon å bli henta, ring tlf 379 30258/
950 73917 Roald eller
379 30840 Egil
VELKOMEN
Norsk Luthersk Misjonssamband

Eg vil ynskje lukke til.

Jolemessa på Rysstad

Share

To gonger har eg nemnt jolemessa på Rysstad i Valle Radio i haust. Fyrst snakka eg med leiaren i komiteen, Ragnar Aas på Evje. Grunnen til det var at eg møtte Tone Bjørgum i sentrum ein dag, og ho fortalde at dei hadde hatt komitemøte for å leggje siste hand på førebuingane. Det kunne Aas bekrefte, dei gledde seg og vonar nok å få inn 300.000 i år og.

Datoen er laurdag 17. november, og her i dalen er det ein eigen kultur for å gå på desse basarane. Det er stuvande fullt på Soknehuset på Rysstad det meste av dagen, tre møter med gode talarar og songkrefter. Og så er det tre trekkingar på åresalget kvar time. Dei har 300 kransekaker eller bløtkaker som fyrste gevinst, og sel 10 seriar kvar gong. To eller tre gevinstar ved kvar trekning, men når ein gangar det med 10, så vert det ganske mange vinnarar i løpet av dagen. Nesten kvart år er det nokre som dreg heim med mange kaker og store smil rundt munnen.

Men det krev ei tjukk lommebok, for det er lett å bli gripen av stemninga og då kjøper ein årer for femti eller hundre kroner kvar gong. Sjølv om kaffe og mat er rimeleg, kan det fort bli eit halvt tusen på eit par timar. Og så er det så hyggeleg at ein godt kan sitje meir enn eit par timar der.

I kveld hadde eg ein prat med han som skal vere hovudtalar i år. Han heiter Gunnar Hamnøy og er predikant for Misjonssambandet, basaren er jo til inntekt for dei. Hamnøy har spesialisert seg på å få næringslivet engasjert i utviklingsarbeid og misjonsarbeid i regi av Misjonssambandet. Særleg engasjert har han vore for Tanzania og Kenya, fleire gonger til året er han der nede med grupper som vil sjå på arbeidet. Han fortalde levande om dette og om tilsvarande engasjement for Mongolia. For ein del år tilbake laga han ei rekke program for Norea som vi sende i Valle Radio. Då fortalde han frå arbeidet og intervjua misjonærar.

Ettersom det er ei sterk interesse for Misjonssambandet sitt arbeid her i Valle og Bykle, har eg opplevd det meiningsfylt å ta med noko av stoffet Gunnar Hamnøy har laga, og eg har fått god respons på det. No tipsa han meg om at eg kunne lage meir stoff i samtale med Ragnar Aas, for han var med på ein slik tur til Afrika.

I tillegg til Gunnar Hamnøy kjem det eit kor frå Strand i Ryfylke for å vere med på arrangementet, så det er stor innsats frå arrangørane si side. No får vi vone at veret blir lagleg og oppmøtet godt, slik at dei og i år kan få gje eit godt handslag til misjonsarbeidet gjennom jolemessa.