Merkelapp-arkiv: utstilling

Utstillarar på Valleutstillinga

Share

Her fylgjer ei liste over utstillarane på Valleutstillinga 2007

1. Angelika Baier: silkemaling, gresskar, m.m.
2. Knut Bø: trearbeid
3. Ruth Fedreheim: toving
**4. May-Lis Flateland: rosemåling Gjesteutstillar**
5. Birgit Flaten, måleri
6. Ragnhild Hansen, porselensmåling og akvarell
7. Hasla AS, sylv
8. Knut O. Homme: trearbeid
9. Setesdal Husflidsentral setesdalsgenser med mer
10. Elin M. Kallhovd: rosemåling m.m.
11. Guro Kverneland: toving
12. Bente Karin Lerbrekk: glaskunst
13. Heidi Irene Lindfors: måleri
14. Birgit Rike Lund: vev
15. Solveig Huset Lund: ler
16. Mona Ida Frøysnes: litografi
17. Bjarne Nordgarden: trearbeid
18. Inger Ordahl: vev
19. Ingrid Arnhild Pedersen: smykke
20. Andor Renstrøm: trefigurar
21. Gudrun Rygnestad: strikk, krokar
22. Thor Inge Rødseth: knivar
23. Torill Sangesland: hattar og filtbilete
24. Åse Smith: keramikk
25. Harald Solberg-Jacobsen: smijern
26. Liv Stene: keramikk
27. Sting: nåleputer
28. Bjørgulv Straume: munnharpe
29. To i Torvet: måling og keramikk, m.m.
30. Bente Lill Trydal: akryl på lerret
31. Tove Utstumo: vev med mer
32. Valle Vev: vev
33. Jonny Vindfjell: treskjering
34. Frøydis Aarthun: biletvev,  kort

Takk til leiar i Valleutstillinga, Karin Bøe, som var i Valle Radio onsdagskvelden og presenterte planane og let meg få leggje lista ut på bloggen.

Valleutstillinga 2007

Share

I nyhetstimen i kveld var Karin Bøe, som er leiar i Valleutstillinga, og fortalde om programmet for sommaren. Valleutstillinga på Tveitetunet har 20 års jubileum i år og har lagt opp eit flott program.

Gjesteutstillar er May Lis Flateland, som stiller med rosemåla ting, både store og små.

Elles er det ei rekke utstillarar, både innan vev, toving, silkemaling, måleri, litografi, trearbeid, munnharper, keramikk, nåleputer, knivar og sylv. I denne posten fører det for langt å ta med namn på alle utstillarane.

Utstillinga opnar sundag 24. juni klokka 14. Då vert det stevtonar og gitar ved Helga Jacobsen og Trym Bjønnes. Vidare dansar Birgit Anette og Tor Espen Helle Setesdalsgangar til felepel av Knut Arne Rysstad. Utstillinga vert formelt opna av fylkeskultursjef i Aust-Agder, Per Nordstrøm.

Sundag 1. juli klokka 15 vert det friluftsgudsteneste på Tveitetunet. Tysdag 3. juli er det barna sin dag.
Sundag 15. juli er det stakkesetting.
Sundag 22. juli er det handverksdagar.
Sundag 29. juli kåserer Hallgrim Berg klokka 14.
Sundag 5. august er det Tveitetunstemne klokka 14 til 17.
Sundag 12. august er siste dagen for utstillinga.

Inngongspris er 20 kroner. Sal av vaflar og kaffe. Fredag og laurdag er det baking av flatbraud og lefse.

Valle Radio ønskjer Karin Bøe og dei 33 andre utstillarane lukke til og vonar det blir plass til alle i det rekordstore feltet av handverkarar som er med på utstillinga i år. Alle må vere med som vakt eit par dagar i løpet av sommaren, men som leiar blir det nok ein del ekstra på Karin for å få det heile til å fungere.