Rebusar 17. februar 2006. Opi sending

Share

I denne oversikten ligg rebusane først, så løysinga med store bokstavar og til slutt den som kom inn i studio med rett løysing.

1. Himmelretning (nyn.) + solgud + bakken. AUSTRALIA Anders Fjellestad, Oslo
2. Fint pulver + leve + vase MELBOURNE Beth Lunden, Kristiansand
3. Vindstyrke + idrettsplass til å sparke fotball på BRISBANE Ingebjørg Vegestog Homme, Valle
4. Månefase + do + kav + tonn + smile NEWCASTLE Nina Helle, Rysstad
5. Himmelretning + månefase + den andre ukjente SYDNEY Roar Hallaråker, Vennesla
6. Eigedomspronomen + opning + lærstropp på hestesele SINGAPORE Torill Hallaråker, Vennesla
7. Sjablong + nr 1 + den andre ukjente + etterpå MALAYSIA Torleif Harstad, Valle
8. Husdyr + 2 gonger oppdrett + tysk preposisjon + rein KUALA LUMPUR Just Salvesen, Seljord
9. Gram + tone + fikset, organiserte + eige på engelsk GEORGETOWN Monica Helle, Rysstad
10. Tonn + fisk + ikkje hav THAILAND Alf Georg Hovet, Rysstad
11. Kilo + forsamling + preposisjon + forholdstal for sirkel KHO PI PI ingen inngringar
12. Engelsk og tysk preposisjon + forkorting for sukkersjuke INDIA Alf Georg Hovet, Rysstad
13. Pronomen + hektoliter + preposisjon DEHLI Just Salvesen, Seljord
14. Sølv + solgud AGRA Bjørn Tveiten, Bykle
15. Gå i vatn + grovt tyveri + kav + preposisjon, Liv Øyroset, Bykle
16. Rotfrukta + liter, Astrid Bøgh Tobiassen, Myklevatn

Kveldens hovudpremie, Valle Radio krus og ryggsekk, gjekk til Just Salvesen, Seljord

Dei andre premievinnarane var

Astrid Bøgh Tobiassen, vaffeljern
Alf Georg Hovet, laservater
Anders Fjellestad, 5 CD-plater
Nina Helle, massasjeapparat
Torleif Harstad, elektrisk vifteomn

Det var 88 telefonar til saman i kveld.

På leit med Leif

Share

Ettersom eg var i radioen i kveld, fekk eg spelelista til Leif. Han hadde desse songane på lista:

Dei fire første var Henning Kvitnes. Han er representant for ein stil som kallast skandikana.

1. Games people play.
2. Hver gang jeg så en stjerne falle
3. Fiskerens ring
4. Guttær

Dei fem neste var med Dwight Yoakam, som kjem til Ose til sommaren.
5. Guitar Cadilacs.
6. The Darkest Hour
7. Fair to Midland
8. If tears drop over diamonds
9. Streets of Bakersfield

10. Folsom Prison Blues. Johnny Cash og Willie Nelson
11. Jackson. Johnny Cash og June Carter Cash
12. Understand Your Man. Yoakam, tekst Cash

Til slutt var det ein prat om Osefestivalen med Gunnar Thommesen, som er ein av dei som står bak den, før Dwight Yoakam avslutta programmet.

Hege brakk ankelen

Share

I kommunen informerer 17. februar var det Hege som skulle kome frå kommunen. Men ho dukka ikkje opp, og då eg etterlyste henne over lufta, var det ein eller annan som hadde høyrt det og som så varsla rådmann Vidar Homme.

Medan eg spela nokre melodiar av Øystein Sunde, kom Vidar på tråden og fortalde at ho var sjukemeld, ho hadde brekt ankelen.

Før eg etterlyste henne på radioen, hadde eg prøvd å ringe henne på mobilen. Etter ei stund ringde ho tilbake og fortalde at ho akkurat hadde kome ut frå operasjonsbordet, og at ho var lei seg for at dei ikkje hadde fått gitt melding eller sendt ein i staden for henne.

Eg ønska henne god betring frå alle oss i Valle radio.

Harald

Nyhetstimen fredag 17. februar 2006

Share

1.Eg fann, eg fann.
Lisbeth D. Homme og Mari Rygg fortel om prosjektet og foreldremøta dei skal ha i Bykle i morgon. Målet er å nå foreldre til barn i førskolealder med informasjon om kor viktig det er for barna å lære seg å bruke bøker og at biblioteket vil hjelpe dei med dette.

2.Hovdenrevyen ca. kl. 18.15
Else Gyro Rysstad, tlf. 4191 7828 om premieren i kveld og opplegget vidare. I morgon er det program klokka 19, og så vert det neste fredag og laurdag. Den fredagen er prisen 100 kr, dei andre dagane er prisen 150 kroner. Theis er med i revyen i år, han både syng og spelar ein sketsj.

3.Nyhetsopplest
a. Valle sparebank har hatt to hendingar i media, og neste fredag vert det truleg ein del av den aktuelle timen.
b. Rådmann Vidar Homme skal jobbe i Bykle kommune når han sluttar i Valle.
c. Møte i Byklum bedehus i kveld kl. 19.30 ved Johan Olsen
Basar i morgon i Trydal bedehus kl. 18.00
Møte i Byklum bedehus sundag klokka 16.00
d. FYSAK i Valle i morgon frå klokka 11-18
e. Frå klokka 18 laurdag har teamet frå UiO ope i Vallehalli
Møte laurdag kl. 15.00 i Klippen, Bykle og kl. 19.00 i Soknehuset Rysstad. Hallvard Hasseløy taler, synger og viser film frå hjelpearbeidet i Ukraina. Ruth Jeppestøl og fleie frå Filadelfia Vennesla vert med. Alt frå kl. 12 kan du i Bykle levere brukte klede og sko til prosjektet.
f. Gudsteneste i Valle kyrkje sundag kl. 11. og Hylestad kl. 18. Songmøte i Valle sundag 19.30 og solidaritetsgudsteneste i Valle klokka 20.
g. Valle bondelag har ope møte om jordbuksforhandlingane tysdag 21.2 kl. 20-22 i kommunestyresalen
h. Folkeakademiet sine program kan du få vite meir om når Leif Kvinlog kjem i studio kl. 20. Dette gjekk ut, Leif tok ikkje opp dette i timen sin.
i. Annemor Sundbø skal kåsere om Usynlege trådar i strikkekunsten på årsmøtet i Fjellgardane husflidslag måndag kveld kl. 20. Om ein vil vere med på middagen laget skal ha før foredraget, må ein kontakte Else Gyro Rysstad.

4.Sørlandets litteraturpris ca. kl. 18.30
Annemor Sundbø, tlf. 952 18 597 eller i Kr.sand 380 45584 Ose 379 35 881 Du kan vere med og stemme på SMS eller internett. Du kan gå til
http://www.sorlandetslitteraturpris.no/cgi-bin/webmail?form=stem2006
og stemme der. Du kan også stemme via SMS (Skriv SORLAND 5 og send til 1980 Vi snakka om at lyttarane kunne levere 50 stemmer i kveld, det hadde gjeve Annemor ein flying start i konkurransen, og mange lyttarar har truleg alt lese boka Usynlige tråder i strikkekunsten fordi dei fekk den til jol. Dette er tredje boka til Annemor, dei to første er omsett til engelsk og har hatt godt sal. No vonar ho på god respons på denne boka, det er truleg første gong ei fagbok er nominert til prisen. Denne boka er på nynorsk, kom ut på Det norske samlaget. Annemor har og vore i USA og halde foredrag om dette, då var det 200 som høyrde på henne. Det var ei stor utfordring, men ho fekk ståande applaus då ho var ferdig.

5.Viltkontakt i Valle ca. kl. 18.40
Ragnar Aspholm kjem i studio og fortel om oppgåvene og om vilt i vegen. Den som kjører på eit hjortevilt må melde frå om det til politi eller kommunen om han vil få dekka skadene over forsikringa. Ragnar Aspholm har budd i Valle halvanna år no, han har hundar som er trent i å leite etter hjortevilt om uhellet skulle vere ute.

6.Løypekjøring i Brokkeheia ca. kl. 18.50
Roar Tveit på telefon 9017 5186. Oppslaget i Setesdølen er dekkande, men når ein lagar alternative løyper, er det ikkje så ofte at skiløypene vert øydelagde av skoterkjøring. I vinterferien kjører dei løyper kvar dag om det trengst, men elles er det mest i helgene.

I tillegg til desse sakene hadde eg planar om å snakke med to jenter som har starta med å gå Noreg på langs frå Lindesnes til Nordkapp. Dei kom til Valle i dag, og eg fekk ein lapp med mobilnummeret deira på. Diverre hamna lappen i ein lomme som ikkje vart med i radioen, og dermed vart det ikkje noko av intervjuet. Men dei kytte mykje over at dei fekk låne dusjen hos Hasla før dei skulle dra med bussen mot Haukeli i ettermiddag. No skal dei ha ein pause i gåinga til hausten, ein må jo både jobbe og ta seg av familien, men planen er å gå heile turen sjølv om det må gjerast i etappar. På heimesida til Lindesnes fyr er starten deira omtala, det kan du sjå her:
http://tinyurl.com/dkxzc

Harald

Valle radio fredag 17. februar

Share

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Kent Vidar Helle

18:00 Aktuell time
19:00 Kommunen informerer. Kulturkonsulent Hege Sandhaug
19:30 Tankar frå Bibelen. Håvard Viki
20:00 På leit med Leif
21:00 Opi sending. Harald Haugland og Gunvor Ruth Salvesen

Denne fredagen skal vi verda rundt saman med Gunvor Ruth Salvesen i opi sending klokka 21. Den som vil vere med, gjer lurt i å leite fram atlaset og slå opp på sidene aust for Europa, for rundreisa hennar førte henne til mange stader der dei no har sol og sommar.

Elles vert sendinga leia av Harald Haugland, og 10. klassingen Kent Vidar Helle skal vere teknikar. Du vil også møte kulturkonsulent Hege Sandhaug og Håvard Viki om du leitar deg fram til sendinga vår, og frå klokka åtte til ni spelar Leif Kvinlog plater frå samlinga til Valle radio.

Som vanleg er det frå klokka seks er det ein time med aktuelt nytt frå øvst i dalen.