Merkelapp-arkiv: mozart

Dagens Mozart

Share

Tysdag 7. november hadde eg funne fram musikk frå opera-sjangeren. Mozart laga jo mange operaer. Vi høyrde:

Frå **Die Entführung aus dem Serail**: Durch Zärtlichkeit und Schmeicheln.

Frå **Die Zauberflöte**: Der Vogelfänger bin ich ja og
Papagena, Papageno

Tryllefløyta gjekk for fulle hus det året han døydde, 1791.

Plata var Naxos 8.550435 Mozart Arias and Duets. Her er lenke til plata hos Naxos: http://tinyurl.com/y2dxs4

Om du vil vite meir om Tryllefløyten, kan du gå til wikipedia:
http://no.wikipedia.org/wiki/Tryllefl%C3%B8yten Der finn du lenker til mykje informasjon.

Om du vil vite meir om Bortføringa frå Seraiet, kan du gå til engelsk wikipedia:
http://en.wikipedia.org/wiki/Die_Entf%C3%BChrung_aus_dem_Serail

Om Mozart kan du finne stoff i den nynorske wikipedia:
http://nn.wikipedia.org/wiki/Wolfgang_Amadeus_Mozart

Dagens Mozart 30. mai 2006

Share

**Te Deum Laudamus in C major KV141**

Dette stykket kan du finne på
http://www.limburger-domsingknaben.de/mp3.htm
Her kan du laste det ned til din maskin og høyre det om att. Du kan også bruke denne linken til å kjøpe CDar frå Limburger Domsingknaben
http://www.limburger-domsingknaben.de/ldsshop/shop.htm
På denne sida kan du finne linkar til andre stykke av Mozart:
http://www.classiccat.net/mozart_wa/allmp3.htm

Te Deum Laudamus betyr store Gud, vi lovar deg. Det er mange komponistar som har laga stoff basert på denne teksten.
I svensk Wikipedia finn du meir:
http://sv.wikipedia.org/wiki/Te_Deum
Og i engelsk Wikipedia finn du teksten
http://en.wikipedia.org/wiki/Te_Deum

Nyt den

Dagens Mozart – Elvira Madigan

Share

2. mai spelte eg 2. sats frå Piano Concerto No.21 i C-dur, Andante.
Denne satsen vart nytta i filmen om Elvira Madigan, som kom på -60-talet, ein svensk film. Sidan har stykket ofte blitt kalla med filmnamnet. Her er link til notene og litt info:
http://www.musica.co.uk/recordingsuk/mozart21piano.htm
http://www.mfiles.co.uk/scores/mozart-piano-concerto-21-2-elvira-madigan.htm
Om du har Sibelius Scorch Plug-in på PC-en din, kan du spele stykket frå denne adressa.

Opptaket eg nytta 2. mai var ikkje så godt, så eg ville gjerne spele stykket i eit betre opptak 9. mai, men samtalen med Lisbeth i Bokaktuelt vart så lang at det måtte eg utsetje til seinare.

Dagens Mozart – Misericordias Domini K. 222

Share

Dette verket vart skrive i München i 1775 for kor, strykarar og orgel. Mozart la det ved i eit brev til læraren sin, Padre Martini, (Her er meir info om han http://www.hoasm.org/VIIIF/MartiniGB.html ) og sa at det var skrive i stor fart, for det skulle framførast i Messa komande sundag. Padre Martini sa at verket møtte alle krav til moderne musikk på Mozart si tid.

Her er info om plata: http://tinyurl.com/g8wxa
Om du klikkar på About this recording, kan du lese det same som står i coveret til plata. Frå staden over kan du også finne informasjon om dirigent, kor og orkester.

Takk til Marit Salvesen som lånte meg plata.

Dagens Mozart – Wind Serenade

Share

I kveld, tirsdag 21. mars, spelte eg Tema con variazioni frå Serenade i b-dur for 13 blåseinstrument K 361 (Gran partita). Anten er verket laga til bryllupsfeiringa 4. august 1782 eller til ein støttekonsert organisert 23. mars 1784 av den velkjende klarinettisten Anton Stadler, som Mozart seinare skreiv klarinettkvintetten og klarinettkonserten til.

Dagens Mozart – Hornkonsert nr. 1

Share

Det var første sats av denne konserten, nr. 1 i D-dur, KV 412, spelt av Camerata Labacensis, dirigert av Kurt Redel med Joschi Fallout på horn.

Her er ei side om Hornkonsertane til Mozart:
http://www.geocities.com/Vienna/1795/horn1.htm

På sida kjem det fram at sjølv om ein har trudd det var den første, er det truleg den siste hornkonserten Mozart skreiv før han døydde i 1792.

Dette er musikk ein kan høyre mange gonger.

Dagens Mozart: Jupiter

Share

Dagens Mozart var symfoni nr. 41, 2. sats, K 551, som og vert kalla jubiter. Satsen heiter Andante cantabile og er nydeleg etter mi meining.

Det var London Mozart Players som spelte, dirigent Matthias Barnert. Plata var frå BBC Music Magasine vol. 7, nr. 6, opptaket gjort i All Saints» Chruch, Tooting, London 12. oktober 1998.

Her er link til ei side om denne symfonien
http://tinyurl.com/j7s73

Då han vart framført i Oslo Konserthus torsdag 28. oktober 2004, skreiv Idar Karlevold:
http://www.aftenposten.no/oslopuls/music/article901242.ece

På Astrofysisk institutt har dei ei side med Planetmusikk:
http://www.astro.uio.no/ita/DNP/nineplanets/musiclist.html

Dagens Mozart – Solemn Vespers K. 193

Share

Her høyrde vi 1. sats, Dixit.

Wikipedia har ein fin nynorsk artikkel om Mozart
http://nn.wikipedia.org/wiki/Wolfgang_Amadeus_Mozart

og frå den kan du gå til andre språk.

Teksten er basert på Salme 90:

Prestekongen
Ein Davids-salme.
Herren seier til min herre:
«Set deg ved mi høgre hand
til eg får lagt dine fiendar
til skammel for dine føter!»
2 Frå Sion retter Herren ut
din mektige kongsstav.
Ver herre mellom dine fiendar!
3 Ditt folk møter viljug fram
den dagen du mønstrar din hær.
I heilagt skrud kjem din ungdom til deg
som dogg ut or morgonrodens fang.
4 Herren har svore og angrar det ikkje:
«Du skal vera prest til evig tid
på Melkisedeks vis.»
5 Herren er ved di høgre side,
han knuser kongar på sin vreidedag.
6 Han dømer folkeslag – det er fullt av lik,
hovdingar knuser han vidt over jord.
7 Kongen drikk or bekken ved vegen,
difor lyfter han hovudet høgt.

og sluttar med doksologien: Ære vere Faderen og Sonen og Heilaganden, som var og er og verta skal i all æve, Amen.

Dagens Mozart – Eine kleine Nachtmusik

Share

I kveld fekk vi høyre 1. sats av KV 525 spelt av Camerata Akademia des Mozarteum Salzburg, dirigert av Sandor Vegh.

Dette er eit av dei lettare stykka til Mozart (1756-1791) og er mykje spelt. Det var eitt av dei fyrste stykka eg fekk på plate, og eg spelte serenaden heilt til plata var utsliten.

Her er informasjon om stykket på tysk, men med høve til å velje engelsk om du les det betre:
http://www.aeiou.at/mz-klnm.htm

Plata eg nytta er Mozart: Musikalske mesterverker i serien Klassiske komponistar, som er som ei lita bok med 12 sider tekst og plata. Den vart sendt ut som masseutsending rundt nyttår, folk kunne abonnere på serien.

Harald