Program i veke 51 – 2005

Share

Tysdag 20. desember

Program

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Musikk i advent 4
20:00 Bokaktuelt med Lisbeth D. Homme
20:30 Postludium med Niklos K. Besteland
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 21. desember

18:00 Kommunestyremøte

Type Utv.nr Sakstittel
PS 91/05 Referatsaker
RS 104/05 Melding om vedtak: Kommunevise bidrag ti…
RS 105/05 Møteprotokoll frå Planutvalet 13.12.05
RS 106/05 Møteprotokoll frå Formannskapet 14.12.05
RS 107/05 Tilbakemelding til kommunar som vende se…
RS 108/05 Sluttrapport frå prostdiakonprosjektet i…
RS 109/05 Brokke Nord og Sør: Orientering om sake…
RS 110/05 Vedk. gennomføring av NAV-reformen. Brev…
PS 92/05 Førespurnader
PS 93/05 Ordføraren orienterer
PS 94/05 Møteplan 2005
PS 95/05 Skatterekneskapen 1. halvår 2004
PS 96/05 Eigarskifte i Valle Infrastruktur AS

Dette er alt eg finn om sakene til kommunestyret på nettet,
men du kan gå til http://www.valle.kommune.no
På politiske saker finn du kommunestyret, og der ligg dato for møtet. Klikk på det, så finn du sakene, og der ligg innkallinga som eit word-dokument du kan laste ned.

Lisle jolaftan 23. desember
17;00 Sending frå sentrum

Min musikk – Tarald Myrum

Share

Min lærar på skulen var Tarald Nomeland, han kunne ikkje syngje, men spelte fele for å prøve å lære oss å syngje. Truleg var det ikkje mange i min klasse som vart aktive innan musikk.

Eg hadde aldri trudd at eg skulle verte platepratar, eg hadde ng i song på ungdomsskulen, men ein kan ha glede av musikken likevel. Når dugnadsprosjektet Valle radio spør, må ein bare stille opp.

Eg hadde ungdomstida i Beatles og Stones tida, det var vanskeleg å velje mellom desse, så eg valde Bob Dylan

1. Blowing in the wind
http://bobdylan.com/songs/blowin.html

2. Simon and Garfunkel, konsertopptak frå New York Central Park, Mrs. Robinson
http://www.lyricsondemand.com/s/simonandgarfunkellyrics/mrsrobinsonlyrics.html

Tarald sit i eit organ som vurdere musikken i NRK Sørlandssending – programrådet
Nokre meiner at det er for mykje dunkemusikk, andre vil ha meir religiøs musikk. Men musikken i NRK er sentralstyrt, Sørlandssendinga kan bare ha litt lokal musikk. Han har inntrykk av at dei brukar mykje lokal musikk, ikkje minst med Sørlandstoppen. Men dei fleste likar

3. Louis Armstrong: What a wonderful world
http://www.mathematik.uni-ulm.de/paul/lyrics/louisa~1/whataw~1.html

-Då eg var ordførar fekk eg augo opp for det flotte folkemusikkmiljøet vi har i kommunen. Musikkskulen og Valle vidaregåande har lagt godt til rette for utvikling her, sjølv om det no er endring på gang. Men dei gamle er eldst, her kjem

4. Bjørgulv Straume: Luftslaget
http://www.folknorth.org/detail.asp?lang=sw&Nr=1130

Erik Bye hadde mest ikkje pust att, men engasjementet var stort:

5. Erik Bye: Vår beste dag
http://www.vg.no/pub/vgart.hbs?artid=32726

Det har vore mest gamle travarar i programmet. Men Idol og sørlandske syngedamer kan eg styre mi begeistring for. Derimot likar eg denne av dei nye:

6. Madrugada og Ane Brun: Lift me
http://www.vg.no/pub/vgart.hbs?artid=32726
http://www.dagbladet.no/kultur/2005/11/17/449622.html

Det går mot jol, også i musikken. Her kjem irsk musikk

7. Fairytale of New York
http://www.pogues.com/Releases/Lyrics/LPs/IfIShould/Fairytale.html

Næringsliv i Valle

Share

Theis Salvesen i samtale med Olav K. Hovet

Han har vore med i firmaet frå han var 13 år. Han følte det ikkje slik at han skulle overta, han måtte ta del i livet i eit lite firma, akkurat som på ein gard. Men foreldra dreiv garden fram til 1990, sauer og kyr. Det var greitt med kyr når ein kunne sende dei på fellesbeitet på Birkeland. Knut døydde i 1987, og Olav overtok firmaet då. Han var då 30 år gamal, og firmaet hadde fem tilsette. No har dei åtte, han har leigd inn tre for å klare alt dei har å gjere.

Når han legg inn tilbod tenkjer han på korleis han skal halde firmaet i sviv. Han er meir på kontoret no, han har ein lekker sekretær, det er kona.

Olav er omtrent i felten dagleg, særleg når det er mykje å gjere, som no. Han har to lærlingar no, både av idealistiske grunnar og for å tene pengar. Men unge reiser frå Valle fordi miljøet har ikkje så lett å halde på dei unge. I perioden frå ein er 15-30 er det vanskeleg å få unge til å vere i Valle. Med reform -94 lærer lærlingane mykje og kan mykje. Dei som har grunnkurs og VK 1 kan ganske mykje, og VK2 er læretida.

Jo meir ein har å gjere, jo meir rekk ein, men det blir færre timar på sofaen. Så ein kan rekkje litt politikk også, når det blir for travelt, må varamennene i elden.

Kathie Melua: Nine million bicycles

Det største oppdraget er Hovden Badeland.
http://www.badeland.biz/
Det var eit greitt prosjekt der mange gode krefter samarbeidde om å få det til. Det held seg fint. Nokre prosjekt har vore gode, andre har vel ikkje utløyst så stort engasjement. Bykle kyrkje vart eit fint prosjekt, det gjekk nokre km med kabel. Idrottshallen i Valle var eit anna slikt prosjekt. Det er godt med nokre store jobbar mellom dei mange småjobbane.

Det er opp og ned med kva ein tener mest på. Men det er nokre gonger ein tapar også.

-Hender det du ser at anbodet ditt var for lågt og vert irritert?
-Det er ein del av gamet. Det kan nok hende at ein irriterar seg, men ein må leve med det.

-Klarer du å halde sysselsettinga?
-Vårknipa er vanskeleg, i vår måtte vi permittere, og det måtte vi også i 1993. Men elles har vi klart å halde sysselsetting. Vi har mest å gjere på Hovden, 70 prosent av arbeidet er der. Brokke har enno ikkje betydd så mykje for oss enno. Bjørnevatn vil også slå ut på sikt. Men ikkje noko i Valle kommune kan konkurrere med prosjekta på Hovden.

Men dei skal vere ferdig med 16 leilighetar i Brokke til St. Hans

Chris Rea: Let’s dance

Nyhetstimen og Kommunen informerer 14. desember 2004

Share

Ansvarleg Theis Salvesen med Anna Stella Karlsdottir på Setesdalsmuseet som kveldens gjest.

1. Til innleiing snakka dei om jolefeiring på Island, mellom anna om dei 13 nissane frå før-kristen tid. Dei snille fekk gode gåver, dei som ikkje hadde vore snille, fekk ei potet. Men no er det jolekrybber og alle andre kristne innslag i jolefeiringa der.

2. Heimføring av hus frå Aust-Agder Museet til Setesdalsmuseet.
Dette er ikkje aktuell politikk, ein går ikkje i andre sitt smykkeskrin sjølv om vi hadde felles bestemor, sa Anna Stella Karlsdottir, som også fortalde at om det skulle kome heimlause bygningar, så har dei ei stor tomt på Bjugsbakk med plass til ulike typar bygningar.

3. Rolling Stones sin konsert i Bergen til sumaren vart seld ut på 32 minutt. Musikk av dei var innslag i sendinga.

4. Theis fortel at han har vore med Arne Tronsen og fiska med oter og fått mykje fisk. Han spurde om det var lovleg, og Tom Arild Homme sa at det var greitt om ein hadde lov av grunneigar og hadde løyst fiskekort.

Som konsulent har Tom Arild Homme fått oppdrag å arbeide for å utvikle Otra som fiske-elv og få alle involverte partar til å vere med på dette; grunneigarar, turistar, kraftverk, kommunar og så vidare. Krypsivproblematikken fylgjer ikkje kommunegrenser, så her må alle involverte engasjere seg.

Forvaltning av fiskebestand og ørekyteproblematikken er andre oppgåver i denne samanhengen. Tom Arild har vore interessert i dette frå han var liten. No kan han leve av det, men tilskot over Statsbudsjettet til innlandsfiskeoppdrag er små og gjeld mest kalking og fiske etter laks.

Han er konsulent knytt til Bykle kommune, han har oppdrag for krypsivfondet sitt innfrysingsprosjekt, det var forsøk for 15 år sidan, no er det prosjekt. Det var store lokale endringar i resultatet, ein vonar at det skal gå greitt i år, for Heknidammen, Tjurrmo dam, er ny og skapar nye problem. I Bygland er det også krypsiv, ein vonar at dette skal også forsvinne, det er dårlege levekår for krypsiv i Åraksfjorden.

5. Bruce Springsteen: The River passar jo godt etter dette innslaget.

6. Ellen Mordal på telefon før jolekonserten:
Torsdag klokka 18:00 Bluesgruppe for 2-5 år. I Storstoga, Kultursenteret i Valle
Søndag klokka 17:00 saman med Bykle songlag og Byklekorpset
Søndag klokka 19:30 saman med Valle-korpset og solistar

Kulturskolen i Valle har prosjektsamarbeid med kulturskolen i Bykle

7. Å høyre Arild Andersen på Setesdalsmuseet då Kirsten Bråten Berg vart slått til ridder av første klasse av St. Olavs orden var ei stor oppleving. Folketonar på bass var ein spesiell sak. Kirsten er Setesdalsmuseets mor, dei får to millionar direkte over Statsbudsjettet, og årets budsjett har truleg ein auke på 500.000. Det skal ikkje brukast på ein ny stilling, men til konsolidering.

8. Glade jol på islandsk.

9. Theis fekk fyrste gong jolestemning i slutten av november, for då fekk han vite at to av borna hans skal ikkje vere heime i jola, så dei åt spa på førehand. Gabriel skal vere på sjøen og Gunvor er i Phuket i Thailand akkurat no, så då var det naturleg å ta ein telefon til henne. Ho fortalde at ho er på tur i områda der tsunamien råka, mykje er forandra i høve til før, seier dei som hadde vore her før det skjedde. Det er varmt i vatnet, massasje kostar ikkje noko, ein lever som dronningar. Før ho kom til Asia var ho i Australia. Der hoppa ho i fallskjerm, det føltest ikkje bra, men etterpå var det gøy å ha gjort det. I dag kom det pakke frå Singapore til prestegarden. Etterpå skal dei til India og Nepal og på dagstur til Tibet. Gunvor reiser saman med kusine Mette og Siri frå Mandal. I Brisbane budde ho hos Beth Lunden, i Surfer’s Paradise budde ho hos Peer Ole Jacob. No er ho saman med Beth og Kjetil. Ho kjem heim 10. januar.

10. Islandsk salme: Å fader, gi meg styrke.

11. Religionsundervisning på Island er ikkje bare kristendom, men generelt om religion. Men skal ein verte islandsk statsborgar må ein ta eit islandsk namn.

12. Leif Kvinlog kommenterte om den nye ordninga ved religionsundervisning. Kven er det som skal tenke, er det læraren, rektør, skolestyre. På kysten var det ein lærar som gjerne ville ha yoga i timen, men det var problematisk.

Religionsutøving er ein privatsak, så fast bordvers som bordbønn er ikkje lenger aktuelt. Det som er viktig, er at foreldrene får informasjon slik at dei kan ta stilling til situasjonen på førehand. Om presten vil ha ein minigudsteneste under eit skulebesøk, bør foreldrene få vite om det og ta avgjerd for sine barn.

Korleis er det med jolegudstenesta? Vi hadde det oppe i FAU, og må vere medvitne. Valle skule har ikkje lagt opp til endring i høve til tidlegare år. Om skulen skal stille krav, kan det like godt vere i gymsalen med eige opplegg.

FN har stilt krav til KRL-faget slik at vektinga er litt annleis no. Det har vore oppe som sak i personalet, men ein hadde alt justert seg noko i høve til tidlegare. Valle og Hylestad har vore homogent i alle år, men når det kom flyktningar, måtte ein justere noko. Først og fremst gjeld det KRL, men også heimkunnskap vert påverka ettersom nokre ikkje kan ha svinekjøt. Valle skule har fått nokre spørsmål frå norske foreldre, men dei har vore få.

12. Ane Brun og Sivert Høyem: Lift me

Kommunen informerer
Varaordfører Olaf Henrik Homme – 40% På dagens formannskapsmøte var han fungerande ordførar.

Opning i romjula:
Rådhuset og helsehuset 10-14
Legekontoret 8-15

Årskort i Brokke
Også skuleelevar som ikkje høyrer til i Valle kommune, kan få dekt halvparten på same måte som alle fastbuande.

Ljosløypa i Brokke skal vere 5,5 km og koste 8 millionar, entreprenøren er frå Iveland, breidda er på 6-9 meter slik at ein kan starte Sesilåmi i traseen. Men kulvert over bekk og ljos kjem ikkje før til våren. Om bekken frys kan ein lage løypa over bekken.

Når konsertane er til sundag, siste helga før jol, er Theis på jolebord i Farsund.

Musikk: King of the road med Elvis Presley

Geitåsen, Åsan II, det nye bustadfeltet på Rysstad. Det skal vere anbodsbefaring over nyår. Tildeling av tomter kan verte i august/ september. Det står mange på lista og er interesserte i tomter der.

Reimarmoen er stengt i romjola. Men det er ope måndag fyrstkomande.

No kjem det nytt rekkverk til trappa ved det gamle kommunehuset/ biblioteket

Buss-skur på Rysstad kjem også før jol. Men badinga er stengt no, dei tømde bassenget i dag.

Hylestad skule skal dei pusse opp personaldelen etter jol. Parkeringsplassen skal vere ferdig no til jol. Valle skule skal pussast opp for 35 millionar over fleire år.

Det skal lagast ein skiltplan for sentrum i Valle, men på Rysstad kjem det skilt med temperatur og klokke.

Flaggstanga utanfor kommunehuset i Valle er borte no og må kome opp att.

Cheerio avslutta halvtimen

Jolemusikk på orgel

Share

Pieter Leebeek var organist i Valle frå 1993-1999, men flytta så til Østre Halsen i Larvik kommune. No er han framleis i Larvik kommune, men i Nenset kyrkje. På Carsten Lund-orgelet (1997) i Larvik kirke.

Her er ein link til kyrkja, men eg kjem ikkje inn på biletet av orgelet. Prøv sjølv.

http://www.larvik-kirke.no/index.cgi?section=kirke-menighet&page=larvik

I programmet improviserte Pieter over fleire joletonar:

1. Deilig er jorden – 6 variasjonar
2. Det hev ei rosa sprunge
3. O jul med din glede
4. En krybbe var vuggen
5. Mitt hjerte alltid vanker – 5 variasjonar
6. Glade jul

Ålesund kammerkor song og Deilig er jorden og Away in a manger i programmet.

Harald

Bokaktuelt til barn og unge til jol

Share

I samtalen med biblioteksjef Lisbeth Dalquist Homme fortalde eg om korleis eg kjøper jolegåver på internett, og at det ikkje er alle bokhandlarane på
http://dogbert.abebooks.com/
som sender bøker til Noreg. Ho hadde med nokre bøker som ho tenkte kunne vere aktuellt jolegåver:

1. Barbro Lindgren/ Eva Eriksson:
a. Påls bamse
b. Påls balje
c. Påls bil

Dette er små peikebøker på 30 sider som ein kan nytte frå to års alder og så ta fram igjen når barnet lærer å lese.

2. Maria Parr: Vaffelhjarte
Dette er ein debutroman som og er frå Samlaget, altså nynorsk.

Sjå linken her:
http://barnebokkritikk.no/modules.php?name=Reviews&file=print&id=313

3. J. K. Rowlings: Harry Potter og halvblodsprinsen

Om guten eller jenta les mykje, kan Harry Potter vere aktuelt. Då siste boka kom i haust, selde dei 9 millionar på 24 timar. Det var den engelske utgåva, men Lisbeth trur at mange får denne boka til jol i år.

Det er også andre fantasy-bøker:

4. Skammaren-serien
Bøkene kostar under 200 kroner.
Om du går til forfattaren Lene Kaaberbøl på Samlaget si heimeside, finn du meir.
http://www.samlaget.no/forfattar.cfm?id=2616

5. Susanna Clarke: Jonathan Strange & herr Norrell
Denne boka er på 888 sider og kostar 399. Den er svært populær på Deichmann-biblioteket i Oslo, men Lisbeth har ikkje fått den til Valle enno.

Wikipedia har ein omtale av denne boka,
http://no.wikipedia.org/wiki/Jonathan_Strange_og_herr_Norrell

6. Heikki Gröhn: Mika blir gått ifrå
Biletbok til eit par hundre kroner frå Samlaget

http://www.samlaget.no/item.cfm?id=13915&read=lang_omtale

7. Torun Lian: Adam den tredje i fjerde
På barnebokkritikk.no er det omtale av boka. Sjå her:
http://www.barnebokkritikk.no/modules.php?name=Reviews&rop=showcontent&id=306

8. Rune Belsvik: Tøddel Blisterplytt
På barnebokkritikk.no er det omtale av boka. Sjå her:
http://www.barnebokkritikk.no/modules.php?name=Reviews&rop=showcontent&id=314

Åtte titlar og meir til på 25 minutt i Valle radio. Merk dette innlegget på bloggen og skriv det ut, så er det bare å ta turen til bokhandelen for å kjøpe den beste jolegåva, hard og innhaldsrik….

Harald

Musikk i advent 3

Share

I dette programmet nytta eg plata Fra hver en verdens krok. Julesanger med Ålesund Kammerkor, dirigent Kåre Hanken. Her finn du heimesida, men link til plata fann eg ikkje.

http://www.kor.no/kor/index.cfm?kor=261

Eg spelte desse kutta:

1. Nå julens klokker kimer
2. Englar kved i høge kor
3. Sjå i mørke vinternatt
4. Stilla natt
5. Mary had a baby, my Lord
6. Ding dong, merrily on high

Norea Mediemisjon i Valle radio

Share

Kvar veke leverer Norea Mediemisjon i Kristiansand tre program til Valle radio. Det er Over ein open Bibel, Noreamagasinet og Møteplassen. Heimesida til Norea er
her
http://www.norea.no/
Ta turen innom og sjå på denne sida.

I kveldens Over ein open Bibel var det Egil Grindland som hadde andakten. I Noreamagasinet var det ein samtale med Birgit Strøm, mor til Titten Tei, om Barne-TV før og no, det var og ein reportasje om IKO, som meiner at foreldre må få hjelp til å å gje barna kristen oppseding. I tida før jol les og Tove Houck Adventsdikt i dette programmet. Og i Møteplassen hadde Ragnhild Kristine Vartdal ein samtale med filosofen Nina Kari Monsen. Ho held fram med denne samtalen neste veke.

Eg kunne nok ønskt at dei hadde lagt ut meir info om desse programma på heimesidene i Kristiansand, så slapp eg å skrive det her, men kunne bare lage ein link. Kanskje ein gong i framtida…

Harald

Jolesongar er kjernekunnskap. Kåseriet

Share

I går, måndag, hadde eg gleda av å vere på Mandal Alders- og Sykehjem då dei hadde joletilstelning på Aktivitetsstua der. Reidun jobbar der, og ho hadde bede meg lese Ajax og spele til jolesongar. Når det gjeld Ajax, har denne Stavanger-forfattaren skrive mange fine soger om Johanna og Broremann. Lillebror undrar seg på mange ting, og storesøster prøver å svare.

Det som likevel gjorde mest inntrykk på meg, var sangen. No spelar eg ikkje så mykje piano lenger, men jolesongane ligg på eit vis i fingrane, ikkje minst var eg ofte ute og spelte på joletrefestar då vi budde på Stokmarknes i Vesterålen. Så opplevde eg at forsamlinga på vel 30 personar høgt oppe i åra, etter kvart kunne syngje ut og nesten overta styringa frå pianoet. Jolesongane var til glede, og eg sat og spelte og tenkte på at her kom joletrefestane frå ungdomen fram i minnet til dei som var til stades.

Då var det jo heilt naturleg å ramme inn kåseriet denne kvelden med eit par jolesongar. Sissel Kyrkjebø song Mitt hjerte alltid vanker og Whence is that goodly fragnance flowing frå plata Julekonserten, der ho er saman med Ole Edvard Anthonsen og Wayne Marshall, Polygram 1996.

Ein annan grunn til glede denne kvelden var at arbeidet med å fornye det tekniske utstyret i radioen går framover. I lang tid har eg ønskt at apparatet som koplar Valle radio saman med Bykle skulle få ein betre plass, slik at ein lettare kan fylgje med på kva som skjer når ein trykkjer på knappane. No har det skjedd, og denne kvelden var den fyrste det lukkast meg å kople opp utan at Hallvard måtte kome og hjelpe meg.

Hurra!

Program i veke 50 – 2005

Share

Tysdag 13. desember

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel. Egil Grindland
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Musikk i advent 3
20:00 Bokaktuelt. Jolegåver til barn og unge. Biblioteksjef Lisbeth D. Homme
20:30 Postludium. Orgelmusikk til jol.

Onsdag 14. desember

Ansvarleg: Theis Salvesen
Teknikar: Ørnulf Hasla

18:00 Aktuell time. Theis med gjest Anna Stella Karlsdottir
19:00 Kommunen informerer. Varaordfører Olaf Henrik Homme
19:30 Tankar frå Bibelen. Håvard Viki
20:00 Næringsliv i Valle. Olav K. Hovet
20:30 Min musikk. Tarald Myrum
21:00 Open sending med Theis med gjest Jorunn Helle