Tysdag 17. januar 2006

Share

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein Open Bibel. Aud Karin Kjølvik
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Country Gospel med Bjørgulv T. Berg
20:00 Bokaktuelt. Tema: Skjønnlitteratur om skole
20:20 Dagens Mozart
20:30 Postludium. Niklos K. Besteland presenterer orgelmusikk frå tysk renessanse og barokk.
21:00 Kyrkjebakken.

Rebusar 13 januar 2006

Share

Henta frå Setesdølen 13. januar 2006

1. Løyst av Ingebjørg Vegestog Homme, Valle
Folkemusikkarkiv
Menneske + nr. 4 + lite dyr + nekting (bm) -e + lager

2. Løyst av Tor Hallvard Omlid, Sirdal
Skeisegalla
Spiseredskap + kikke + ikkje rett + gje lov

3. Løyst av Siw Omlid, Sirdal
Bilulykke
Kjøretøy + vokal + hell

4. Løyst av Anne Rakel Brokke, Rysstad
Visegruppa Faun
Sang + teamet + Foreldrerådets arbeidsutval + Norge

5. Løyst av Eirik Amund Lien, Lillesand
Narnia
Natrium + Radius + tal + nr. 1

6. Løyst av Halvor Haugen, Åraksbø
Stavsagene
Stokk + snakka + arvestoff + nr. 5

7. Løyst av Kaia Kristine Sandnes, Lillesand
Kommunelegen
Dansk dyr + millimeter, + triveleg + artikkel (bm)

8. Løyst av Turid Brottveit, Valle pt. Kr.sand
Plastposefabrikken
Nr. 16 + tømmer + bag + tone + duken

9. Løyst av Håvard Sandnes, Lillesand
Fønix
Vind + ni

10. Ingebjørg Berdalen, Bykle
Flekkerøy Sangkamerater
Male + fugl + vise + fotoapparat + oppfører seg

11. Løyst av Tor Hallvard Omlid, Sirdal
Klippen Bykle
Bruke saks + Nota Bene + ypsilon + ta på seg

12. Løyst av Tor Hallvard Omlid, Sirdal
Drosjeløyve
Nr. 4 + skryt + øy ved Moss + ri

13. Løyst av Anne Rakel Brokke, Rysstad
Silkemåling
Stoff + meter + kryping

13 rebusar på fredag 13. januar. Denne kvelden var det barnebarna til Ingebjørg Ellinor som prega sendinga. Dei sat i Sirdal og fylgde med på Internett eller (dei frå Lillesand) på hytte i Everdalen. Alle stader hadde dei fleire mobiltelefonar, så dei kunne ringe frå ulike nummer. Dei stakk og av med dei fleste premiane. Utanom desse var det Halvor Haugen, Åraksbø og Ingebjørg Berdalen, Bykle, som fekk premiar denne kvelden.

For meg var det likevel eit høgdepunkt å få høyre at Anne Lise Harstad hadde vore inne på bloggen og lyst oppgåvene på steva nesten før sendinga starta. Ho hadde fått seg PC før jol, og surfar no som best ho kan. Inn i studio kom også Turid Brottveit, som var i Kristiansand i høve ein 40-årsdag, men som fylgde med på nettradio.

Takk til alle som gjorde kvelden triveleg i Valle radio.

Harald

Aviser og musikk

Share

Etter at Bjørgulv T. Berg hadde hatt «Tankar frå Bibelen» saman med Sissa Ringstad, var det tid for Aviser og musikk.

Det var første gong vi hadde dette programmet, ideen var at vi skulle snakke om fredagsavisene og spele litt musikk innimellom. Eg hadde også opna for at dei som hadde funne svar på steva om stader å reise til i mørketida, kunne gjere det i denne timen. Dermed fekk vi svar på dei fire første gjennom telefonar frå lydarar. Sjå eige innlegg.

Vi snakka saman om mange emne. Bjørgulv hadde funne eit oppslag i Nationen om folk som gjerne ville gå i heia, men ikkje bere ryggsekk, og at det kunne verte ei nisje å utvikle vidare. Det gav høve til å snakke om utviklinga innan hytteliv; det er ikkje så mange som vil ha det primitivt på hytta lenger.

Vi snakka og om presten Gelius som skulle vere dommar i ein missekonkurranse, men som etter samtale med biskop Kvarme hadde funne ut at det truleg ikkje var så lurt. Eg undra meg på om vi skulle få han til Valle om Theis skulle finne på å reise, men Bjørgulv meinte at det neppe var eit tema å diskutere på lufta.

Det vart ein triveleg time, truleg kan vi kome att med eit slikt programopplegg. No var også Ingbjørg Ellinor Rysstad og Solveig Rysstad komne for å ta telefonen. På lista stod det at det var Tobbi som skulle ha ansvar for dette, men ho hadde bytt med dei. Likevel hadde ho vore innom og laga vaffelrøre, så no var det godlukt i salongen.

Harald

Kommunen informerer ved Ingvar Nes

Share

1. Oppdatering av lokal telefonkatalog
Det er tid for å lage ein ny katalog, den forrige kom i 2003. Dette var hovudoppslag i Bygdenytt nr. 1-06, som er ute no. Retteskjema må sendast inn innan 28. februar. Det er også plass for å krysse av på skjemaet om ein ikkje vil stå i den lokale katalogen. Men det er dumt om ein ikkje står der, for det er ein ressurs for folk som skal finne kvarandre når dei kan gå på nettet eller bruke den lokale katalogen med stor skrift framfor Agder-katalogen.

2. Skatteoppkrevar tilsett
Valle har i ein periode hatt felles skatteoppkrevar med Bykle. No vert denne funksjonen flytta tilbake til Valle att. Kommunen har tilsett John Melhus er tilsett i stillinga.

3. Byggeprosjekt Hylestad skule
Dette er no i gang. Parkeringsplassen nord for skulen er flytta og arbeidet går for fullt inne i personalavdelinga. Planlegginga av tilsvarande arbeid på Valle skule går for fullt.

4. Sjuketransport
Dei som skal transporterast ut av kommunen, må ringe Agder Taxi, 380 02015, men for transport innan kommunen kan ein ringe eit lokalt nummer 90 90 51 26 /
379 36 129.
Sjå
http://www.valle.kommune.no/innhald/h_nyheter_detalj1.asp?Id_Nyheter=339

5. Torsdag 19. januar: Gubben og katten
Dette stykket vert synt i Storstoga torsdag 19. januar av Askeladden friteater. 40 kroner kostar det. Her er liste over aktuelle bøker i samband med stykket:
http://www.gammafon.no/xp/pub/vannrett1/gubben

6. Faun og Syngjandi
Til innleiing av denne halvtimen tok vi opp tråden frå siste innslag i nyhetstimen, om gruppa Faun som skulle til Valle motell og ha konsert. Dei har hatt mange konsertar saman med lokale kor, mellom anna i Birkenes. Ingvar fortalde at det er Liv Bratlie Løyland som er leiar i Syngjandi no og rette vedkomande å ta opp spørsmålet med. Men han etterlyste fleire menn som kunne ha lyst til å syngje i koret, dei manglar mannsstemmer no.