Aktuell time 10. februar 2006

Share

Det var Bjørgulv T. Berg som hadde sett saman opplegget for denne fredagskvelden, og så hadde han fått med seg Øyvind Jacob i studio heile timen.

1. FYSAK i Valle kommune
Sjølv om det i Valle har vore ei rekke aktivitetar for å få folk i trim (+45-gruppe, kvendegruppa til Magnhild Berg og trimhalvtime på Valle Alders- og Sjukeheim) har ein no blitt med i programmet for fysisk aktivitet i Aust-Agder og fått 20.000 kroner både i 2005 og 2006.
http://www2.aa-f.kommune.no/default.aspx?itemid=7361

No startar ein med å ha open idrottshall på laurdagar frå 11 – 18, og symjehallen frå 12 – 17. Det vil og vere ope i kafeen. Hyttefolk er målgruppe i tillegg til folk som bur i kommunen. Det er fritt fram for leik og aktivitet. Sigrid Anni og Baba vil vere ansvarlege i opplegget.

2. Tor Hoslemo vann sin klasse i Grieg-tevlinga i Arendal
Han er 13 og har spelt hardingfele i 4 år med Marton Laksesvela som lærar. Han øver opp til ein time til dagen, og premien var 10.000 kroner.
-Me er stolte av deg, sa Bjørgulv.
-Godt de ikkje er sure, svara byklaren, som har Hallvard T. Bjørgum som ideal.

3. Sauebønder til Skottland
I ein telefonprat med Sigrid (eg fekk ikkje med meg etternamnet) fekk vi høyre om gruppa som har vore til Skottland for å sjå på sauehald. Der var det helst vår no, og dei hadde ikkje dyre fjøs til sauene, heller bare skur utan vegger. Men dei hadde mange sauer, kanskje opp mot 2000 og då var det lønsemd. Opplegget for turen var laga av Angus Dickson, ein ven av Sven Reiersen som mange kjenner for saueklypping her i dalen. Dei vitja eit område halvannan time sør for Edinburgh med bølgjande åsar, lyng og litt skog som truleg var planta.

4. Evje Mållag med tur til Oslo
Til slutt i den aktuelle timen hadde Bjørgulv ein prat med Olav Arne Kleveland om turen til Oslo. Det var fyrste gong Kleveland snakka i Valle radio, og han fortalde at turen er planlagd frå fredag 31. mars til sundag 2. april. Risdal skal kjøre og med 25 personar kjem reisa på 500 kroner pr. person. Overnatting brukar dei ha på Bondeheimen, og så kan folk gjere det dei har lyst til, det kan vere aktuelt å sjå seg om i NRK-huset på Marienlyst laurdag føremiddag, om kvelden kan ein gå på teater. Ein treng ikkje vere medlem av Mållaget for å vere med på turen, og folk frå heile dalen er velkomne. Ein kan kontakte Kleveland på 9282 3468.

Der fall telefonen ut og tuta oppteke, og då var den aktuelle timen slutt.

Fredag 10. februar 2006

Share

Kveldsansvarleg: Bjørgulv T. Berg
Teknikar: Torhild Sandnes
Telefonvakt: Torbjørg Hoftuft

18:00 Aktuell time. Gjest: Øyvind Jacob
19:00 Kommunen informerer. Ordførar Steinar Kyrvestad
19:30 Tankar frå Bibelen. Torleif B. Harstad
20:00 Bjørulvs time. Med gjester
21.00 Opi sending. Jorunn Harstad

Linken til Internett fall ut om lag klokka 19:25, sidan fekk eg ikkje høyre på sendinga.

Harald

Liten aktivitet

Share

Den siste veka har det vore liten aktivitet på bloggen. Det har samanheng med at eg ikkje hadde tysdagssending, for det var kommunestyremøte tysdag 7. februar.

Samstundes må eg bare erkjenne at etter at eg fall i trappa utanfor biblioteket tysdag 31. januar, har eg ikkje vore så sprek. No kjem eg meg att når det gjeld høgre kne og venstre alboge, men eit ribbein på venstre side er ikkje godt, så eg har ikkje hatt så mykje inspirasjon. «Når ein lem lid, lid heile lekamen», seier Paulus, og eg har fått røyne det i denne perioden.

Men i kveld er det sending att. For fyrste gong er det Bjørgulv T. Berg som skal ha ansvar for kvelden, ikkje bare som hjelpar, men med heile opplegget. Eg takkar han for alle dei gongene han har hjelpt meg og ønskjer han lukke til i kveld.

Harald