Open sending med Rolf-Erik Homme

Share

Onsdag 16. november var det Rolf Erik Homme som hadde ansvaret for Open sending i Valle radio frå klokka 21.00. Han hadde fått med seg Henri Tore Viki, og rebusane var baserte på siste nummer av Setesdølen.

Det var ikkje noko stort rush med telefonar denne kvelden, det var landskamp i fotball mellom Noreg og Tsjekkia, og mange potensielle lydarar fylgde nok med på den. På vel halvannan time kom dei gjennom åtte rebusar med så varierte stikkord som juleeventyr, Gledeskompaniet, Tryllefløyta og rypejakt, for å nemne nokre. Johanna Solheim fekk ryggsekken, som er hovudpremie i radioen no.

Nokon stor flaum med helsingar er det heller ikkje i Valle radio for tida, men vi merka oss at det var helsing til Gudrun Rysstad, teknikaren vår, som fyller 50 år laurdag 19. november, men som reiser på feirereise, som dei sa.

Gratulerer med dagen, Gudrun!

Harald

Carl-Otto Schiørn i Valle radio

Share

Timen mellom 20 og 21 onsdag 16. november nytta Hallvard til ein prat med mannen som no har seld Hovdestøylen og som skal flytte frå Hovden, Carl-Otto Schiørn. Han kom i studio, hadde med seg hunden sin, noko lyttarane ikkje kunne merke, og i ein interessant samtale kom han inn på mange av dei folka han hadde samarbeidd med gjennom 35 år på Hovden.

Tuls og Carl-Otto kom til Hovden Høyfjellshotell og starta der 1. januar 1971. Det vart eit spennande liv, han var der i sju år, men då ville dei overta og det ville ikkje eigarane, dei ville bare gje 10%, og dermed slutta dei og starta for seg sjølv med å bygge opp Hovdestøylen.

I samtalen mintest han mange av dei som dei hadde arbeidd saman med opp gjennom åra. På grunnlag av ein annonse i Aftenposten hamna dei etter mange år på Grønland i Setesdal og ikkje på Kongsberg, der kona kom frå og der dei hadde planar om å byggje eit hotell nær skibakken. Men kommunen ikkje ville vere med på når det kom til stykket, no – etter 35 år – ser dei ut til å ville realisere det.

Ein innhaldsrik samtale med ein fargerik person.

Harald

Aktuell time og Kommunen informerer onsdag 16.11.2005

Share

Fyrste mann ut i kveldens sending var Tarald Trydal frå Setesdalslaget i Oslo, som no skal leggjast ned etter 60 år. Unge folk kjem ikkje på møtene, no var dei mellom 70 og 90 år. Tinga som laget har hatt, mellom anna ei fane, skal dei levere til Setesdalsmuseet.

Så gjekk Hallvard Kjelleberg til fjells og fekk Tom Kvinlog i Hovden Skisenterpå tråden for å snakke litt om førebuingane til vintersesongen på Hovden. Deretter hadde han ein prat med Jan Woitacek i Brokke Alpinanlegg om same temaet. Begge håpar at sesongen kan starte første helga i desember, og ettersom det er kaldt no, kan dei produsere snø med snøkanonar.

Som tredje innslag hadde han ein prat med Geir Osmund Wehus i Kreftforeningen region Agder om jobben. Wehus var pleie- og omsorgsjef i Valle i over åtte år før han for halvanna år sidan flytta tilbake til Øvrebø, der han vaks opp.

Til slutt fortalde Ragnar Ås om Jolemessa på Rysstad, som skal vere 19. november, og der målet er å få inn 300.000 kroner til Norsk Luthersk Misjonssamband. I år er det Gunnar Hamnøy som skal tale og Søgne Kristelege Song og Jaktlag som skal syngje, eit mannskor på 30 medlemmer.

Alle innslaga denne kvelden var på telefon.

I forhåndsannonsen av programmet her på bloggen stod det at ein skulle prøve å få med Jorunn Stiansen for fortelje om korleis det var å få ein dialektpris. Korkje ho eller NK i Valle sparebank, Torleiv Hovet, vart med i sendinga.

Fagansvarleg økonomi Wenche E. Gundersen i Valle kommune kom klokka 19 og kunne fortelje at kommunens budsjett for 2006 no var vedteke av formannskapet og difor torsdag 18. november skulle leggjast ut på dei faste plassane i kommunen til gjennomsyn. Ho gjorde også greie for rammer og tiltak som ligg inne i framlegget, som kommunestyret skal vedta før jol.

Desse 90 minutta frå 1800 til 1930 var krydra med variert musikk. Wenche hadde som vanleg med seg tysk musikk, noko vi ikkje høyrer så ofte i Valle radio.

Harald

Ei musikkhistorisk vandring

Share

I 1703 fekk Johann Sebastian Bach stilling som organist i Arnstadt. Han var bare 18 år, men alt då var han ein habil organist. Då han hadde vore der i to år, fekk han permisjon i 4 veker for å reise til Lübeck og høyre den store orgelvirtuosen Dietrich Buxtehude spele. Han var ein gamal mann, 68 år, men hadde ei konsertrekke seint på hausten som det gjekk gjetord om.

Truleg fekk Bach høyre det stykket vi sender fyrst i kveld, Buxtehudes Preludium i E-dur, BuxWV 141 då han var i Lübeck denne hausten.

Å gå frå Arnstadt til Lübeck tek si tid, det er 40 mil, så det er ikkje unaturleg at Bach tykte han fekk for kort tid i Hansabyen. Han blei der i 4 månader i staden for 4 veker.

Bach hadde ein eigen evne til å suge opp andre sine komposisjonar. I Postludium tysdag 15. november 2005 høyrde vi Bach: Preludium og Fuge i Ess-dur, BWV 552, spelt på orgelet i Martinikerk i Groningen av organisten Andreas Liebig, som var i Valle i haust og spelte i eit orgel- og folketone-program saman med Halvor Håkanes i Valle kyrkje. Særleg fugen har mykje likt med Buxtehudes verk. Temaet her liknar på melodien til salma Gud når du til regnskap kaller, på engelsk heiter melodien St. Anne etter komponisten Walter Croft, som var organist i St. Anne-kyrkja.

Liebig fortel på coveret til plata si at verket er det siste av dei frie verka til Bach, han publiserte det sjølv i 1739 som ein del av «Dritter Teil der Klavierübung.»

Element til kommentarane til dette programmet henta eg for ein stor del frå ein artikkel av Ove Kr. Sundberg i Aftenposten 2. oktober 2005. Link til denne finn du her:
http://www.aftenposten.no/meninger/kronikker/article1125859.ece

Eit av måla med turen var truleg for Bach å finne ut om han skulle prøve å få stillingen etter Buxtehude, men det gav han seg på. For å få den måtte han gifte seg med dottera til Buxtehude, som truleg var dobbelt så gamal som Bach og neppe gjorde noko godt inntrykk på 18-åringen.

Vel heime måtte han tåle sterk kritikk av sin arbeidsgjevar, men i Lübeck fekk han rike impulsar til si seinare gjerning.

Harald