Trøbbel med Internett

Share

Fredag kveld var det trøbbel med Internett. Då eg prøvde å kople meg opp klokka 18:00, var det bare melding om at serveren ikkje var kopla til.

Eg ringte til radioen og varsla, og prøvde fleire gonger mellom seks og sju utan å få samband. Klokka kvart på åtte ringte Theis tilbake og sa at dei no hadde fått internett opp att. Dermed fekk eg høyre at det var Bjørgulv som hadde andakten, ikkje Torleif Harstad, slik det stod i Setesdølen. Torleif ville jo hatt problem med det ettersom han var annonsert å halde andakt på Nomeland bedehus og klokka halv åtte.

Vidare fekk eg med meg at den som var omtala som «guess who» i programmet i Setesdølen, var Torhild Jåvold. Ho spelte nydeleg musikk, som eg høyrde på ei stund. Men så vart eg oppteken, og kom ikkje tilbake til PC-en før klokka ti. Då var det same meldinga frå Windows Media Player som klokka seks.

Harald,
som førebur neste fredagssending sending og gjerne ville høyrt kva Theis hadde på blokka si.

Program fredag 17. mars

Share

Kveldsansvarleg: Theis Salvesen
Teknisk ansvarleg: Gudrun Rysstad

18:00 Aktuell time. Theis med gjest Såve Nomeland.
19:00 Kommunen informerer. Driftssjef Ingvar Nes.
19:30 Tankar frå Bibelen. Bjørgulv T. Berg
20:00 Min musikk med Torhild Jåvold
20:30 Ingebjørg Vegestog les frå bladet
21:00 Open sending. Theis med gjest Helene Horverak