Krypsiv i Otra

Share

Dette er eit stort problem, og det er aukande. I mine sendingar har eg fleire gonger hatt besøk av Torjus Uppstad, VAFA, og Tom Arild Homme, som no er engasjert som prosjektleiar for innfrysingsprosjektet som er planlagt til vinteren.

I kveld, onsdag 2. november 2005, hadde eg ein samtale med kraftverksdirektør Reidar Ove Mork på telefon og dagleg leiar i VAFA, Torjus Uppstad, i studio. Bakgrunnen var to lesarinnlegg i Setesdølen, det eine frå tysdag 1. november av Uppstad, det andre frå fredag 28. oktober frå ei rekkje naturorganisasjonar under paraplyen Forum for Natur og Friluftsliv i Agder. Dei krev at ansvaret for krypsiv i elva blir plassert hos regulanten og at myndigheitene må ta ansvar og nytte dei verkemiddel som er naudsynte for å stoppe prosessen med tilgroing i elvane.

Mork gjorde greie for at det er etablert eit fond på 21 millionar kroner. Avkastninga av dette fondet skal nyttast til kampen mot krypsiv. Han meinte at det ikkje bare er reguleringa som er skuld i tilgroing, men at sur nedbør og har medverka til den negative utviklinga. Problemet er ikkje så stort i Bykle kommune, med unntak av eit område ved Bjørnarå, kanskje på grunn av mykje steinbotn i elva der. Men lenger nede, der det er sandbotn, er det stader med mykje krypsiv og flôtgras. Innfrysingsprosjektet nedstrøms Brokke og eit prosjekt i Vennesla er tiltak som står på planen i år og neste år.

Torjus Uppstad bad om orsaking for at han i 2001 melde regulanten for miljøkriminalitet, noko som han ikkje skulle ha gjort. Det var ikkje grunnlag for dette, og saka vart lagt bort av politiet. Torjus fortalde om bakgrunnen for at han gjorde det i sendinga i kveld og seier han lærte mykje av denne saka.

Han meiner vidare at kommunen må på banen i positivt samarbeid med regulanten om vi skal få resultat i denne saka, og at kommunen må erkjenne delansvar, noko dei ikkje har gjort til no.

I sendinga høyrde vi Bjørgulv Straume lese sitt eige dikt om temaet:

Høyr, no er det stille og daudt
innmed fossen,
som sevja så stille den renn
under borkjen.

Dei kvirvlande stryka
er burte i dalen,
no liver vel alle
som rikaste tsaren.

Men Otra renn ikkje
så fager og rik,
om enno eg minnest deg
fossande stri.

Sjå, krypsivet svingar seg
vilt i dansen.
Vert dette for Otra
den seiste kransen?

Deretter spela han Munnharpeslåtten og meir skulle det ikkje til for å skape ei magisk innleiing til samtalen mellom dei to om emnet.

Har du synspunkt på dette? Skriv eit innlegg på bloggen til Valle radio.

Harald

Veke 44

Share

I onsdagssendinga denne kvelden hadde vi desse oppslaga i nyhetstimen Vallenytt:
1. Om UiOs team som har praksisperiode i Valle og Bykle denne veka. Dei skal besøke skular og til helga skal dei delta på gudstenester i Hylestad kyrkje klokka 11 og Fjellgardane kyrkje klokka 18. Anders Wergeland var i studio saman med tre av teamet. Her er heimesida til DTS Skjærgårdsheimen. http://www.heimen.org/dts/
2. Om krypsiv i Otra. Sjå eige innlegg. Torjus Uppstad frå VAFA var i studio og Reidar Ove Mork frå Krypsivfondet i Otra var med på telefon.
3. Om at Ramadan no er slutt. Aslan Dubajev frå Tsjetsjenia, som er flyktning i Valle, fortalde om det.
4. Om at vi har fått blogg i Valle radio.

I Kommunen informerer var det rektor Leif Kvinlog og rådgjevar Frøydis Unneland som var med. Dei fortalde om eit opplegg som er starta på Valle skule som heiter YOU og handlar om yrkesorientering. Her er heimesida til dette opplegget: http://you.ls.no/

Tankar frå Bibelen var ved Håvard Viki, som kom i staden for Bjørgulv T. Berg, som måtte til Kristiansand denne kvelden.

Severin Tobiassen og Setesdal var eit interessant innslag av Leonhard Jansen frå Setesdalsmuseet.
http://www.setesdalsmuseet.no/
Han spela ôg opptak av Tallak Hoslemo som song og spela fele til. Dette hadde Agder Folkemusikkarkiv skaffa fram. http://www.folkemusikkarkivet.net/aindex.html
Eg har skriv litt om dette i eit tidlegare innslag her på bloggen.

Til slutt var det Open sending. Her var Ingebjørg Ellinor Rysstad og Berit Homme telefonvakter. Frå klokka 21 til 22.35 kom det inn vel hundre telefonar, og ryggsekken med Valle radio-logo gjekk til Jorunn Andersen på Rysstad. Teknikar denne kvelden var Torhild Sandnes og ansvarleg for sendinga var

Harald