Merkelapp-arkiv: open sending

Fuglekveld

Share

Etter ein aktuell time med besøk av russepresidenten i Valle, Ola Erlandsen Trygset frå Molde, som etter kvart fekk med seg to jenter frå klassen, Ann Helen Nordgård og Nina B. Saga, som dermed og fekk seg ein russeknute for mediabesøk, hadde Ronny Stavsholt i kveld ein triveleg halvtime med kulturrådgjevar Torunn Charlotte Lund.

Så kom Torleif B. Harstad i studio med Tankar frå Bibelen. I kveld spelte han musikk av Solveig Friis Larsen.

Klokka 20:00 var det tid for Ronnys time. Då kom Pål Dale, som er leiar av 17.-maikomiteen i Valle og Liv Tanche-Larsen med same vervet i Hylestad i studio. Dei kom rett frå formannskapsmøte og vart med på ein innhaldsrik samtale om 17. mai-feiring før og no. Det var mest om årets feiring, men dei kom med minne frå lang tid attende og.

Så vart det fuglekveld i Valle Radio. Vi slit litt med at vi ikkje har det vi har vent oss til med, å kunne spele musikk frå datamaskin. Vi må ha alt på CD, og Øyvind Jacob, som var ansvarleg, lurte på korleis han skulle få det til med fuglerebusar, lydane han ville spele låg på data. Men eg fann fram fugleplatene vi har i radioen, og 11 rebusar gjekk ut med lydillustrasjonar. Det verka å vere eit populært emne, for telefonane kima heile kvelden. 120 telefonar på halvannan time. Sist onsdag, då eg hadde open sending, var det bare 52. Øyvind og Bjørgulv T. Berg fekk ut forteljingar om fuglar, mellom anna om hubroen som Olav J. Haugeland hadde funne skadd, og som han sette i bur medan den kom seg att. Det vart travle dagar for å fange mat til ein svolten sjukling. Men det var mange år sidan.

Desse kom gjennom: Anne Lise Harstad, Jan «Kran» Haugeland, Ørnulf Hasla, Lisbeth D. Homme, Gyro Trydal, Tor Haugum, Anne Linn Jomås, Ingebjørg Vegestog Homme, Torbjørg Harstad og Tor Hallvard Omlid. Då vi trekte mellom alle som ringte inn, dukka Margit Hovet sitt namn opp frå bollen med 120 lappar, og då vi ikkje har krus, fekk ho ei klokke denne kvelden.

Tid for stev

Share

I open sending onsdag 6. mai var rebusane basert på oppslag i Setesdølen. For å lage ein vri på dei, hadde eg laga stev som matcha rebusaen, og så veksla eg og Inga på å kvede desse steva. Ingen av oss hadde gjort slikt før, men vi brukte det vi hadde. Her er nokre eksempel:

bowling = leve + nr. 23 + åsside + karakter

Ein norgesmeister frå Evje-bygda,
så ung og fager, nei, ikkje trygda.
Pokal frå Kongen ho også fekk,
då må ein seie: Så godt det gjekk!

dugnad = Pronmen 2. person eintal + Guinea-forkorting + latinsk «Herrens år».

Vi lauv og søppel nå bort skal fjerne
og stor og liten, dei hjelper gjerne.
Og etterpå er det greitt å ta
ein pust i bakken og vere glad.

hagesenter = park + ikkje tidlig + oppfører seg.

Sjå her er roser så mange, mange,
du kan dei kaupe, så god ein ange
dei gjev i hagen ein sommarkveld
når dagen kolnar og er på hell.

Vassendheia = gå i vatn + Norsk Data + fjellpartiet

Her Røynåslåmi vart folkefesten,
med over femti, men kor var presten.
Med snøballkasting og skileik yr
dei feira glade at vint’ren flyr.

Stemorsblomar = Velg! + Treslag + antimon + Kommune i Gudbrandsdalen + flatemål

I Valle kan du få kaupe mange,
dei toler sikkert ei natt, litt lange’
du kan få kaupe dei gul og blå
og prisen liten, du har nok råd.

Omstillingsbygda = forandring + bindebokstav + grenda

Me synest Evje har klara kampen
det er ’kje lenger blått lys i lampen.
No blømer bygda og står seg godt,
det tykkjer alle er fint og flott.

Sirdalsfolk i Open sending

Share

Onsdagskvelden kom den eine etter den andre av sirdalsfolk i studio under open sending. Det synte seg at Anna Marie Omlid, Åse Linn Jomås, Jørgen Omlid og Gunn Marita Jomås sat i Sirdal og høyrde Valle Radio på Internett og løyste rebusar, dei går i barneskulen, men mobiltelefonar og hustelefonar var i bruk heile kvelden for å løyse rebusane.

Denne gongen hadde eg vald å lage rebusar ut frå ei bok som kom ut i 1991 og som eg fann på boksalget på biblioteket: Årets begivenheter i bilder 1990. Og sirdølane med gome i Hylestad løyste dei, sjølv om hendingane skjedde 10 år før dei var fødde. Øystein Sunde som Årets spellemann, Trine Solberg som dopingmistenkt, bomring utanfor Oslo, Holmekollrenn utan snø, Kontrapunkt med norske vinnarar, skrinlegging av flyplass på Hurum, Vaclav Havel som president i Tsjekkoslovakia (midt i landet ligg Oslo), Rolling Stones på Valle Hovin, vi var innom mykje denne kvelden.

Då premiane skulle fordelast synte det seg at av dei over hundre innringarane hadde ni kome inn i studio, og sju premievinnarar var frå Rysstad og Sirdal, medan bare to høyrde til i Valle. Olaf Henrik og Berit Homme, som var telefonvakter, tok premiar med til Rysstad, og sjølv hadde eg ein liten jobb med å få med meg to premiar til Valle. Tor Haugum og Åsmund Rygnestad fekk dei, medan Nina Helle, Signe Rysstad og Johanna Solheim fekk premiar på Rysstad, i tillegg til sirdalsfolka, då.

Open sending i Valle Radio hadde ikkje blitt noko om vi ikkje hadde hatt mange innringarar. Av dei over hundre innringarane som var på tråden, trekte vi ut Ingebjørg Vegestog Homme til å få krus, men i det eg sit her og skriv dette, oppdagar eg at eg gløymde å få kruset med meg frå studio i går kveld då eg gjekk heim. Så hennar premie vart ikkje levert på Esso i Valle i dag. Det får vi ordne seinare.

 

Golf-basiller

Share

Det er ein golfbane på Ørnefjell i Bykle, og det har ført til at folk her oppe i Setesdal har blitt gripne av golf-basiller. Vi har lese om golfspel i snøen om vinteren, og i sendinga 14. januar fortalde Anne Liv Mork litt om det. Laurdag 31. mars skal 23. golfspelande byklarar reise til Algarve i Portugal på vinterferie. http://no.wikipedia.org/wiki/Algarve

Ei veke skal dei vere borte, og på denne tida skal dei spele golf på fire golfbanar.

Eg lurte på om det var kvinner som skulle spele og ha mennene som caddyar, men Anne Liv meinte at mennene var like ivrige som damene, så alle skulle spele, og caddyar skulle dei vere sjølv.

Dette var tredje gongen dei dreg til Algarvekysten lengst sør i Portugal, så dei tek til å bli kjent etter kvart.

Eg lova Anne Liv å leggje ut lenke til Hovden Golf, men den heimesida var ikkje oppdatert sidan 2006, så der er det ikkje mykje å finne. Her er lenka: http://hovdengolf.com så kan du sjå sjølv.

Anne Liv vann ein sekk då ho løyste rebus i Valle Radio i kveld. Rebusane var geografiske denne kvelden, på tur til varmare land, var temaet, og gjekk frå Thailand og Bangkok til Singapore og Sumatra, Jakarta, Uluru, Tasmania og Melbourne. Då var klokka 22:30 og ved trekkinga gjekk kruset til Jørgen Omlid frå Sirdal, Lisbeth D. Homme vann ei klokke og Torhild Lunden ei veske gitt av Gyro K. Homme. Siste vinnar i kveld var Anne Lise Harstad, som fekk ei fotoramme. Om lag 40 telefonar gjorde at det ikkje var storm på sentralbordet, men vi hadde ein triveleg kveld.

God lokalradio 2

Share

I dag kan eg fortelje om respons etter innlegget mitt i går. Det gjekk ikkje så langt ut på dagen før det kom ein epost frå vest som ville vite kven som hadde ringt inn frå Brusand. Det synte meg at nokre av familien min fylgjer med på det eg skriv, sjølv om eg har fått kommentar frå andre om at når eg skriv om Valle Radio, så tykkjer dei ikkje det er så interessant. Dei er ute etter at eg skal skrive personleg stoff, men då svarar eg at dei nok finn litt personleg stoff i det eg skriv om Valle Radio, så dei får bare lese mellom linjene.

Like etter kom ein epost frå Per Randa på Brusand. Han fortel:

Eg har ikkje vore på lufta på valle radio før, men oppdaga valle radio i 2001, var ein som sendt nokre klipp derifrå på jærradioen her, og på dei klippa var det Britta Lise som snakka, så eg fann mailen hennar og kontakta hu og har hatt kontakt med hu sidan. Det var dialekten i valle som fascinerte meg, hadde høyrd nokon frå Bykle på fjernsynet ca. ti år før det igjen med omtrent same dialekten.

Vi fekk ein triveleg utveksling av tankar i fleire epostar i løpet av dagen i dag. Så neste gong eg dreg forbi Brusand, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Brusand med eit flott bilete av stranda der, vil eg kunne tenkje på ein eg har brevveksla med som fylgje av Valle Radio og ikkje bare nyte utsikten og sjå på Hitlertennene – krigsminnesmerket som står att på stranda, sjå http://web3.aftenbladet.no/kultur/article75967.ece

God lokalradio

Share

Eg hadde gleda av å høyre på Britta Lise Homme og Knut H. Nomeland i går kveld då dei hadde Open sending. Det var god lokalradio, og det var ikkje bare fordi det var ein innringar frå Brusand som visste at eg var frå Ålgård. Han høyrde på Internett, var sjølv opprinneleg frå Varhaug, der syster mi bur (mannen hennar er prest der), og etter det eg forstod av samtalen mellom han og Britta Lise var det ikkje fyrste gongen han var med i Valle Radio. Heller ikkje var det fordi ho fekk ein telefon frå Gerd i Bykle og trudde det var Jorunn på Rysstad. Nei, grunnen til at eg koste meg så mykje i går kveld var at Britta Lise hadde funne ut at ho ville nytte den PC’en vi har i studio til å finne ut kor mange som den einskilde innringar delte namn med. Dermed gjekk ho til Statistisk Sentralbyrå sin namnestatistikk, som eg trur eg ganske så populær. Her er lenka til den: http://www.ssb.no/navn/

Etter kvart som nye telefonar kom inn, snakka Knut litt med denne medan Britta Lise slo opp namnet på den sida. Då fann ho at det er 11.124 som har Jorunn som førenamn i Noreg og at det er 6.412 som har det som einaste førenamn. Når det gjeld Gerd, er det 17.410 som har det som førenamn, men bare 6651 som har det som einaste førenamn.

Med dette som grunnlag fekk dei ein hyggeleg prat med dei som løyste rebusane. Rebusane handla om jolegåver og eg var i grunnen litt overraska over kor mange som alt var komen langt med førebuingane, sjølv om det vel og var ein som meinte at det var tidleg enno. Då repliserte Knut at det jo var ope i butikkar på jolaftan og, så ein trong vel ikkje forhaste seg.

Ein tradisjon i førjolstida er at ein heng lys på tre i hagane, og det har eg sanneleg sett alt no. Før var det jo meir vanleg å gjere det til 1. sundag i advent, og det er jo ikkje før neste sundag, så nokre er tidlege også med slike ting. Å bake jolekaker i november og så prøvesmake heile perioden fram til jol, det gjer at høgtida vert litt oppbrukt på førehand, så det vil eg ikkje anbefale. Jolebord, joletallerken og kva det no kallast, kan vere hyggeleg ein gong i førjolstida, men om ein et pinnekjøt og ribbe og kalkun og lutefisk eller torsk for mange gonger i førjolstida, så vert det truleg ein nedtur når kalenderen syner 24. desember.

Men det var tankar eg truleg tenkte litt for tidleg. Det smittar.

Open sending med noko attåt

Share

Onsdag 12. november hadde eg Open sending saman med Karin Bøe. Eg hadde laga rebusar med utgangspunkt i sjukdomar, eg fekk ideen etter å ha møtt kommunelege Hanne Straume på butikken i går. Det gjekk unna med falsk krupp, brystkreft, skiveprolaps, hjerteinfakt, bihulebetennelse, tuberkulose, meslinger, poliomyelitt, malaria, syfilis og influensa, men då var klokka over 22:30, så vi avslutta der.

Det vart ein interessant kveld fordi dei som ringde inn, tok imot utfordringa om å kome med eit stev eller dikt, eller kanskje ei god historie. Nesten alle som var på tråden, hadde noko å dele med oss. Jorunn Lund Harstad hadde hatt eit stev liggjande ganske lenge på kjøkenbordet, no fekk ho bruk for det (eg vonar eg fekk skrive det ned omtrent rett):

Eg gav o øl og eg gav o kake,
så fekk han drite i fjorten dage.
Eg gav o øl og eg gav o brau»
men likevel så låg kalven dau.

Det var jo helst litt kraftig kost, men det var med på å gjere kvelden svært så triveleg. Det kom inn telefonar på alle rebusane med unntak av skiveprolaps, der rebusen var slik: Del av et brød + for på latin + moteløve. Eg trur det var ordet laps for moteløve som ikkje fungerte hos folk, men det står i både bokmålsordboka og nynorskordboka, sjå http://www.dokpro.uio.no/perl/ordboksoek/ordbok.cgi?OPP=laps&nynorsk=S%F8k+i+Nynorskordboka&ordbok=bokmaal&s=n&alfabet=n&renset=j Det er jo ei lang lenke, men klikk på den, så finn du laps.

Når eg lagar rebusar, brukar eg desse ordbøkene og wikipedia for å finne nøkkelord som eg ikkje har i hovudet. Ofte kjem eg på ting som eg ikkje tenkte på til vanleg når eg søkjer etter tydingar av slike ledd i eit ord. Det er trim for dei små grå.

Open sending

Share

I kveld fekk eg vere telefonvakt på Open sending. 84 telefonar på 9 rebusar var så langt eg kan sjå ein av dei kveldane i haust med flest telefonar. Det var 50 meir enn sist gong då eg hadde var i studio under Open sending.

Anna Rysstad og Rolf Erik Homme hadde eit triveleg program der dei delte ut lykter til alle som hadde ei soge å fortelje, og det hadde dei fleste. Unge og eldre løyste rebusar og ringte inn svar, i det sure og kalde veret ute var det triveleg tidtrøyte. Rebusane var frå Setesdølen sitt siste nummer, og dermed gjekk ein gjennom aktuelle saker ein gong.

Open sending er eit program der ein kan ha kontakt med lyttarar. Som oftast kjem det og fram eit og anna folk ikkje visste frå før. Sjølv folk som har kjent kvarandre det meste av livet hugsa ikkje at Berit Homme hadde hatt sommarjobb på Norheim kafe, noko ho fortalde då ho kom inn etter at den plata av Åsmund Åmli var blitt spelt. Dei som ynskte å høyre den, køyrde over Suleskarvegen og klaga over mykje snø på vegen, så fekk lyttarane vite det og.

Apropos køyring, eg hadde ein prat med Jan Olsen, som var på veg frå Arendal til Bygland med eit lass syklar han hadde samla inn der nede i dag, det er syklar til Cuba, og han skal pakke to containarar og sende om eit par veker. Men eg måtte vente ganske lenge før dekninga på mobilen vart så god at vi kunne prate saman. Eg hadde jo trudd at det var full dekning langs ein slik veg, den er jo ikkje ein heieveg utan trafikk.

Når vi har Open sending, treng vi gode medhjelparar. I kveld var eg telefonvakt saman med Jorunn Lund Harstad, som er ein trugen medarbeidar i radioen. Ho har anten vore i studio eller bak kulissane i alle sendingane våre i oktober.

Vi prøver å unngå at same personen kjem inn i studio fleire gonger. Dette fordi det blir betre radio når ein kan snakke med fleire folk. Men det er vanskeleg å unngå det, og til tross for at vi hadde så mange som ringde, kom same person inn tre gonger. Ho nytta hustelefon og to mobiltelefonar, så når ho hadde kome gjennom på den eine, la ho vekk den og brukte ein annan. Det må vi vel helst leve med, men det er ei utfordring for programleiarane å snakke med den same personenen tre gonger. Rolf og Anna løyste det med glans, og i morgon kan premiane hentast på Statoil Rysstad for dei som bur i Hylestad og på Esso i Valle.

Elver i Asia

Share

Dette var tema på Open sending onsdag 15. oktober. 9 rebusar, ikkje så veldig mange telefonar, men nok til at ulike innringarar kom inn i studio, bare ein kom to gonger. Men tema var ikkje så lett, så dei som hadde høve til å ha kart eller leksikon eller wikipedia med seg, kunne jo klare det ganske lett, men å løyse rebusar når ein ikkje kjenner namnet på det ein skal fram til, er ikkje alltid så lett. Her er elvene:

http://no.wikipedia.org/wiki/Eufrat
http://no.wikipedia.org/wiki/Indus
http://no.wikipedia.org/wiki/Jordan_(elv)
http://no.wikipedia.org/wiki/Ganges
http://no.wikipedia.org/wiki/Mekong
http://no.wikipedia.org/wiki/Salween
http://no.wikipedia.org/wiki/Irrawaddy
http://no.wikipedia.org/wiki/Tigris
http://no.wikipedia.org/wiki/Amur

Eg hadde med meg Mona Kile i studio. Ho er frå Risdal og arbeider i utviklingsavdelinga i Valle kommune. Vi snakka med Ingebjørg Vegestog Homme, Åsmund Rygnestad, Tora Lund, Torill Lunden, Jorunn Bø Andersen, Gunnar Bø Heddeland, Tor Haugum og Else Røsstad, og alle fekk premiar. Til slutt trekte vi ut Valle Radio sitt krus, det fekk Torleiv Harstad.

Det er alltid hyggeleg med respons, og eg fekk ein epost i dag som fortalde at det var fleire enn desse som hadde høyrt på oss. Britta Lise fortalde at ho hadde blitt inspirert til å skrive om Flotmylje på wikipedia då ho høyrde kor eg hadde funne rebusorda mine. Men då ho kom til artikkelen i dag, var han sletta. Her er det ho skreiv:

Tok oppfordringa di med å skrive litt på Wikipedia…
Men vart skuffa idag då eg skulle fortsette,
for etter det eg kan skjøne er artikkelen min om FLOTMYLJE sletta.
Lurer på kvifor… Har du svar?

Er jo lite inspirerande å skrive noko dersom det bare blir sletta 🙁

No er eg så heldig at eg har høve til å sjå litt meir enn ein vanleg brukar på wikipedia, så eg fann ut av det, og no ligg artikkelen der: http://no.wikipedia.org/wiki/Flotmylje

Om du veit meir om Flotmylje, kan vi utvide artikkelen etter kvart. Takk til Britta Lise for artikkelen, eg trur det er den fyrste artikkelen om Setesdalsmat på wikipedia.

Sauesjåsending

Share

Ein triveleg epost frå Britta-Lise gjev meg grunnlag for å fortelje om Open sending på sauesjåsendinga:

Hei Harald.

Hadde ei triveleg opi sending ihop med Kåre Rike i studio og Knut Olav Tveiten i teknikken.

Tlf-vakter var Gudrun Nomeland og Geir Uppstad -som heldigvis og tilfeldigvis kom innom.

Tema for rebusane var om tradisjonsmat frå Valle, av sau/lam. Alt frå fårikål-flotmylje-kurv-rullepylse-nepespa-setesdalssuppe…osv Hadde i den forbindelse gjort opptak med Ingrid Espelid Hovik, http://no.wikipedia.org/wiki/Ingrid_Espelid_Hovig
der ho sente helsing til alle lyarane og yngste lykke til med saueutstillinga, rebusane og radioen.
Ho kunne også fortelje at ho hadde vore i Setesdalen og at ho skulle ha fårikål til middag på sundag 🙂 http://no.wikipedia.org/wiki/F%C3%A5rik%C3%A5l

Mellom rebusane hadde vi desse innslaga :

– Tlf. ned til motellet for å høyre stemninga på «sauedansen». Tala med Tor Kjelleberg i 23.30 tida,som sa at der då var 220 pers. og god stemning.

– Tlf til Oslo og tala med Grethe L.Brokke Lundebrekke,som i samarbeid med ein annan jobbar for å gje ut ein cd til jol. Ho sjølv komponerer melodiane. Vi spelte 2 smakebitar av songar dei alt har spelt inn. «Stille varme» og «Veggen mot vest»

– Hyggeleg besøk av Vidar Toreid og Gunnar Homme i studio. Dei fortalte om skulejubileumet dei skal ha på Bergtun laurdagskvelden.

– Hadde avtala med Ørnulf før han reiste til haustfesten i Minot at vi skulle ringe han opp under sendinga. Fekk desverre ikkje tak i han, prøvde fleire gonger.

Vi avslutta sendinga ca 00.15. Her ser du gevinstfordelinga :

Rosa -Torhild Lunden som gav den til Linda Myrvang
Valle Radio-kruset – Jorunn Bø Andersen
Toleiv Harstad, Valle – Sprettball/trimball
Magnhild Bø, Rysstad – 5 stk Skinkebokser (gjeve av Gyro.K.Homme)
Ove Løvland, Kr.sand – Bok om tradisjonsmat i Valle (gjeve av bygdekv.laget)
Grethe Tveit, Evje – Digitalt sjakkspel
Kristin Nomeland,Valle- 2 stk lommelykt
Arnfinn Thulin, Kr.sand – herreklokke
Inger Marie Godfredsen, Evje – badgolvteppe
Heidi Homme, Grimstad – Oppskriftshefte om tradisjonsmat i Valle (gjeve av bygdekv.laget)
Åslaug Lidi ,Bygland – Oppskriftshefte (gjeve av bygdekv.laget)
Ellen Helene Skaar, Kr.sand – Oppskriftshefte (gjeve av bygdekv.laget)

Her kan eg bare seie takk til alle som var med og laga sendinga til ein triveleg kveld.