Merkelapp-arkiv: orgel

Norsk orgelmusikk i Postludium

Share

I kveld valde eg å spele frå Bjørn Andor Drages nye CD «Norwegian Romantics». Den er jo ikkje heilt ny, kom ut i 2011, men eg hadde ikkje høyrt den før, og den var spelt inn på orgelet i Ålesund kyrkje, og der var svigerdottera mi, Margaret Standal Volle Haugland, tilsett som vikarorganist ein periode i fjor. No fekk eg høyre orgelet ho spelte på, som er Norges største romantiske orgel, og eg kan godt skjøne at ho likte seg på den spelepulten.

Verka i kveld var desse:

1.Ludvig Mathias Lindeman: Marsch ved Processionens Intræden i Kircken, 4:02
2.Signe Lindeman: Søndagskveld på fjellet, 3:27
3.Signe Lindeman: Søndagsfred, 4:27
4.Signe Lindeman: Påskemorgen, 1:59
5.Fridthjov Anderssen: Fuge i C-dur, 3:23
6.Christian Cappelen: Legende, 5:21

På plata er alle komposisjonane av Signe Lindeman, i kveld spelte eg tre av dei. Etter at sendinga var ferdig i kveld, snakka eg med Niklos, som kunne fortelje at Birgit Helle, som var organist i Valle i 33 år, hadde vore elev av Signe Lindeman. Av og til er verda liten. Signe Lindeman var barnebarn av den store Ludvig M. Lindeman, som var fødd i 1812 og som var i Setesdal for å samle inn folketonar.

Fire Essar

Share

Tysdagskvelden hadde Niklos K. Besteland funne fram fire essar som rød tråd i Postludium.
Alle levde i tysk renessanse, det vil seie på 1600-talet, så det var før Bach, som jo er den store kyrkjemusikaren. Renessansen gjekk til 1650, Bach var fødd i 1685.

Rekkefølge på komponistane er gjerne slik at Niklos spelar kronologisk etter fødselsår. Dei tre første var fødde med eit års mellomrom.

Heinrich Schütz, 1585-1672, var den som var fødd først og som døydde sist. Verket Die mit Tränen säen henta teksten frå Salme 126 i Biblen. Her var komposisjonen for 5-stemmig kor og det var Alsfelder Vokalensemble og Himlische Cantorey som framførde det med domkantor Wolfgang Helbich frå Bremen som dirigent.

Johann Hermann Schein, 1586-1630, var neste i rekka. Verket hans, Christ lag in Todesbanden var og eit korverk, framført av Evangelische Singgemeninde Siegen dirigert av ulrich Stötzel

Så kom Samuel Scheidt, 1587-1654, med verket koralvariasjonar over Veni Creator Spiritus. Her var det organisten Paul Hauser som spelte på Klais-orgelet i Worms domkyrkje.

Til slutt kom Heinrich Scheidemann, 1595-1663, sitt verk Preambulum i C spelt av Pieter van Dijk på orgelet i Sct. Laurenskyrkja i Alkmaar i Nederland.

Det siste orgelet var eit historisk orgel frå 1645. Nederland har mange slike historiske orgel. Orgelet i Worms er bygd av Klais Orgelbau i Bonn i 1985. Dette tyske firmaet skal byggje det nye orgelet i Kristiansand domkyrkje, det blir det fyrste orgelet frå dette firmaet i Norge. Niklos nytta høvet til å fortelje det i programmet, og eg kunne ikkje dy meg, men meinte det ville verte ein fin 60-årspresang, det skal vigslast rundt den tida Niklos fyller 60. Han var ikkje uenig med meg i det og gledde seg til å få høyre det.

Kort og klassisk

Share

Då eg køyrde nedover Setesdal fredag, kom eg til å høyre på Kort og klassisk i P2. Det er eit program som startar etter Dagsnytt klokka 13 og går ein halv time. Eg er ingen fast lyttar, men det hender at eg får det med meg. For ein orgelentusiast var det ekstra interessant denne dagen, for programleiaren hadde fått med seg organist og masterstudent Øystein Skullerud. Han skulle ha eksamenskonsert fredagskvelden og spele verk av både Bach, Muffat, Eben og Lindberg i Fagerborg kirke. Det var eit interessant portrett, og vi fekk og høyre smakebitar av det han skulle spele.

Eg vart helst overraska, for orgelmusikk og organistar står ikkje høgt i kurs på Marienlyst lenger. Niklos, som fører statistikk over orgelmusikk i NRK, kan fortelje om ein tendens som går sterkt nedover. Han er helst litt irritert, til og med i gudstenesta får ein ikkje lenger høyre orgelmusikk. No har dei til og med dansemusikkgudsteneste, seier han. Men denne fredagen var mest halve programmet vigd til orgelmusikk og ein prat med organisten. På spørsmålet om kvifor han utdanna seg til organist, svara han at han opplevde eit kall til å tene Gud i musikken. Så det var altså ikkje bare for å skaffe seg eit levebrød. Eg trur helst programleiaren var noko forundra.

Programmet hans på konserten var slik:
Program

Peter Eben (1929 – 2007):
Fire bibelske danser for orgel
– 1: David danser foran paktens ark

Georg Muffat (1653 – 1704):
Apparatus musico-organisticus: Toccata Ottava

J S Bach (1685 – 1750):
Kommst du nun, Jesu vom Himmel herunter, BWV 650

J S Bach:
Preludium og fuge i C-dur, BWV 547

Oskar Lindberg (1887 – 1955):
Sonate i g-moll:
– 1: Marcia elegiaca
– 2: Adagio
– 3: Alla Sarabanda
– 4: Allegro con brio

-Frå barokken til vår tid, kunne ein seie, sa programleiaren. -Kvifor så spreidd?
-Når ein skal spele ein heil time, vert det kjedelig om ein spelar musikk som er lik i uttrykket, meinte Øystein Skullerud, som og la til at når ein spelar slik til ein eksamen, er det for å syne at ein kjenner eit variert orgelrepertoar. Stykket av Bach som han spela, var brukt som bryllupsmusikk då han gifta seg for to år sidan, så no gledde han seg over å kunne spele det sjølv.

Om noko av dette kjem i Postludium når vi startar opp att, det får du vite når du høyrer på Valle Radio. Om vel ei veke startar sendingane våre opp att.

Mons Leidvin Takle

Share

Olsokkvelden spelte Ian Richards Toccata (2010) av Mons Leidvin Takle. Det var som ein toccata skal vere, etter mi meining, bruke heile orgelet i ulike klangar og register. Eit moderne språk, men likevel toccata. På nynorsk wikipedia er det ein interessant artikkel om musikkforma: http://nn.wikipedia.org/wiki/Toccata Der heiter det:

Toccata, italiensk toccare («slå» eller «røre») er eit virtuost musikkstykke, vanlegvis for klaviatur- eller strengeinstrument, Toccataer har ofte ein fri musikalsk struktur og med karakter av å vere ein utskriven improvisasjon.

Etter barokken har toccataforma vore mindre brukt, men nokre døme finnst. Robert Schumann skreiv i 1830 sin Toccata C-Dur, Opus 7 for klaver, eit av dei teknisk vanskelegaste stykka på repertoaret. Med bygginga av store orgel blomstret musikkforma opp igjen i seinromantikken, til dømes har Max Reger og Charles-Marie Widor skrive toccataer.

Mons Leidvin Takle var organist i Vennesla, vår tidlegare organist i Valle, Bernhard Emmelkamp overtok etter han då Takle vart pensjonist. No komponerer han og held konsertar og spelar inn plater. Han har utdanning frå både Norge, Sverige og USA og har delteke på mange plateproduksjonar så vel som i radio og TV. Dialog Med Drømmer og Berøring er to av platene hans.

Etter konserten olsokkvelden takka eg han for komposisjonen og lurte på om den var spelt inn. Det var den ikkje, men han hadde eit opptak han kunne sende meg. I dag fekk eg det, og eg har høyrt gjennom det igjen. Det gjev det same sprudlande inntrykket som eg hadde frå den levande framføringa som Ian Richards hadde. Når vi startar opp att med sendingane i Valle Radio, vil eg bruke det i Postludium ein tysdagskveld. Du har noko å gle deg til.

Orgelkonsert i Mandal kyrkje

Share

Denne veka har eg fått fleire hint om at det skulle vere orgelkonsert i Mandal kyrkje fredag 23. juli. Alt tirsdag var det varsla i Lindesnes Avis. Og i kveld var tida inne. Opp mot 30 personar samla seg i kyrkja klokka 20 for å få med seg eit engelsk program. Organisten var engelsk, komponistane var engelske.

Organisten var forresten halvt svensk, han fortalde litt om seg sjølv til innleiing på konserten. Det gjorde han på svensk, mor hans kom frå Karlstad, men han hadde vakse opp nær London. Då han skulle studere, hamna han i Aberdeen, der vart det kanskje meir orgel enn historie. Og så vart han assisterande organist i St. Andrew Cathedral då han var ferdig med studiane. I september vil han starte som organist i Connecticut, USA, så det var ein av hans siste konsertar i Europa før han dreg vestover.

George Chittenden var organisten, og komponistane han spela var kjende for dykk som høyrer på Valle Radio tysdagskveldane klokka 20:30. Her er programmet:

Percy Whitlock: Paean

Herbert Howells: Psalm Prelude Set 1, No 3 («Yea, though I walk through the valley of the shadow of death, I will fear no evil; for Thou art with me, Thy rod and Thy staff, they comrot me.»)

Kennet Leighton: Six Hymn Fantasies
1) Helmsley
2) Aus Der Tiefe
3) Canonic Variations Upon Lumetto
4( St. Columba
5) Veni Emmanuel
6) Toccata upon Hanover

William Walton: Crown Imperial

Det var eit flott program, og orgelet i Mandal kyrkje, nystemt for dette høvet etter ein hard vinter der fleire ting måtte gje tapt i kulden, var atter i godt slag. Klangen i orgelet i Mandal er heilt for seg sjølv, og George Chittenden leita fram fargar ein sjeldan høyrer i instrumentet. Så det vart ein fin kveld.

Av høyheten opprunnen er

Share

Dette var tema for Niklos sitt program i Postludium fyrste tysdagskvelden i det nye året. Den melodien heiter på tysk Wie schön leuchtet der Morgenstern, den er skriven av han som og laga teksten til salma, Philipp Nicolai, sjå nynorsk wikipedia: http://nn.wikipedia.org/wiki/Philipp_Nicolai

Det var vanleg å syngje ei salme etter at presten på talarstolen hadde hatt ei innleiing i gudstenesta på 1.-dagane før. Alle tre dagane hadde eit høgtidsvers på denne melodien, og joledagen hadde denne teksten.

I programmet spelte han fyrst ein koralkonsert av Michael Praetorius frå samlinga Polyhymnia Caduceatrix, ein versjon av Hassler Consort, dirigert av Franz Raml.

Deretter kom koralfantasi av Dietrich Buxtehude (BuxWV 223) spelt av domorganist Wolfgang Schwering på orgelet i St. Victor Dom i Schwering.

Så kom orgelkoral av Johan Pachelbel spelt av Wim van der Panne på orgelet i St. Jans kerk i Gouda.

Deretter var det ein svensk versjon, Gustav Wilhelm von Peterson Hägg sitt festpreludium over same stykke, spelt av organisten Per Thunarf i Klara kyrka i Stockholm, sjå http://sv.wikipedia.org/wiki/Klara_kyrka

Til slutt kom eit dansk versjon av Johannes Nørgaard frå hans samling Perikope – orgelkoraler til kirkeåret. Den vart spelt av domorganist Niels Henrik Nielsen på orgelet i Vor Frue Domkirke i København. http://no.wikipedia.org/wiki/Vor_Frue_kirke_%28K%C3%B8benhavn%29

Det var eit variert program, sjølv om same melodien gjekk att i alle verka. Eg fann Kirsten Flagstad sin versjon på Spotify og avslutta kvelden med den.

Orgelkonsertar

Share

I Setesdølen i går, fredag 17. juli 2009, var det ein liten notis om eit brev Niklos K. Besteland har sendt til Valle kommune:

Niklos K. Besteland på Besteland i Hylestad meiner at det er for dårleg at Valle kommue brukar flust med pengar på ulike kulturelle tiltak, mellom anna konsert med Lillebjørn Nilsen, men ikkje sikrar orgelkonsertar i kyrkjene i kommunen.

-Det er ingen tilbod om dette i år, anten for bygdefolk eller tilreisande. Det er for svakt. Det er ei skam at me har nytta skattepengar til dyre orgel, men ikkje maktar å sikre at nokon spelar på dei. Me bør ha organist i full stilling, skriv Besteland i eit brev til Valle-ordførar Bjøgulv Sverdrup Lund.

Niklos er ein trugen medarbeidar i Valle Radio. Annankvar veke kjem han med eit gjennomarbeidd program med kyrkjemusikk som han presenterer i programmet Postludium. Dette programmet har vi hatt klokka 20:30 i alle dei åra vi har hatt tysdagssending. Han har ei stor samling med musikk av denne typen og deler med seg av informasjon om både komponisten, utøvaren og orgelet det vert spelt på. Av og til får eg tilbakemelding frå folk om at dei likar Niklos sine program, og det er ingen tvil om at han sjølv trivst med den oppgåva og ser fram til ein ny bolk til hausten.

Og Niklos har eit poeng. Det er jo eit lite paradoks at vi har fått gode orgel i begge kyrkjene, men bare brukar dei til dei faste hendingane i kyrkjene, gudsteneste, bryllaup og gravferd. Instrumenta har godt av å verte brukte og kunne med fordel vore grunnlag for ein serie med sommarkonsertar, slik det skjer i mange andre kyrkjer. I Oddernes kyrkje har organisten Ian Richards kvar sommar ein orgelkonsertserie med arrangement kvar onsdag og sundagskveld, ofte med gjestemusikarar. I Lyngdal er det Sommerkveld i kirken med musikk kvar fredagskveld. Der samarbeider organisten med svært mange musikarar i løpet av sommaren. Men det er alt for få som skipar til slike arrangement, så Valle er i selskap med mange kyrkjer på Agder. Om det skal kallast godt eller dårleg selskap, kan du som les bloggen sjølv bestemme.

Georg Böhm

Share

Georg Böhm var tema i Postludium i Valle Radio i kveld. Denne tyske komponisten, som Johann Sebastian Bach lærte mykje av, levde frå 1661 til 1733 og var organist i Lüneburg frå 1698 til han døydde. Bach var i Lüneburg frå 1700 til 1702, så han har i alle fall høyrt han spele, men son til Bach, Carl Philipp Emanuel, omtala Böhm som sin fars lærar. Meir om dette finn du på wikipedia, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Georg_B%C3%B6hm

I kveld spelte eg fyrst Preludium og fuge i C-dur. Deretter fylgde koralpartita over Herr Jesu Christ, dich zu uns wend, på norsk O Herre, Krist, deg til oss vend. Ei partita er eit musikkstykke som lagar ulike variasjonar over ein melodi, det var Böhm som begynte å bruke denne nemninga på koralvariasjonar. Til slutt spelte Christian Teeuwsen frå Ontario i Canada Partita: Wer nur den lieben Gott liesst walten, Den som i alt let Herren råde.

Organisten frå Canada har studert i Nederland og spelte på orgelet i Bovenkerk i Kampen i Nederland, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Kampen_(Overijssel) Medan han var i Nederland, var han assisterande organist for Klas Bolt i Haarlem, sjå http://da.wikipedia.org/wiki/Sankt_Bavo_Kirken No er han professor på eit universitet i Ontario. Han spelte friskt og variert, så det var ei glede å høyre på musikken.

Då sendinga var slutt, ringde Niklos og takka for programmet. Han lurte på om dei hadde fått nytt orgel i kyrkja der i Nederland, og då eg slo opp i tekstheftet, synte det seg at det var eit orgel som var nytt i 1999, bygd av Gebr. Reil, dei same som har bygd orgelet i Stavanger Domkyrkje. Niklos meinte at dette orgelet på nokre og tjue stemmer hadde minst så god lyd som orgelet i Stavanger, men romet gjorde nok sitt til det. Elles kunne Niklos fortelje at det vel var over 20 år sidan han høyrde det verket eg spelte fyrst, og at han bare hadde høyrt det ein gong før.

Postludium frå Fæøyane og Island

Share

I kveld hadde Niklos funne fram song frå Færøyane og musikk frå Island til programmet sitt. Fyrst song Vilhelm Juul Andersen frå Velbestadur tre åndelege visetonar:
Jeg stod mig op en morgenstund
Sorrig og glæde de vandre tilhobe
Når ungdoms synd og dårskabs år
Desse tonane var frå ei plate utgitt i tilknytning til det utval av åndeleg visesong på Færøyane som ble publisert i Dansk-færøsk Samfunds hefte 7-8 i 1975. Melodiane var samla inn av Karl Clausen.

Så hadde han funne fram Jon Nodals Toccata i Minningu Paáls Islofasonar. Her spela Hørdur Askelsson på orgelet i Hallgrimskyrkja i Reykjavik.

Til slutt kom Susanna Samuelsen frå Husavik og song Den lyse dag forgangen er.

Valle Radio i Spania – med orgelprogram

Share

Eg fekk ein e-post frå Jarle Fagerheim frå Klepp, han meinte at eg ville ha glede av ei lenke han sende meg. Den handla om Weekly Theatre Organ Radio Show From Spain, så eg vart litt nysgjerrig. Eg kan jo dele det med dykk: http://atos.org/web-journal/

Her fortel Steve Ashley om eit teaterorgelprogram han har kvar veke i Valle Radio i Albox i Spania. Det var ikkje noko om Albox på norsk wp, så du får klare deg med den engelske inntil vidare: http://en.wikipedia.org/wiki/Albox Under kartet finn du ei lenke med geografiske koordinatar, og då kan du gå på google map og sjå at det ligg mellom Granada og Cartagena, om lag 200 km sørvest for Benidorm.

Han fortel at han starta i mars 2007 som eit halvtimes program i tillegg til eit to timars program med eldre musikk som vart kalla Those Dancing Years. Orgelprogrammet kalla dei Pipes and Paella, det var svært lokalt lagt opp, og sjølv om det var smalt, likte sjefen for radioen programmet.

No i mai 2008 vart programmet utvida til ein time, det fekk nytt namn, Hot Pipes! og fekk eit internasjonalt perspektiv og retta seg mot dei som likar teaterorgel. Tall over lyttarar har stige sidan det nye konseptet kom på plass 28. mai. -Når eg får tak i CD-ar, fortel eg om dei og anmelder dei, eg gir også informasjon om konsertar og andre hendingar. I tillegg spelar eg frå platesamlinga mi.

Ein kan høyre programmet frå www.musicnostalgia.com. Han spelar også etter oppfordring og med helsingar, det er bare å ta kontakt, skreiv
Steve Ashley, Producer and Host (August 27, 2008)

Takk til Jarle for ei artig tilbakemelding.