Aktuell time fredag 2. desember

Share

Eg sat heime i Mandal og høyrde på sendinga over Internett. Etter kvart som programmet gjekk, skreiv eg notatar. Eg legg dei ut på bloggen utan særleg redigering:

1. I denne søte juletid med Kirsten Bråten Berg, frå plata Joletid2. Theis Salvesen og Magnhild Bjørnarå
a. Om Bykle Radio, som skal ha møte om framtida neste fredag. Theis har hatt ide om å ha radio for heile dalen, det meinte han alt då han sat i Setesdal Næringsfond for 12 år sidan.
b. Magnhild er i jolestemning og har bakt pepperkaker. Theis har hundre på lista som han skal sende jolekort til, men han kopierer opp og sender rundt. Magnhild skriv personlege kort.
c. Sviblane og amaryllisen til Theis spirer og lever og gror.

2. Rolling Stones: Dead Flowers
10. desember startar billettsalet til Rolling Stones konsert i Bergen 7. juli 2006.

3. Anders Wergeland frå UiO skal lage fellesarrangement for alle ungdommar i Setesdal. Det skal vere i Vallehalli og folk frå heile dalen er invitert til å vere med. Det vert laurdag 10. desember. Det skal vere fotballkampar heile dagen, og går fra klokka 10-18. Ein vonar det kjem 20 lag. Eit team på 15-20 unge frå UiO i Skien kjem opp og har eit show i Storstoga klokka 19.00. Det er gratis for alle og inneheld dans, drama, sang og vitnespyrd. Dagen etter vert det på Grendehuset på Hovden klokka 19.

4. Frå Maria Arredondos nye plate: Himmel på jord Plata heiter Min jul.

5. Samtale med Oddvar Skaiaa, fylkesordførar i Aust-Agder.
a. Fylkesutvalet har gått inn for å auke bompengane i Setesdal frå 25-30 kroner. Prognosane slår ikkje til, ein må finne fleire penger for å få utbetre Riksveg nr. 9, som jo er blitt stamveg.
b. Vidaregåande skular er slått saman administrativt, det er for å spare pengar. I tillegg til dei offentlege skulane har vi fått KVS Bygland, som etter Skaiås meining har vore positivt.
c. Neste veke skal det vere budsjettmøte for fylket. Det kostar å drive alle desse små skulane, men no var det samrøystes om å halde på skulestrukturen.
d. Staten har stoppa bevilgningane til Evje Utvikling, men Aust-Agder vil halde oppe støtten til dette.

6. Magnhild har valt musikk til kvelden. Jorunn Stiansen: Takes one to know one

7. Bjørn Robstad, Evje-ordførar og fråhaldsmann
a. Om pol på Evje; han har ikkje merka store problem ved at det har kome pol til Evje. Og handelsstanden er svært nøgd.
b. Evje treng ein region å vere senter for. Vi treng eit sterkt regionråd, og Robstad meinte det er dumt at Iveland vil trekke seg ut. Theis meiner at Bykle og Valle er for kipne.
c. Trafikkstasjon, likningsstasjon, trygdekontor osv. må vi arbeide for å behalde. Det er naturleg å kjempe for å ha ting sterkt desentralisert, men når det ikkje er mogleg, må ein stå saman om å få det i regionen
d. Evjemoen. Det er annleis å kjempe for noe enn mot noe. Kampen mot å leggje ned Evjemoen var sterk, men det er spennande å arbeide for å utvikle moen når det no ikkje lenger er militær aktivitet på Evje.

8. Magnhild har vore gift i 30 år, og var på Evjemoen då hennar rekrutt var der. No har Theis kjøpt seg scooter og til våren vil han kjøre som ei blå pil forbi Bjørnarå.

9. Rolf Erik Homme: Rekreasjon

10. Stangeland i Redningsselskapet har 20 styreverv. Magnhild har gått ut av styret i Bykle Radio, men ho er kasserar i Trydal grendelag. Ho er styremedlem i Henriksentunet, der det er jolemarknad i helga. Så er ho medlem i 1000-årskomiteen som har vorte til 100-årskomiteen. Og så er ho medlem i styret i Hovden reiselivslag,

11. som nettopp har tilsett ny reiselivssjef, Marianne Fedde Lilland. Ho er i Stavanger og markedsfører Hovden, Stavanger skal få snø frå Hovden til onsdag. Ho har vore hyttebyklar i 30 år, foreldrene har hytte på Ørnefjell, ho ønsker at løypenettet skal utviklast vidare, slik at ein ikkje treng bruke bil når ein skal ut.
a. Ein arbeider for å få sommarturisme til Hovden.
b. Sykkel-løype er eit toårig prosjekt,
c. men vandring og betre presentasjon av løypene er viktig.
d. Dei arbeider og med å fylle midt-vekene, no er alt snart fullt i helgene og i påskehøgtida.

12. Theis flytter ikkje til Grim, han søkte, men han trur ikkje dei vil ha han. Han ønska Magnhild velkommen tilbake, ho høver i radio.

13. Tina Turner: Paradise is here.

Harald

Kvinnekveld i Valle radio

Share

Dette stod i Setesdølen fredag 2. desember:

Valle radio skal ha sending til heile Setesdal i kveld. I det høvet har Theis Salvesen hanka inn nokre av dei mest taleføre kvinnene i nedslagsfeltet, og me vil tru at sendinga lett let seg fylle. Den nye fellesrektoren for dei vidaregåande skulane i dalen, Birgit Attestog, kjem, men ikkje før i den opne sendinga frå kl. 21. Frå då av kan praten gå i minst eit par timar om ho og Theis orkar. Litt musikk innimellom blir det vel saktens også.

Tidlegare på kvelden er også kvinnene svært sentrale. Magnhild Bjørnarå, som i mangel av sendingar i Bykle Radio i kveld slepp til i Valle radio, blir med Theis i den aktuelle timen frå klokka 18. Ho skal snakke om både Bykle radio og joleførebuingar. Der skal også den nye reiselivsjefen på Hovden, Marianne Fedde Lilland intervjuast om overgangen frå hyttebyklar til å bli fastbuande på Hovden.

Ei litt yngre kvinne, Eva Olavsdotter, ein av Hylestad-konfirmantane, skal presentere si supergruppe Rammstein. Ho har vore på konsertar med dei, og perfeksjonert seg i tysk for også å få med seg teksten.

-Alle kan glede seg til ein fantastisk halvtime frå klokka 19, seier Theis.

Dei som treng å roe seg ned etterpå, kan få med seg Torleif B. Harstad sine tankar frå Bibelen kl. 19.30. Halvtimen seinare er det duka for næringsprat igjen. Denne gongen kjem Bjørgulv T. Berg frå Brokke Hyttegrend i studio for å tale om leilitheter og nye utbyggingsfelt, medan den daglege leiaren på alpinsenteret i Brokkeheia, Jan Wojtaszek fortel litt om sesongstarten.

Klokka 20.30 er det klart for «Dialekten vår» med Sigurd Brokke og Knut K. Homme, begge med talemål som det er ein fest å høyre på. Dei tek opp ord og uttrykk, og presenterer internettsida vallemal.no.

Anders Wergeland frå Ungdom i Oppdrag fortel i Aktuell time kl. 18 om cup og danseframsyning i Storstoga. Fylkesordførar Oddvar Skaiaa blir med på ein prat om bompengar, vidaregåande skule og fylkeskommunen sine ambisjonar for Setesdal framover, medan ordførar Bjørn Robstad blir intervjua om Evje som regionsenter.

Fredag 2. desember 2005

Share

Dette var programmet:

Ansvarleg: Theis Salvesen
Teknikar: Torhild Sandnes

18:00 Aktuell time: Theis med gjest Magnhild Bjørnarå
19:00 Eva Olavsdottir presenterer Rammstein
19:30 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad
20:00 Næring i Valle ved Bjørgulv T. Berg og Jan Wojaszek
20:30 Dialekten vår. Sigurd Brokke og Knut K. Homme kjem i studio
21:00 Open sending. Theis med gjest Birgit Attestog, nytilsett rektor for alle vidaregåande skulane i Setesdal.