Merkelapp-arkiv: SVR

SVR i utstrekning

Share

Eg held fram med å skrive om Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane landskapsvernområde. Teksten er henta frå høyringsutkastet Forslag til Forvaltningsplan for verneområda i Setesdal Vesthei.

Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane landskapsvernområde omfattar eit stort og samanhengande heiområde frå Bykle i nord til Hægebostad i sør. Store deler av dei nordlege delane omfattar snaufjell i høgdelaget 1000-1400 moh, bortsett frå nokre skogsområde i dalføra som går inn i verneområdet frå aust. Sør for Brokke–Suleskardvegen ligg heiområda lågare (800-1000moh) og innslaget av skog er større i kantane av verneområdet.

Det nordlegaste punktet i Setesdal Vesthei–Ryfylkeheiane landskapsvernområde ligg i Holmavatnet der fylkesgrensa for Telemark, Rogaland og Aust Agder møtast. Der frå går nordgrensa søraust over fram til Rv 9 ved Breidvatn.

Vidare sørover følgjer austgrena i all hovudsak fjellbrynet ned mot Setesdal med unntak av dalføra ved Store Førsvatn, Vatndalsvatnet og Botsvatn kor grensa går lenger vest. Frå fylkesgrensa til Vest Agder blir grensa for verneområdet trekt lenger inn i heia vest for Ljosland og Kyrkjebygdi. Sørgrensa går rett vest over frå Tindefjellet til Flofjellet.

Lengst i sør går vestgrensa nordover eit stykke inne i heia forbi Knaben og vidare til Kvifjorden. Her går grensa etter austbreidda og vidare opp langs Kvina til Øyarvatnet og Brokke – Suleskardvegen. Nå går grensa mot nordaust og fram til Siravassdraget ved Dyggjandvatnet. Vidare går grensa sørover, først langs Sira og etter kvart langs Valevatn.

Ved Hestekveven bryt grensa mot nordvest fram til Tjodanvatnet og vidare nordaustover til Andersvatn. Nå går grensa på nytt mot nordvest og kryssar Lysedalen før den går mot nordaust og fram til Siravassdraget ved Grauthellervatnet. Vidare følgjer grensa HRV på Svartavatnet mest rundt heile magasinet før det går rett vestover til Skumreknuten. Frå her går grensa rett nordover til Beinleivatnet. Vidare følgjer grensa Blåsjø til fylkesgrensa mellom Aust Agder og Rogaland lengst nordaust i magasinet. Vidare følgjer grensa for verneområdet fylkesgrensa over Holmavatnet, Austre Kaldafjell og Storhidlernuten fram til Holmavatnet.

Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane landskapsvernområde omfattar 418 gards- og bruksnummer. Om lag 1/3 av verneområdet omfattar statsgrunn fordelt på Njardarheim (Statskog) og Bykle statsalmenning. Dei øvrige 2/3 av arealet ligg på privat grunn. I verneområdet er det fleire store sameiger (drifteheier), og ei lang rekke andre private eigedommar av ulik storleik.

Meir om SVR

Share

I går skreiv eg litt om jakt i SVR, i dag vil eg sitere litt frå forvaltningsplanen om det som gjeld beiting og landbruksaktivitet i området.

Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane landskapsvernområde er eit svært viktig beiteområde for sau, og blir nytta av både grunneigarane i bygdene rundt heia og sauebønder på Jæren som leigar beite i verneområdet. I 2013 beitte om lag 60.000 sau og lam i Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane landskapsvernområde. Områda på begge sider av Brokke-Suleskardvegen er dei lokalitetane med flest sau og det hardaste beitetrykket. Dei gamle stølane blir i nokon grad brukt i samband med tilsyn og sanking av beitedyr, i tillegg er det fleire driftshytter i område som nyttast i samband med beitebruken. Til dømes eig og disponerar Jæren smalelag, som er det klart største beitelaget i området, til saman 20 driftehytter i verneområdet. Hyttene er av ulik standard og storleik frå små buer på 10-20 m2 til større hytter på 70 m2. Beitebruken fører og med seg ei del motorferdsle med både snøskuter og helikopter i samband med frakt av saltstein og gjerdemateriell, samt ferdsle i samband med vedlikehald og frakt av brensel og proviant til driftehyttene. Pr 1.1.2014 var det gjeve om lag 100 motorferdsleløyve i samband med beitebruk og anna landbruksdrift. Sidan verneområdestyret vart konstituert i 2011 har det vorte gjeve løyve til fire nye driftehytter/sankebuer og mindre utvidingar av til saman fire driftehytter.

Det veks ein del drivverdig skog i dei lågareliggande delane av Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane landskapsvernområde som til dømes Ljosådalen i Valle, Lognadalen i Bygland og Homstøldalen i Hægebostad. Dei fleste stadene gjer likevel vanskeleg terreng og store avstandar skogressursane vanskeleg tilgjengeleg. Dei siste åra har derfor omfanget av skogsdrifta i området vore avgrensa. Mange grunneigarane tek likevel ut ved til eige bruk.

Fjellgarden Pytten i Bygland er den einaste garden innafor verneområdet kor det framleis er ei viss drift. Her blir innmarka slege og det blir halde beitedyr på garden.

Når det gjeld anna verksemd innafor landbruket er det lite aktivitet i verneområda. Dei siste 15 åra har det ikkje vore søknader om nydyrking, grøfting, landbruksveg eller treslagsskifte.

Jakt i SVR

Share

No er Forvaltningsplan for verneområda i Setesdal Vesthei‎ ut på høyring. I slike planar kjem det fram ein del interessant stoff, så eg vil prøve å ta med litt på bloggen. Ettersom det no er jakttid, her er det som står om jakt i SVR:

Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane landskapsvernområde har alltid vore eit viktig område for storvilt- og småviltjakt. Talet på fellingsløyve for villrein varierar med storleiken på stamma, men i 2013 var det gjeve xxx løyver i verneområdet. Dette gjeld særleg villreinjakt i dei austre delane av verneområdet.

Dei siste åra har talet på fellingsløyve for villrein vore lågt samanlikna med tidlegare. Dei siste åra har det vore gjeve om lag xxx fellingsløyve på elg og xxx løyve på hjort. Småviltjakta er særleg god i dei sørlege delane av verneområdet, og særleg rypejakta har lange tradisjonar. I 2013 vart det selt om lag xxxx jaktkort for småvilt i verneområdet.

Grunneigarane jaktar ein del sjølve, men det er lang tradisjon for utleige av jakt i verneområdet og omfanget av utleige av jakta er framleis stort. Statskog er største grunneigar i område og leigar ut både reinsdyrjakt og småviltjakt på mest heile arealet.

Det er eit svært godt fiske mange stader i Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane landskapsvernområde, og mange grunneigarar og grunneigarlag sel fiskekort. I tillegg gjeld medlemskort i Stavanger turistforening som fiskekort langs store delar av løypenettet. Det er ikkje noko samla statistikk over salet av fiskekort.

Det går ikkje føre seg næringsfiske i stor skala nokon stader i verneområdet, men fleire grunneigarar fisker mykje til eige bruk.

Om tala for fellingsløyve er hemmelege eller om dei skulle setjast inn etter kvart, det står det visst ikkje noko spesielt om.