Johan Falkberget

Share

Bokaktuelt denne veka var om Johan Falkberget i høve at boka Den fjerde nattevakt er blitt til opera. Komponisten heiter Gisle Kverndokk, og han nyttar folkemusikk i operaen, framført av musikaren Sven Nyhus.

Vi starta difor sendinga med Bergrosa, ein pols Sven Nyhus har laga. Deretter stilte eg Lisbeth Dalquist Homme spørsmålet om kva biblioteket i Valle kan hjelpe meg med dersom eg vil førebu meg til ein tur i operaen.

I samlinga som kjem fram når du søkjer på Falkberget i databasen til Valle bibliotek er det 20 postar, vi finn bøkene Den fjerde nattevakt, Nattens brød (4 band), Bør Børson og Eli Sjursdotter filmen om Ann Magritt og lydbøker av Den fjerde nattevakt og Nattens brød. I tillegg er det fleire bøker om forfattaren.

Det er likevel lite i høve til samlinga til Hans Svenne i Drammen. Han har 1200 bøker relatert til Falkberget, det er meir enn Nasjonalbiblioteket. Svenne laga i 1993 ein bibliografi over forfattarskapen til denne Røros-forfattaren.

-Eg har sett Den fjerde nattevakt på Trøndelag teater, det var eit stykke som gjorde inntrykk, sa Lisbeth, som i unge år tenkte å bli bibliotekar på Røros.

-Det er jo ei kjærleikssoge sjølv om det og handlar om livet på Røros frå 1807, var konklusjonen på samtalen, der vi også kom inn på arbeidet som var gjort for å gje Falkberget Nobelprisen i litteratur. Alltid var det ein engelsk forfattar som kom før han på lista, så det vart aldri nokon Nobelpris på han.

«Kjærligheten er et brennende ris som pisker en i selve hjertet,» heiter det i Eli Sjursdotter.

Programmet var laga med hjelp av stoff frå Valle folkebibliotek og oppslag i Dagbladet fredag 4. november. Det var premiere 5. november, sjå linken
http://www.operaen.no/sw2841.asp
for meir informasjon. Bøkene finn du på biblioteket, seier biblioteksjef Lisbeth D. Homme.

Dersom du tek turen i operaen, vonar eg at du seier i frå, så kan me lage eit program i Valle radio.

Harald

Diakonisøndag i Otredal prosti

Share

Denne søndagen vart markert i Bygland kyrkje med gudsteneste klokka 18.00 ved sokneprest Bernt Olav Jensen og prostidiakon Per Emanuelsen.

I programmet Møteplassen klokka 19.05 tysdag 8. november kunne du fyrst høyre det meste av talen til diakonen, deretter høyrde du organist Alfred Gammelsæter improvisere på orgelet. Han gjorde det medan kyrkjelyden kunne gå rundt i kyrkja og tenne lys og be, det var Allehelgenssøndag denne dagen. Folk kunne og skrive bøneemner på lappar som dei la i ei bønekrukke. Etterpå vart alle bønelappane medtekne i kyrkjelyden si bøn, utan opplesing av den einskilde bøna.

Det var 50 menneske frå dei fleste sokna i Otredal prosti til stades på gudstenesta denne regnfulle og mørke søndagskvelden.

Til Telemark

Share

Det siste programmet, nummer 4, i serien Til Telemark med Niklos K. Besteland, hadde desse innslaga:

1. Jenta på Lauvøya
2. Hålehåven
3. Gibøens draum
4. Fenta
5. Tjugedalaren

Alle med unntak av hallingen på nr. 4, var springarar. Dei tre siste var live-opptak frå kappleik i Porsgrunn.

Kjetil Løndal levde frå 1907-1987, han var frå Tuddal, men budde i Oslo frå 1939. Han levde av å vere vaktmeister, men levde for å spele i Telelaget. Det gjorde han i 25 år frå 1945. I 1956, 1958, 1959 og 1966 vann han landskappleikane, og han turnerte med framsyninga «Dans ropte fela» både i Europa og USA. For det mangfaldige arbeidet innan folkemusikken fekk han Kongens fortenestmedalje i gull.

Mellom slåttane las Niklos opp dikt frå samlina Millom fjelli blå av Knut Sudgarden.