Merkelapp-arkiv: påske 2008

Evaluering

Share

Torsdagskvelden hadde vi ei evaluering av påskesendingane. Det synte seg at alle var godt nøgde. Begge kveldane hadde vi ein triveleg tone i studio og tekniske rom, sjølv om det sjølvsagt var travelt. Vi meinte at mykje av grunnen til det var at vi hadde fått eit godt teknisk opplegg.

**Helsingar**
Når helsingane går på sms rett inn i studio, sparar ein papir og intern kommunikasjon. Tre av fire helsingar kom på sms i år. Vi hadde og folk som tok imot helsingar på telefonen. Desse vart skrivne ned som epost og sende inn i studio, noko som og reduserte papirflaumen. Det var jo svært mange helsingar, og det var ikkje råd å finne musikkynskje, så musikken hadde vi funne på førehand og det fungerte og greitt.

**Loddkjøp**
Mykje av loddkjøpet kom og på sms i år. Det systemet fungerte også godt. No er rekningane sende ut og til no har vi fått inn 100.000 av dei 173.010 som vi selde for. Premiane er gått ut, og vi har ikkje høyrt noko om problem. Systemet med gåvekort er populært hjå dei næringsdrivande, for då får dei kunder inn i butikkane.

**Dagen**
Vi vurderer å flytte sendinga frå 1. påskedag til laurdagskvelden. Det er svært mange som reiser nedover alt på 1. påskedag, og vi ville gjerne nå flest mogleg. Dette kjem vi til å snakke meir om, men alle som var på møtet, meinte at det hadde vore ein god ide, sjølvsagt under føresetnad at vi fekk dugnadsgjengen til å vere med denne kvelden.

**Programmet**
Det er viktig å ha dei to timane før Open sending, så vi vil halde på dei. Nyhetsmeldingane frå Setesdølen er flotte å ha med i sendinga, så dem må vi halde på. Det same gjeld Påskebodskapen. Det var rett å redusere innslaga med sextelefonen i andre sendinga. Samarbeidet med Maxi Catering var bra, men det fungerte jo ikkje heilt etter planen påskedag, for då var det ingen som sende inn svar. Dermed vart det bare trekt premiar skjærtorsdagen.

**Teknisk utstyr**
Til denne sendinga hadde vi fått nye hovudtelefonar med mikrofonar. Det var eit system som fungerte godt. Eg har alt nemnt nettverket som gjorde at ein kunne sende helsingar og epost like inn i studio. Det var gode hjelperåder.

Takk til alle som var med.

Samhald i bygda

Share

Gravferda i dag vart ei sterk markering, i alle fall om ein skal døme etter alle bilane som stod parkerte utanfor Valle kyrkje. På dei åra eg har budd i Valle har eg aldri sett så mange bilar utanfor kyrkja, dei stod i to rekker langs vegen nesten sør til Rike.

Så var det jo og ei meiningslaus hending. Åsmund Homme var i sin beste alder, no sit kone og son att aleine etter ei ulukke som skjedde då han var på veg for å ordne i stand til ei samling hyttenaboane skulle ha i påska. Sjølv om dei hadde teke alle vanlege tryggingsreglar i bruk, gjekk det galt.

Truleg tenkjer dei fleste at det like gjerne kunne vore ein sjølv, det er vanleg å bruke scooteren når ein er på hytta i påska.

Samhaldet i bygda er sterkt, noko som ikkje minst kjem til uttrykk i ein situasjon som dette. Sjølv om han hadde budd i Kristiansand i mange år, var ikkje nærleiken til Valle borte, korkje for han eller for resten av familien. Difor var det klårt at grava skulle vere i Valle.

Påskelotteriet 2008 – Vinnarar

Share

Påskesendingane skjærtorsdag og 1. påskedag 2008 førte til at me selde lodd for 173.010 kroner. Takk til alle som kjøpte lodd!

Her er lista over vinnarar frå hovudlotteriet under påskesendingane.

1. Setesdalsbunad mannsbunad: Maxi Catering, 4636 Kristiansand
2. Maxi Catering Koldtbord for 20 personar inkludert kokk: Elin og Oddvar Iverson, 4760 Birkeland
3. Bauer varmepumpe montert: Hilda Solheim, 4700 Vennesla
4. Gåvekort frå yx Bykle: Knut Jore, 4747 Valle
5. Gåvekort frå yx Bykle: Hetland og Agder, 4848 Arendal
6. Gåvekort frå Setesdølen: Torhild Bjørgum Åkre, 4748 Rysstad
7. Gåvekort frå Setesdølen: Oddny Berg, 4645 Nodeland
8. Gåvekort frå Tip Top, Evje: Helene Hofshagen, v/ Knut O. Homme, 4747 Valle
9. Gåvekort frå Pernille, Evje: Harald Haugland, 4516 Mandal
10. Gåvekort frå Torgeir Lund, Evje: Laila Tveit, 4735 Evje
11. Gåvekort frå Randi frisør: T. Bjørnarå, 4754 Bykle
12. Gåvekort frå Databutikken, Evje: Anne Lise og Torleiv Harstad, 4747 Valle
13. Gåvekort frå Evje gull og sølv: Anne Mari Bjørgum, 4748 Rysstad
14. Gåvekort frå Evje gull og sølv: PK Entreprenør ved Åge Hausvik, 4683 Søgne
15. Gåvekort frå Coop Hylestad: Kai Reiersdal, 4540 Åseral
16. Gåvekort frå Statoil Rysstad: Straume Handlaft, 4748 Rysstad
17. Gåvekort frå Joker Valle: Turid Sauvik, 4823 Nedenes
18. Gåvekort frå Coop Valle: Tor Espen Helle, 4632 Kristiansand
19. Gåvekort frå Esso Valle: Geir Dyrstad, 4658 Tveit
20. Gåvekort frå Hasla: Reidar Ullebø, 4735 Evje
21. Gåvekort frå Georg Viki: Tor Inge Heia, 4823 Nedenes
22. Sylje frå Hasla: Aud Ljungquist, 4519 Holum
23. Sylje frå Hasla: SPIS Ringøen, 4636 Kristiansand

Rebusar til påskedagssendinga

Share

**Ein musikalsk rundtur med Valle Radio**

Til påska 2008 – 2

11.
Frå Hemsedal dreg vi til nabokommunen og stoppar der Riksveg 52 kjem inn på E-16. Han som fekk Nobels fredspris i 1970, henta etternamnet sitt frå denne staden.

Rebus: Nr. 2 + Treslag + nynorsk bad
Svar: Borlaug

12.
Når vi er i Borlaug, der foreldra til Norman Ernest Borlaug kom frå, kan vi velje å dra austover eller vestover. Om vi dreg austover, kjem vi over vegen sitt høgaste punkt, Fillefjell, og over til Valdres. Men vi skal til verdas lengste tunnell, 24 509 meter gjennom fjellet.

Rebus: Ikkje dum + dansk øy + gårdsplass + månefase + svensk fylke
Svar: Lærdalstunnelen

13.
Når vi er ute av Lærdalstunnelen, kan vi stoppe ein stad i Aurland kommune. Staden har Norges minste stavkyrkje som er i aktiv bruk som kyrkje, med bare plass til 40 personar.

Rebus: Fundere + søkk i terrenget
Svar: Undredal

14.
Så kryssar vi Sognefjorden og kjem til Liv Signe Navarsete og Tone Damli Aaberge sin heimstad. Og vi kan høyre musikk av ein annan artist herifrå. Kva heiter han?

Rebus: Idrettskonkurranse + preposisjon + plass + Bergeracs hjemland (fork.)
Svar: Olav Stedje

15.
Frå Olav Stedje og Gjest Bårdsen sin heimstad Sogndal dreg vi nordover til den fyrste norske bokbyen. Kor ligg den?

Rebus: Fuglepels + Nr. 12 + symjefugl
Svar: Fjærland

16.
Det gjeld å ikkje stoppe for lenge i Fjærland, men sidan det er påske, kan det vere aktuelt å vitje ein plass med snø og is som tema og spørje om guiding til Norges største i sitt slag.

Rebus: Knekt + røyk + drikk + nr. 4 + Fredsprisvinnarførenamn + isen
Svar: Jostedalsbreen

17.
Etter ein guida og strabasiøs tur over Jostedalsbreen, kjem vi ned til ein stad der det er godt vatn å finne.

Rebus: Gammal (engelsk) + tall (bokmål)
Svar: Olden

18.
Frå Olden finn vi vegen til ei fager fotballbygd i Nordfjord som har fått ein dansemelodi oppkalt etter seg. Kva heiter bygda, fotballspelarane og melodien?

Rebus: Nr. 19 + griseansikt minus nr. 5
Svar: Stryn

19.
Per Bolstads Fagre Stryn, Flo-brørne si fotballinteresse, alt kjem frå Stryn. Me dreg vidare nordover, kryssar fylkesgrensa og kjem inn i eit nytt fylke, til ein studiestad med medieutdanning. Men vi skal til nabobygda, der nynorsken sin far kom frå.

Rebus: Fortumla + nr. 19 + grip
Svar: Ørsta

20.
Det stemmer at Ivar Åsen kom frå Ørsta. Nynorsk kultursentrum er etablert der, og ettersom vi har vore innom verdas lengste tunnell, kan vi og reise gjennom verdas djupaste, for å kome til Ytre Søre Sunnmøre. Opna i februar 2008 av samferdselsministeren.

Rebus: Lauvtre i Vest-Agders fylkesvåpen + nr. 19 + tysk og + dans + nr. 14 + artikkelSvar: Eiksundsambandet

Påskerally på Riksveg nr. 9

Share

Sendinga 1. påskedag starta med denne melodien. Ikkje unaturleg, trafikken var stor denne ettermiddagen. Trafikken var så stor at då eg kom oppover, lurte eg på om det var folk att til å høyre på sending i dag.

Då slo tanken meg at for å ha eit stort publikum, burde me kanskje gått over til å ha siste påskesendinga på påskeaftan i staden for å ha den om kvelden 1. påskedag. Det får vi vurdere til neste år.

Trafikken var stor, men den gjekk fint. På strekningen frå Evje og oppover møtte eg bare eit par bilar som køyrde forbi i køen, så det var ikkje eksempel på villmannskøyring så langt eg kunne sjå. Men på Texaco Evje hadde dei det travelt, det er mange som stoppar der på tur opp eller ned.

Vermeldinga for morgondagen fekk Helge frå Meteorologisk institutt. Ho som melde veret hadde som eg feira fyrste del av påska i Mandal, ho skulle ta med helsing til vår lokale meteorolog Kristen Gislefoss, som hadde vore på arbeid heile påska.

Rolf Erik Homme hadde vakt i politiet. I frå politiloggen nemnde han ulukka i Stavdalen, som har prega bygda. Det har vore andre trafikkulukker, tjuveri av scooter og innbrot i bilar. Nedanfor har det vore meldt om ei valdtekt på Byglandsfjord. Politiet har eit stort distrikt, frå Hovden til Åseral, så det skjer noko, men sjeldan har ein dødsfall i samband med påskeutfarten. Men dei kan få hjelp frå Kristiansand om dei sjølve er på Hovden og det skjer noko på Evje.

Telefonrunde til Røde Kors på Hovden og Brokke synte at det hadde vore få problem begge stader. Det var tale om uhell innandørs og vrikka ankel og problem av den typen. Dermed kunne dei gå litt på ski og trene litt på scooterkøyring og teste GPS utan at det var alvorlege hendingar som stilte kunnskapene på prøve til no i år.

I **Setesdølens nyhetsrapport** kom det fram at det var Åsmund Homme, opprinneleg frå Valle, men busett på Søm i Kristiansand, som omkom i raset i Stavdalen. Lensmann Knut H. Nomeland rosar dei 20 frivillige som deltok i leitinga etter Åsmund Homme. Setesdal Brannvesen, Valle Ambulanse og Røde Kors. Valle Fjellredningsgruppe var med her, dei var og ute i å avklare ein situasjon på Rysstad. Bykle Ambulanse var innblanda i ein kollisjon ved Hoslemo. Det har og vore tjuveri fleire stader i dalen, mellom anna av snøscooter.

Talet på aktive bønder i Bygland er halvert det siste året. Sokneprest Stein Ødegård har fått nytt kall på Bryne der han kjem frå. Han flytter til sommaren.

—-

Dette innlegget på bloggen vart skrive mellom 18 og 19, slik at eg skulle få notert noko i kveld og. Eg vil ta ein tur i radioen no, og der reknar eg med at det er for travelt til at eg får skrive særleg mykje meir på bloggen i kveld.

Set på radioen eller gå til http://www.valleradio.com/internett.htm og kom deg inn og høyr på sendinga på internett. Hugs at du kan kjøpe lodd, støtt Valle Radio.

Vassendgutane og Wikipedia

Share

I rebus nummer 5 som vart nytta skjærtorsdag, var spørsmålet: **Men kor i Hordaland er Vassendgutane frå?** Rebusen førte til Voss, men i dag fekk eg ein e-post som gjorde meg glad og trist på same tid:

Det er greitt med wikipedia når ein stussar på noko.

Han viser så til artikkel om bandet på nynorsk wikipedia: http://nn.wikipedia.org/wiki/Vassendgutane, der det står at gruppa er frå Ørsta. Heimesida til Vassendgutane etterlet ingen tvil om det.

Kjelda for rebuskommentaren hadde eg i denne teksten, som stod i Hardanger Folkeblad, avisa som kjem ut i Odda:

PÅ ONSDAGEN. Vassendgutane fra Voss deltar på påskevorspielet onsdag 19. mars.
http://www.hardanger-folkeblad.no/hfkultur/article3405151.ece?start=3&serie=0

No løyste folk rebusen og hadde svaret der: Fem + pronomen. Men eg er lei meg for at eg hadde feil informasjon i kommentaren til rebusen, og det minner meg om at ein bør sjekke kjeldene anten ein skal skrive ei avhandling, ein leksikonartikkel eller ein rebus.

Dette minner meg om ein diskusjon som har gått om Wikipedia, der mange meiner at ein ikkje kan stole på wikipedia, kven som helst kan jo legge inn stoff, seier dei.

Eit prosjekt av denne typen må ha mange kvalitetssikringsmekanismar. Den viktigaste er nok at det er mange som fylgjer med på det som vert lagt inn og som kan fikse feil informasjon. Om ein undersøker artiklar på andre språk, vil truleg det aller meste av feil kome til syne. Særleg den tyske versjonen har fått mykje skryt for at ein kan stole på wikipedia, det har vore gjort undersøkingar der som syner at wikipedia på tysk kjem godt ut samanlikna med Brockhaus, det store standardleksikonet deira, Her er eit sitat frå ein leiar i Stern, det store tyske magasinet, nr. 50/07:

Die stern- Reporter Horst Güntheroth und Ulf Schönert haben die einzigartige Erfolgsgeschichte von Wikipedia recherchiert und einige der weitgehend unbekannten Macher besucht, die täglich Neues hineinschreiben, Überholtes aktualisieren und Falsches herauslöschen. Der hehre Anspruch: Die Artikel sollen ausschließlich bedeutsames Wissen aus belegten und zuverlässigen Quellen enthalten. Doch wie gut ist Wikipedia wirklich? Was nix kostet, kann das etwas taugen?

Wir haben den renommierten «Wissenschaftlichen Informationsdienst WIND GmbH» in Köln beauftragt, das Internet-Lexikon mit 50 Stichproben aus unterschiedlichen Wissensgebieten zu testen. Das Institut ist auf Recherchen für die Industrie, mittelständische Unternehmen und Erfinder spezialisiert, hat Zugriff auf weltweite Datenbanken und arbeitet mit einem Netz globaler Experten zusammen. **Das Ergebnis des Tests hat uns alle überrascht: Wikipedia lässt in vielen Fällen selbst den ehrwürdigen Brockhaus alt aussehen (Seite 30).** Sjå http://www.stern.de/magazin/heft/604451.html?

Sjølve artikkelen ligg ikkje på Internett, då må ein vere abonnent.

Glad og trist på same tid: Trist fordi eg hadde bomma då eg laga rebusen – glad fordi wikipedia var kjelda som korrigerte.

Resten av rebusane frå skjærtorsdag

Share

Fyrst takk til alle som kjøpte lodd i gårsdagens sending. Det kom inn 103.000 kroner denne fyrste kvelden av påskebasaren vår. Takk til alle i studio som gav oss ein triveleg kveld.

Eg trudde eg skulle klare å fylgje med heile tida, men det var vanskeleg å få med seg alt. Difor legg eg i dag ut rebusane, men ikkje kven som kom inn i studio på dei ulike oppgåvene. Om Britta Lise eller Helge har oversikt og sender meg, skal eg leggje det ut seinare. Men dei oppgåvene eg ikkje fekk med i går, kan de få del i, de som ikkje høyrde, eller de som høyrde og vil lese dei ein gong til.

4.
I kommunesenteret til Røldal skal det vere stor påskefest med ei rekke kjente musikkgrupper. Ei av gruppene er frå Hordaland og spelte der i går, onsdag.

Rebus: Tull + Lever på posten! + ung mann + ha en tanke om
Vassendgutane

5.
Men kor i Hordaland er Vassendgutane frå?

Rebus: Fem + pronomen
Svar: Voss

6.
Ein epledyrkar og lyrikar kom frå ei nabobygd til Voss. Det er 100 år sidan han vart fødd i år, og Gunnar Hillestad har laga ei flott utstilling på biblioteket i Valle med dikta hans. Eit av dikta lyder slik:

Bruk ikkje sandpapir

Bruk ikkje sandpapir der ein visshøv kniv har skore
rett ikkje skifaret som bar deg frelst yver hamrane,
ta ikkje i deg ord som ein gang er sagde.
Ord er dynamitt og verkar både i djupni og høgdi,
i den sprekka dei slo
kan grunnvatn stiga.

Kor budde Olav H. Hauge?

Rebus: Varg + Preposisjon + Nr. 11
Svar: Ulvik

7.
Når vi fyrst er i området her, kan vi jo spørje etter eit populært instrument frå denne regionen.

Rebus: Ikkje mjuk + preposisjon + karakter + tone + regne
Svar: Hardingfele

8.
Så tek vi Bergensbanen frå Voss til ein annan vintersportsstad. Kor hamnar vi med denne rebusen:

Rebus: Tone + ikkje + på ullplagg
Svar: Geilo

9.
Så skal vi til ein nabokommune til Geilo. Der møter vi ei norsk musikkgruppe som har blitt spelt ein del på Valle Radio.

Rebus: Lykke + kjøretøy + åsside + auk
Svar: Hellbillies

10.
Endå ein vintersportskommune skal vi innom, nord for heimstaden til Hellbillies.

Rebus: Loft til å sove i + løfte + Nr. 1 + Liter
Svar: Hemsedal

Open sending skjærtorsdag 2008

Share

**Programleiarar: Helge Dahle, Tore Katerås og Britta Lise Homme.**

Tema: Ein musikalsk rundtur med Valle Radio

**Rebusar og innringarar**

1.
Reisa vår går nordover frå Valle. Fyrste stopp er på ein av dei store påskeutfartsstadene på Sørlandet, der det i påska bur tusenvis av menneske fom dreg til fjells for å gå på ski:

Rebus: Heilag hus + bestemt artikkel
Svar: Hovden

Innringar: **Ånund Lund**, på hytte på Ljom, som vann
Middag med dessertbord for to på Bykle Hotell og som i tillegg song Vandringsvise og dermed fekk ein radio i ekstrapremie.

2.
Den fyrste artisten var aldri på Hovden. Men om han hadde vore der dei fyrste dagane av årets påske, hadde han nok stemt i

I see skies of blue, and clouds of white.
The bright blessed day, the dark sacred night
And I think to myself, what a wonderful world…

Rebus: Smilte + Nr. 21 + Dessert + Legemsdel + Sterk (engelsk)
Svar: Louis Armstrong

Innringar: **Tor Hallvard Omlid** som fekk Helgepass til Ose Countryfestival og song Bæ Bæ lille lam og fekk ein loddebolt
Innringar: **Torill**: Olje- og eddiksett og ein hengelås til å ha på reise, for song (Bæ, bæ lille lam) på den linja og.

3.
Frå Hovden går vi i fotspora til pilegrimane som gjekk i lag med Bjarne Tveiten sommaren 2007. Vi skal til ein stad der også dei kom:

Rebus: Nr. 18 + Drikk + ikkje fjell
Svar: Røldal

Innringar: **Jan Torkildsen** på Gautestad, som fekk Bilpakke Colorline og for Beatles godnattsong fekk saksesett og Valle Radio CD. Og så song dei Gratulasjonsong for Linn som fyller 19 i dag.

Skjærtorsdag 2008

Share

Etter litt plundring for å prøve å få til internett og kunne høyre på Valle Radio via ubuntu-linux, måtte me gje opp. Heldigvis hadde eg påskegjest i Mandal som hadde med seg PC med Windows, og då den kom i gang, gjekk det greitt å høyre sendinga.

Eg fekk høyre siste del av fyrste timen, det var Ørnulf Hasla og Jorunn Helle som var i studio. Eg fekk høyre Torleif Homme frå Setesdal Brannvesen som minna om å vere varsam med eld og å sjekk brannvarslaren når ein er på hytta. Eit anna moment han minna om var å sikre utgang, no når det er så mykje snø, er det viktig å grave frå vindauga, slik at ein skal kunne kome ut om døra blir blokkert.

Like før klokka 19:00 kom **nyhetsbulletin frå Setesdølen** ved Sigurd Haugsgjerd:

**Politiet**
UP hadde kontroll og gav seks forenkla førelegg onsdag, men ingen miste lappen.

Ein eldre mann frå Austlandet var involvert i ein kollisjon på Evje. Ingen personskade, men stor skade på begge bilane,

Leiteaksjon etter ei kvinne som hadde vore uheldig nord for Valle, men som ikkje kunne seie kor det var. Ho og passasjeren vart til slutt lokalisert ved Rotemo. Bilen hennar låg i grøfta.

Ein scooter var meld stolen, litt rart ettersom han ikkje hadde løyve til å ha den scooteren der.

**Anna**
Oveinang Grendelag sin basar i påska brakte inn 85.000 kroner. Pengane skal mellom anna brukast til å arbeidet som er gjort med å setje i stand badstoga på Flateland, etablert like etter krigen på initiativ frå helsedirektør Karl Evang. Med nysnø som no har kome kan det vere greitt å ha ein tur i badstoga og så ut og rulle seg i snøen.

Bygland kommune har enno ikkje fatta formelt vedtak om å avvikle bommen på Byglandsfjord, sjølv om både ordførar Knut A. Austad og varaordførar Tomine Moe vil halde seg til opprinneleg avtale og avvikle stasjonen. Dei andre kommunane har bede om å halde fram med bompengeinnkreving, og Bygland vil gjere vedtak i saka på møte i april.