Merkelapp-arkiv: setesdalswiki

Slekters gang på Setesdalswiki

Share

Programvaren som styrer Setesdalswiki har mange funksjonar, langt fleire enn eg nokon gong kjem til å lære meg. Men heldigvis har eg son min Helge til å drive programvaren, han oppdaterer når det trengst og har langt større kompetanse på Mediawiki, som programmet heiter, enn eg nokon gong kan drøyme om å få.

For ei tid tilbake la han inn anetavle-malen på nokre av artiklane vi har på Setesdalswiki. Øystein Berg, Tarald Myrum, Kjellaug Rysstad, Knut F. Uppstad og Hugo Homme fekk slike ættelister basert på det han hadde funne i bygdebøkene for Valle.

Då han kom heim på sommarferie no, lurte han på om eg hadde gått vidare med det arbeidet, men det hadde eg ikkje, eg opplevde læringskurva noko brattare enn godt var. Men i dag kom eg til å tenkje på at vi jo kunne sjå litt på nokre slike lange linjer, og så tok eg vår mest kjende kjendis Tor Espen Helle og la inn anetavle på han. Den skulle eigentleg gå heilt tilbake til eidsvollsmannen Olav Knutsson Tveiten, men så langt gjekk ikkje programvaren, den klarte bare seks generasjonar. Difor måtte også hans gofa Gunnar få anetavle, då heldt det å kome tilbake til eidsvollsmannen.

Eg visste at Pål Dale også hadde ei linje dit, så eg fann den også og la den inn i artikkelen om han. Sjølvsagt skulle eg ha skrive artiklar om folka i dei linjene, men det får vente litt, no har eg i alle fall skjøna litt meir av korleis ein kan nytte programvaren til å syne slektslinjer på Setesdalswiki.

Dessverre har eg ikkje alle data når det gjeld fødsel og død for nokre av personane, så difor er ikkje oversiktene så gode som dei burde vore. Men vegen blir til mens ein går, så vi får håpe at slikt kjem på plass etter kvart.

Skrivekonkurranse

Share

Som eg sa i går, vil vi i mai ha ein skrivekonkurranse på Setesdalswiki.
På konkurransesida heiter det:

«I mai 2015 startar vi ein skrivekonkurranse på Setesdalswiki. Den vil gå etter same modell som konkurransen i april, men i mai må du opprette ein artikkel for å bli med i konkurransen. Du kan sjølv velje målform. For å kunne skrive artiklar på Setesdalswiki, må du registrere deg.

Artiklar som skal telje med i konkurransen, må ta utgangspunkt i ei rød lenke og ha minst 250 bytes. Kvar ny artikkel gjev eit lodd i konkurransen. Premien er eit 37 delers pipenøkkelsett sponsa av Byggi Valle. Trekning skjer 1. juni 2015.»

No vonar eg at nokon av dykk som les bloggen, registerer dykk og blir med i konkurransen. Finn ei rød lenke på Setesdalswiki og skriv artikkelen.

http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Konkurranse på Setesdalswiki

Share

I april har eg hatt ein konkurranse på Facebooksida til Setesdalswiki. I dag var det trekninga. Eg hadde lappar med nr. 1-30 i ein kopp, rista godt og let kona mi trekke. Det vart nr. 11 som vann, 11. april 2015 og som eg skreiv på Valle Radios blogg om sponsing tysdag 28. april 2015, var premien Inger Lise Stuliens plate Berre deg, sponsa av Setesdal Regionråd. Det vart Toril Dale som vann, noko som ikkje var så unaturleg. For den som svarte først kvar dag, fekk eit lodd, og Toril svarte først 21 av dei 30 dagane og fekk dermed 21 av 30 sjansar til å vinne.

Gratulerer, Toril Dale, eg kjem innom med premien i neste veke.

Etter at eg hadde kunngjort vinnaren, spurde eg Toril om ho visste alle svara på førehand, men det gjorde ho ikkje, ho måtte leite i leksikonet for Setesdal for å finne svara. Etter kvart finn ein ganske mykje på Setesdalswiki, og meir vert det å finne etter kvart som Setesdalswiki veks.

Eg vonar at vi kan ta mange av dei røde lenkene i mai og gjere dei blå, og difor vil eg 2. mai starte ein ny konkurranse. Den skal ikkje gå ut på å lese, men på å skrive. Eg vil kome tilbake til korleis eg skal finne den daglege premievinnaren når konkurransen startar.

Jordskjelv

Share

Eg skulle akkurat reise meg frå stolen og ta kvelden etter ei god økt med Edvard Hoem si bok Slåttekar i himmelen då det kom eit kraftig brak, det høyrdest ut som ein veldig stor lastebil som kjørte i stova over meg.

-Har det kome folk oppe no til 1. mai, tenkte eg, men det var jo underleg, dei pleier ikkje å bråke slik. -Eller var det kanskje torever?

Så vart det stille, eg tok kvelden og tenkte ikkje meir på det. Men då eg kom på skulen i dag, spurte kollega Øystein om eg hadde merka jordskjelvet.

Då fall bitane på plass. Sidan las eg om det både i fvn og agderposten, artiklar delte på facebook kan ein lese sjølv om dei er lukka om ein går inn frå avisa si heimeside. NRK har ikkje begynt med lukking enno, så for ein gongs skuld la eg inn notis på Setesdalswiki sin datoartikkel for 30. april 2015 ei hending som ikkje var eit kulturarrangement. Eg la også lenka til nrk sin artikkel om saka der.
http://www.setesdalswiki.no/wiki/30._april_2015

Då eg kom til Bygland og svinga innom Setesdølen, møtte eg Ole Birger Lien, som var mildt sagt sur fordi han hadde sove så godt at han ikkje merka nokon ting. Eg fortalde kva eg hadde opplevd i natt, og han tok bilete av meg og ville ha ein lokal som kunne seie litt.

Sjølv tenkte eg litt på at episenteret var ved Blåsjø og laga ein liten artikkel om Blåsjø på Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Bl%C3%A5sj%C3%B8

Eg snakka litt med Ole Birger om at Blåsjø er kunstig og at 14 dammar er bygde for å skape kraftmagasinet og lurte litt på kor jordskelvsikre dammane for alle kraftmagasina i Setesdal er. Om han går vidare på den tanken, kan du sjå i Setesdølen til tysdag. Kan hende må eg sjølv ta ein prat med Reidar Mork om det i Valle Radio neste veke.

Nytt hundretal på Setesdalswiki

Share

Artikkelen om Gudrun Omnes førte til at Setesdalswiki runda eit nytt hundretal i dag: 83.100. Etter at vi i oktober fekk så mange datoartiklar, hoppa vi frå om lag 6000 artiklar. Datoartiklane er foreløpig ikkje så innhaldsrike, det får kome etter kvart, akkurat som så mykje anna.

Men samstundes vil eg nok redusere nokre krav i artiklar. Det kan vere nok å ha ein kort artikkel på ei linje eller to nokre gonger. Å gjere Setesdølen om til leksikon kan ikkje skje utan at det er så pass substans i stoffet at det kan stå aleine, utan nyhetstilfanget som gjorde at det kom med i avisa. Nokre gonger går det fint, andre gonger har eg vurdert det til å vere for lite for ein artikkel. Dette vil nok kanskje justerast litt framover.

I tillegg vil Lokalhistoriewiki etter kvart gje ganske mykje fyldig informasjon frå Bykle når Heimar og folk i Bykle no kjem på nettet. Så får ein sanke litt stoff der ein kan finne det og prøve å få til noko. Nå går ferda mot 83.200 artiklar. Og det stoppar nok ikkje der.

Personmalar på Setesdalswiki

Share

Etter at vi la inn datoartiklar frå år 1800 til no, vaks Setesdalswiki med om lag 77.000 artiklar. Dermed kunne vi legge inn personmalar på 1754 personar. Der vi har fødselsdato og personen lever, vil fødselsdagen kome opp på framsida. I dag er det to som har fødselsdag av dei som vi har artiklar om. Det er Anne Marie Lunden og Trygve Johansen. Gå på framsida, så kan du lese meir om dei. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Det har vore ein stor jobb å legge inn data på alle 1754 personane. Av og til har vi og funne fødselsdagar medan vi har halde på. Store deler av haustferien gjekk med til dette, og takka vere Helge Haugland sin innsats er vi no ferdige og har personamalar på alle personar. Om du ser ein utan fødselsdag og du veit dagen, kan du sende meg ei melding eller aller helst registrere deg som brukar og sjølv legge inn fødselsdagen.

Ein mal er eit lite dataprogram som vi kan bruke på Setesdalswiki. Personmalen reknar ut alderen til ein person automatisk. I tillegg legg den inn namnet til personen på fødselsdatoen og på dødsdatoen.

Når vi no har datoartiklar tilbake til 1800, vil det vere naturleg å legge inn hendingar som er tidfesta i artiklane. Men det vil jo ta tid å gjere det, så her får vi nok sjå korleis det utviklar seg.

Elles utviklar Setesdalswiki seg fint og har 3-400 besøk kvar dag.

Store endringar på Setesdalswiki

Share

I september har det skjedd store endringar på Setesdalswiki. For det første held vi på å legge inn personmalar på dei nærare 1500 personartiklane i leksikonet. Personmalane gjev informasjon om fødselsdato og dødsdato og reknar ut alder. I tillegg fungerer dei slik at om det er ein person som har fødselsdag i dag, vil det kome på framsida av leksikonet.

Ved bruken av personmal vil mange datoar verte genererte i leksikonet. Men koplinga mellom person og dato gjekk bare frå person til dato, og det førte til mange røde lenker for alle datoar der vi ikkje hadde oppretta sider. Difor er det no sett i gang ein robot som lagar datoartiklar for alle datoar frå 1. januar 1800 og framover. Om ei veke vil vi har datoartiklar for alle 214 åra. Fødselsdagane vil vere blå, dødsdagar likeså, og om det er ei hending med ein person, vil det stå på den aktuelle dagen.

Så vidt eg veit er det ikkje noko anna leksikon som har laga noko slikt. Kva det kan føre til på sikt å ha ferdige datoartiklar, er ikkje godt å seie, men erfaringa frå andre tilsvarande prosjekt er at om det ligg ein liten artikkel klar til å legge stoff inn i, vil det ofte kome noko der. Eg håpar sjølvsagt at det vil skje også på Setesdalswiki.

Når vi lagar så mange sider på ei veke, vil jo leksikonet vekse ganske mykje. Før vi starta hadde vi nettopp passert 5800 artiklar. Før eg starta på denne bloggposten, låg talet på 13800. Det var altså kome til 8000 artiklar på ein kveld, medan dei første 5800 hadde vi brukt over fem år på å skape.

Robotskapte artiklar har vore kontroversielt i Wikipedia-samanheng. I Sverige har dei ein bot som har brukt ein database over vatn til å generere artiklar om alle innsjøar i landet. Sidan tok han føre seg ein database over insekt og ein over soppar, så den wikien, som før dei starta med robotproduserte artiklar hadde om lag 100.000 artiklar meir enn bokmålswikipedia, har no nesten to millionar artiklar, medan bokmålswikipedia nærmar seg ein halv million.

Eg er open for å prøve robotskapte artiklar om vi har ein database som høver til føremålet. Kalender kan ikkje vere kontroversielt, og med desse artiklane får vi eit rammeverk for hendingar i Setesdal som kan hjelpe oss til å notere ned meir av det som skjer og har skjedd i dalen. Du som les dette, er velkomen til å bli med og skrive. Det er bare å registrere seg og så ta tastaturet fatt. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

5600 artiklar på Setesdalswiki

Share

Setesdalswiki veks stadig. Eg prøver å notere kvar gong vi passerer 100 nye artiklar, og i dag runda vi 5600. Det gjekk på 20 dagar, frå 10. august til 30. august. I første rekke kan vi takke Geir Daasvatn for dette, han har teke initiativ til å skrive ei rekke artiklar relatert til Otra IL. Ettersom idrettslaget lengst sør i Setesdal er over 50 år, er det både folk og anlegg å skrive om.

I tillegg veks besøkstalet. I august rundar vi truleg 5000 unike gjester, morgondagen vil vise om vi klarar det. Morgondagen vil også vise om vi klarer å nå 10.000 sider besøkt. Då må nok litt fleire enn normalt sjå på litt fleire sider enn dei pleier å gjere, men når det kom 14 nye sider i dag, så er det jo litt nytt å sjå på for dei som vil fylgje med.

Etter kvart er det mange sider som har fått mange visningar. Det er eit oversyn over populære sider, og den syner at 630 sider er vist over 500 gonger, ta gjerne ein tur innom den og sjå sjølv: http://www.setesdalswiki.no/w/index.php?title=Spesial:Popul%C3%A6re_sider&limit=500&offset=500

Sjølv om ein artikkel ikkje er så stor i utgangspunktet, så vil det ofte bli lagt til meir stoff etter ein liten start. Framleis ønskjer eg at fleire registrerer seg som brukarar og tek til å redigere på Setesdalswiki, då kan det gode arbeidet vekse endå meir.

Setesdalswiki i sommarvarmen

Share

Det går ikkje så fort å auke talet på artiklar i Setesdalswiki i sommarvarmen. Men i dag var det ein god dag, for Geir Daasvand hadde vore på tur og teke eit bilete av Skjerka som gav grunnlag for ein artikkel, og då han først var i gang, kom det fleire artiklar frå hans tastatur.

Gjennom dei åra vi no har halde på å skrive artiklar, har det blitt ein del feil i lenker, noko som fører til at lenker som er røde, kunne vore blå. Helland har gjort ein stor jobb i dag med å fikse på slike lenker. I samband med det importerte han artiklane om Iveland og Åseral frå Wikipedia, og plutseleg var det mange røde lenker som vart blå.

Sjølv har eg skrive nokre datoartiklar i dag. Eg plundra litt med morgondagen, for det er ikkje så mykje som skjer på ein måndag, og eg vil jo gjerne ha ei hending i ein datoartikkel. Men så såg eg at det er pensjonistbowling på Evje klokka 18, det er kvar måndag året rundt, ser det ut til, og då vart det ei hending og i morgon.

Ei gledeleg tilbakemelding

Share

I dag fekk eg indirekte ei gledeleg tilbakemelding. Den kom frå Kari Løvås i Mandal. Ho leia eit møte på Mandal bedehus i kveld. Eg var på veg til Valle då møtet starta, men Reidun var der i kveld. Kurt Hjemdal var sett opp som talar.

Då Kari Løvås skulle introdusere Kurt, sa ho at ho hadde googla han for å finne ut kva ho skulle seie. Då kom ho til Setesdalswiki sin artikkel om han, og frå den las ho opp det meste av det ho hadde å seie i introduksjonen. Kurt kunne bekrefte at det var rett, det som stod der,

Reidun, som sat i salen, kunne ikkje anna enn smile. Ho høyrer om Setesdalswiki dagen lang når eg er heime, og her hadde nettstaden eg skriv på kome Kari Løvås til hjelp då ho skulle finne ut meir om kveldens talar. Etter møtet var slutt, helste ho på kona til Kurt og fortalde at det var eg som laga sida.

Eg gjekk med Kurt på Bibelskolen i Staffeldtsgate i 1966/67, så eg har kjent han i snart 50 år. Men vi har stort sett halde oss på ulike stader av landet, så det har ikkje vore ofte vi har møtt kvarandre. Men av og til har han andaktar i Over ein open Bibel, som eg sender i Valle Radio tysdagskveldane. Difor laga eg ein liten artikkel om han på Setesdalswiki. Den har vore vist 737 gonger når du les dette, så det er tydeleg at det ikkje bare er Kari Løvås som har googla han.

Dette avspeglar noko som gjer at besøkstalet på Setesdalswiki er opp mot 300 kvar dag. Her har vi artiklar om folk som Wikipedia ikkje har artiklar om. Av og til har vi og artiklar om folk som Wikipedia har artiklar om, men det er mykje lettare å få inn ein artikkel på Setesdalswiki enn på Wikipedia. På Setesdalswiki held det at ein har vore innom ein stad i Setesdal ein eller annan gong, på Wikipedia krev dei at personen må ha nasjonal interesse. Dermed er det mange som ikkje får artikkel på Wikipedia, og om nokon så av ein eller annan grunn googlar dei, får dei tilslag på Setesdalswiki. Eg likar det.

I går skreiv eg ein artikkel om Tor Espen Helle. Han skal vere med i Jakten på kjærligheten på TV2. Når eg skriv dette, har artikkelen alt hatt 50 visningar. Det som eg skriv på Setesdalswiki kan nokre gonger vere populært og få mange treff, andre gonger kan det gå lang tid utan særleg mange treff. Men det er gledeleg når det kjem til nytte.