Gjesten som Theis hadde med seg denne timen var Ingebjørg Nomeland. Ho og systera Ragnhild skal ha konsert saman med Øystein Kikut sundag 2. april kl. 20:00 i Spelestoga. Han var musikklærar for dei på vidaregåande skole her i Valle, og dei spelte firhendig piano. På konserten skal dei spele sekshending musikk av ein dansk kvinneleg komponist. Men dei skal og spele Grieg, Schubert og Dvorak. Ho studerer musikkvitenskap på Universitetet I Oslo http://www.hf.uio.no/imv/ og tek sikte på å få jobb i kultursektoren når ho er ferdig. Ho har øvd to timar dagleg dei siste to månadene, men får likvel tid til å gå på ski, og har saman med vener som ho deler husvære med gått på ski frå Frognersætra til Hadeland. Når ho er heime, likar ho godt å stå på brett i Brokke.
Den neste Theis snakka med, var Brita Mosdøl i Bykle. Ho fortalde på telefon at ei møtehelg Normisjon hadde planlagt i Bykle, vart utsett til seinare og at dei denne helga skal ha ei barnegospel-helg i den nye kyrkja, som er blitt ein svært triveleg stad å samlast. Bykle kyrkjelyd er no blitt prøvekyrkjelyd for ny liturgi på Agder.
Deretter hadde han ein prat med Eva Olafsdottir frå Brokke, som tok 2.-plass i NM half pipe for yngre junior på Kongsberg.
http://www.snowboardforbundet.no/?page=561&article=1283
Eva har stått mykje på brett i Brokke, men dei har ikkje half pipe der. Theis meinte at dei måtte få det til neste år, og det var ho samd med han i. I hennar klasse var det 6 deltakarar. Når ho er ferdig med ungdomsskulen, vil ho til Geilo på Toppidrettsgymnaset.
Rådmann i Bykle, Tallak Hoslemo fortalde om Bykle kommune sitt arbeid i høve til mogleg ekspropriering av eigedom til Breive-utbygginga som Hovden Skisenter planlegg. Om det vert aktuelt med oreigning vil verte avklåra fram mot midten av mai. Han fortalde og at kommunestyret i Bykle har gått inn for å løyve 200.000 kroner til løn for tilsette i Bykle radio. Alle meinte det var viktig med informasjon frå kommunen.
Torleif Harstad var i studio og fortalde om Sesilåmi og om “Karetrimmen” som han har leia i 35 år, og som var ein viktig grunn til at han vart utnemnd til æresmedlem i Valle IL.