Country Gospel 2

Share

Her var Bjørgulv T. Berg på plass att, han tok ein pause frå brøytinga på Furestøyl og hadde funne fram desse platene:

1.
Arthur «Guitar Boogie» Smith: Gitar Boogie

2.
Ukjent gospel choir: Oh Happy Day av Andrea Crouch

3.
Lynda Randle: I Know Who Holds Tomorrow

4.
John Lee Hooker: Dimples

5.
Anthony Burger: He Touched Me

6.
Hank Williams: Too Many Parties, Too Many Pals.

Ein nydeleg halvtime…

Harald

Postludium – musikk frå tysk renessanse og barokk

Share

I dette programmet hadde Niklos K. Besteland sett saman fem stykke:

1.
Heinrich Scheidemann (1595-1693): Preambulum i C-dur WV 72
Pieter van Dijk spela på orgelet i St. Laurenskyrkja i Alkmaar.
Naxos 8.554202
http://www.naxos.com/cat/554202.htm

Du finn meir om Scheidemann her
http://tinyurl.com/9l9x4

Her er meir om organisten
http://www.schnitger.nl/people/pvd.htm

og om orgelet:
http://www.albany.edu/piporg-l/alkmaar1.html

Bilete av kyrkja og orgelet finn du mellom anna her:
http://tinyurl.com/cjcjd

2.
Hans Leo Hassler (1564-1612): Laetentur coeli
Motett for fire mannsstemmer
Wuppertaler Kurrende, dir. Heinz Rudolf Meier
Gema CD MBC 9603101

Hans Leo Hassler
http://www.hoasm.org/IVE/HasslerHL.html

Her kan du laste ned Laetentur coeli som pdf-fil
http://tinyurl.com/9k4cu

Her er teksten:
Laententur coeli et exultet terra. Commoveatur mare et plenitudo ejus.
Gaudebunt campi et omnia quae in eis sunt. Tunc exultabunt omnia ligna silvarum.
A facia domini quia venit, quoniam venit judicare terram.
Judicabit orbem terrae in aequitate et populor in veritate sua.

Norsk:
11 Himmelen skal gleda seg, jorda skal jubla,
havet og alt som er i det, skal brusa.
12 Marka og alt det ho ber, skal jubla,
kvart tre i skogen skal ropa av fryd.
13 Dei skal ropa for Herren, han som kjem;
han kjem og vil døma jorda.
Han skal døma verda med rettferd
og folka med truskap.

Salme 96:11-13

Koret si heimeside
http://tinyurl.com/78kog

3.
Franz Tunder (1614-1667): Preludium i F-dur
Pamela Ruiter Feenstra på orgelet i Örgryte nya kyrka, Göteborg
LOFT CD LRCD 1048
http://www.ohscatalog.com/munyokoringm.html

Franz Tunder
http://www.hoasm.org/VIF/Tunder.html

Organisten
http://www.emich.edu/music/html/ruiter-feenstra.html

Ein lang artikkel om orgelet (svensk)
http://www.goart.gu.se/gioa/w-12.htm

Bilete av orgelet
http://hem.passagen.se/orgelforum/SVORG/bilder/bilder/nordtysk.jpg

4. Andreas Hammerschmidt (1612-1675) Zion spricht, der Herr hat mich verlassen.
Motett for 5-stemmig kor og generalbass
Wuppertaler Kurrende, dir. Heinz Rudolf Meier
GEMA CD 312.088-144

Her er ein stor artikkel om komponisten
http://www.bach-cantatas.com/Lib/Hammerschmidt.htm

Teksten er frå Jes. 49:
Herren gløymer ikkje Sion
14 Men Sion seier:
«Herren har forlate meg,
min Gud har gløymt meg.»
15 Gløymer vel ei kvinne brystbarnet sitt,
har ho ikkje medkjensle med den son ho fødde?
Og om ei mor kan gløyma,
så gløymer ikkje eg deg.
16 Sjå, eg har teikna deg i mine hender,
dine murar har eg alltid for auga.

5
Matthias Weckmann (ca 1616-1674): Toccata d-moll
Wolfgang Zerer spelar på orgelet i St. Jacobi, Hamburg.
Naxos 8.555850
http://www.naxos.com/cat/553850.htm

Om Weckmann
http://en.wikipedia.org/wiki/Matthias_Weckmann

Om Zerer
http://www.schnitger.nl/people/wz.htm

Om orgelet
http://www.arpschnitger.nl/shamb.html

Niklos har alltid interessante kommentarar i sine program. Om du les desse linkane, får du truleg minst like mykje informasjon som han makta å gje på den korte tida…

Harald

Dagens Mozart – Eine kleine Nachtmusik

Share

I kveld fekk vi høyre 1. sats av KV 525 spelt av Camerata Akademia des Mozarteum Salzburg, dirigert av Sandor Vegh.

Dette er eit av dei lettare stykka til Mozart (1756-1791) og er mykje spelt. Det var eitt av dei fyrste stykka eg fekk på plate, og eg spelte serenaden heilt til plata var utsliten.

Her er informasjon om stykket på tysk, men med høve til å velje engelsk om du les det betre:
http://www.aeiou.at/mz-klnm.htm

Plata eg nytta er Mozart: Musikalske mesterverker i serien Klassiske komponistar, som er som ei lita bok med 12 sider tekst og plata. Den vart sendt ut som masseutsending rundt nyttår, folk kunne abonnere på serien.

Harald

Bøker om skole

Share

I Bokaktuelt 17. januar var tema skjønnlitterære bøker om skole.

Vi brukte desse bøkene:

1.
Alexander Kielland: Gift
http://www.christopher.no/litteratur/giftanalyse.htm

2.
Jens Bjørneboe: Jonas
http://heim.ifi.uio.no/~janki/bjorneboe/bjorneboe.pdf

3.
Hans Scherfig: Det forsømte forår
http://tinyurl.com/7cwk4

4.
Arne Svingen: Hubert som nissetufs (barnebok)
http://tinyurl.com/bbkxy

Linkane er av litt ulik type, du kan leite vidare sjølv.

Det meste av samtalen kom til å handle om bok nr. 3, som er aktuell fordi lesesirkelen Agder les dansk skal ha den. Til no er det bare eg og Lisbeth som har lese den, men truleg vert den boka tema på dete første møtet, som det ser ut til må verte i februar ein gong.

Boka er eit grundig oppgjer med «Den sorte skole» latinskolen, slik han var i København omlag 1920, då forfattaren opplevde den. Boka kom ut i 1940. For oss som har opplevd bare litt av dette, er det ganske rystande å høyre om livet til 200 gutar som blir terroriserte av lærarane sine. Utgangspunktet for handlinga er at dei møtest til 25 års-jubileum og tek til å minnast korleis det var.

Ein av elevane er ansvarleg for mordet på latinlærar Blomme, men mordet vert aldri oppdaga. I boka får vi høyre korleis det gjekk til og etter kvart får vi vite kven av gutane det var og kvifor han gjorde det.

Harald