Merkelapp-arkiv: postkassetrimmen

Kjempenydeleg mat på Brokkestøylen

Share

Som eg skreiv i går var sommaravslutninga for vaksenopplæringa i Valle lagt til Brokke. Planen var at ein skulle gå turen i lysløypa der og få stemple for postkassetrimmen i Valle, gjerne på begge postane der. Men sjeldan har skyene over Valle hatt slik fart som i dag. Fontena utanfor Menighetshuset bles vatn både sør og nord, mest sørover – vassføyka stod bortover mot sentrum.

Så det vart ingen tur i lysløypa. Vinden var like hard på Brokkestøylen, men ikkje fullt så mykje kast som i Valle. Om ein ikkje fann seg ei lun krå, var det kaldt, sjølv om ein hadde kledd seg for ein fjelltur. I staden kunne vi sitje på terrassen på Brokkestøylen, den låg i le. Her gjekk praten om dyra – høylandsfe og geiter, om lavoane som står der og om det var fisk i elva som renn forbi støylen. Ein viss diskusjon om kraftproduksjon fekk vi og tid til før maten var ferdig.

Maten, ja. Den kan eg knapt beskrive, så nydeleg var den. Vi som arbeider på vaksenopplæringa har etter kvart fått smake burmesisk/ karensk mat i mange situasjonar, men denne gongen skulle dei få smake norsk mat, og Hessel og systera hans hadde laga reinsdyrgryte med ris, grønnsaker og salat. Champignonsopp fylt med blåmuggost med ei valnøtt på toppen var nydeleg tilbehør, og porsjonane var rause. Til dessert var det is i varme bjørnebær, her hadde dei putta ein After eight-sjokolade i og toppa med krem. Det var så nydeleg at ein ikkje kan beskrive det med ord, du må dra til Brokkestøylen og smake sjølv.

Serveringa skjedde rundt eit langbord inne på støylen, vi var 11 stk, det kunne nok vore plass til like mange ved eit anna bord, men når det ikkje er fleire plassar, vert det koseleg og nært, og praten gjekk rundt bordet. Elevane er komne så langt i norsk at dei kan fylgje med på ein samtale når det ikkje går alt for fort, og dei kan sjølve vere med, så praten gjekk livleg. Men tida gjekk alt for fort, kvart over elleve måtte elevane dra tilbake til Valle, fleire av dei skulle sjå borna i ei avslutningsforestilling på Valle skule, andre skulle på jobb klokka tolv.

Sjølv sette eg kursen for Mandal, og etter ein stopp på Evje for påfyll av kaffe i YX-koppen min, gjekk siste del av turen mot Vehustoppen, der eg svingar av til Stokkeland og køyrer ned Sogndalen til Brennåsen før eg tek siste del av turen heim på E-39. I dag var eg så tidleg at køane ikkje hadde starta, når eg kjem der i halv fire-tida, slik eg pleier å gjere når eg køyrer heim til helga, er det mykje meir trafikk.

Eg vil anbefale eit besøk på Brokkestøylen i sommar. Øystein la seg i hengekøya og tok livet med ro, det kan du og gjere, anten før du får maten servert, eller etterpå. Om ho er ledig, då. Og om du ikkje skal gå turen inn og få klipt kortet i Postkassetrimmen.

Gloppefossen og kunstutstilling

Share

I dag skreiv eg om Gloppefossen på Setesdalswiki. http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Gloppefossen

Elevane på vaksenopplæring var saman med lærar Øystein Berg på tur dit i går. Det var ein del av postkassetrimmen. Ettersom dei ikkje har bil, prøver vi å hjelpe dei med å ta nokre av dei postane som er lengst borte. Dei reiste frå Valle klokka 09 og var attende før 12, så det må ha vore ein rimeleg rask tur. I omtale for turistar står det at turen inn Veiåjuvet tek to timar, då vil ein vel fort bruke det same på heimturen.

Fossen er jo spesiell, og høgaste fossen i Setesdal, med god vassføring og i turkeår. Ein kan gå til fossen på oversida, då blir det sagt at ein sommardag kan ein kaste eit lommetørkle over kanten på fossen, og det vil bli lyfta opp att. Eg las til og med ei soge om at ein tropp soldatar hadde kasta luene sine over kanten, og dei kom opp att, men det verkar jo noko meir utruleg.

I dag var det rydding i klasseromet. Det samlar seg jo alltid litt av kvart som ein brukar på skulen i løpet av eit semester. No var det tid for å rydde, noko som og betyr å kaste ein del. Etter ferien startar vi på ny frisk med å lære utlendingar norsk slik at dei kan fungere best mogleg i bygda vår.

I morgon er det tur til Brokke. I ljosløypa der er det sett opp to postkassar, og dei er visst målet for turen der. Så blir det triveleg sommaravslutning på Brokkestøylen. Laurdag dreg elevane til Bø sommarland, ein tur for heile familiane. Sjølv dreg eg til Mandal og vil nok halde meg der det meste av ferien i år.

På Husfliden i Valle skal Bykle og Valle Kunstlag ha utstilling av kunsten til Rolf Dahle frå Kristiansand. Han lagar visst materialmåleri og har vore aktiv som kunstnar i 40 år og har stilt ut i Valle fleire gonger før. Eg skreiv om han på Setesdalswiki, http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Rolf_Dahle Eg lurer jo på om Ånund K. Homme, som er leiar i Bykle og Valle Kunstlag, vil skrive litt om laget og etter kvart. Det hadde vore triveleg. Utstillinga opnar rundt St. Hans etter det eg skjøner.

Bøgruva

Share

Som eg skreiv om i går ville Øystein bruke Postkassetrimmen i Valle for elevane på vaksenopplæringa, dei er jo ikkje så kjende i naturen rundt bygda, og heller ikkje kjende med korleis vi legg opp eit turopplegg, så her kunne dei lære noko om det norske samfunnet så vel som om bruk av kart. Så i dag organiserte han ein tur til Bøgruva for elevane mellom 0915 og 1045.

Klokka var vel om lag ti då eg fekk ein telefon frå han:

-Du Harald, kva er den Bøgruva for noko, veit du det.
-Nei, svara eg, men eg kan jo prøve å finne ut noko til de er tilbake på skulen.
-Fint, sa han og la på

Lettaste måten for å finne ut noko i våre dagar er jo å søke på Internett, men der var det ikkje mykje å finne av historie om Bøgruva. Difor tok eg ein telefon til Leonhard Jansen.

-Kva veit du om Bøgruva?
-Eg sit i bilen, så her kan eg ikkje finne noko til deg, svara han
-Men, har du tilgang til bygdebøkene? Sjå i kultursoga og i bind 3 av bygdebøkene, der står det noko.

Ikkje så vanskeleg oppgåve, vi nyttar romet som lokalsamlinga til Biblioteket til klasserom, så det var fort gjort å finne dei aktuelle bøkene, og etter litt leiting fann eg ein tråd i kultursoga. Der var det til og med sidetal til kor ein kunne finne meir i bind tre av bygdebøkene.

Eg hadde jo skrive om Postkassetrimmen i Valle på setesdalswiki i går, så då var det lett å lage lenke til Bøgruva i den artikkelen og skrive artikkelen om Bøgruva på Setesdalswiki. Du finn han her: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/B%C3%B8gruva

Turen var vellukka på meir enn ein måte. Då dei kom tilbake var det tid for lunsj, og denne dagen hadde dei karenske elevane våre tenkt at dei ville servere oss ris til lunsj. Saman med risen kan dei ha litt egg, fisk, kylling eller kinakål, det kan variere. Men på turen hadde dei funne ormegras. Dei kom tilbake med eit stort fang med ormegras, og dette plukka dei i smått og koka opp saman med litt løk og litt olje.

-Eg hadde aldri trudd eg skulle smake ormegras, sa Øystein, og eg kunne ikkje anna enn å vere samd med han.

Postkassetrimmen

Share

Til sendinga mi midt i mai inviterte eg Liv Gunn Viki til å vere med og fortelje om Postkassetrimmen. Ho var ikkje vidare mota på det, ho fortalde at ho hadde spurt andre om å gå, men det enda opp med at ho stilte opp og fortalde om dette arrangementet som Valle IL organiserer. Føremålet er å få så mange som råd er opp av godstolen og ut i naturen for å oppnå ei betre helse både fysisk og psykisk. Sjølv hadde ho eitt år gått til alle dei 45 postane etter det eg forstod og saman med ungane kunne ho godt ta fleire postar på ein tur.

Ein kan hente pose med kart og oversikt over postar hos Statoil Rysstad, Coop Rysstad, Coop Valle og Joker Valle. I kvar pose er det eit kart for Oveinang, eit for Valle og eit for Hylestad. Postkassane er markerte på karta og så er det klippekort for dei respektive karta der ein klipper med tanga når ein er på postane. På kvar post er det ei bok for å notere at ein har vore der. Liv Gunn fortalde og at det er ei premiering. Alle som klarar måla, får heider og ære, og måla er fem postar for dei som er åtte år eller mindre, 15 postar for dei som er mellom 9 og 15 år, 25 postar for dei som er mellom 16 og 67 år, og 10 postar for dei som er over 67 år.

Liv Gunn fortalde litt om dei tre karta og all tilrettelegginga som var gjort i forkant av at ein no kunne starte. Ho vona at mange fleire enn tidlegare ville prøve seg på postkassetrimmen i år.

Plutseleg var tida vår ute, eg trur helst at ho tykte at ho fekk noko kort tid. Då eg kom ut i salongen litt seinare, sat ho der og røda med andre som var komne for å ha innslag, og det verka som om ho kosa seg i lag med dei andre. Skrekken for å vere i studio hadde visst og fordampa, det var på langt nær så skræmande som ho hadde trudd.

I dag henta Øystein konvoluttar for Postkassetrimmen for å bruke i undervisninga i vaksenopplæringa. Det er ein god måte å verte kjent i bygda på. Elevane våre har ikkje bil, så vi vil bruke siste veka til å nå nokre av postane der det er greitt å ha bil for å kome til utgangspunktet. Samstundes vil det gje dei eit betre kjennskap til stader dei har høyrt om, men ikkje har noko særleg peiling på kor dei ligg. Vi har studert karta med stor interesse og vil nok ha nytte av dei i tida framover.

Så eg skreiv litt på Setesdalswiki om prosjektet. Du kan lese meir her: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Postkassetrimmen_i_Valle