Merkelapp-arkiv: kommunen informerer

Rektor tilsett

Share

I kveldens Kommunen informerer-sending i Valle Radio fortalde styreleiar i Setesdal folkehøgskule, Lene Dyrkorn, at Ole Birger Lien har blitt tilsett som rektor.

Ole Birger Lien er no journalist i Setesdølen. Han har og vore aktiv i Valle Radio. Her har han lagt opp og leia program der kommunepolitikarar har vore gjester i studio.

Lene fortalde at neste veke skal det vere styremøte for å godkjenne annonsar etter lærarar. Alt no er det neste 30 søkjarar og 25 som har fått tilbod om plass. 11 har svara ja på tilbodet, så ein er godt i gang med arbeidet for å fylle skulen. Men det er mykje som skal gjerast. Ein held no på og pusser opp internatet, ein skal få på plass avtalar om leige av lokalar og tenester.

Olabil
Det var Elise-Marie Kringen som var gjest i studio i programmet i kveld. Ho starta med å fortelje om Olabil-løpet som FAU ved Hylestad skule skal arrangere i vår. Det er i 4 klassar: 0 – 12 år, 13 – 16 år, 17 – 100 år og bedriftsklasse.

Medarbeidarsamtale
No er det tid for medarbeidarsamtalar i kommunen, og det er 170 tilsette som skal ha ein prat med leiaren sin om korleis han eller ho opplever jobben sin. Ein har ein fast mal ein startar med, og så går samtalen ut frå det. Det er interessant, men det er og tidkrevande. Ein skal vere ferdig med medarbeidarsamtalane innan utgangen av mai. I løpet av samtalen tek ein opp aktuelle saker og drøfter om det er aktuelt med utvikling gjennom kurs og korleis arbeidstakaren er nøgd i jobben. Leiaren får og tilbakemelding på sin rolle som leiar.
-Eg har fått mange gode tips, sa Elise Marie og fortalde at medarbeidarsamtalane er konfidensielle, så leiarane samlast ikkje for å gå gjennom samtalane med kvarandre til slutt. Likevel får den einskilde leiar eit godt innblikk i situasjonen i si avdeling gjennom desse samtalane.

Fosterforeldre
Til slutt nemnde ho saken som står på kommunen si heimeside om at BUFETAT ynskjer fosterforeldre frå Setesdal, gjerne på ein gard, det kan ofte gje god hjelp til born og unge som har hatt det vanskeleg å få kontakt med dyr på ein gard. Alle fosterforeldre må gå på kurs, såkalla PRIDE-kurs. Neste kurs skal vere til hausten, og ein kan ta kontakt med kursleder Anne-Birgit Nordgaard, tlf. 466 18 291. Her er lenka til kommunen si side om dette: http://www.valle.kommune.no/Modules/article.aspx?ObjectType=Article&Article.ID=1561&Category.ID=1145

Eit paradoks

Share

I kveldens sending var det rådmann Arne Tronsen som var med i programmet Kommunen informerer. Her tok han opp det paradokset som det er at vi som bur i Valle ikkje får bruke snøscooter i heia, men at Statkraft som byggjer linje mellom Holen og Brokke får kjøre snøscooter døgnet rundt i eit forsøk på å få ei ørn til å finne ny reirplass.

Bakgrunnen er at ei kongeørn har valt seg ut ein reirplass som ligg i traseen der linja skal byggjast. Statnett ville dekke over reiret og slik tvinge ørna til å finne ny plass, men fekk ikkje lov av Fylkesmannen i Aust-Agder. Men om dei etablerte anleggsarbeid frå 20. februar, så kunne dei kanskje skremme ørneparet bort, skreiv fylkesmannen.

No klarte ikkje Statnett å kome i gang så tidleg, men dei starta med daglege scooter-turar rundt området der ørna var. Norsk Ornitologisk Forening meiner at det ikkje er inne under omgrepet anleggsverksemd og trur at det er på kanten av det som er juridisk haldbart. Sjå http://www.birdlife.no/naturforvaltning/nyheter/?id=431

Arne Tronsen var irritert på haldninga til Direktoratet for Naturforvaltning, som han meinte hadde ei haldning ovanfrå og nedover og som ikkje tok omsyn til folk i lokalsamfunnet. Det er ikkje lett for ein kommune å avslå søknader om at folk skal få kjøre til hytta si når Statnett – som er storsamfunnet sine representantar – kan halde på slik. Argumentet om at ein forstyrrer dyre- og fugleliv, vert lite truverdig.

Engasjementet var tydeleg, og då gjekk halvtimen fort, så fort at musikken av Bruce Springsteen like godt kunne vore droppa, for engasjert samtale om aktuelleer god radio, til og med betre enn musikk.

Når kommunen ikkje dukkar opp – Regjeringa sin tiltakspakke

Share

For det meste fungerer lista over Kommunen informerer, men eg skal ikkje stikke under stolen at nokre gonger fungerer det ikkje. Det er leiar for Velkomstsenteret, Jorunn Tveiten som lagar lista på vegner av rådmannen. Ho har fortald meg at ho har ein heil jobb med å minne folk om at det er deira tur til å gå i radioen.

Onsdag var ein dag då ingen dukka opp. Det var møte i formannskapet og mange var opptekne med å skulle gjere greie for aktuelle saker for politikarane. Det var Bygg, eigedom og anlegg som stod på lista, og etter det eg høyrde frå Torhild, som var teknikar denne kvelden, hadde dei tala om korleis dei skulle løyse det at dei hadde in halv time frå 19:00 til 19:30 å dekke i radioen.

Då ingen dukka opp, valde eg å lese frå formannskapspapira. Her er vedtaket som formannskapet gjorde i saka om disponering av Regjeringa sin tiltakspakke, der rådmannen hadde innstilt på at ein kunne nytte ein million ekstra kroner til ulike oppgåver i kommunen. I møtet kom det opp fleire gode tiltak som vart plussa på, slik at samla sum var 1.262.000. Dei to nye tiltaka var lys i Åsan grendefelt, kr. 100.000, som var etter forslag frå ordføraren. Det andre var 162.000 ekstra til opprusting av Hylestad barnehage, som alt var inne med 100.000 på rådmannen sitt forslag. Dermed vart det ikkje noko att til å setje på fond, og vedtaket ser då slik ut:

Formannskapet vedtek å bruke kr. 1.262.000,- av regjeringas tiltakspakke til fylgjande tiltak:
1. Rehabilitering av ein omsorgsbustad i Leite, 400.000,-
2. Forlenging av eksisterande vassleidning på Helle, 200.000,-
3. Gymsal Hylestad – rehabilitering og vedlikehald av garderobar, 100.000,-
4. Hylestad barnehage, tilbygg mm. 262.000,-
5. Kommunale vegar – vedlikehald, grøftereinsk mm. 200.000,-
6. Ljos i Åsan (I), 100.000,-

Prosjekt i kommunens budsjett

Share

I Kommunen informerer onsdag 7. januar gjekk økonomisjef Wenche Erland Gundersen gjennom nokre av prosjekta som står på budsjettet for 2009 i Valle kommune. Sjølve detaljbudsjettet er ikkje ferdig enno, rammebudsjettet vart vedteke 17. desember, og det hadde vore lettare å få ferdig detaljbudsjettet til nyår om ein hadde klart å handsame budsjettet i novembermøtet.

Men Wenche har alltid mykje informasjon å kome med når ho kjem i radioen. Ho kunne fortelje at sjølv om det hadde vore mykje fokus på innsparing i haust, enda budsjettet opp med mindre innsparing enn administrasjonen hadde lagt opp til. Ho gjekk gjennom nokre av nye tiltak som kommunestyret vedtok å ta opp eller halde fram med i året som kjem:

-Innsparing for kyrkja blei halvert – dei har i utgangspuntet eit lite budsjett
-Vil planlegge kyrkjestove
-Populært tiltak med tilskot til årskort i Brokke alpinsenter blei vidareført
-Det er sett av midlar til diverse reguleringsarbeid og andre utviklingsprosjekt, mellom anna planlegging av byggefelt Valle
-Oppretthalde Bygdenytt, men distribuere det på ein billigare måte, leggast ut på bygdeheimen og i butikkar
-Oppretthalde kokk i båe barnehagane
-Vidareføre skulematordninga
-Nytt fag i ungdomsskulen – utdanningsval – sett av kr 50 000 – hospitere på videreg. skular andre stader – (ikkje så stor sum, men viktig tiltak)
-Entreprenørskapsbedrift Valle skule – produksjon – leige lokaler der Setpro er – både for sterke og svake elevar. Utfordringar og praktisk arbeid
-Landruksvikarordninga blei ført vidare med kr 72 000
-Oppruste fysioterapibassenget – har vore stengt ei tid
-Oppretthalde dagsenteret på bygdeheimen
-Oppruste toalettene på soknehuset – det har vore oppe mange gonger, men stroke
-Oppruste veg til Haugeland
-Kloakk frå Homme grendefelt til Øyne bustadfelt i røyr over elva.
-Utviding av bustadfelt i Leite i 2010

Når det slik vart mindre å setje på fond, tenkjer ein å selje Heimigard Berg og setje desse pengane på fond i staden. Wenche gjekk så gjennom gebyr og avgifter som har fått auke. Minst auke har det vore i prisen for å ha barn i barnehagane. Det er no gratis, med unntak av mat. Men framleis må ein betale for SFO.

Som vanleg hadde ho med tysk musikk, det er ein tradisjon når Wenche er i radioen. Denne kvelden var det: Schwesterherz – Dieser Tag ist für immer og NIK P. – Gloria.

Om Nik P. kan du lese på tysk wikipedia: http://de.wikipedia.org/wiki/Nik_P.

og Schwesterhertz finn du meir om her:
http://de.wikipedia.org/wiki/Nik_P.

Interessant onsdagskveld

Share

Til onsdag er det kommunestyremøte att, og sendinga skal overførast i Valle Radio. Det vert eit langt møte for representantane som startar med lunsj klokka 12 og deretter har temamøte om budsjett og innsparing for alle politiske utval, ikkje bare kommunestyret. Det møtet varer til 15:30, så er det pause til klokka 18:00.

Som start på møtet skal det vere opning av S_M-A-R-T smykkeutstilling i Velkomstsenteret. Det er rådgjevar kultur Torunn Charlotte Lund som skal opne utstillinga av arbeid som elevar i utvekslingsprosjektet på Valle vidaregåande skule stiller ut. Du kan høyre det i radioen om du ikkje møter fram.

Deretter vert det tre orienteringar før sjølve kommunestyremøtet:

1. Arbeidet med Rv 9 frametter. Signe Sollien Haugå i Setesdal Regionråd
2. Reguleringsplan Valle sentrum. Torgeir Haugaa
3. Tidsreisa – ideskisse for utvikling av Prestfossen kulturlandskap. Torunn Charlotte Lund.

Her er lenke til kommunestyremøteinformasjon hos Valle kommune:
http://www.valle.kommune.no/councilmeeting.aspx?ObjectType=ePhorteCommitteeMeeting&ePhorteCommitteeMeeting.ID=230

NAV til Posthuset

Share

-Innan januar vert det samlokalisering av NAV i det huset som no vert nytta av Posten i Valle.

Det var rådmann Arne Tronsen som fortalde dette i programmet Kommunen informerer i Valle Radio onsdagskvelden. Det vil verte seks personar som arbeider der, tre frå statleg nivå (Aetat og Trygd) og tre frå kommunalt nivå (flykning og barnevern). Tanken er at dei og skal samarbeide med NAV Setesdal og totalt gje eit betre tilbod til innbyggjarane i kommunen.

Posten flytter til Øyne, dei treng jo ikkje liggje i sentrum, for lokala brukast til å sortere post til Valle og Bykle kommunar, ikkje til å yte skranketeneste til folk. Den tenesta har no lenge vore Post i butikk hos COOP-butikkane i Øvre Setesdal.

Riksveg 9
Tronsen kommenterte og Riksveg 9, som måndag markerte opning av ein om lag 5 km lang parsell frå Ose til Tveit: -Vi hadde ikkje fått ein meter veg om vi ikkje hadde hatt bompengefinansiering. Men nåverande plassering av bommen er ikkje der det mest trafikk.

I samtalen var vi og innom trongen for at arbeidet ikkje stoppar opp. Men han ville ikkje snakke om avtalen som er gjort mellom fylket og kommunane om å bruke pengar frå sal av konsesjonskraft til vegen, det meinte han ordføraren heller burde svare på.

Viktige parsellar som står att er Sandnes – Harstad i Valle og Tveit – Langeid i Bygland. Ein er diverre ikkje kome så langt at ein kan gå i gang med Tveit – Langeid enno. Så ein må nok rigge ned prosjektet no, og heller starte opp att når ein er klar for neste etappe.

Nedrigging og flytting
Kvar fredag er det eit diskusjonsprogram i P1 mellom klokka 13 og 14. Fredag 12. september var tema Vegar i Norge. Problemstillinga var om ein skulle bruke vegpengar i det sentrale austlandsområdet, eller om dei skulle brukast i distrikta. Engasjerte innringarar var fleire gonger innom klattinga i vegbygging ved at ein ikkje gjer ferdig ein strekning, men tek ein kort del, så riggar ned anlegget. Dermed går pengar tapt i rigginga. Mange har nok same opplevinga når det gjeld Riksveg 9, sjølv om ingen av dei som var på tråden i den sendinga, nemnde Riksveg 9.

Riksveg 9 var og tema i Valle Radio seinare på kvelden, då Leonhard B. Jansen var gjest i studio og snakka med Harald Haugland om ferdsle i Setesdal i gamle dagar. Då tok ein bytur tre veker for byklarane, kunne han fortelje.

Kommunen informerer haust 2008

Share

Valle kommune var tidleg ute med oversikt over kven som skal ha ansvar for Kommunen informerer i haust. Jorunn Tveiten skriv i følgeskrivet: Vedlagt vil de finne oversikt over «Kommunen informerer» hausten 08. Det står oss alle fritt til å bytte dagar, men me må gje melding til Harald Haugland.

Dato “Kommunen informerer”

03.09 Rådmann
10.09 Utvikling
17.09 Pleie og omsorg
24.09 Kommunestyremøte
01.10 Bygg eigedom og anlegg
08.10 Velkomstsenter
15.10 Valle skule
22.10 Kommunestyremøte
29.10 Økonomi
05.11 Hylestad skule
12.11 Kulturdrift
19.11 Sosial og arbeid
26.11 Kommunestyremøte
03.12 Driftsjef
10.12 Pleie og omsorg
17.12 Kommunestyremøte

Bygg, eigedom og anlegg

Share

I Kommunen informerer onsdag 21. mai hadde Halvor Rike med seg Torleif Homme. Etter at dei hadde fortalt om kulturskulen, gjekk dei over til det området dei nok kjenner seg mest heime i.

**Forseinka faktura**
Det starta med informasjon om at kommunen går over til nytt system for kommunale avgifter, så fakturaene som til vanleg vert sende ut i mai, vil fyrst kome i juni i år. Neppe mange som gret over det.

**Tomter i Åsan 2 bustadfelt**
Ved tildeling av kommunale tomter i Åsan 2 bustadfelt på Rysstd var det fem som takka ja i fyrste runde og som vil setje opp hus snarast. Dermed kunne ein gå laus på runde nummer to. Den har frist til 26. mai, som er måndag. Ein finn informasjon på kommunen sine heimesider. Torleif og Halvor oppfordra folk til å bruke helga og ta ein tur i feltet for å sjå på tomter dei kunne tenkje seg.

**Vegljos på Hovet**
Endeleg er det kome vegljos frå Lykkje til Hovet, ljoset vart kopla til 20. mai. Dette er området ved Dokkjen. Bjørgulv kommenterte at det var greitt å få det i orden no, sjølv om det er lange, ljose kveldar.

**Bord ved fotballbanane**
Det er sett opp tre benkebord frå Setpro på Valle stadion og på Rysstad stadion. Det kan vere greitt når folk vil ha noko å drikke medan dei ser på born som sparkar fotball eller i andre situasjonar, og det har vore ønske om å få noko slikt, så BEA var glade for å kunne få ei ordning.

Elevopptak i Valle musikk- og kulturskule

Share

Halvor Rike, som er leiar av Bygg, Eigedom og Anlegg i Valle kommune, var i Kommunen informerer onsdagskvelden klokka 19. Første sak på programmet var Elevopptak i Valle musikk- og kulturskule, der han kunne melde at søknadsfrist for opptak til neste år er 14. juni. Søknadskjema finn ein på kommunen sine heimesider. http://www.valle.kommune.no/Modules/article.aspx?ObjectType=Article&Article.ID=967&Category.ID=1145

Kulturskulen underviser i piano, song, hardingfele, korps, leikarring, kveding og munnarpe. Både gamle og nye elevar må melde seg på nytt. Søknadskjema finn ein til høgre på heimesida under lenka relaterte dokument.

Ein finn mange gode lærarar i Kulturskulen, så det er bare å melde seg på. I samtalen med Bjørgulv T. Berg var ein og innom det forholdet at 17. mai i år ikkje hadde korps i Valle. Halvor kunne ikkje love at det kom i gang korps att til neste år. Instrument og drakter vert no leverte inn til Jorunn Tveiten på Velkomstsenteret, så får ein sjå om det vert oppstart att til neste år.

I år var det Kjetil Rike på trekkspel som vanleg i toget til Valle Alders- og Sjukeheim, og frå kyrkja var det rockegruppa som nytta trommene på beste måte då toget gjekk til Kultursenteret i Valle. I Hylestad var det song i toget, men ingen musikk.

Folk flytter

Share

Dette var temaet til Øyvind Jacob då han var stand in for Hanne Straume frå Helse-etaten i Valle Radio onsdag 7. mai. Han kunne fortelje at kommunen hadde fått inn seks oppseiingar siste veka i april.

Eg vart sitjande å tenkje litt på det og fylgde ikkje så godt med på kva han snakka om framover i programmet. Eg måtte tenkje litt alternativt, for svært mange bytter jobb slik at dei kan bruke sommaren til flytting. Då er det greit å seie opp til 1. mai, så kan ein starte i ny jobb 1. august etter tre månaders oppseiingsperiode.

I ei utkantbygd som Valle må ein rekne med at folk flytter. Nokre kjem hit, vert verande nokre år, og dreg så nærare familie og til andre jobbar andre stader. Slik vil det vel alltid vere.

Valle kommune har som motto: **Gjestfri for nye tankar.** Vi vart sitjande å snakke om det i dag og drøfte om vi er gjestfrie for nye menneske. Det kan vel kanskje vere litt opp og ned. Mange nye som kjem til Valle opplever at det er vanskeleg å få kontakt ut over det profesjonelle nivået. At innfødde valldølar går på besøk til innflyttarar, høyrer nok til unntaka. Dei som gjer det, opplever seg svært velkomne, og grunnlag for venskap kan leggjast av slikt. At innflyttarar går på besøk til bufaste, er kanskje og uvanleg, for utan ein kontakt er slikt uvanleg.

Øyvind balanserte flyttetemaet med å fortelje at det også flytter folk **til** Valle. Det er kome mange nye fjes i bygda vår bare siste året. Han nemnde polske innflyttarar som har fått jobb og teke med seg familie og slått seg ned i kommunen. Han sa og at folk som har fått dei i arbeid, opplever at dei står på i jobben og vinn over problema som språkvanskane lagar, noko arbeidsgjevarane set stor pris på.

Med dette vart Kommunen informerer heilt anna enn Hanne Straume hadde tenkt. Eg møtte henne på butikken i dag og ho kunne fortelje at det svært ofte skjer noko rundt klokka 19, og gårsdagen var ikkje noko unntak. Når ho då hadde vakt, var det plutseleg ikkje så enkelt å vere i radioen og så oppleve at alarmen gjekk, så ho hadde vore glad for at Øyvind kunne ta over, sjølv om han ikkje nytta manuskriptet ho hadde laga til han.