Lekpredikanten

Share

Onsdag kveld 2. november klokka 20:00 kjem Leonhard Jansen for å fortelje om lekpredikanten Severin Tobiassen og Setesdal i Valle radio. Han har med både song og utdrag frå tale den denne frodige forkynnaren heldt, og han ser med historiske auge på ei rørsle som har prega Setesdal. Han har også hatt eit skråblikk på korleis dei som slutta seg til rørsla, anten dei gjekk ut av kyrkja og starta luthersk frikyrkje, eller dei blei i kyrkja og engasjerte seg i ein lågkyrkjeleg organisasjon, også har hatt leiaroppgåver i lokalsamfunnet.

Har religiøse opplevingar og erfaringar nokon plass i dagens samfunn? Treng vi lekpredikantar i dag?

Harald

Ungdom i Oppdrag

Share

Tysdag 1. november kjem tre ungdommar frå Ungdom i Oppdrag til Valle radio for å fortelje om aktivitetar dei har her i kyrkjelyden. Dei skal vere her i vinter og ha praksis, medan dei har tilknytning til Skjærgårdsheimen på Flekkerøy.

Ungdom i Oppdrag er ei rørsle der unge på eigen kostnad i ein lenger eller kortare periode deltek i kristent arbeid i ein kyrkjelyd.

Kva synest du om at unge kristne gjev eit år til å fortelje andre om gleda ved å tru på Jesus?

Lytt til programmet i Valle radio tysdag klokka 19-20. Anten du høyrer eller ikkje kan du skrive synspunkta dine i bloggen vår.

Harald

Reformasjonsdagen

Share

31. oktober 1517 var dagen da Luther slo opp 95 teser på slottskyrkjedøra i Wittenberg. Detter markerer vi i Valle radio i kveld, tysdag 1. november med eit radioforedrag om emnet klokka 20:00 og med Postludium klokka 20:30 der vi får høyre orgelmusikk og korverk basert på Luther si salme Vår Gud han er så fast ei borg.

Gjennom tesene starta prosessen som førte til at den vestlege kyrkja fekk mange underavdelingar i protest mot den romersk-katolske kyrkja. 20 år seinare slo dennne reformrørsla rot i Danmark-Norge, som fekk ei luthersk statskyrkje der over 80 prosent av folka i Noreg er med til denne dag.

Er kyrkjehistorie noko du er interessert i? Bli med i diskusjonen på bloggen til Valle radio.

Harald