Merkelapp-arkiv: osa

Meir om Hermine 2

Share

**Lars Osa fortel vidare i boka si om korleis det bar til at han møtte Hermine:**

Eg fekk sidan vita korleis det hadde bore til at dei kom på at dei skulde helsa på meg. Dei hadde fenge auga på ein høg kar som gjekk og rusla åleine og såg så inderleg einsleg ut. «Han ser ut som han kunne vere nordmann,» sa Hermine. «Ja, det er målaren Lars Osa», svara broren. «Kom, so gjeng me bort og helsar på han.» Det var kanskje ikkje fritt han kom til å trega på det framlegget. Ikkje ein dag etter den trong eg gå åleine og sjå sturen ut. Me var trottige til å gå på sjået og kunstsamlingane. Sakta var me tri saman for det meste. Men ymse ytre tilhøve gjorde sitt til å føra Hermine og meg nærmare saman, fyrst bokstaveleg tala, og sidan….

Det hekk soleis i hop at ein dag me fylgdest heim frå sjået, fekk me ei sturtbyga yver oss; det ausregnde. Meg stod det inkje på, for eg hadde regnhatt med, retteleg ein rusk av ein paraply; han var korkje ny eller av finaste slag, men når han vart våt, vart han so slikjande blank, som han skulde vore av silke, so eg tykte sakta eg kunne bjoda rom under han åt ei dama! Han skylte godt for oss båe, og hadde so gjort endå um ho ikkje hadde halde so fast i armen min og kurra seg so tett inn til meg som ho gjorde. I armen vart ho hangande so lenge bya varde, og vel so det, trur eg helst. Det var verre for bror hennar. Han hadde havt ein stor gamal paraply med heimantil, som såg soleis ut at han var brydd av det og freista gløyma han etter seg på kvar restaurant han var innum. Men han var ikkje fyrr i døri, på utveg, fyrr ein kelnar kom springande etter han med dette skrymslet av ein paraply og flidde han – i von um drikkepengar. Endeleg hadde det likevel lukkast å koma ifrå han, og det var like fyre denne regndagen. No gjekk han der attmed oss med uppbretta trøyekrage og nedbretta hatteband; han såg ut som ei våt kråka, og var likso misnøgd som me andre var velnøgde. Misnøgjet kom visst både av hans eige tilstand og av vårt. Han tok snart til å orda frampå med systeri um det ikkje var best ho reiste heim. Men etter den dagen gløymde eg aldri å taka den store regnhatten med på turane våre, og hermine og eg speida båe like vonfulle på himmelen, um det ikkje skulde syna seg ei sky som spådde ei dugeleg regnbrosa, for då kunde me gå i leidestand under paraplyen, anten me hadde bror hennar med til fylgjesvein og vaktmann eller me skulde slumpa til å møta andre landsmenn og kjende.

Suti, eller umsuti, for systeri lema snart, for eg måtte fara heim, av di rådi inkje rakk til noko lenger upphald. Hermine vart verande i Paris til året var ute som ho hadde skipa seg til å vere der. For ho tok eit skeid på Sorbonne og høyrde fyrelesingar og vilde fli upp fransken sin. Attåt det at ho umsette bøker, dreiv ho med elevar i fransk. Millom deim so ho las med på denne tid, – eg trur helst det var like etter ho kom heim att frå dette Paris-upphaldet, var det tvo emnelege bondegutar frå Vestlandet, J. E. Maakestad frå Ullensvang og Lars Eskeland frå Stord.

Meir om Hermine 1

Share

Etter kvart har eg hamna på leiting etter Hermine Bernhoft Osa (fødd 1865). http://no.wikipedia.org/wiki/Hermine_Bernhoft_Osa Eg lurte på korleis ho og Lars (fødd 1860) kom saman, han ein spelemann og målar frå Hardanger, ho var fødd i Oslo etter det eg har funne ut. Då eg fortalde Lisbeth på biblioteket i Valle om dette, sa ho at ho hadde ei bok om son deira, Sigbjørn, den siterte eg litt frå på bloggen i går, og så ei som Lars Osa sjølv hadde skrive om livet sitt: Med pensel og feleboge. Minne frå ein lang arbeidsdag i stilla og i storm.

Ho måtte i magasinet, men sjølv om ho sa det var noko uoversiktleg der akkurat no, så fann ho den. Der kunne eg lese om Lars Osa som fekk med eit bilete på verdsutstillinga i Paris i 1890, biletet Faderen. Bak i boka er det svart-kvitt-bilete av målariet, men på Internett fann eg eit fargebilete og, det syner seg at det er 133 x 165 cm. Sjå http://tinyurl.com/mhkkcz

**Frå side 53 i boka skriv Lars Osa: **

Den som berre hadde kunna slege fylgje. Tanken haka seg fast i meg, endå so stengd som vegen til Paris syntest vera for meg. Då var det ein ven som talde meg til at eg skulle søkja um eit lite stipend heime i Ulvik, Kølles legat heitte det. Ja, ja, det duger ingen ting ufreista. Søkte so eg um 300 kroner, og fekk deim.

Med stor trott vitja eg det store sjået, og var trufast gjest i dei namnfræge kunstsamlingane i byen. Og eg såg meg um i Paris. For ein rik og fager by!

Men det største og merkelegaste var noko som hende burtanfor all tanke og plan.

Det byrja med det, at ein dag som eg gjekk ikring på sjået (verdsutstillinga) og skoda på sakene og var langt inne i mine eigne tankar, der veit eg ikkje av fyrr det stend tvo menneske attmed meg og helsar, ein kar og ei kvinna. Karen kjende eg, – eg hadde helsa på han i Oslo. Der var han vel kjend, eller vart det i vissa seinare, frå revyar som han skreiv teksti til, og frå «Norske Intelligenssedler», som han var medarbeider i, likeeins frå skjemteblad (Søren i «Karikaturen»). Han heitte Thorvald Bernhoft, og hadde visst eit journalist-stipend til heim-sjået i Paris. Ho som var med han, det var syster hans. Ho heitte Hermine Bernhoft, og det namnet var heller ikkje ukjent millom folk som følgde med i bokheimen. For ho hadde gjeve ut velgjetne bøker, helst barnebøker, sume umsette frå fransk, sume som hadde teke av seg sjølv: «Den som liten er», «Smaatraak» og kva dei no heitte. Serleg fekk ho vellæta for lett og fin stiling. Henne hadde eg ikkje sett fyrr, og visst ikkje ho meg heller, endå me hadde butt eit års tid like attmed kvarandre, i kvar sitt av tvo grannehus i Sofiegata i Oslo. Det var då mest snodigt at me inkje hadde fenge auga på kvarandre fyrr; men so gjorde me det til vederlag so mykje grundigare her i Paris, og det byrja med same bror hennar hadde gjort oss kjende. Kjennskapen auka på, i storom, kan eg vel segja, i dei tvo vekone me hadde framfyre oss til å vera saman i, fyrr eg måtte fara heim att.

Meir om dette seinare…

111-års jubileum – litt meir

Share

Eg skreiv for ei veke sidan om 111-års jubileum for Valle sundagsskule. I dag lånte eg boka Spelemannsliv av Sigbjørn Bernhoft Osa på Valle folkebibliotek. På side 12 fann eg litt stoff som eg siterer:

So vart det flytting att, og no bar det til Valle i Setesdal. Der hadde far vore før, og vi vart buande i ei gamal røykstova. ….. Eg har ofte tenkt på at det var eit under at vi levde opp i den gamle, kalde røykstova vinterstid. Ja, det hende eg kunne liggja på golvet og leika til eg var gjennomfrosen, så tok far meg opp på fanget, han sat gjerne og måla, breidde trøya godt kring meg til eg fekk att varmen – så bar det ned på golvet att og til leiken. Men det vart vel ei herding som kom godt med seinare. Mage er minna frå røykstova, men sume har fest seg betre enn andre. Mor, som var sterkt religiøst interessert, dreiv sundagsskule i Valle. Jolefestane på denne sundagsskulen heldt ho heime. Joletreet stod oppe i åren, og alle borna fekk saft og to bollar kvar. Hugsar eg hadde fått kvit matrosbluse og fekk gå i kring med brettet og servera dei andre borna. Eg tok bollane i handa og gav dei andre. Då kom mor og sa at dei måtte få forsyna seg sjølve. Ja, dette vart fyrste læren i kelnaryrket. Stemninga som då var i den gamle røykstova med joletre og ljosa har brent seg fast i meg, ja, eg vil seia det slik at enno kan desse ljosa lysa for meg.

Staden der Lars Osa og familien budde, heitte Bjørnhov.

111-års jubileum

Share

I Aktuell time i går kunne Sissa fortelje at Valle sundagsskule skal feire 111. år. Dei hadde leita litt i papira og funne ut at sundagsskulen var stifta i 1897, men då dei fann ut det, var 100-årsjubileet passert. No inviterer dei til stor bursdagsfeiring etter påske, sundag 13. april. Alle som har gått på sundagsskulen i Valle er inviterte til stor festgudsteneste i kyrkja og så selskap på Menighetshuset i Valle etterpå.

Eit spesielt trekk i jubileet er det at det var Hermine Bernhoft Osa som starta sundagsskulen i Valle. Ho var gift med kunstmålaren Lars Osa, som budde i Valle i lange periodar medan han mala. Sissa kunne fortelje at ho var kjend for å ha gjeve ut fleire barnebøker. I dag starta eg ein artikkel om henne på wikipedia, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Hermine_Bernhoft_Osa

**Martin Luther Svanholm** var frå Oslo. Han var prest i Valle mellom 1893 og 1902, då han flytta til Drangedal. Sjå http://eskeland.net/node/4 Truleg var han og involvert i oppstarten av sundagsskulen i Valle. I fjor sommar, 28. juli 2008 kom det ein artikkel i Halden Arbeiderblad som nemner presten Martin Luther Svanholm, sjå http://www.ha-halden.no/artikkel.asp?Artid=165740 Den knytter lenke til domprost Svanholm i Stavanger, Christian Svanholm, som var son til Vallepresten. Han var domprost i Stavanger då eg gjekk på lærarskulen der.

Eg fann fleire lenker til Martin Luther Svanholm:
http://home.no.net/draguide/prest_martin_luther_svanholms.htm
Og i Trondheim er det eit begravelsesbyrå som vart starta av eldste son til Svanholm:
http://www.svanholm.no/historien.html

Internett er blitt ei større og større kjelde til informasjon om både gamalt og nytt. Om du har informasjon meir informasjon i samband med denne artikkelen, vonar eg at du skriv ein kommentar på bloggen eller sender ein epost til meg, adressen min er harhaugl (at) gmail.com (Eg er litt forsiktig med å leggje epost-adressa mi fri, for eg treng ikkje fleire tilbod på legemidlar no, så du får lese adressa med ope sinn). Det hadde vore triveleg å få reaksjonar og meir stoff fram mot jubileet.