Program for tysdag 14. mars 2006

Share

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Ein verneverdig emissær. Knut Svein Dale gjesta Valle sist veke.
20:00 Bokaktuelt med Lisbeth D. Homme
20:20 Dagens Mozart
20:30 Postludium ved Harald Haugland. Buxtehude og Bach.
Stykkene i kveld finn du noter til på nettet.
Eg legg ut linkar til notene innan tysdag. Så kan du skrive dei ut og følgje med når du lyttar til programmet.

21:00 Kyrkjebakken

Harald

Open sending med sjekketriks

Share

I Setesdølen fredag 10. mars var overskrifta «Valle radio på sjekker’n. Det var Ørjan Hatteberg som hadde skrive omtale av kveldens program der politibetjent Rolf Erik Homme og rektor Leif Kvinlog tok utgangspunkt i synkande folketal i Valle.

Eg fekk ikkje høyre heile programmet, men av det eg høyrde, verka det som om bil, både Mercedes og andre merke, dansefot, glimt i auga, sms, hytte på heia og mangt anna kunne føre til at to fann kvarandre. Programleiarane hadde rebusar med tema frå kveldens store tema, og dei snakka med folka som ringde inn om dette. Leonhard Jansen frå Setesdalsmuseet var innom og fortalde om sjekking i historisk perspektiv. Andre som var innom var Knut Homme, Malmfrid Homme, Anna Rysstad, i tillegg til innringarane.

Kveldens hovudgevinst, ryggsekk og krus, gjekk til Hallvard Homme, Vennesla, som ringte inn frå ei hytte på Bjørnevatn.

Kommunen informerer 10. mars

Share

Driftssjef Ingvar Nes var kveldens representant frå Valle kommune.

1. Ombygginga på Hylestad skule er no ferdig. I neste veke skal Randi Uppstad vaske ut etter arbeidsfolka. Det har ikkje vore ventilasjon og arbeidsplassane til lærarane har vore for dårlege, men no er det ordna, så nok er ein ferdig der.

2. Måndag startar ein med ombygging på Valle skule. Dette arbeidet er planlagt i tre trinn. Første trinn er i andre etasje på midtbygget, der og er det særleg arbeidsrom for lærarane som er i fokus. Deretter er det første etasje i midtfløyen som skal oppgraderast. Til slutt kjem ombygging av elevfløyane.

3. Kunngjeringar
a. Kulturskulen, korpset og leikarringen skal setje opp Kardemomme By på scene og treng menn som vil vere på scena. Dei treng og løve og kamel.
b. Måndag 13. mars er det barnekonsert med Syngjandi.
c. Kulturmidlar vert lyste ut no med frist 24. mars.
d. Biblioteket inviterer til bok-kafe med frukt og saft for foreldre og born i førskulealder laurdag i Valle kl. 12-13.30 og Hylestad 15-16.30.
e. Dei som vil stå på liste for å ta imot ein halv elg vender seg til skogbrukssjef Anna Arneberg.
f. Har du tilbakemelding om pasient-transporten, melder du det til legekontoret.
g. Treng du å leig møterom i kommunehuset, vender du deg til velkomstsenteret.
h. Etternølarar kan framleis få med rettingar i lokal telefonkatalog. Ta kontakt med velkomstsenteret.
i. Bygdenytt kjem 10. i kvar månad. Frist for stoff er 30. i månaden før.
j. Onsdag 15. er det formannskapsmøte. Her er saklista:
http://www.valle.kommune.no/ Gå til Politiske saker og vidare til Formannskapet.
Telefonnummeret til kommunen er 379 37 500. Då kjem du rett til velkomstsenteret.

Aktuell time fredag 10. februar

Share

1. Skoterkøyring i skiløypene
Bjørgulv T. Berg snakka med Tor Espen Helle som er ny leiar i Hylestad snøscooterklubb. Tema var køyring i dei oppkøyrte løypene som er tiltenkt skigåing. Det har vore oppslag i Setesdølen om dette, og klubben har teke eit initiativ for at medlemmene skal respektere skiløypene og ikkje kjøre i dei.

Det har vore mykje diskusjon om dette på gjesteboka til Brokke Alpin, sjå her: http://nettforlaget.net/gb/no/alpinbro2/se.cgi

Dette var også eit av temaene i samtalen Bjørgulv hadde med Ole Birger Lien, freelance-journalist i Setesdølen, i timen mellom 20 og 21.

2. Jordbruket i Agder slit i motbakke
Gjest hos Bjørgulv var Åse Ingebjørg Homme, som er påtroppande leiar i Aust-Agder Bondelag. 11% slutta med mjølk i fjor, men sauetalet held seg fordi fleire får større flokkar. 20 vinterfora sauer kan ein ikkje leve av, det er hobby. No er kulturlandskapspleie eit aktuelt tema. Valle bondelag har levert si ønskeliste til fylkeslaget når det gjeld forhandlingane. Dei er opptekne av å halde oppe samvirket i landbruket.

3. Knut Svein Dale har møteveke i Valle
Til slutt i Aktuell time hadde Bjørgulv ein prat med Knut Svein Dale, som har møteveke i Valle, og som skulle ha møte på Valle menighetshus fredag og laurdag klokka 19.30, og vere med på gudstenesta i Hylestad kyrkje sundag 12. mars klokka 11.00.