Merkelapp-arkiv: vatn i valle

Vi treng meir stoff om Valle på wikipedia

Share

I dag har vi knapt 80 av knapt 173.500 artiklar med Valle-relatert stoff på bokmålswikipedia. 20 av desse gjeld folk frå Valle, 60 gjeld ulike saker som er naturleg å knytte til kommunen. Wikipedia har eit slikt system at folk skriv om det dei har lyst til, og då vert det mange område som vert dekka grundig, men nokre får ikkje så god dekning. Annleis ville det ha vore om arbeidet med nettleksikonet fylgde ein plan. Då kunne ein lage ei liste over omgrep som måtte dekkast. No går det etter innfallsmetoden, det betyr at i dei neste tre vekene vil Tour de France bli godt dekt. http://no.wikipedia.org/wiki/Tour_de_France_2008

Om du går inn på http://no.wikipedia.org/wiki/Kategori:Valle, kan du sjå kva som er dekt. Ta ein titt på det og send meg ein mail om du saknar noko. Så skal eg prøve å sjå om eg kan få skrive nokre Valle-artiklar i tida framover.

Det vart ein i dag. Den finn du her: http://no.wikipedia.org/wiki/Far%C3%A5ne Eg skulle jo gjerne ha visst litt meir når det gjeld fakta, til dømes om kor stort nedslagsfelt elva har, fallhøgde frå Myklevatn til Otra nede i dalen, og andre slike tekniske ting. Men også anna stoff er interessant å få høyre om. Send meg ein epost, så kan vi ha ein liten dugnad i lag.

Fiske i Valle 2008

Share

No er VAFA si brosjyre komen. Den fortel det ein treng å vite om Fiske i Valle 2008, i alle fall i områda som laget disponerer. Prisane er 50 kroner for ein dag, 100 for ei helg, 150 for ei veke og 500 for eit år. Kartet syner kva for vatn ein kan fiske i. Det syner og vatn ein ikkje kan fiske i og er ei god kjelde til å orientere seg. Fastbuande og fiskerettseigarar i Otra fiskar gratis i elva i Valle kommune, det same gjer alle under 16 år i alle vatna. Men ein kan ikkje bruke levande agn, med unntak av meitemark.

På kartet er det gjengitt ei melding frå Fylkesmannen i Aust-Agder: Import, utsetjing og fisking med levande fisk som agn er forbudt i norske innsjøar der det er få fiskeartar. Innføring av nye artar kan få svært alvorlege fylgjer for dei fiskeartane som finst frå før. Ørekyte, sørv og regnlaue er fiskeartar som har kome inn og øydelagt mange fiskevatn på Sørlandet dei siste åra. Dette må stoppast.

Kartet er lagt ut i butikkar og andre stader i Valle. Skaff deg det, det er informativt og innhaldsrikt. Meir informasjon finn du på heimesidene til VAFA: http://www.vafa.no/

Krypsivfjerning

Share

Så vert det ikkje fjerning av krypsiv på Rysstad i år. Vi får vere glade for at det vert fjerna på Sordal og Heistad, men det er ikkje godt nok for området lenger oppe. I vinter skulle det vore eit innfrysingsprosjekt, men det rann ut i ingenting fordi temperaturen ikkje vart låg nok. No syner det seg at ein må vente eit år med å stoppe produksjonen og få så låg vasstand at det vert effektivt å fjerne sivet. Medan ein ventar er det lite fisk å få i elva.

Krypsiv er ein plante som vi ikkje likar. Sjå lenke her for korleis ein ser på den i Vennesla:
http://www.vennesla.vgs.no/grid/waste/krypsiv/krypsiv.htm
http://www.vennesla.vgs.no/grid/waste/krypsiv/krypprno.htm
http://www.naturvern.no/cgi-bin/naturvern/imaker?id=67807

Ein har rekna ut at krypsiv dekkar nesten 15.000 dekar i Otra og Nidelva i Aust-Agder. Eit stort problem må løysast. Her er informasjon frå Fylkesmannen i Aust-Agder om saka:
http://www.fylkesmannen.no/hoved.aspx?m=144&amid=1542405

Nutevatn

Share

Eg lasta ned kartet for Vatn i Valle som ein kan fiske i for å finne ut kor Nutevatn var. Langt inne nord i Setesdal Vesthei ligg det, innanfor Bossbu og Bossvatn, mellom Roskrepp og Rjuven.

Der inne i Setesdal Vesthei får ein stor og fin aure. På heimesida til VAFA fortel Torjus Uppstad at både Tom Arild Homme og Peter Hermansen (SNO) har fått mykje fin fisk der inne i år.

Når ein tenkjer på korleis situasjonen var då kalkingsarbeidet starta, er det mest som eit eventyr. Det har blitt kalka for ein kvart million kroner årleg, og arbeidet er ikkje slutt enno. Sjølvsagt burde det og vore pengar til å få tilbake ei lokal fiskestamme, men det har det vore vanskeleg å finansiere.

Sjå meir om dette på http://vafa.no/

VAFA har nytt stoff

Share

VAFA skriv mykje interessant på heimesidene for ein som er interessert i Vatn i Valle, som jo har vore ein programserie eg har hatt i vår, og som eg nok vil prøve å halde liv i og til hausten. Sjå http://vafa.no/index.php?option=com_content&task=view&id=82&Itemid=2 der får du ei oppdatering på fiskeprosjektet til VAFA i sommar.

Eg rekk ikkje å skrive meir i kveld, skal kome attende til noko av dette i morgon.

140 tonn kalk på eitt år

Share

I 2007 skal VAFA kalke med 140 tonn kalk i ei rekke vatn. Du kan lese meir om det på
http://vafa.no/index.php?option=com_content&task=view&id=76&Itemid=2

Grunnen til dette er sur nedbør, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Sur_nedbør. Medan du er på wikipedia, kan du og klikke deg inn på Gøteborgprotokollen og sjå korleis dette er eit spørsmål om internasjonale avtalar. Slik vert situasjonen i Aust-Agder påverka av internasjonale avtalar.

Når ein går på nokre av lenkene til andre språk, ser ein at det ikkje er eit lokalt fenomen, men at problem med sur nedbør finst over heile verda. Det er utslepp frå industrien som gjer at vi får sur nedbør, og i nærområda til fabrikkar vert ofte skog øydelagd. Av den grunn har ein bygd høge skorsteinar, slik at utslepp til luft skal kome høgast råd, for så å bli ført med vinden bort frå området der utsleppet er. Likevel har ein i nokre område funne verdi på under 2,4 ph i regn, det er på nivå med eddik. Sjå http://asd-www.larc.nasa.gov/biomass_burn/glossary.html Acid rain

Det seier seg sjølv at fisk ikkje kan leve under slike tilhøve. Etter mi meining burde VAFA fått ein miljøpris av Valle kommune for 20 år med kalking av vatn på Setesdal austhei og Setesdal vesthei. Kvar dag når vi gleder oss over at vatnet som renn gjennom bygda kan drikkast og at fisk lever der, burde vi sende ein tanke til eldsjelene som har stått for eit omfattande arbeid med å få vatna tilbake til den status dei hadde før. At dei og har satsa på fagleg tyngde med ei rekke rapportar og solid informasjon om det dei held på med, er med på å gjere oss medvitne om kva som må til.

Eg er nok redd at det er få som har sett seg inn i dette stoffet. Kan hende skulle sommaren vere ei tid der ein ikkje bare nyt at det renn friskt vatn i bekkar og elver, men der ein og skaffar seg kunnskap om arbeidet som er gjort og som ligg framom.

I dette perspektivet vel eg å sjå prosjektet Gratis fiske. Om det kjem på beina, vil vi få ei sterk utviding av innsatsen både når det gjeld arbeid og pengar. Difor meiner eg at kommunen bør sikre seg at eldsjelene får høve til å realisere draumane sine, til beste for oss alle i ei vakker bygd med turistar og fastbuande i samspel med miljøet.

Fiskedød i Otra

Share

I onsdagssendinga var Torjus Uppstad i studio for å fortelje om dette. Det er og lagt ut eit skriv frå Tom Arild Homme om saka på heimesidene til VAFA:
http://vafa.no/index.php?option=com_content&task=view&id=74&Itemid=2

Den mest sannsynlege årsaka til fiskedøden i Otra ved Rysstad er gassovermetning, det vil seie at det er for mykje oksygen i vatnet. Dette kan skje på fleire måtar, mellom anna ved at ein tek inn vatn til kraftverket frå bekkeinntak, noko som er vanleg om våren.

Det var spekulert på om det kunne vere utslepp av gjødsel eller anna landbruksavfall (maursyre) som var årsaka til at fisken døydde. Etter kvart har ein gått over til å tru at det ikkje var tilfelle, men det var tale om å analysere ein fisk. Gassovermetning kan ein bare finne i fisk like før den døyr, det finn ein ikkje i død fisk. Om det har vore utslepp, vil fisken ha fått i seg stoff som kan finnast ved analyse.

Torjus opplyste vidare at det er kommunen som er kontrollinstans når det gjeld ureining, så politiet hadde synt VAFA til kommunen i denne saka. Kommunen må samarbeide med Mattilsynet når det gjeld analysar. http://no.wikipedia.org/wiki/Mattilsynet

Det er viktig å verne miljøet. Wikipedia har litt stoff om maursyre, sjå denne lenka:
http://no.wikipedia.org/wiki/Maursyre

Fiskedød

Share

I serien Vatn i Valle har eg hatt fleire program om Otra. Grunnen til det er at eg opplever elva som noko av det mest sentrale i den tematikken. Ho renn i dalbotnen og samlar opp vatn frå nesten alle vatna både på austsida og vestsida av Setesdal. Otra er ei hovudnerve i bygda vår.

Når eg så les på VAFA sine heimesider om fiskedød på Rysstad, opplever eg det som alarmerande. Sjå
http://vafa.no/index.php?option=com_content&task=view&id=72&Itemid=1

Eg har snakka med Torjus, han vil kome i nyhetstimen onsdag og fortelje om hendinga. Torjus har og meldt hendinga til politiet.

Meldingane går ut på at fisken i Rysstadbassenget er stor og fin og utan parasittar i kjøtet, slik fisken er lenger oppe i elva. Eustrongylides finn ein helst i dei grunne områda av elva lenger oppe, der det er lite vatn og varmt vatn. Det er også der ørekyta kan finnast i stimar i terskelbasseng og vatn.

Til onsdag vil vi prøve å få meir kunnskap om det som har skjedd. Dersom det er nokon som les dette, som har tips og informasjon, bed eg om at de sender ein epost til meg. Vi høyrer om fiskedød i andre elver og vatn, men vi får håpe at det var eit eingongstilfelle i Otra denne gongen. Elva er for verdifull til å ikkje reagere når noko slikt hender.

Flugefiskekurs og litt til

Share

I kveld klokka 20 kom Torjus Uppstad i studio for å fortelje om flugefiskekurset som VAFA har arrangert. Dyktige flugefiskarar kom frå Kristiansand for å undervise i emnet, og folk møtte opp for å lære noko nytt. Tre kursdagar vart avslutta laurdag 2. juni med fiske på Dale (det bles for mykje i Valle) og ivrige fiskarar prøvde ut det dei hadde lært. Her er Torjus sitt referat frå kurset:
http://vafa.no/index.php?option=com_content&task=view&id=67&Itemid=1

Då kurset var slutt, vart instruktørane ståande att ved Kallefoss og kunne krone dagen med fisk. Diverre var også auren der infisert av eustrongylides. Det førte til at Torjus skreiv eit innlegg på VAFA si heimeside måndag 4. juni. Sjå
http://vafa.no/index.php?option=com_content&task=view&id=68&Itemid=1

Eg hadde i grunnen tenkt at vi skulle snakke litt om det innlegget, men eit kvarter går fort, så det fekk vi ikkje tid til. Eg tek likevel med noko her.

16. mai fekk VAFA brev om problemet frå grunneigar i Kveste.
16. mai vart brevet handsama på styremøte i VAFA
18. mai sende VAFA brev om dette til Fylkesmannen for å få råd om kva ein kunne gjere. Saman med brevet var ein uttale frå fiskebiolog Tom Arild Homme.
28. mai kontakta VAFA Vannregion Sør om saka.

Etter mi meining er det ille at fin aure skal ha eustrongylides i kjøtet. Noko må gjerast snarast råd. Sjå og
http://valleradio.blogs.no/2007/05/22/orekyte_og_eustrongylides_sp~2317414

Å få bukt med ørekyte

Share

I tillegg til å fiske med ruser med bollar og kveitebrød i, har VAFA stått for fiske med elektrisk fiskeapparat fleire stader i Otra. Ein har plukka ut ei rekke viktige gyte og oppvekstområde for aure i Valle og Bykle kommunar og prøvd å finne ut korleis tilhøvet er mellom aure og ørekyte. Som referanseplass brukte dei Homsåne. Det vart fanga mest ørekyte pr. arealeining ved Gryte (Harstadbassenget) og ved ein bekk på Sandnes (Flåne).

Dette er resultata for 2004 med tal for 2003 og 2002 i parentes:

Fanga ørekyter pr. 100 kvadratmeter:
Nordibø: ikkje fiska (51 og 501)
Gryte: 480 (1543 og 285)
Motellet: 130 ( 294 og 164)
Sandnes: 292 ( 98 og 37)
Hommsåne: 80 ( 155 og 25)
Bykil: 25 ( 13 og 3)
Kvernebekken: 38 ( 15 og 12)
Storetjønnbekk: 105 ( 0 og 67)
-«- os: 10 ( 2 og 2)

Dette syner at det varierer frå år til år på dei ulike lokalitetane, men Tom Arild Homme har samanlikna tala med kor mykje aure ein fekk ved denne metoden. Det syner seg då at i forhold til aure er det meir ørekyte no enn tidlegare. I sesongen har ein hatt fangst av ørekyte på over 2 kg per hektar alle stader med unntak av Bykil. Dette kallar han betydelege mengder. Han rår difor til at ein må satse vidare på dette, særleg lengst sør i området for å hindre at ørekyte spreier seg nedover i Otra-vassdraget.

Utløpet frå Brokke kraftverk er ein naturleg barriere for vidare spreiing, men ved driftstans i kraftverket kan denne bli borte. Det var i ein slik situasjon at ein innbyggjar på Rysstad såg det som truleg var ein liten stim av ørekyte i 2004.

Målet med å fiske opp mest muleg ørekyte er å få betre kvalitet på aurebestanden i Otra. Når det vert meir aure og han vert større, vil resultatet verte nådd. Men framleis er det turvande med ein innsats for å få bukt med ørekyte, skreiv Tom Arild Homme våren 2005 i rapporten etter aktivitetane i 2004.