Aktuell time 24. mars 2006

Share

I timen frå 18 til 19 ser det ut til at vi får desse sakene:

1. Valle sparebank har lagt fram rekneskapen og delt ut pengar.
Fungerande banksjef Torleif Hovet kjem i studio. Her er rapporten og hovudsida til banken
http://www.terra.as/oth/0080/061480.pdf
www.valle-sparebank.no/

Han har lova å ha med lista over gåver, og eg vil spørje han om namnet på banken snart skal verte Terra.as, som no er blitt domenenamn på nettet. Og så skal vi sjølvsagt snakke om rekneskapen.

2. Rypene rømmer fjellet
I radioen har vi plater med fuglelydar, og til denne posten vil eg nytte fjellrype-lyden. Eg skal ha ein prat på telefonen med oppsynsmann Jon Haugen i Bykle om temaet. Sjå oppslaget i Fædrelandsvennen torsdag: http://tinyurl.com/hnfnm

3. Valle IL hadde årsmøte på Valle motell torsdag 23. mars.
Tarald Myrum vart attvald som leiar, og Torleif B. Harstad vart utnemnd til æresmedlem. Begge kjem i studio i kveld. Her er heimesida til Valle IL: http://www.valle-il.no/
Gå til «Om oss», der finn du linkar til styrepapir og årsmøtepapir.

Valle radio fredag 24. mars 2006

Share

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Torhild Sandnes

18:00 Aktuelt
19:00 Kommunen informerer. Astrid Knutsen frå Hylestad skule
19:30 Tankar frå Bibelen. Torleif B. Harstad
20:00 Ein time om Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane (SVR). Lars Arne Bay frå Statsskog og Dag Matzov frå Fylkesmannen i Aust-Agder si miljøvernavdeling fortel om den nye planen for utvikling av fiskeressursar i SVR og nærliggjande område.
21:00 Opi sending med Jorunn Lund Harstad

Bibliotekaktuelt 21. mars 2006

Share

I kveld var temaet det 70. norske bibliotekmøtet som er i Trondheim denne veka, og der Lisbeth D. Homme er deltakar saman med 700 andre bibliotekfolk. Det er ikkje eit møte bare for bibliotekarar, ein som er interessert i bibliotek kan i prinsippet vere medlem i Norsk Bibliotekforening, som arrangerer møtet.
NBF http://www.norskbibliotekforening.no/

Foreninga har mange særgrupper, Lisbeth er med i
BUF http://www.norskbibliotekforening.no/site/buf/
som er spesialgruppa for barn og unge, som har årsmøte under møtet i Trondheim.

Vi ønskjer henne eit hyggeleg opphald i Trondheim.

Harald

Noreaprogramma veke 13-06

Share

Over ein open Bibel
var ved misjonær Alf Halvorsen i Normisjon
Du kan høyre fleire andaktar her:
http://norea.no/list.php?mtid=44&menu=157

Noreamagasinet
hadde tre saker som du finn meir om på linkane:
1. Tørke i Etiopia,
http://norea.no/page.php?mtid=1&elid=1365

2. Kirkens SOS. Her finn du kontoret i Kristiansand
http://www.kirkens-sos.no/vis?side=2×0

3. Vekekommentaren ved Eivind Algrøy. Han er redaktør i Familie og Medier, som du finn her:
http://fom.no/sider/tekst.asp?side=1012

Møteplassen
Gjest var Rita Austad, dagleg leiar av Kirkens SOS i Kristiansand. Her er to linkar:
http://www.gimra.no/page.php?mtid=1&elid=817
http://www.gimra.no/page.php?mtid=1&elid=821

Dagens Mozart – Wind Serenade

Share

I kveld, tirsdag 21. mars, spelte eg Tema con variazioni frå Serenade i b-dur for 13 blåseinstrument K 361 (Gran partita). Anten er verket laga til bryllupsfeiringa 4. august 1782 eller til ein støttekonsert organisert 23. mars 1784 av den velkjende klarinettisten Anton Stadler, som Mozart seinare skreiv klarinettkvintetten og klarinettkonserten til.