Kommunen informerer 10. mars

Share

Driftssjef Ingvar Nes var kveldens representant frå Valle kommune.

1. Ombygginga på Hylestad skule er no ferdig. I neste veke skal Randi Uppstad vaske ut etter arbeidsfolka. Det har ikkje vore ventilasjon og arbeidsplassane til lærarane har vore for dårlege, men no er det ordna, så nok er ein ferdig der.

2. Måndag startar ein med ombygging på Valle skule. Dette arbeidet er planlagt i tre trinn. Første trinn er i andre etasje på midtbygget, der og er det særleg arbeidsrom for lærarane som er i fokus. Deretter er det første etasje i midtfløyen som skal oppgraderast. Til slutt kjem ombygging av elevfløyane.

3. Kunngjeringar
a. Kulturskulen, korpset og leikarringen skal setje opp Kardemomme By på scene og treng menn som vil vere på scena. Dei treng og løve og kamel.
b. Måndag 13. mars er det barnekonsert med Syngjandi.
c. Kulturmidlar vert lyste ut no med frist 24. mars.
d. Biblioteket inviterer til bok-kafe med frukt og saft for foreldre og born i førskulealder laurdag i Valle kl. 12-13.30 og Hylestad 15-16.30.
e. Dei som vil stå på liste for å ta imot ein halv elg vender seg til skogbrukssjef Anna Arneberg.
f. Har du tilbakemelding om pasient-transporten, melder du det til legekontoret.
g. Treng du å leig møterom i kommunehuset, vender du deg til velkomstsenteret.
h. Etternølarar kan framleis få med rettingar i lokal telefonkatalog. Ta kontakt med velkomstsenteret.
i. Bygdenytt kjem 10. i kvar månad. Frist for stoff er 30. i månaden før.
j. Onsdag 15. er det formannskapsmøte. Her er saklista:
http://www.valle.kommune.no/ Gå til Politiske saker og vidare til Formannskapet.
Telefonnummeret til kommunen er 379 37 500. Då kjem du rett til velkomstsenteret.

Aktuell time fredag 10. februar

Share

1. Skoterkøyring i skiløypene
Bjørgulv T. Berg snakka med Tor Espen Helle som er ny leiar i Hylestad snøscooterklubb. Tema var køyring i dei oppkøyrte løypene som er tiltenkt skigåing. Det har vore oppslag i Setesdølen om dette, og klubben har teke eit initiativ for at medlemmene skal respektere skiløypene og ikkje kjøre i dei.

Det har vore mykje diskusjon om dette på gjesteboka til Brokke Alpin, sjå her: http://nettforlaget.net/gb/no/alpinbro2/se.cgi

Dette var også eit av temaene i samtalen Bjørgulv hadde med Ole Birger Lien, freelance-journalist i Setesdølen, i timen mellom 20 og 21.

2. Jordbruket i Agder slit i motbakke
Gjest hos Bjørgulv var Åse Ingebjørg Homme, som er påtroppande leiar i Aust-Agder Bondelag. 11% slutta med mjølk i fjor, men sauetalet held seg fordi fleire får større flokkar. 20 vinterfora sauer kan ein ikkje leve av, det er hobby. No er kulturlandskapspleie eit aktuelt tema. Valle bondelag har levert si ønskeliste til fylkeslaget når det gjeld forhandlingane. Dei er opptekne av å halde oppe samvirket i landbruket.

3. Knut Svein Dale har møteveke i Valle
Til slutt i Aktuell time hadde Bjørgulv ein prat med Knut Svein Dale, som har møteveke i Valle, og som skulle ha møte på Valle menighetshus fredag og laurdag klokka 19.30, og vere med på gudstenesta i Hylestad kyrkje sundag 12. mars klokka 11.00.

Program fredag 10. mars

Share

Ansvarleg: Bjørgulv T. Berg/ Rolf Erik Homme
Teknikar: Geir Uppstad/ Hallvard Kjelleberg

18:00 Aktuell time
19:00 Kommunen informerer
19:30 Tankar frå Bibelen
20:00 Bjørgulvs time med gjester
21:00 Opi sending: Rolf Erik Homme/ Leif Kvinlog
Tema: Sjekketriks – til kamp mot nedgang i folketalet

Kunngjering og helsingar: 379 37577
eller post@valleradio.com

Postludium tysdag 7. mars 2006

Share

Tema i kveld var musikk som høver til fastetid. Ettersom tekstane på 1. sundag i faste handlar om Jesu freisting og Guds ord som vern mot freisting. Det første stykket i kveld er basert på melodien Gud hold oss oppe ved ditt ord.

1. Dietrich Buxtehude: Erhalt uns Herr, bei deinem Wort. BuxWV 185
Wolfgang Rübsam på orgelet i St.Martin-katedralen i Kolmar.
Her er link til nota: http://tinyurl.com/pgfsk
Her er link til organisten: http://centerstage.net/music/whoswho/WolfgangRubsam.html

2. Felix Mendelssohn: Denn er hat seinen Engeln befohlen über dir
Thomanerchor Leipzig, dirigent Georg Christoph Bieler

3. Felix Mendelssohn: Hear my prayer
The Choir of St. John’s College, Cambridge, dirigert av George Guest

4. J.S. Bach: Ich ruf zu dir, Herr Jesu Christ, BWV 639
Felix Hell på orgelet i St. Peters lutherske kyrkje, New York City

Meir om Felix Hell: http://www.felix-hell.com/
Klais-orgelet: http://www.saintpeters.org/music/index.html
St. Peters kyrkje: http://www.saintpeters.org/

Bokaktuelt

Share

I samtalen med Lisbeth D. Homme var det i kveld naturleg å snakke om arrangementet som mållaget og bygdekvinnelaga skulle ha på Setesdalsmuseet 8. mars kl. 19.30. Her fekk dei besøk av Olaug Nilssen, Gudrun Kløve Juuhl og Birgit Attestog.
Her er info om programmet
http://www.nm.no/side.cfm/1660/42136
Her er bloggen til Olaug:
http://olaug.skoddeheimen.no/
Her er bøkene ho har skrive som Lisbeth har på biblioteket i Valle:
1. Innestengt i udyr : roman 1998
2. Vi har så korte armar : tilstandsrapportar 2002
3. Ronnys rumpe 2004 http://tinyurl.com/zklwd
4. Få meg på, for faen : roman 2005

I tillegg har ho skrive ei essaysamling
Hybrideleg sjølvgransking, Samlaget 2005
Her er ei bokmelding om den siste boka:
http://www.nytid.no/index.php?sk=9&id=2715

Dei andre bøkene for vaksne er melde i Dag og Tid:
http://www.dagogtid.no/nyhet.cfm?nyhetid=493
http://www.dagogtid.no/arkiv/2002/26/bokmeld.html
http://www.dagogtid.no/arkiv/1998/43/000F870D-70E903AC.html

Vi snakka og om bok-kafeen ho skal ha laurdag for born i førskolealder og foreldra deira i Valle og på Rysstad. Og så minna vi om at Sørlandets litteraturpris-avstemminga held fram til opp mot påske.

Ole Bull Akademiet i Valle

Share

Måndag 6. mars laga eg eit intervju med Kari Margrete Okstad, undervisningsleiar ved Ole Bull Akademiet på Voss, som denne veka hadde kurs for 20 studentar på Musikk-konservatoriet i Kristiansand, både rytmisk og klassisk line. Ho fortalde om opplegget og akademiet.

I Valle nyttar dei lokale lærarar som Sigurd Brokke, Birgit Rike Lund og Torleiv Løyland. Dei bur på Valle Motell, men har undervisninga i Spelestoga, der dei og hadde konsert tysdagskvelden.

Her er link til akademiet, så kan du sjølv finne ut meir:
http://www.olebull.no/index.htm

Noreaprogramma veke 10

Share

Over ein open Bibel
Andakt ved Jakob Trodahl
Her finn du fleire sider om andaktshaldaren
http://tinyurl.com/jecyq

Noreamagasinet
Torsdagsklubben
Ida Johnson frå Irland har arbeidd i 20 år i Finnmark som barnearbeider i Evangelisk barnemisjon. Ho leier Torsdagsklubben for born opp til 11 år i Lakselv, einaste kristne tilbodet til borna der. Sjå
http://www.sbinett.no/files/04-05/Barnearbeid.htm
Oslo Soul Children
Dei har nettopp spelt inn ei plate som heiter Livsglede 2. Det er 25 kor i Noreg innan soulchildren-konseptet og i mai skal dei ha festival i Oslo.
http://www.soulchildren.no/
Lydarbrev
Takkebrev for et kors fra Norea, det har hengt rundt halsen natt og dag sidan eg fekk det.
Her er fleire lydarbrev
http://tinyurl.com/zyy3h
Kommentaren ved Asbjørn Kvalbein
Spørsmålet om stat og kyrkje. Mange utover landet er for nære band mellom stat og kyrkje. Inga ordning er utan problem. Kyrkja er samlinga av dei truande, det kan vere mange ytre strukturar. Ja til eit aktivt fellesskap av truande menneske innanfor kyrkja.
Kvalbein er webpastor i Norea og det er mange tekstar av han her:
http://www.norea.no/index.php?mtid=40&menu=155

Møteplassen
Konstanse Raen var gjest i dette programmet. Ho er knytt til Bibelselskapet og Strømmestiftelsen og bur i Addis Abeba. Her er nokre linkar til hennar arbeid:
http://www.gimra.no/page.php?mtid=1&elid=774
http://www.strommestiftelsen.no/?did=212197
http://www.fedrelandsvennen.no/nyheter/article270059.ece

Program 7. mars 2005

Share

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel. Jakob Trodahl
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen. Konstanse Raen
19:30 Ole Bull-akademiet i Valle.
20:00 Bokaktuelt ved Lisbeth D. Homme
20:20 Dagens Mozart. Symfoni nr. 29, 1. sats: Allegro moderato
20:30 Postludium ved Harald Haugland. Musikk i fastetid
21:00 Kyrkjebakken

Vinterferie

Share

Det er vinterferie denne veka. Eg er i Mandal, her har vintrane dei siste åra vore nokså grøne, men no er han like kvit som elles i landet.

Det var altså ikkje sending tysdag 28. februar, og fredagssendinga 3. mars er det Evje Radio som er ansvarleg for. Den kan ein difor ikkje høyre på Internett, einaste sjansen til å lytte til lokalradio frå Setesdal denne veka er å vere i Setesdal.

Men her på bloggen kan ein i det minste lese litt nytt frå Setesdal. Det har vore fleire oppslag frå Valle i NRK denne veka, og eg utvidar bloggskrivinga til å omtale noko av det som er aktuelt, sjølv om det ikkje har vore på lufta i ei sending frå Valle radio.

Eg vonar du finn glede i stoffet. Sidan eg fall og knekte eller bresta sidebein 31. januar har talet på daglege besøk på bloggen vore under 10 dei fleste dagane. Om det stig noko i mars, vil tida vise.

Velkommen innom på bloggen. Skriv gjerne ein kommentar.

Harald