Dette stod i Setesdølen 28. april 2006
-I kveld er det siste gongen denne sesongen at Valle radio har fredagssending, fortel Harald Haugland til Setesdølen. Han er ansvarleg for kvelden og lovar at både folkemusikk-festivalen Árinn og bispevisitasen i Valle prestegjeld vil få plass i sendinga. I den aktuelle timen vil Bjug T. Åkre vere gjest. Lækjaren som har hatt arbeidsdagen sin i Kristiansand runda 70 år 16. april har meiningar om både det eine og det hitt, så det kan verte ein interessant time, trur Harald Haugland.
-Ettersom det er bispevisitas har eg funne fram bibelnamn til rebusane i den opne sendinga. Karin Bøe vil vere med i studio, og prost Ole Gunnar Sæbø stikk også innom. Karin Bøe har arbeidd mykje med åkletradisjonen i Setesdal, og 20:30 kjem ho i studio for å fortelje om rugger i rosengang. Det er det første av tre program om dette emnet i Valle radio, dei to neste programma kjem dei fyrste tysdagane i mai.
-Den som frå klokka 18:00 stiller inn på Valle radio (det står Bykle på skjermen om radioen har slik indikator) vil få ein triveleg kveld, lovar Harald Haugland.