Lekpredikanten

Share

Onsdag kveld 2. november klokka 20:00 kjem Leonhard Jansen for å fortelje om lekpredikanten Severin Tobiassen og Setesdal i Valle radio. Han har med både song og utdrag frå tale den denne frodige forkynnaren heldt, og han ser med historiske auge på ei rørsle som har prega Setesdal. Han har også hatt eit skråblikk på korleis dei som slutta seg til rørsla, anten dei gjekk ut av kyrkja og starta luthersk frikyrkje, eller dei blei i kyrkja og engasjerte seg i ein lågkyrkjeleg organisasjon, også har hatt leiaroppgåver i lokalsamfunnet.

Har religiøse opplevingar og erfaringar nokon plass i dagens samfunn? Treng vi lekpredikantar i dag?

Harald

2 thoughts on “Lekpredikanten”

  1. Dette blir nok ingen kommentar til artikkelen om Severin Tobiassen ettersom eg ikkje har høyrt/lese han. Men eg skulle gjerne ha fått kjennskap til kva Leonhard Jansen har sagt om denne mannen som skapte ei slik fokelegreligiøs rørsle. Spørsmålet mitt er: Finst artikkelen tilgjengeleg på trykk – eventuelt også med lyd?
    Takksam for svar.
    Venleg helsing Jon Bjones

  2. Nei, artikkelen er ikkje tilgjengeleg på trykk om du meiner om han er trykt i nokon publikasjon. Men Leonhard Jansen har halde dette foredraget fleire stader no, både i Birkenes og i Bygland (omtalt i Setesdølen for fredag 4. november, som hadde ei heilside frå dette møtet i Bygland pensjonistforening) før han kom til Valle radio med foredraget. Etter mi meining kan det godt haldast andre stader og, til og med i nedslagsfeltet til radioen. Det er ikkje oppbrukt sjølv om det har vore halde fleire gonger, og truleg får han reaksjonar som gjer det naturleg med små justeringar. Sjølv om han døydde for 40 år sidan, finst det framleis folk som hugsar denne fargerike lekpredikanten.

    Harald

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *