Dagens Mozart 1

Share

1. sats frå Requiem K626. BBC symfoniorkester og kor. Solist Kate Royal.
Denne plata fylgde med BBC Music Magazine for januar 2006. Du kan ennå finne bladet i Narvesen (pris kr. 103).
http://www.bbcmusicmagazine.com/currentIssue.asp

Her finn du og informasjon om plata.
http://www.bbcmusicmagazine.com/covercd.asp

Meir om korleisverket vart til finn du her
http://www.mozartproject.org/compositions/k_626__.html

Og her er teksten i første sats:
http://www.good-music-guide.com/reviews/055lyrics.htm#Requiem

Introitus
Requiem aeternam dona ets, Domine,
et lux perpetua luceat ets.
Te decet hymnus, Deus, in Sion,
et tibi reddetur votum in Jerusalem.
Exaudi orationem meam,
ad te omnis caro veniet.
Requiem aeternam dona ets, Domine,
et lux perpetua luceat ets.

På engelsk:
Grant them eternal rest, O Lord,
and may perpetual light shine on them.
Thou, O God, art praised in Sion,
and unto Thee shall the vow
be performed in Jerusalem.
Hear my prayer, unto Thee shall all flesh come.
Grant them eternal rest, 0 Lord,
and may perpetual light shine on them.

Omsett til norsk blir det:
Gje dei evig fred, o Herre
og la evig lys skine på dei.
Du, o Gud, er prisa på Sion,
og til deg skal løftet bli fullført i Jerusalem.
Høyr mi bøn, til Deg skal all skapning kome.

Bokaktuelt 1 2006 Ibsen-året

Share

Då det er Ibsenår i år, 100 år sidan han døydde, var det naturleg å starte sesongen med å snakke med biblioteksjef Lisbeth D. Homme om Ibsen i Valle folkebibliotek. Ho kunne fortelje at dei har Ibsens samlede verk i minst ei utgåve.

Mange av skodespela finst på CD: Et dukkehjem, Fru Inger til Østråt, John Gabriel Borkman, Peer Gynt, Rosmersholm, Terje Vigen, Hedda Gabler, De unges forbund og Samfundets støtter. Det er høyrespel frå Radioteateret.

På biblioteket kan du og finne ein film basert på skodespela hans, Vildanden frå 1963 og ein annan film, Udødelige Ibsen frå 2000.

Det er også biografiar der, Robert Fergusons Mellom evne og higen og Stein Erik Lundes Biografien om Henrik Ibsen: alt eller intet.

To essay-samlingar står og i hyllene på biblioteket. Georg Johannesen skreiv i 2003 Nytt om Ibsen og andre essays, Eldrid Lunden kom året etter med Kvifor måtte Nora gå? Nye essays og andre tekstar.

Endeleg kan vi nemne ei bok av Henry Notaker, Til bords med Ibsen.

I ein artikkel frå NTB stod det at han ikkje likte kjøttkaker, men ryper hadde han sans for. Der stod det også at det er planlagt 4000 program over heile verda i 2006 og at Kong Harald skal vere til stades under opninga av Ibsen-året laurdag 14. januar i Oslo.

Alt dette snakka vi om på dei 12 minutta samtalen med Lisbeth tok, og så fekk vi høyre eit kutt frå høyrespelet Rosmersholm til slutt.

Du kan sjølv søke etter bøker av og om Ibsen i samlinga til Valle bibliotek. Gå inn på denne sida:
http://www.valle.kommune.no/bibliotek/

Harald

Gospel Country 1 med Bjørgulv T. Berg

Share

Då eg ringde til Bjørgulv og spurde om vi skulle lage Gospel Country att, var han med på notene med ein gong. Eg spurde han om han hadde «Precious Lord, take my hand», songen som gospelmusikken sin grunnleggjar Thomas A. Dorsey hadde skrive. -Ja, minst ein versjon, svara Bjørgulv. (Her er link til ei side om Dorsey: http://www.southernmusic.net/thomasdorsey.htm )

Grunnen til at eg ville ha denne songen, var at kyrkja som Dorsey var music minister i frå 1932 til 1978, Pilgrim Baptist Church i Bronzeville i Chicago, brann ned sist fredag. Sjå info om brannen her: http://www.cbsnews.com/stories/2006/01/06/national/main1185540.shtml

Her er spelelista:
1.
Be thou my vision
spelt på gitar av ein gitarist Bjørgulv hadde treft då han var i London før jol. Vedkomande sat og spela utanfor Covent Garden, og Bjørgulv vart fascinert både av å sjå teknikken og å høyre denne irske salmetonen «Deg å få skode» (Salmeboka 479).
2.
Precious Lord – Elvis Presley
Songen finst på nesten alle Elvis sine plater med Gospelmusikk. Han syng den uvanleg kjenslevart.
http://tinyurl.com/cjzu4 Her finn du teksten.
3.
Precious Lord – Bill Gaither
Denne finst på plata Homecoming 2002 – meir info her: http://www.mojosounds.com/music/musicItemPage.php/inv_id=147400

4.
Just a closer walk with Thee
Denne var det Patsy Cline som song. Songen var henta frå ein boks med to plater.
Teksten er her i Cyberhymnal: http://www.cyberhymnal.org/htm/j/u/justaclo.htm
Patsy Cline si heimeside finn du her: http://www.patsycline.com/

5.
Walking My Lord Up Calvary Hill
Wilma Lee og Stoney Cooper song denne bluegrassprega gospelsongen. Han døydde i 1977, ho heldt fram med musikken og vart i 2001 nominert til Bluegrass Hall of Fame. (Sjå http://www.spbgma.com/level2/wilmacooper.html ) Her er teksten: http://thesullivanfly.com/lyrics/up_calvary_hill.htm

6.
Take my strings, precious Lord
Då Bjørgulv kom i radioen, låg plata Min steel med Helge Johannesen frå Kristiansand der. Vi vart samde om å avslutte med den, tenkte at med den tittelen fekk vi melodien på steelgitar. Men det gjorde vi ikkje, dette var ein annan komposisjon. Konklusjonen vår var at vi bør kvalitetssikre betre når vi planlegg eit program. 🙂

Harald