Merkelapp-arkiv: påske10

Mykje etterarbeid

Share

Då eg var på butikken i ettermiddag, kom Britta Lise med ei stor bunke konvoluttar:

-Det er mykje etterarbeid, sa eg
-Eg har mykje att, sa ho. -Eg må skunde meg og nå posten før dei stengjer.

Det same var Henri-Tore inne på då vi snakka om det i dag. Det er mykje etterarbeid, og truleg kunne vi rasjonalisert noko av det slik at det ikkje vart så mykje å gjere for eit par personar når påskesjauen var over. Då er ein gjerne noko utlada, og det er ikkje så lett å motivere til å få gjort det etterarbeidet som må til, og samstundes er det viktig at det ikkje vert liggjande.

Vi snakka og litt om det å få inn folk på direkten og så be dei om eit dikt eller ei historie og at ein då kan få noko meir enn ein forventa. I år gjekk det ganske fint, men det var eit stev som var noko på kanten, etter det eg hugsar, men no hugsar eg ikkje stevet, eg er heller ikkje sikker på om det er i stevbasen til Agder Folkemusikkarkiv.

Vi snakka og litt om konseptet med tre premiar til kvar som kjem inn i studio, det er mest som å vinne det store loddet og verdien av premiane kjem fort opp i mellom 500 og tusen kroner. Henri-Tore meinte det var ein av grunnane til at folk var aktive, gode premiar er ikkje å forakte. Men det fungerer nok best om premiane er gåvekort og ikkje gjenstander, for det er mykje meir logistikk når ein skal få gjenstander rundt til alle vinnarane og så få den rette premien til den rette utleveringsstaden. Om ein hadde gåvekort, kunne ein bare pakke dei ned i konvoluttar etter kvart som sendinga gjekk, og så kunne ein få det på posten når han opna att etter påske.

Takk til alle dykk som gjennomfører dette etterarbeidet.

Inga sending denne veka

Share

Her hadde eg budd meg til sending både i dag og i morgon, og programmet var til og med i boks i god tid. Så fekk eg ein telefon frå Ørnulf, han hadde nokre opptak han lurte på om eg ville sende i morgon kveld. Eg takka ja, dermed var nyhetstimen i boks, og så hadde eg fått ein avtale med museumspedagogen på Setesdalsmuseet om at ho skulle vere med i timen frå 20 til 21, før Karin Bøe kom og var med på Open sending.

-Kva var det som skjedde i påska, spurde eg
-Utstyret i Bykle tek til å bli gammalt, svara han. -Ei vifte streika, og då vart det ganske varmt, så når vi kom der på 1. påskedag, var boksen vi pleier å ringe til glovarm. Vi fekk ikkje starta den, og tok han med til Valle etter at vi hadde fune ei alternativ løysing.
-No har vi bestilt ny, men den kjem nok ikkje før i slutten av veka, så det vert nok ikkje sending i morgon, sa han
-Eg må ringje Jørund Georg og finne ut om det stemmer.

Snart var han på tråden att:

-Det stemmer, det kan ikkje verte sendingar denne veka, tidlegast vi får ny boks vil vere torsdag.

Så var det å ta telefonane til dei eg nettopp hadde avtalt med og gje attrabod på avtalen.

Og plutseleg kom eg til å tenke på Britta Lise, eg pleier å sende program til henne slik at ho kan legge ut på Facebook. I full fart gjekk meldinga til henne, men ho fekk den ikkje før ho alt hadde lagt ut programmet for i kveld. Så måtte ho slett det, ho og.

Eg hadde lova Sissel Åkre å lage spørsmål til Quiz-kveld på motellet i morgon. No kan eg gå der sjølv. Ettersom eg har laga alle spørsmåla, kan eg alle svara, så det blir nok triveleg om eg går der. Trur dei skulle starta klokka 20, før påske starta dei 21, men det er truleg betre å starte litt tidlegare slik midt i veka. Sist gong var det 25 deltakarar, så eg laga seksti spørsmål, med variert vanskegrad, vonar eg.

Dalebuksa gjekk til Block Forsikring

Share

Dalebuksa, sauma etter mål, verdi kr. 25.000, gjekk til Block Forsikring, Det var tiande året han var med på dette, i år hadde han kjøpt lodd for kroner 8000. Han held til på hytte ved Reiersvatnet ved Ose og gledde seg til å få sydd opp dalebuksa hos Inger Liv Rysstad.

Full trekningsliste ligg på Facebook, men vil og kome her på bloggen etter kvart.

Har eg lova det, så får eg halda det, men eg hadde tenkt at nokon skreiv ut lista slik at eg kunne kopiere henne. No må eg visst gjere det sjølv.

2. Rastebord til 8 personar, verdi 7500, sponsa av Rysstad Laftebygg, vinnar: Martha Trydal, Bykle
3. Bærbar PC, verdi 3000, sponsa av Bykle Breiband, vinnar Per Svenning Knutsen, Kristiansand
4. Bålpanne, verdi 3000, sponsa av Straume Handlaft, vinnar Anne Grethe Berg, Iveland
5. Berghaus Fjellsekk, verdi 1600, sponsa av Intersport, Evje, vinnar Ingebjørg E. Brottveit v/ Turid Brottveit
6. Yamahajakke, verdi 1500, sponsa av Motorsenteret på Rysstad, vinnar Solveig Heistad, Bygland
7. Dusjbatteripakke, verdi 1500, sponsa av røyrleggar Torgeir Bjørnarå, vinnar Jonas Viki ved Henri Tore Viki
8. Arcticatjakke, verdi 1500, sponsa av Bjørgulv Bjørgum, vinnar Døvik Maskin
9. Gåvekort på 1000 kroner til å handle med på Motorsenteret på Rysstad, sponsa av Uppstad Transport Anlegg, vinnar Knut William Bygland, Bygland
10. Gåvekort på 1000 kroner til å handle med hos Bjørgulv Bjørgum, sponsa av Bergsam, vinnar Torhild Fintland, Kristiansand
11. Flott måla trefat, verdi 900, sponsa av To i Torvet, vinnar Kåre Olsen, Brennåsen
12. Årsabonnement på Setesdølen, verdi 710, sponsa av Setesdølen, vinnar Ingebjørg Ellinor Rysstad, Rysstad
13. Som 12, vinnar Jonas Viki v/ Henri Tore Viki
14. Gravert lommelerke NR 1, sponsa av Valle Radio, vinnar Vigdis Beisland, Bygland
15. Som 14, merka NR 10, vinnar Gunnar Aas, Birkeland
16. Gåvekort kroner 500, sponsa av HASLA, vinnar Torbjørg Åmlid Åkre, Valle
17. Som 16, sponsa av Brokke Eigedom, vinnar Laila Andersen, Grendi
18. Som 16, sponsa av Optikar Wettre, Evje, vinnar Geri Fles, Åmdals Verk
19. Som 16, sponsa av Evje Gull og Sølv, vinnar Synne Åkre v/ Anne Marie Bjørgum
20. Som 19, vinnar Harald Heistad
21. Som 16, sponsa av Røyrleggjar Ragnar Aas, Evje, vinnar Tellefsen gulvsliperi
22. Som 16, sponsa av Databutikken, Evje, vinnar Block forsikring
23. Lite kroskåp i tre, verdi 1500, sponsa av Valle Radio, vinnar Gyro Uppstad, Rysstad
24. Elliptical Airbike, sponsa av Valle Radio, vinnar Harald Andersen, Grendi

God påske

Share

Starten på sendinga i kveld vart forsinka i oppstarten, 40 minutt, sa dei. Det førte til at dei forlenga salgsperioden til 00:30.

Britta Lise, Henri Tore og Rolf Erik hadde ein triveleg kveld med telefonar som svar på rebusar, med helsingar pr. sms og epost og loddkjøparar – ein periode delte dei ut Valle Radio.krus når folk kjøpte mykje lodd, eg trur dei gjekk lens for krus, så vi må til å bestille nye kurs, etter det eg skjøna.

Sjølv fekk eg helsing frå Siri, og eg sendte tilbake helsing til henne og til karenarane i Valle – tenkte at ein påskesang kunne vere aktuell og foreslo Deg være ære – den er internasjonal og karenarane ville og kjenne den. Men eg visste nok at det ikkje gjekk, musikken var planlagd før sendinga starta, så slike innfall var ikkje mogleg å dekke.

Premiane var gåvekort frå sponsorane, mange frå Statoil Rysstad og ICA Hovden, som var hovudsponsorar, men og frå ei rekke andre sponsorar. Opplegget var slik at alle som kom inn i studio, fekk eit gåvekort, og så fekk dei eit til som svar på rebusen og om dei song eller hadde ei soge, fekk dei endå eitt gåvekort.

Ved slutten av sendinga var det seld lodd for litt over 190.000 kroner. Takk til sponsorar og loddkjøparar for all støtte. På Facebook har vi fått 1183 medlemmer på Valle Radio. Tre får gåvekort på 500 kroner: Gunn Eli Omdal, Åmli, Geir Arne Johansen, Ragna Irene Grave frå Dalen. Dette var lova om vi klarte 1000 medlemmer.

Til slutt kom Ørnulf Hasla og las opp vinnarane. Dei kjem i ein annan post her på bloggen.

Som den gylne sol frembryter

Share

Eg sat i dag og høyrde på Ring inn musikken. Siste ønske var Henning Sommero sin komposisjon Som den gyldne sol frembryter med SKRUK og trommer som startar det heile. Det er ein mektig komposisjon, og Dagne Groven Myren, som ønska seg denne, fortalde om Kingos Graduale som var lenka til kyrkja, slik at folk ikkje skulle kunna ta den med seg heim. Eg hugsar då eg var i Danmark på Løgumkloster højskole at vi snakka om Kingos melodiar i hans Graduale. Dei hadde så mange forsiringar, dei vart eit godt grunnlag for å lage folketonar av. Henning Sommerro har tenke utgangspunkt i ein norsk folketone og arrangert salma på plata Av Moll Er Du Komen Til Dur Skal Du Bli. Om du høyrer på Valle Radio tysdagskvelden, trur eg du får høyre den, så sant eg finn den på Spotify.

Før påske hadde eg programmet Påskesang, eg trur eg vil ha det etter påske og. Det er så mange flotte sangar og salmer relatert til påske, og ekstra flotte er dei som er handlar om oppstoda:

*Dine hender er fulle av blomster
*Deg være ære
*Jesus lever, graven brast
*Krist stod opp av døde
*Livet vann, dets namn er Jesus
*Påskemorgen slukker sorgen
*Å salige stund uten like

Mange av salmistane i salmeboka syng om liding og død på krossen. Den inderlege medlidinga har hatt stor plass i norsk kristen sang, både i samband med påske og elles. Avdelinga med songar om forsoning og rettferdiggjering i sangboka er ganske stor, med mange kjende songar, songar som og er nytta internasjonalt.

*I det fjerne jeg skuer – On a Hill Far Away
*Jeg ser deg o Guds lam å sto
*Klippe, du som brast for meg – Rock of Ages

Om eg tek med nokre av desse, det får du vite om du set på Valle Radio klokka 18:30 tysdagskvelden.

Når uhellet er ute

Share

Eg les i Fædrelandsvennen om ein 23 år gammal mann som køyrde på snøscooter klokka kvart på fem langfredagsmorgonen og som køyrde seg fast ved Myklevatn og ikkje kom seg nokon veg. Heldigvis hadde han mobiltelefon med godt batteri og kunne få kontakt med folk, men han måtte vente halvannan time til han vart funnen og berga ut. Men han hadde ei god lykt på mobiltelefonen og kunne bruke den til å lyse med, slik at dei som skulle berge han, fann han.

Eg er sjølv ein av dei som er drygjer før eg går heim når eg er i Valle, ofte til i eitt-tida, og av og til tenkjer eg på at ikkje mange er ute og kan finne meg om eg skulle falle og slå meg på isen om vinteren. Og det er i Valle sentrum. Snøscooter held eg meg unna, ikkje har eg løyve heller.

Men her var han heldig og fekk hjelp. Det vart rekvirert helikopter, men det var ikkje ver til å fly i. Veret var likevel så godt at han bare var noko nedkjølt då han vart funnen, og truleg fekk han varmen i seg då han kom innomhus att.

Det har ikkje vore meldt om så mange skader og ulukker i Setesdal i påsken, sjølv om det er nok av tilfelle rundt om i landet, særleg på grunn av at snøtilhøva i fjellet ikkje er gode og det er stor rasfare i påskefjellet.

Vi får håpe og be om at folk kjem seg vel heim utan uhell i år også.

Påskesending skjærtorsdag

Share

Så er påskesendinga skjærtorsdag i gang. Sjølv sit eg i Mandal, og ut på kvelden vart det høve til å høyre radio, sjølv om eg ikkje skal underslå at Adam Dalgliesh på NRK1 tok ein del av kvelden.

Men eg fekk med meg ein prat med nokre som løyste rebus og etter det eg forstod, var det både tilleggsspørsmål og nok av premiar å få for dei som kom gjennom. Det vart og lese opp namn på loddkjøparar, så sendinga verka å vere av tradisjonelt merke, sjølv om det i år var fornying i programleiarstaben.

Som vanleg kom og Sigurd Haugsgjerd med oppdaterte meldingar om aktuell hendingar, mellom anna om at det var så mykje overvatn at ein skoterkøyrar ikkje kom seg over vatnet, men måtte snu.

Reklame var det og nok av, dei som stør Valle Radio, fekk namnet opplese opptil fleire gongar, og det verka som om det var nok av sponsorar og premiane var ikkje å blåse av. Så langt eg skjøna, var dei fleste gåvekorta på minst 250 kroner, nokre var på 1000 kroner og andre gåver var og av stor verdi.

På rebusen der løysinga var snøskoter var Jorunn Hermansen fyrste som løyste oppgåva, og ho fekk eit gåvekort frå ein gjevar på Rysstad. I tillegg fekk ho ein deluxe vask på bilen frå YX på Evje. I tillegg var Bodil frå Reiersvatn heldig og fekk eit gåvekrt frå ICA Hovden på 200 kroner. Ho fekk ein EU-kontroll på Valle Bil og Maskin, noko som ikkje var så høveleg, ettersom ho held til i Mandal til vanleg. Så las ho dikt om at ein på Reiersvann kan kose seg med ein pølsepinne, trivsel både ute og inne. For det fekk ho sylje frå Hasla. Og Jorunn fekk utfordringa om å svare på eit spørsmål, ho fekk spørsmål om kva for ein idrott Bjørn Dæhlie vann OL-gull i, dermed fekk ho Dagskort på Brokke alpinsenter for svaret langrenn.

Så kom ny remse med loddkjøparar, Britta Lise las til ho vart turr i munnen. Og så kom det ein ny runde med helsingar, Som loddkjøparane kom dei frå både nord og sør i dalen, så det er tydeleg at folk rundt om i regionen fylgjer med. Vel 2330 var rebusen slalomski, og så kom countrymusikk medan folk bryte dei små grå. Men bloggposten min var lang nok for i kveld, så eg avsluttar no. Logg deg på http://www.valleradio.com og høyr sjølv på sendinga, dei held sikkert på ein time til, minst.

Media i påsken

Share

Eg var innom på bensinstasjonen i dag og fekk fylt tanken og tok med meg aviser,

-Det er ein lang påske, så eg kan ta nokre fleire enn til vanleg, tenkte eg,

-Avisene for påskeaftan ligg i store bunker her og venter på deg, sa den smilande ekspeditøren. -Dei skal vel ha påskeferie, dei som leggar avisene.

Så då vert det NRK, men dei fyller opp med krim, med Dalgliesh og Poirot og Kollisjonen, som gjekk fyrst i påskeveka. Det vert mest for mykje av det gode.

Etter mi meining er Valle Radio akkurat høveleg. Programleiarane Henri Tore Viki, Rolf Erik Homme og Britta Lise Homme startar i morgon kveld klokka 19 og held på til langt på kveld. Så tek dei pause til 1. påskedag og held på til midnatt, då ver det trekking. Vonleg har vi då fått inn pengar nok til å drive radioen til neste påske. Og hyttefolk har fått god underholdning to kveldar.

Til no har det ikkje vore særleg mykje for politiet å gjere i Setesdal. Det var ein kollisjon ved Fånefjell som vel laga noko arbeid, det har vore kontrollar både på mobiltelefonbruk og fart, men dei fleste forelegga kom på på E39, og ikkje på RV9, etter det eg kan lese.

Denne påska har media skrive meir om grunnen til at vi feirar påske enn på lenge. Og mange har gitt uttrykk for at dei ikkje heilt har oversikt over dagane og kva dei skal vere til minne om.

Difor kan det nok vere lurt å ta turen til kyrkje denne påsken og få oppdatert det om du ikkje heilt har det under kontroll.

Vi ladar opp

Share

Heimesida på Facebook tek til å få ein viss aktivitet. Dette var skrive for ein time sidan:

Det vert påskesendingar skjærtorsdag og 1 påskedag frå kl 19.00, som også inneheld vår tradisjonelle radiobasar der hovedgevinsten er Setesdalsbunad for herre og mange andre verdifulle gevinstar. Meir info. kjem seinare, slik som alle tlf.nr til loddkjøp,helsingar og rebusar som vil bli brukt under sendingane. Vi gleder oss 🙂

Og dette kom for tre timar sidan:

283 medlemar! Dette er gledeleg. Dersom vi når 1000 medlemar innan sendinga 1 påskedag er slutt, trekker vi ut 3 av medlemane som kvar får eit gåvekort på kr 500, som kan brukast på butikkar i heile Setesdal. Takk for at du foreslår sida til vennene dine!

Så er du medlem på Facebook, kan du gå til sida vår der og melde deg på som medlem: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?v=wall Der finn du og bilete av alle medarbeidarane i radioen.

Og klokka 17:25 i dag la vi ut telefonnummer og det du treng for å vere med når påskesendingane startar:

Dette gjeld skjærtorsdag og 1 påskedag
Loddkjøp : 94504440
Helsingar : 37937578
Rebussvar : 37937577
SMS lodd : 98030310
SMS helsing : 98443644
epost : post@valleradio.com
Du kan også kjøpe lodd og sende helsingar
på den nye Facebook sida vår : Valle Radio
Nettradio : http://www.valleradio.com/

No får du det på bloggen og.

Kanskje du såg oppslaget i Fædrelandsvennen i dag. Johs Bjørkeli hadde laga eit stykke om førebuingane til radiobasaren. Det er mange potensielle lyttarar.

Ny heimeside – via Facebook

Share

Så er den nye heimesida lansert. Den er laga på Facebook, og Britta Lise fortel at vi må melde oss på den – informasjon om Valle Radio vil kome der og ikkje som epost til dei som har vore medlem av den gamle gruppa på Facebook. Om du ikkje vil melde deg inn på Favebook, kan du likevel lese det som står på sida. Og så kan du ha den i Favorittar på PCen din og gå der når du vil vite om det er noko nytt frå Valle Radio. Eg kjem til å halde fram med å skrive bloggen, og du kan melde deg på her og få epost når eg har skrive eit nytt innlegg.

Den nye heimesida har fått med bilete av alle medarbeidarane. I tida før påske var Britta Lise svært aktiv med å samle folk for å få ta bilete av oss til sida, og ho har visst fått med alle som no er aktive i radioarbeidet på ein eller annan måte.

Så nå er det bare å glede seg til den fyrste påskesendinga skjærtorsdagskvelden. Då vil ho, Rolf Erik og Henri Tore leie sendinga og telefonane vil vere klare for å ta imot alle som vil ha lodd. Helsingar må ein sende inn separat. Programmet blir etter same lesten som ein har hatt ei tid, men vil nok endre seg noko ettersom Helge Dahle ikkje er med i år. Eg kjem tilbake til meir om påskesendinga etter kvart.