Merkelapp-arkiv: påske 2007

Påska over

Share

Så er påska 2007 over. Eg har ikkje hatt kontakt med andre folk i radioen, så eg veit ikkje korleis sendinga gjekk 1. påskedag eller kven som vann premiane. Om det høver slik, vil eg poste meir informasjon når eg kjem tilbake til Valle.

På lista over sendingar står det ikkje noko onsdag, men eg kjem til å lage ei sending denne kvelden og. Det kjem eg tilbake til.

Tysdagssendinga 3. påskedag fylgjer velkjent mønster:

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Salmekveld
20:00 Bokaktuelt
20:15 Dagens Buxtehude
20:30 Postludium. Niklos K. Besteland har funne påskemusikk
21:00 Kyrkjebakken

I samband med bokaktuelt minner eg om at det tysdag 3. påskedag er siste frist for å stemme på kven som skal få Sørlandets Litteraturpris i år. Sjå her
http://www.aa.fylkesbibl.no/cgi-bin/webmail?form=litteraturpris2007
her kan du stemme. Om du ikkje veit kven du skal stemme på og vil ha eit godt råd frå Valle radio, så kan du stemme på Line Baugstø. Boka hennar er interessant og fortel ei historie som eg tykte det var godt å verte minna på: Både historia om då Fædrelandsvennen sitt avishus på Torvet i Kristiansand vart sprengt i lufta, og historia om tankar ein kan ha når ein lurer på om son min har vore innblanda i noko.

Sjølvsagt hadde det vore best å ha lese alle bøkene før ein gjev stemme. Men det klarer du ikkje i dag om du ikkje har gjort det før. Likevel vil eg oppfordre deg til å stemme på den boka du meiner bør få prisen. No er det siste sjanse. Dette er ein av dei få prisane der publikum har avgjerande ord med i laget om kven som skal få prisen. Juryen vel ut fem bøker, du vel ut den av desse som du meiner bør få prisen.

Fleire spørsmål

Share

God påske i hus og hytte!

Her kjem nokre fleire spørsmål ein kan kose seg med i påska:

1. Kva heiter rådmannen i Bykle?
2. Kva heiter redaktøren av Setesdølen?
3. Kva er ei komtesse?
4. Kven var Abraham Gesner?
5. Kva tid vart parafinlampen oppfunnen?
6. Kva er Jan Olsen i Bygland kjent for?
7. Kva heiter lensmannen i Valle og Bykle?
8. Kva heiter den berømte stranda i Mandal?
9. Kva heiter Norges sørligaste punkt (skjær)?
10. Kor bur Mamma Kari?
11. Kven driv Valle Vev?
12. Kva utdanning har Tom Arild Homme?
13. Kor ligg Sjøholt?
14. Kva heiter høgaste fjellet i Aust-Agder?
15. Kva er Vigra?
16. Kva heiter organisasjonen som Liv Tanche-Larsen leier i Valle?
17. Kven skreiv boka Underet i Breive?
18. Kor var Fredrik Hvoslef biskop?
19. Kven skreiv boka Nattradioen?
20. Kva handler boka Fire dager – åtte år om

20 spørsmål

Share

Medan ein ventar på sendinga 1. påskedag, kan ein hygge seg med nokre spørsmål. Om dei mange aviser og vekeblad sine spørsmål er brukte opp og du ikkje har tilgang til spørjebøker, kan du bruke desse:

1. Kven er programleiar i Valle radio i påska 2007?
2. Kven er sponsorar for påskesendingane i 2007?
3. Kva er beriberi?
4. Kva stat ligg Kansas City i?
5. Kor ligg Svandalen?
6. Kven er ansvarleg redaktør for Valle radio?
7. Kva heiter banksjefen i Valle Sparebank?
8. Kor ligg Olathe?
9. Kva er Team CSC?
10. Kva er Eurostar?
11. Kven skriv bloggen til Valle radio?
12. Kva heiter styreleiaren for Valle radio?
13. Når tid vart det første kryssordet laga?
14. Kor var Monrad Norderval biskop?
15. I kva kommune ligg Nærøyfjorden?
16. Kva heiter pilegrimspresten på Hovden?
17. Kor skal Olav Holen arbeide frå oktober i 2007?
18. Kva skjedde med soknepresten under Kautokeinoopprøret?
19. Kven er Audun Kayser?
20. Kva er jurt?

Dei spørsmåla som ikkje gjeld lokale tilhøve i Valle og Bykle kan du heilt sikkert finne svar på om du leitar i Bokmålswikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Hovedside

Svara vil eg leggje ut her på bloggen etter påske, det er ikkje så spennande om svara vert publiserte samstundes med spørsmåla. Men onsdag etter påske, i den opne sendinga den kvelden, der kan du få vite meir.

Skjærtorsdag i Valle radio

Share

Som eg skreiv i går får eg ikkje inn Valle radio på Internett fordi eg ikkje lenger nyttar Windows. Men eg hadde ein prat med Niklos i dag, og han fortalde at sendinga så langt han hadde fått med seg, hadde gått av stabelen i god stil. Diverre hadde han problem med lydartilhøva, anten det skuldast radio eller andre tilhøve, så han fekk ikkje med seg alt, og når det skurrar, vil ein gje opp fortare enn om det ikkje er skurr i mottakaren. Eg vonar difor at det har vore gode tilhøve for dei fleste av dykk.

Niklos ringde meg for å snakke om sendinga når påske er over. Vi startar opp att tysdag etter påske, 10. april med vanleg tysdagssending og eg vil også prøve å få til onsdagssending 11. april, sjølv om den av ein eller annan grunn har falle ut av lista over sendingar.

Eg hadde sett pris på om nokon sender meg ein epost om påskesendinga skjærtorsdag eller annan aktuell informasjon, som eg så kan legge ut på bloggen. Send det til harhaugl at gmail.com (du må erstatte at med @ i mailadressa mi.

Langfredag 2007 i Mandal var ein fin dag med sol frå lettskya himmel. Ikkje alle dreg til fjells i påska, ganske mange bussar, bubilar og campingvogner hadde funne vegen til Sjøsanden i Mandal, etter det eg kunne sjå då vi tok ein spasertur på stranda i dag. Men det kalde veret, som sikkert er kaldare når ein kjem høgare, gjer at snøen held seg godt for dei som gjerne vil ha ski på føtene siste del av høgtida.

Ver og uver

Share

Når ein sit ein fin solskinsdag i Mandal, er det eit antiklimaks å sjå på TV korleis dei har det på fjellovergangane lenger nord i landet. Eg vonar alle som er på hyttene i Bykle og Valle har hatt ein fin dag i fjellet.

I kveld skulle ein høyre på Valle radio, men sidan eg har Ubuntu som operativsystem for datamaskinen min (det er eit gratis Linux-system) og Valle radio nyttar Windows Media Player, kan eg ikkje det. I staden kosar eg meg med Wikipedia.

I dag kom eg over ein prest som eg ikkje trur Theis ville ha bytt teneste med: http://no.wikipedia.org/wiki/Fredrik_Waldemar_Hvoslef
Fredrik Hvoslef var prest i Kautokeino under påskeopprøret for 155 år sidan, då handelsmannen vart drepen og presten piska.

Ikkje rart om han vart sjuk etterpå og måtte lyse messefall. Sidan kom han til Tromsø og vart etter kvart biskop der, men gjekk frå embetet for å verte prest i Lier. Sidan vart han biskop i Bergen.

Elles er påsken tid for familiekontakt. Vi har barnebarn på besøk og kosar oss saman med dei.

Å hoppe etter Wirkola 2

Share

Tunnelkameratane Saavi og Tarald Nomeland kjem i studio, og både William Viki og Bjørgulv T. Berg blir med. 1200 telefonar reknar radioen med å få i løpet av kvelden.

Folk kan ringe inn loddkjøp til desse telefonnummera:
379 37574
379 37575
37937578
37937580

Fok kan også sende sms for loddkjøp på 984 43611
eller sms-helsing på 984 43644

Rebusløysing og helsing er som vanleg på tlf 379 37577
SMS inn i studio 992 37578

**Kan utgiftsførast**
-Og hugs at næringsdrivande som kjøper lodd no kan utgiftsføre kostnadene rekneskapsmessig som reklame, seier programleiar Helge Dahle.

Colorline og Fargesenteret Evje er hovudsponsorar for sendingane denne påska.

Begge dagane startar sendingane klokka 18 og varer til ut på natta. Kanskje kjem også Daniel Sandén Varg og Sigurd Brokke. -Helsingar vil me ha, så mykje som råd, men plateønska må nok samordnast litt av praktiske grunnar, seier Helge Dahle, som vonar at folk i hytter og hus skrur seg inn på Valle radio. Om ein kjører bil i dalen, står det Bykle radio i displayet, men sendingane kjem frå Valle.

Som å hoppe etter Wirkola

Share

Setesdølen skreiv om programma i påska på leiarplass i fredagsavisa at det for Helge Dahle vert som å hoppe etter Wirkola når han skal ta over etter Hallvard Kjelleberg og leie påskesendingane i år.

Leiinga i Valle radio følgjer opp ein god tradisjon med påskesending i heile Setesdal både skjærtorsdagskvelden og om kvelden 1. påskedag. Sendingane byr på stort lotteri som er berebjelken i drifta av Valle radio resten av året.

Med dalebukser som hovudgevinst og ei mengd andre flotte ting å vinne, serier det seg sjølv at oppslutninga om lotteriet bør bli bra. I hytter og hus sit pengesterke lyarar og let seg rive med fram mot eit godt resultat. Hallvard Kjelleberg, som døydde i fjor, hadde dette som sine store sendingar. Di meir han greidde å drive inn i kontantar på dette leotteriet, di meri hadde han å boltre seg med resten av året. Både næringsliv og publikum generelt har difor slutta godt opp om lokalradioen sine påskesendingar, som i år blir leia av Helge Dahle.

-Klart det følest litt som å hoppe etter Wirkola, men eg har eit godt team med meg, og me vil ikkje prøve å kopiere Hallvard, men lage vår eiga sending med mykje moro, seier Helge Dahle….

Meir i morgon