Merkelapp-arkiv: sauesjå

Til ettertanke på sauesjådagen

Share

Som dei fleste på sauesjådagen var eg innom Menighetshuset for å få suppe og eplekake (potet) på Bygdekvinnelaget sin basar. Der kom eg i prat med Torjus Uppstad og Ellen Svalheim. Ho fortalde om eit prosjekt ho har arbeidd med om beiting og attgroing. Det vart ein interessant prat. Her er lenke til nokre lysbilete ho har laga for eit foredrag om emnet: http://tinyurl.com/zmx3k

Ellen Svalheim er frilansar-biolog men jobbar ein del for fylkesmannen. Ho har halde foredraget **Bevisst beitebruk for bedre kjøttproduksjon og landskapsskjøtsel** der ho trekkjer erfaringar frå ulike undersøkingar som er gjort i Aust-Agder, mellom anna i Valle. Ho fortel at over 20.000 sauer vart sleppte i utmarka om våren. Men ho har og funne ut at sein sanking resulterer i lågare slaktevekt for lamma, for næringsinnhaldet i graset minkar utover året. Konklusjonen på undersøkingane er at om ein tek sauene heim tidlegare og let dei beite i nære utmarksområde, så vil dei vere med å halde tilgroinga i sjakk. For å få det til må ein ha samarbeidsavtalar og beiteplanar for nære utmarksområde. Då kan ein og ta vare på eit variert artsmangfald i kulturlandskapet.

Det vart ein svært interessant prat over sviskegraut og suppe denne laurdagen. Takk til Ellen og Torjus som gav meg innsyn i dette. No får du det og! Bruk det til beste for landskap og kulturlandskap du forvaltar.

Sauesjådagen 2006 og Nyhetstimen kvelden før

Share

Dette vart ein fin dag, sjølv om veret ikkje var strålande, så var det høveleg. Det var mykje folk i sentrum og handelen gjekk strålande frå både boder og butikkar.

Basaren i Menighetshuset nytta både storsalen oppe og matsalen nede, likevel var det fullt båe stader i lange periodar. Likevel var det svært høveleg å gjere det på denne måten, for då vart det mindre stress og køståing når folk ville inn og ha seg mat. Serveringa av suppe, eplekake, lefse, sviskegraut, vaflar og kaffe gjekk unna.

I nyhetstimen fredag kveld hadde eg ein prat med **Hans Petter Andersen**, Joker Valle om sauesjået og handelen i høve dagen. Deretter kom **Annbjørg Lindland Uppstad** og fortalde om Cuba-kvelden på skulen og prosjektet dei har for å samle inn syklar. 130 syklar trudde ho dei hadde fått inn, og Jan Olsen måtte auke frå to til tre kontainarar for å få med alt som er samla inn av elevane på Valle skule.

Deretter hadde eg eit intervju med **Linda Eide** frå NRK TV som har vore i Valle nokre dagar for å lage stoff til eit program som skal kome om eit år. Til slutt snakka eg på telefonen med **Theis Salvesen** om konfirmantarrangementet som var på Evje denne fredagen og der konfirmantar frå heile Setesdal deltok.

I halvtimen med programmet **Kommunen informerer** var Tarald Flateland med. Han fortalde om forseinking med framføring av vassleidning til Hovet og Bjørgum på grunn av arkeologiske funn. Det same er årsaka til at ein kanskje ikkje vert ferdig med vassleidning til Hylestad skule og barnehage og til byggefeltet nær Sylvartun. Funn ein har gjort gjer at ein kan spore busetnad tilbake 2500 år.

Premiar 6. oktober 2006

Share

Det var sauesjåsending denne kvelden, og i Open sending var Olav K. Nomeland med Harald Haugland. Rebusane handla om sauer og aktuelle tema i samband med dette. Desse fekk premiar:

Krus: Knut J. Helle, Helle
Ryggsekk: Torleiv Løyland, Leite

Multiverktøy: Gyro Uppstad, Rysstad
Digitalt kompass: Kaia Sandnes, Rysstad
Voltmeter: Ann Kristin Lislevand, Evje
Radio: Lillian Sandnes, Rysstad

Sauesjåsending 2006

Share

Fredag 6. oktober

Sauesjåsending
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Gudrun Rysstad
Telefonansvarleg: Torbjørg Hoftuft

18:00 Nytt og aktuelt
19:00 Kommunen informerer. Bygg, eigedom og anlegg.
19:30 Tankar frå Bibelen ved Bjørgulv T. Berg
20:00 Bygdekvinnelaget sin halvtime ved Randi Myrum
20:30 Før sauesjået. Marthon Laksesvela fortel
21:00 Open sending med tema «Sauer er ålreite dyr». Harald Haugland og Olav K. Nomeland ventar på telefonar frå heile dalen. Ring 37937577 med løysing på sauerebusane.