Open sending fredag 27. januar 2006

Share

Rebusane var basert på dagens Setesdølen. I løpet av sendinga, som starta 20.30, var det mange som var innom og løyste rebusar. Eg sat ikkje på PC-en heile kvelden, men eg fekk med meg at desse var innom:

Anne Lise Harstad, Valle
Tora Lund, Valle
Anne Britt Røynås, Søgne, (Reiarsvatnet)
Aud Bøgh Tobiassen, Kristiansand, (Raudetjønnskvæven)
Halvor Haugen, Åraksbø
Jorunn Haugen, Arendal
Roar Hallaråker, Vennesla (Ørnefjell)
Elisabeth Homme, Valle
Sven Egil Krohn, Kristiansand (Berdalsbru)
Ellen Sordal, Søgne,

Desse vann:
Ryggsekk og krus: Halvor Haugen
Puslespel med 4000 brikker: Halvor Haugen
Legg det inn på Ose hos Eivind på kafeen.

Pipenøkkelsett: Torhild Lunden
Spotlight: Ellen Sordal
Vekt: Sven Egil Krohn
Tannbørste: Anne Britt Røynås

Gudrun Nomeland og Jorunn Lund Harstad var telefonvakter.

Kommunen informerer 27. januar 2006

Share

Jorunn Tveiten er leiar for Velkomstsenteret

Viktigast i Velkomstsenteret er sentralbordtenesta, men dei svarer også på spørsmål og prøver å hjelpe, spesielt om sakshandsamarane ikkje er inne. Ho nemnde fleire aktuelle saker

1. Den lokale telefonkatalogen skal reviderast. Send inn rettingar.

2. Kommunalt stipend til folk frå Valle som går på skule. Søknadsfrist er 15. februar, stipendet er på 5000 kroner og ein kan få det for fem år på skule.

3. Søknadsfristen for stønad til halve årsavgifta på årskort i Brokke er utvida til 1. februar.

4. 2. februar kl. 19.00 skal det vere konsert/ kulturkveld i Storstoga. Sigurd Haugsgjerd skal leie kvelden, og Lars Bremnes, Kjartan Fløgstad og Kirsten Bråten Berg skal underhalde.

5. 16. februar kjem Kristiansand Symfoniorkester.

6. 23. februar skal det vere Bygdekveld i Hylestad soknehus. Hylestad skule står for den.

Aktuell time fredag 27. januar 2006

Share

Hallvard Kjelleberg hadde desse gjestene i programmet:

1. Sissa Ringstad om
a. prestegjeldsaksjonen 2006 med Elin Fagerbakke frå Ungdom i Oppdrag som gjestetalar. På opningsmøtet i Bykle kyrkje torsdag 26. januar var det 62 personar, fredag 27. januar er det møte på Soknehuset klokka 19.00, laurdag 28. januar kl. 15 er det familiesamling på Hovden. Sundag vert aksjonen avslutta i Valle kyrkje kl. 11.00, og etterpå er det kyrkjesuppe på Menighetshuset. Mette og Roger syng under aksjonen.

b. Nytt sokneråd for Valle og Hylestad har hatt sitt første møte. Ny leiar er Gro Håtveit Hovet. Andre i rådet er Astrid Nomeland, Bjørgulv T. Berg, Åse Holen, Torleif B. Harstad, Jorunn Høyland og Torhild Jåvold. Før har dei hatt eit sokneråd for kvart sokn, men no er dei to slått saman til eitt.

2. Arne Tronsen om
a. Bykle Breiband. Planen er å byggje linja ut til heilt sør i Valle kommune til neste år.
b. Heilårsveg Brokke-Suleskar er eit spanande prosjekt. Truleg bør ein lage ei ny utgreiing.
c. På Stamvegen Riksveg 9 er neste prosjekt Ose-Tveit. Det er planlagt å koste 41 millionar. No har ein ikkje von om å få meir pengar frå Staten, så finansiering av denne strekningen er noko usikker. Men ein vurderer å leggje inn refundert arbeidsgjevaravgift i prosjektet.
d. Gratis IP-sone i tettstadene i dalen. Her ligg vi i front i landet, Setesdal er det første dalføret som får eit slikt tilbod.
e. Dei siste sentralane blir oppgraderte til DSL no.

3. Tarjei Haugen
har slutta som rektor på Valle VGS etter 10 år for å verte prosjektleiar for Setesdal Sylvsenter. Denne satsinga er tredelt:
a. Styrke noverande arbeidsplassar
b. Setesdalsmuseet arbeider med å registrere sylv i Setesdal.
c. Kurssenter

«Sylv og reiseliv» skal styrkje noverande arbeidsplassar og inspirere til å lage nye. Det er viktig å inspirere til anna enn filigransylv og. Moderne smykkedesign kan ta i bruk mange materialtypar. Her er det planar om å utnytte stein frå Evje og Iveland, slik kan ein utnytte ressursar frå heile Setesdal. Tarjei fortalde at grunnleggjaren av Juhls sylvsmie i Kautokeino hadde gått i lære på Besteland. No har han ei stor sylvsmie som lagar sylv basert på samiske sylvsmedtradisjonar. Dottera til Juhl meinte at lauv som er brukt på samesyljer var inspirert frå sylvarbeid i Setesdal som kom til Nord-Norge i samband med jektefarten til Bergen.
http://www.juhls.no/
Gå til nettbutikken, så kan du sjå mange av smykka dei lagar.

Setesdalsmuseet planlegg å opprette samarbeid med Vesterheim-museet i USA.
http://vesterheim.org/about/index.php

Valle vidaregåande skule legg opp til at dei skal ha 45 elevar i 3 klassar. http://www.valle.vgs.no/

Dei prøver også å få til eit kurssenter. Til sommaren skal det vere eit spesielt arrangement, Sylvsommar i Setesdal. Det er tre store produsentar i Setesdal: Hasla, Trygve Rysstad og Gunnar Helle. Leonhard Jansen vil halde foredrag om sylvsmedane i Setesdal, og dei planlegg og å få trendanalytikarar frå Danmark til å vere med på kurset. Dei vil også ha eit opplegg på Evje og Iveland på dette kurset.

Fredag 27. januar

Share

Ansvarleg: Hallvard Kjelleberg
Teknikar: Rolf Erik Homme

18:00 Lokalnytt
19:00 Kommunen informerer ved leiar Velkomstsenteret Jorunn Tveiten
19:30 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
20:00 Musikkhalvtime ved Hallvard Kjelleberg
20:30 Open sending ved Rolf Erik Homme, Helge Dahle og teknikar Hallvard Kjelleberg.

Dagens Mozart – Solemn Vespers K. 193

Share

Her høyrde vi 1. sats, Dixit.

Wikipedia har ein fin nynorsk artikkel om Mozart
http://nn.wikipedia.org/wiki/Wolfgang_Amadeus_Mozart

og frå den kan du gå til andre språk.

Teksten er basert på Salme 90:

Prestekongen
Ein Davids-salme.
Herren seier til min herre:
«Set deg ved mi høgre hand
til eg får lagt dine fiendar
til skammel for dine føter!»
2 Frå Sion retter Herren ut
din mektige kongsstav.
Ver herre mellom dine fiendar!
3 Ditt folk møter viljug fram
den dagen du mønstrar din hær.
I heilagt skrud kjem din ungdom til deg
som dogg ut or morgonrodens fang.
4 Herren har svore og angrar det ikkje:
«Du skal vera prest til evig tid
på Melkisedeks vis.»
5 Herren er ved di høgre side,
han knuser kongar på sin vreidedag.
6 Han dømer folkeslag – det er fullt av lik,
hovdingar knuser han vidt over jord.
7 Kongen drikk or bekken ved vegen,
difor lyfter han hovudet høgt.

og sluttar med doksologien: Ære vere Faderen og Sonen og Heilaganden, som var og er og verta skal i all æve, Amen.

Country Gospel 3

Share

Bjørgulv T. Berg kunne ikkje vere med i kveld, han skulle på eit møte. Men eg hadde funne noko musikk basert på melodien It is well with my soul. Her er litt om soga bak songen og teksten:
http://www.livetskilde.org/norsk/11_cd_05.htm
http://www.cyberhymnal.org/htm/i/t/i/itiswell.htm

Eg hadde funne fire versjonar av songen i samlinga til Valle radio:
1. Dwight Yoakam
http://countrymusic.about.com/library/blsohwohrev.htm
2. Oddrun og Odd Dubland
Her er eit intervju med Dubland
http://dagen.no/show_art.cgi?art=3279
3. Mahalia Jackson
Her er ein engelsk biografi
http://www.mp3.com/mahalia-jackson/artists/1949/biography.html
4. Jessy Dixon
http://www.jessydixon.com/

Det er heilt utruleg korleis same songen kan verte fire ulike, svært vakre stykke, prega av den som framfører han.

Noreaprogram veke 4

Share

Over ein open Bibel
Her var det Else Lien Krogedal som hadde andakt. Ho er frivillig medarbeider i Nytt Liv Media i Stavanger. Nåde og tilgjeving er tema denne veka. Du kan ta kontakt med Norea om du ønskjer å få tilsendt kassett eller cd med andaktane. Her finn du kontaktskjema:
http://norea.no/page.php?elid=93&mtid=36&menu=141

Noreamagasinet
1.
Gateevangelisering. Samtale md Hartvig Kloster i Open Air Campaigners. «Vi må øve oss i gateevangelisering.»

2.
Kristen folkehøgskole er eit aktuelt alternativ for 18-åringar. 75% av dei er interesserte i folkehøgskole, men mange er skeptiske til ein kristen folkehøgskole. I tillegg til undervisning har dei morgonsamling, og mange trur at det er press til omvending, men slik er det ikkje. Meir om kristen folkehøgskole og liste over skulane finn du her
http://nkf.folkehogskole.no/nkf/
http://nkf.folkehogskole.no/nkf/index.php?id=16

3.
30 elevar ved Fjellheim Bibelskole i Tromsø skal ha to månader i Bolivia. Dei har fire timar spansk heile hausten, så når dei kjem til Bolivia, kan dei praktisere språket. Då har dei undervisning på føremiddagen og kan gjere kva dei vil ettermiddag og kveld.
http://www.fjellheimbibelskole.com/soramerika.htm

4.
Jacob Hånes hadde kommentaren denne gongen. Han tok for seg retten til å ha ei overtyding og siterte Professoren i teikneserien: «Om ein million menneske har feil, så er det likevel feil.» Her er eit intervju Fædrelandsvennen hadde med Hånes, som er krinssekretær i Misjonssambandet. http://www.fedrelandsvennen.no/livssyn/article334380.ece

Songar som vart nytta:
Gud hva kan jeg gi til deg. Tove og Jan Honningdal
Djube spor. Sigvart Dagsland
Soon and very soon. Andrea Crouch
Elskede, øm og tålmodig. Flekkerøyguttene

Møteplassen
Vi møtte Else Johnsen, som snakka om at det er naturleg med ei utvikling som kristen. Ei husgruppe der ein kan snakke om tru og be for kvarandre kan vere ei god hjelp.
Musikken var Hymne med Anita Skorgan og Colours Everywhere med Deana Carter

Å bli heit i hovudet

Share

I dag var eg tidleg i radioen, eg sat og førebudde meg, men 17:53 tenkte eg at eg får kople opp. Eg fann ei plate med Skruk som eg ville spele i samband med oppkoplinga og ringde nummeret til Bykle radio, slik eg har gjort nokre gonger no.

Så synte det seg at det etter at eg hadde ringt og slått på utstyret i Bykle, var vanskeleg å få connection for miksebordet, «connection failed» kom fleire gonger.

Og klokka gjekk. Utruleg kor fort ho går når noko ikkje fungerer som det skal.

Eg prøvde att, ein gong, to gonger, nei ikkje noko fungerte.

Så ringte eg til Hallvard, men han var oppteken med middagsservering på motellet og ba meg ringe til Jørund. Eg fann han på mobilen, og roleg og tydeleg hjelpte han meg til å starte om att og etter kvart fekk eg kontakt. Men då var klokka 18:20, så eg måtte improvisere litt for å kunne ta inn dei 20 minutta eg hadde mista.

Eg var nok litt heit i hovudet medan det stod på. Om eg fekk nokre lyttarar i kveld, veit eg ikkje. Kan hende dei tenkte at det ikkje vart sending når eg ikkje kom på lufta klokka 18:00. Men eg fullførte i god stil, etter kvart kom eg på tida i høve til programmet.

Så no er eg roleg att 🙂

Harald

Norea Mediemisjon 50 år

Share

Kåseri tysdag 24. januar 2006

Så er me komne til den siste veka av januar. Sist veke var det Noreamøte på Nomeland bedehus, dei feirar 50 årsjubileum i år. Tidene har forandra seg mykje frå Birger Breivik ønskte velkomen til fyrste sendinga frå Tanger på kortbølge til at det i dag er nærare 50 lokalradioar som sender i Noreg, og så er det sendingar på 30 språk over heile verda i tillegg.

Det har og forandra seg i den teknologiske revolusjonen. No vert medarbeidarane som held desse jubileumsmøta utstyrte med PC med Powerpoint og videokanon, og så syner dei informasjonen på lerret. Vi fekk glimt frå radiomisjon til fleire land, og sjølv om teknikken ikkje fungerte heilt – det var første møtet i ein serie på 200 planlagde møte – var det fengslande å sjå den samanhengen vi er med i når vi i Valle lytter til Noreaprogramma, slik vi snart skal gjere att i kveld.

Dagleg leiar Tore Askildsen seier at mediemisjon er minst like viktig i dag som for 50 år sidan. Les intervju med han her:
http://www.norea.no/page.php?mtid=1&elid=1041

Harald