NM til Indre Agder Futsal

Share

For å markere at Indre Agder Futsal vann NM i 2005 hadde eg invitert Lars Tarald Myrum i studio for ein prat. Kristian Stubseid og Kjetil H. Homme var også med på laget, medan dei andre sju spelarane kom frå Evje og andre kommunar på indre Agder. Her er heimesida til Indre Agder Futsal, som Lars Tarald redigerer: http://iafutsal.com/ Du bør sjekke den, det er artig å lese humoren der.

Lars Tarald gjekk gjennom kva futsal er (innandørsfotball), laget held til i Kristiansand fordi deltakarane arbeider eller studerer. Dei var med i grunnspelet lokalt, der dei fem beste går vidare til sluttspel. Dei er ti deltakarar, men bare fire spelarar og målmann er på banen samstundes, kampen varer to omganger og omgangane er bare 10 minutt. Men dei kan byte heile tida, og det trengst, for sporten er hurtig og tek på kreftene.

Frå anna hald har eg fått vite at Valle IL har sponsa Indre Agder Futsal med 5000 kroner. http://www.valle-il.no/
Valle radio markerte at Indre Agder Futsal har vunne NM i futsal med å gje laget Valle Radio-ryggsekker til slutt i den halvtimen han var med i studio. Lars Tarald vart både overraska over og glad for gåva og lova at dei i neste sluttspel skulle stille med ryggsekkene frå Valle radio. Då tek dei nok heim NM-tittel nr. 2. 🙂

Tankar frå Bibelen

Share

Fredag 7. april var det Bjørgulv T. Berg som skulle ha andakt i Valle radio. Han var i Kristiansand og såg at han ikkje rakk heim innan 19:30, så han fekk Sissa Ringstad til å kome i staden. Ettersom eit av kveldens tema var Fuglar, hadde eg bede Bjørgulv om å lese Selma Lagerlöfs legende om Rødstrupen i andakten denne kvelden. No vart det Sissa som fekk oppgåva. Her finn du legenden
http://www.sveinunghobberstad.net/rodhist.htm

Halvor Rike i Kommunen informerer

Share

Fredag 7. april var det leiar for Bygg, Eigedom og Anlegg (BEA) i Valle kommune som skulle informere i Valle radio klokka 19:00. Det var første gong Halvor hadde denne oppgåva, og her er noko av det vi var innom:

BEA har 11 mann i teknisk vedlikehald og 10 reinhaldarar. Ikkje alle reinhaldarane i kommunen er i denne avdelinga, nokre er organisert under den driftseininga dei arbeider i. Reinhaldarane i Valle kommune skal i mai til Brüssel på ei reinhaldsmesse, og Halvor har fått tilbod om å vere med på turen. Her er glimt frå reinhaldsmessa dei var på i oktober på Lillestrøm. http://www.valle.kommune.no/innhald/h_reinhaldstur.htm

Når det gjeld renovasjon er det i påsken kjørt ut containerar til å ta vare på avfall frå dagsturistar på dei mest populære utfartsstadene. Det kan kome vel med, men Halvor presiserte at desse containerane ikkje er for normal hytterenovasjon. Då eg fortalde at glascontaineren ved Bergtun var full tidlegare fredag, lova han å setje opp ein ny før påske.

Vi snakka og noko om arbeidet kommunen gjer for å legge til rette for nye bustader. Ein har no rydda trea i vegtraséen til bustadfeltet Åsan 2 på Rysstad. Det er og planar om å få til fleire bustader i nedre del av Leite, men om det lukkast, er uvisst, mellom anna fordi planen inkluderer bruk av dyrka jord.

Vidare skal ein fullføre arbeidet med vegljos frå Jore til Homme. Her vil det og kome breiband i luftstrekket, det er greitt å nytte stolpane også til breibandskabel. Arbeidet med vassleidning til Hovet held fram, men her må ein krysse Otra nedstrøms Brokke, og det er ikkje gjort utan mykje planlegging, men det er tanken å nytte høvet ein gong i haust når det skal vere stans i kraftverket nokre dagar. Breibandskabelen vil nok bli lagt over elva ved Skagebrua og følgje ljosstolpane over til Hovet og Bjørgum.