Margaret Volle i Valle radio

Share

Margaret Volle er mastergradstudent i utøvande musikk med orgel som hovudinstrument på Norges Musikkhøgskole i Oslo. Onsdag 23. november klokka 18:00 heldt ho konsert i Lindemannsalen på Marcussen-orgelet der. Sjå http://www.nmh.no/nmh/bygg/orgler/495/496/no

I kveldens Postludium hadde vi opptak frå denne konserten.

1. Georg Muffat (1653-1704)
Toccata Septima frå Apparatus Musico-organisticus
Sjå informasjon på engelsk her:
http://www.naxos.com/mainsite/default.asp?pn=Composers&char=M&ComposerID=724

Margaret Volle skreiv ein kort introduksjon til komponisten i programmet for konserten. Dette låg på web før konserten, men NMH har tydelegvis ikkje nokon politikk for å ta vare på stoffet, så når konsertdagen er over, er det borte, om ein ikkje har lagra det privat.

Ho skreiv: Georg Muffat var fødd i Megeve i Savoy, ein plass som no ligg i Frankrike. Han studerte i fleire år i Paris, mellom anna komposisjon hos Lully, og etter endte studier der fekk han jobb i Molsheim og Selestadt. Seinare studerte han også jus i Ingolstadt, men fekk ikkje jobb i Wien, så han endte til slutt opp i Salzburg, der han jobba for erkebiskopen i ti år. Rundt år 1680 drog han til Italia, der han studerte orgel hos Bernardo Pasquini. Frå 1690 til sin død var han kapellmeister hos biskopen i Passau. Verka hans er sterkt influerte av italienske og franske komponistar og han komponerte både kammermusikk og religiøse verk i tillegg til dei tolv orgeltoccataene.

2. Robert Schumann (1810 – 1856)
Frå Sechs Stücke in kanonischer Form, opus 56, nummer 4
Om komponisten kan du lese her:
http://www.naxos.com/mainsite/default.asp?pn=Composers&char=S&ComposerID=940

Margaret Volle skreiv: Robert Schumann er nok ikkje mest kjend som orgelkomponist, og verka spel på denne konserten er opprinneleg skrivne for pedalklaver. Schumann brukte pedalklaveret som ei erstatning for å øve på orgel, så stykkja fungerer fint på dette instrumentet og. Verka frå desse to samlingane (Opus 56 og 60) er eit resultat v Schumann sine intensive kontrapunktstudier i Dresden rundt 1845 og han er sterkt influert av Bach og hans invensjonar og fuger.

Harald

Bøker i ei førjolstid

Share

I kveldens program snakka vi om bøker med oppskrifter på ting du kan lage til jol. Lisbeth har laga utstilling på biblioteket, og ho har fleire kassar inne i biblioteket i tillegg til bøkene som er utstilt utanfor døra i Valle.

Gå til denne linken og skriv inn Deweynummer 745.594, så får du opp ei liste med aktuellle jolebøker:
http://valleinf.valle.kommune.no/mmwebcat/

Men det er og mange skjønnlitterære titlar med jolemotiv. Lisbeth nemnde Mary Higgins Clark som ein krimforfattar med joletitlar:
1. Stille natt
2. Deilig er jorden, merkverdig er Guds himmel
3. Det skjedde i de dager

Ho har 23 bøker av denne forfattaren på biblioteket.

Til slutt i programmet kom vi inn på Ermittkrepsene av Anne B. Ragde. Den har fått Bokhandlarprisen for 2005 og er framhald av Berlinerpoplene, som kom i fjor. Ho skildrar grisebonden Tor og dottera Torunn så vel som Tors brøde Margido og Erlend med kjærleik og sympati, sjølv om dei ikkje er den mest straumlinjeforma familien.
Her er link til omtale av boka på NRK
http://www.nrk.no/nyheter/kultur/4946729.html

Programmet slutta med eit kort utdrag frå lydboka.

Musikk i adventstid 1

Share

Desse stykka blei spelte:

Christmas Music BIS-CD-177
Link til plata finn du her
http://www.bis.se/index.php?op=album&aID=BIS-CD-177

Abbé Georg Joseph Vogler
1. Hosianna, Davids son 2’41

Georg Friedrich Händel
2. Dotter Sion, fröjda dig 1’40

Volckmar Leisring
3. Gör porten hög, gör dörren bred 2’13

Ruben Liljefors
4. När det lider mot jul (Text: Joanna Otherdal) 3’26

Juletid IDCD 19
Link til denne plata finn du her
http://www.mic.musikkonline.no/shop/displayAlbum.asp?id=29869

GUDS GODHET VIL VI PRISE 3:43

DIN HERLEGDOM, FRELSAR 3:09

Christmas Music(som over)
Otto Olsson
5. Advent (Text: Paul Nilsson) 3’51

Programmet i veke 48

Share

Tysdag 29. november

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel med Solfrid Quist, som er forkynner i Ungdom i Oppdrag
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen. Ivar Johnsen, pastor i Raufoss frikirke, i samtale med Per Ove Stige
19:40 Musikk i adventstid 1
20:00 Bokaktuelt med Lisbeth D. Homme. Bøker i ei førjolstid og Bokhandlarprisvinnaren Eremittkrepsene av Anne B. Ragde
20:30 Postludium. Margaret Volle spelar på orgelet i Lindemannsalen på Norsk Musikkhøgskole.
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 30. november

18:00 Kommunestyremøte
Teknikar: Gudrun Rysstad

Her er saklista

Referatsaker
Utv.nr Sakstittel
83/05 Referatsaker
91/05 Fylkestingets vedtak i sak 25-2005
92/05 Det digitale distriktsagder –
93/05 Kopi av brev til Setesdal Regionråd frå Bykl
94/05 Valle kommune – pålegg om riving av bu
95/05 Møteprotokoll frå Eldrerådet 14.11.05
96/05 Møteprotokoll frå Arbeidsmiljøutvalet
97/05 Møteprotokoll frå Planutvalet 15.11.05
98/05 Møteprotokoll frå Administrasjonsutvalet
99/05 Møteprotokoll frå Formannskapet 16.11.05
100/05 Frå KS: Vedk. gjennomføring av NAV-reform
101/05 Novemberbrev frå NAV-interim: Ny arbeid
102/05 Møteprotokoll frå styret i konsesjons-
103/05 Møteprotokoll frå styret i konsesjonskra

Til handsaming
84/05 Førespurnader
85/05 Ordføraren orienterer
86/05 Handlingsprogram og økonomiplan for 2006
87/05 Samanslåing av skulemiljøutv. og samarb.utv.
88/05 Kommunedelplan for anlegg, område for idrott
89/05 Framlegg til reguleringsplan for gnr. 23
90/05 Reguleringsplan for Åsan – godkjenning
91/05 Søknad om konsesjon for bygging av Kveaså

Du finn meir om sak 87 på http://www.valle.kommune.no/
når du går inn på Politiske saker og vidare til kommunestyret.

Innhaldet i referata og dei andre sakene har eg ikkje funne på heimesida til kommunen, så dei må du finne på biblioteka eller på Velkomstsenteret.

Harald

Musikk i mørketid

Share

I dette programmet, som eg sende tysdag 22. november klokka 19:30, presenterte eg musikk av Sigmund Groven, Arve Tellefsen og Sondre Bratland.

1. Om kvelden, frå Groven: Til fjells, SCD 15086
2. Om kvelden, frå Tellefsen: Pan, IDCD 3
3. Gabriels obo, frå Tellefsen IDCD 3
4. Snø og granskog, frå Groven SCD 15086
5. Kveldsbøn, frå Bratland Syng meg heim, FXCD 289
6. Gjev meg handa di ven, frå Bratland FXCD 289

Diktet Snø og granskog av Tarjei Vesaas finn du her: http://tinyurl.com/8lpxf

Harald

Kongebøker på biblioteket

Share

Eg spurde biblioteksjef Lisbeth D. Homme om ho hadde bøker om dei kongelege på biblioteket. Ho kunne då fortelje at ho hadde mange bøker om dette temaet. Her er ei liste med Olav V som tema.

1. Olav : menneske og monark
948.105; Benkow, Jo; 1991 (Valle hovudbibliotek)

2. Fra et folk i takknemlighet
948.105; 1991 (Valle hovudbibliotek)

3. Gla’kongen Olav den blide
948.105; Holm, Yngvar; 1987 (Valle hovudbibliotek)

4. Kongen og folket : En hyllest til kong Olav V.
948.105; 1984 (Valle hovudbibliotek)

5. Kongen på kirkevei
948.105; 1986 (Valle hovudbibliotek)

6. Kongen ser tilbake
948.105; Wig, Kjell Arnljot; 1977 (Valle hovudbibliotek)

Det var også tre bøker om Haakon VII

1. Haakon og Maud
u948.105; Bjørkøy, Vigdis; 2003 (Valle hovudbibliotek)

2. Haakon & Maud. B.2. Folket
923.148; Bomann-Larsen, Tor; 2004 (Valle hovudbibliotek)

3. Haakon VII : Menneske og monark
948.105; Greve, Tim; 1980 (Valle hovudbibliotek)

Men ho kunne fortelje at det ikkje var mange som lånte desse bøkene, så nye bøker om temaet hadde ho ikkje kjøpt inn. Om ho skulle kjøpe inn nokre av dei bøkene som var komne ut i år, måtte det i alle fall vere folk som spurde etter dei.

Vi snakka om to av desse bøkene, dei var omtala i Vårt Land. Den eine, Dronning Margrethe, finn du her: http://tinyurl.com/bjwbs
Den andre, Kongen og katten er ei biletbok. Den er også omtala i Vårt Land, http://tinyurl.com/87ocz

Men Lisbeth kom ikkje til å kjøpe dei inn, trudde ho.

Brageprisen
Lisbeth hadde nettopp lese den boka som vann Brageprisen i klassa for skjønnlitteratur, Forestill deg av Marita Fossum, så ho fortalde om den, den har ho på biblioteket. Dei fleste andre prisvinnarane hadde ho også, eller så kom ho til å få dei i nær framtid. Her er lista over dei som vann Bragepris 2005: http://www.bokogsamfunn.no/Nettutgaven/115363

I Valle låner ikkje vaksne folk teikneseriar , det var ein teikneserie som vann prisen i open klasse, men den trudde ikkje Lisbeth ho kom til å få inn.

Harald

St. Olav til Kirsten Bråten Berg

Share

Det var stor stas på Setesdalsmuseet tysdag 22. november då sølvsmed og kvedar Kirsten Bråten Berg fekk St. Olavs orden. Fylkesmann Hjalmar Sunde heldt ein flott tale, som vi sende i Valle radio onsdag 23. november 2005 i Nyhetstimen; heile timen var vigd til dette temaet. Her er link til meldinga om dette på fylkesmannen i Aust-Agder si heimeside,
http://tinyurl.com/96cjn
og nederst er det ein link til sjølve talen.

I programmet kunne du og høyre ordførar Steinar Kyrvestad, fylkesordførar Oddvar Skaiå og leiar i Setesdal Regionråd, Knut A. Austad. Kirsten og Arild Andersen heldt ein minikonsert der dei spela fleire stykke som var henta frå plata Arv og andre plater dei har laga saman. Solfager og Ormekongjen, Laurdagskveld, Gardsjenta, fleire stev og Me skal bryggje til jol, som avslutta konserten.

Staben i Valle radio sluttar seg til gratulantane. Mange av talarane bar i helsingane fram takk for at Kirsten har engasjert seg så mykje i lokalt arbeid sjølv om ho er stjerne både nasjonalt og internasjonalt. Ho vart omtala som Setesdalsmuseet si mor av styrar Anna Stella Karlsdottir.
http://www.setesdalsmuseet.no/

Frå oss i Valle radio vil vi spesielt trekke fram programmet ho laga då vi samla inn pengar, 238.000, til Strømmestiftelsen sitt arbeid på Sri Lanka i samband med tsunamien i jolehelga 2004-05. Kirsten mobiliserte folk til å vere med og lage program ein fredagskveld på nyåret 2005. Kommunestyresalen var gjort om til studio og i radiolokala sat folk og noterte ned etter kvart som folk kjøpte lodd. Dette kan du lese om her: http://tinyurl.com/877uh

Då eg ikkje kunne vere i radioen onsdag kveld, måtte eg leggje opptaka inn på ein minidisk som fylte heile timen. Det var første gong eg gjorde det på denne måten, og eg var svært spent på korleis det gjekk, men dei eg har snakka med etter sendinga, har ikkje meldt frå om problem, så eg vonar det fungerte.

Harald

Radioprogram for veke 47

Share

Tysdag 22. november

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Musikk i mørketid
20:00 Bokaktuelt med Lisbeth D. Homme
20:30 Postludium. Niklos K. Besteland presenterer nordisk orgelmusikk
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 23. november

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Torhild Sandnes

18:00 Vallenytt. Denne timen får du høyre frå festen då Kirsten Bråten Berg fekk St. Olavs orden.
19:00 Kommunen informerer. Jorunn Tveiten frå Velkomstsenteret i samtale med Bjørgulv T. Berg
19:30 Tankar frå Bibelen ved B.T.Berg
20:00 Country gospel ved Bjørgulv T. Berg
20:30 Min musikk. Gunvor Kjelleberg og Tor Salvesen
21:00 Open sending ved Jorunn Lund Harstad

Takk til Bjørgulv som denne onsdagskvelden tek over som programleiar frå klokka 19 til 20.30. Det er fyrste gong eg er ansvarleg for ei sending og sjølv ikkje er i radioen, for denne onsdagskvelden er eg i Oslo på konsert. Timen med Vallenytt vonar eg vi kan ha i boks tysdag, for Valle radio er invitert til å vere med når Kirsten får St. Olav.

Harald

Open sending med Rolf-Erik Homme

Share

Onsdag 16. november var det Rolf Erik Homme som hadde ansvaret for Open sending i Valle radio frå klokka 21.00. Han hadde fått med seg Henri Tore Viki, og rebusane var baserte på siste nummer av Setesdølen.

Det var ikkje noko stort rush med telefonar denne kvelden, det var landskamp i fotball mellom Noreg og Tsjekkia, og mange potensielle lydarar fylgde nok med på den. På vel halvannan time kom dei gjennom åtte rebusar med så varierte stikkord som juleeventyr, Gledeskompaniet, Tryllefløyta og rypejakt, for å nemne nokre. Johanna Solheim fekk ryggsekken, som er hovudpremie i radioen no.

Nokon stor flaum med helsingar er det heller ikkje i Valle radio for tida, men vi merka oss at det var helsing til Gudrun Rysstad, teknikaren vår, som fyller 50 år laurdag 19. november, men som reiser på feirereise, som dei sa.

Gratulerer med dagen, Gudrun!

Harald

Carl-Otto Schiørn i Valle radio

Share

Timen mellom 20 og 21 onsdag 16. november nytta Hallvard til ein prat med mannen som no har seld Hovdestøylen og som skal flytte frå Hovden, Carl-Otto Schiørn. Han kom i studio, hadde med seg hunden sin, noko lyttarane ikkje kunne merke, og i ein interessant samtale kom han inn på mange av dei folka han hadde samarbeidd med gjennom 35 år på Hovden.

Tuls og Carl-Otto kom til Hovden Høyfjellshotell og starta der 1. januar 1971. Det vart eit spennande liv, han var der i sju år, men då ville dei overta og det ville ikkje eigarane, dei ville bare gje 10%, og dermed slutta dei og starta for seg sjølv med å bygge opp Hovdestøylen.

I samtalen mintest han mange av dei som dei hadde arbeidd saman med opp gjennom åra. På grunnlag av ein annonse i Aftenposten hamna dei etter mange år på Grønland i Setesdal og ikkje på Kongsberg, der kona kom frå og der dei hadde planar om å byggje eit hotell nær skibakken. Men kommunen ikkje ville vere med på når det kom til stykket, no – etter 35 år – ser dei ut til å ville realisere det.

Ein innhaldsrik samtale med ein fargerik person.

Harald