"Fred er ei det beste, men at man noget vil"

Share

I sendinga i Valle radio onsdag 24. mai kl. 20.00 hadde Bjørgulv T. Berg med seg Pål Dale og Tarald Myrum for å snakke om **korleis Sesilåmi kan utviklast til næringstiltak.** I Setesdølen fredag 26. mai hadde Pål dette innlegget, som eg har fått lov å legge ut på bloggen:

I saka om Sesilåmi si framtid vil eg bruke Bjørnsons ord om at «fred er ei det beste, men at man noget vil». I denne saka bør ein likevel kunne ha eit fredeleg samarbeid, men samtidig ville noko. Sjølv om det er midt i «verkje» (våronna), skal eg orientere om bakgrunnen for forslaget om å vidareutvikle Sesilåmi.

I forbindelse med regionrådet sitt representantskapsmøte var forfattar Paal-Helge Haugen invitert til å tale om utviklinga, både i Setesdal og i eit globalt perspektiv der han såg mulighetene føre seg. Det var viktig å gripe mulighetene, meinte han. Han nemnde at kultur- og næringspolitisk satsing er verdt å prøve seg på. Paal-Helge Haugen understreka då at ein må byggje på det ein hev, men det måtte ikkje bli for puslete, det me driv med i Valle. Han meinte at det var mest berre rullatorar han såg når han kom til Valle i dag.

**Gøymde orda i hjartet**
«Mennesket er til alle tider ved ein skiljeveg,» vert det sagt. Eg gøymde ein del av foredraget i hjarta og grunna på det. Som medlem av tiltaksnemnda, kulturutvalet og formannskapet sende eg eit brev til Valle kommune ved kulturrådgjevar Hege sandhaug. Det var 15. april 2006. Saka var tidlegare omtala i Setesdølen og NRK Sørlandssendinga. Eg hadde og to telefonsamtalar der eg utveksla synspunkt med rennleiar Oddbjørn Elve i Sirdal. Som politikar var det ikkje naturleg for meg å gå til dei andre idrottslaga før me lokalt hadde hatt ein runde for å avklåre om dette kunne vere noko å satse på. Det var uråd på førehand å vite om Valle IL i grove trekk ville slutte seg til dei punkta eg hadde sett opp i brevet.

**Tanken om 3000 til 4000 deltakarar**
I brevet til kommunen skreiv eg mellom anna:
Sender nokre tankar som medlem av tiltaksnemnda slik at de kan få sjå vegen vidare og om det er verdt å satse på. Neste år er det 30-årsjubileum for Sesilåmi. Mitt forslag er å gripe sjansen i staden for å tenkje begrensningar. Her er det viktig å byggje på noko ein har og prøve å få det opp i 3-4000 deltakarar.

Vidare i brevet skriv eg at eg tek med nokre konkrete tankar:
*Samarbeid mellom Bygland, Valle og Sirdal som i dag.
*Vurdere start laurdag.
*Godt oppkøyrde spor tidleg på vinteren, så låma kan trenast i tre-fire helger før start. Dette vil og styrkje overnattingsbedriftene og generere inntekter til Valle og Brokke som skisenter.
*Skape nye arbeidsplassar. Birkebeinarrennet har i dag fem heilårsarbeidsplassar bare på Rena.
*Sponsorar som kan marknadsføre seg i Brokke-området.
*Studietur til Rena.
*Kjende skiløparar frå Sørlandet som deltakarar.
*Kjell Kristian Rike som speaker.

**Viktig og godt møte**
På bakgrunn av dette brevet sende kulturrådgjevar Hege sandhaug innkalling til møte torsdag 14. mai kl. 19.00 i formannskapssalen. Kopi vart og sendt til leiar i Valle IL, Tarald Myrum og kasserar i laget, Valborg Nomeland.

Dette møtet var viktig for å leggje fram tankar før fellesmøtet mellom idrottslaga som samarbeider om Sesilåmi. Frå Valle IL møtte Tarald Myrum, Erling Sagneskar, Bjarne Bratteland og Dreng Rike. I tillegg møtte Hege Sandhaug og Pål Dale. Dette var eit særs godt møte, også med nye og gode innspel.

**Jon på Lista**
Jon Lund på Lista hadde og eit lesarinnlegg i Setesdølen for nokre år sidan der han meinte me måtte få meir blest om ski- og langrennssatsing i Valle. Han nemnde då 50-kilometeren i 1936, der OL- og verdsmeister Lars Bergendahl deltok i Berg i Valle. Då var Gjermund Nomeland aktiv, og det var han som fekk rennet i stand. Jon Lund skreiv og at Dreng Viki fekk æra av å knyte startnummeret på Lars Bergendahl og at Valhall var open heile natta før rennet, så oppladninga skulle vere i orden.

**Ikkje berre eit utspel**
Mitt håp er at dette ikkje berre blir eit utspel sjølv om Kåre Flateland meinte at det var så godt at eg kunne bruke det i valkampen i 2007. Eg vonar tvert om at det kan føre til auka oppslutning om det årvisse rennet, der ungdommen og er å finne på startlistene.

Her er det viktig å velje rett spor, men ordtaket seier og at sjølv omvegar av og til kan gjerast kortare. Endåtil i 17.-mai-talen i Valle nemnde Bjørgulv Sverdrup Lund noko om Sesilåmi og startområdet i Brokke, der det no er bygd fleire kilometer med ljosløype. Med så grei startarena såg han også muligheter for å utvikle skirennet og auke oppslutninga om arrangementet.

Sportsleg helsing **Pål Dale**

17.mai i Valle – Knut Olavsson Bø

Share

Etter gudstenesta i Valle kyrkje la **Sissel Åkre** ned krans på støtta til minne om Knut Olavsson Bø, som vart skoten under 2. verdskrigen. I samband med dette heldt ho denne talen (som eg sende opptak av i Valle radio om kvelden 17. mai):

**»Kjemp for alt hva du har kjært, dø om så det gjelder».**

På Eidsvoll ble det kjempet med ord og penn. I 1940-45 ble det kjempet kamper på liv og død.

Hærstyrkene i Setesdal kapitulerte 15. mai 1940. Men det gikk ikke lang tid før motstandsarbeidet var i gang. Militærdistrikt D18, Aust- og Vest-Agder, ble reorganisert i 1942 under ledelse av major Arne Laudal. Knut Olavsson Bø fikk i oppdrag å organisere Setesdalsgruppa.

Han var ordonnanssjef, og som disponent for ruta hadde han ansvar for å sende våpen, meddelelser og annet dit det skulle… Ruta var ute i lovlig ærend, men sjåførene hadde mangen en farlig last med seg og mangen en viktig melding.

I 1942 var det mange som trodde at krigen snart var over, og at fienden ville trekke seg tilbake, blant annet gjennom Setesdal. Det ble gitt instruks om at det skulle drives **geriljakrig** her!

Forberedelsene var grundige, men de alliertes invasjon lot vente på seg, og på sensommeren tok det til å rakne. Hele organisasjonen til major Arne Laudal ble rulla opp, og han ble arrestert 7. desember. Tallet på fengslede i organisasjonen var 324.

Knut O. Bø ble arrestert 7. januar 1943 og i motsetning til mange av de andre arresterte ble han ikke sendt til Tyskland, men ble sittende på Grini. Den 14. april 1944 ble han dømt til døden, og 9. mai ble han skutt på Trandumskogen.

Da han ble begravet 19. juli 1945 var rundt 1000 mennesker samlet her på kirkegården. Tidligere Grinifanger og norske og britiske militære stod æresvakt. Denne steinen ble avduket 8. mai 1947.

**Fred og selvstendighet** er skjøre begreper. Noen er villige til å ofre livet for disse ordene, også i dag.

I motsetning til Bjørnstjerne Bjørnson vil jeg si: **Fred er det beste, og at man noget vil.**

Vi ærer Knut O. Bøs minne.

Kåseriet tysdag 30. mai 2006

Share

Denne veka har eg ei glad historie å fortelje, men den starta trist. I januar 2006 brant ei kyrkje i Chicago, Pilgrim Baptist, heiter den. Meir om kyrkja kan du finne her:
http://en.wikipedia.org/wiki/Pilgrim_baptist_church
Mannen som skreiv den kjende Take my hand, Precious Lord, Thomas A. Dorsey var musikalsk leiar her frå 1932 til slutten av syttitalet. Han vart kalla far til gospelmusikken. Eg og Bjørgulv T. Berg har hatt mange program om gospel her i Valle radio. Difor las eg litt meir om dette på Internett.

Så fann eg ei bok om han. Den heiter Michael W. Harris, The Rise of Gospel Blues: The Music of Thomas Andrew Dorsey in the Urban Church Oxford University Press, 1992, ISBN 0193090378. Eg kjøpte den i januar og vart inspirert av å lese om Dorseys liv og arbeid med musikk.

Ei anna bok om same emnet fann eg og: Bernice Johnson Reagon, We’ll Understand It Better By And By: Pioneering African-American Gospel Composers Smithsonian Institution, 1992, ISBN 1560981660. Då eg søkte etter boka på http://dogbert.abebooks.com/ fann eg at eg kunne få den billegast frå ein bokhandel i Malaysia, Pay Less Books Malaysia Puchong, Malaysia. Der kosta boka bare tre og ein halv dollar, frå USA kunne eg få den for 30 dollar. Frakta frå Malaysia til Noreg var seks dollar, til saman under ti dollar. Sjølv om Malaysia er langt borte, valde eg å bestille boka. Det skulle ta opp til 45 arbeidsdagar å få den, og abebooks meinte at eg ville ha den innan 26. april.

I begynnelsen av mai var det gått hundre dagar, då skreiv eg til bokhandlaren i Puchong og sa at boka ikkje var komen. Eg fekk svar tilbake om at eg burde klage gjennom abebooks, så ville eg få refundert utlegg. Men eg venta noko med det, «eg har fått alle bøkene eg har kjøpt gjennom dette systemet», sa eg til meg sjølv. 23. mai låg ho i postkassen. Papiret ho var pakka i, var gått i stykker, så Posten Norge hadde lagt ho i ein plastpose før dei sende ho til Mandal. Men der låg ho. Det var bare å begynne å lese.

På denne bakgrunnen valde eg å starte kåseriet med Jim Reeves som song Whispering Hope, skriven av Septimus Winner under pseudonymet Alice Hawthorne. http://www.cyberhymnal.org/htm/w/h/i/whisperh.htm
Heile våren har eg gått med eit håp om å få boka, og no kom ho. Då kunne eg slutte kåseriet med «Take My Hand, Precious Lord», også den sungen av Jim Reeves.
http://en.wikipedia.org/wiki/Take_My_Hand%2C_Precious_Lord

Harald

Aktuell time onsdag 24. mai 2006

Share

Det var Bjørgulv T. Berg som var ansvarleg for denne kvelden, og Inga Flateland var teknikar. Bjørgulv hadde sett opp fire tema:

**1. Turistsesongen**
Her hadde han fått med seg Ørnulf Hasla. Dei snakka om turistsesongen som står for døra. Ørnulf er leiar i Valle og Rysstad Reiselivslag. Han fortalde at om lag 30% av omsetninga skjer om sommaren, så det er ei viktig tid for å halde oppe det lokale tilbodet. Kommunen sin reiselivssjef Frode Buen har no eit prosjekt for Setesdal Regionråd. Dersom Ørnulf skulle rå ein turist til opplevingar medan han budde i Valle, ville han ha føreslå Kvernhusstigen frå Harstad til Tveitetunet, turen over til Sirdal og ned til Lysebotn, besøk på Setesdalsmuseet og ein tur til Gloppefossen. http://setesdal.com/

**2. Folkemusikk-gruppa Tindra**
Denne gruppa hadde konsert i spelestoga på Valle VGS onsdagskvelden. Harald Haugland hadde gjort eit opptak med dei, men tekniske problem gjorde at det måtte gå ut. I staden spelte Bjørgulv litt frå plata deira, som hadde pre-release på konserten denne kvelden. Her finn du info om Tindra: http://www.tindratrio.com/

**3. Ein prat med dyrlegen, Gunvald Mosdøl**
Den gjekk på telefon, Gunvald var i eit sauefjøs ein stad i Setesdal. Bjørgulv omtala han som Setesdalens travlegaste mann i denne tida, og han bekrefta at han køyrde 90.000 km i året og bytta bil etter 15 månader. Distriktet hans er Valle, Bykle og Bygland. Sauetalet går ned, men besetningane vert større, så det er fleire dyr på ein stad no. Det var ein del sjukdom før lemminga i år, men etter har det vore mindre. Etter lemming er det særleg jurbetennelse, han undrast på om det kunne ha noko med kraftforet å gjere. Gunvald fortalde at han trivdest betre med denne jobben enn som professor i Oslo. Om vinteren kunne det vere høve å få lese ein del og oppdatere seg fagleg. Her er ei side der folk diskuterer sauehald:
http://lindholtdata.no/sau/default.asp?Aksjon=Diskusjon.asp

**4. Kreftaksjon fredag 2. juni i Valle radio**
Bjørgulv snakka med Hallvard Kjelleberg, som planlegg ein slik aksjon fredag før pinse. Då har Valle radio ansvar for ei sending som skal gå over heile dalen. http://www.kreftforeningen.no/ Gå til seksjonar, der finn du informasjon om Seksjon Sør-Vest i Kristiansand.
http://tinyurl.com/mavda

**Kommunen informerer**
http://www.valle.kommune.no
Dette programmet gjekk ut, då det ikkje kom nokon frå Valle kommune. I staden sende Bjørgulf nokre eventyr frå ein CD.

Gratis elgsafari

Share

For nokre år tilbake var elgsafari ein aktivitet i Valle. Trond Støle tok med turistar på tur i Oveinang og lukkast som oftast å gje valuta for pengane.

Vinterstid kunne det og vere vanleg å møte elg eller rådyr i vegen, og mange av oss som kjører ein del i Valle, har truleg hatt ublide møte med desse hjortedyra.

Natta etter Kristi Himmelfartsdag 2006 kom eg heim frå ein tur til Oslo. Ettersom eg hadde eit par stopp undervegs, blei det ganske seint, eller kanskje ein heller skal seie tidleg morgon då eg kom frå Høydalsmo mot Dalen. På strekninga mellom Høydalsmo og Eidsborg møtte eg til saman ti elgar, dei fleste i grupper på to eller tre. Etter at eg hadde møtt første gruppa, sette eg ned farten, slik at det på resten av turen vart ein opplevingsrik elgsafari i staden for skademelding til Terra.

Harald

Referat frå årsmøte

Share

Årsmøte i Valle radio tysdag 23.mai 2006-05-23 klokka 19:00

Hallvard ønskte velkommen.

Val av møteleiar og referent: Hallvard Kjelleberg og Harald Haugland
Til å skrive under protokollen: Torhild Sandnes og Ørnulf Hasla

Årsmelding vart referert. Det var ingen kommentarar til årsmeldinga. Den vart samrøystes vedteken.

Rekneskapen vart referert av Halvor Rike.
Revisjonsberetninga vart lesen av Harald Haugland.
Rekneskapen vart samrøystes godkjent.

Val: Hallvard Kjelleberg, Helge Homme og Theis Salvesen vart samrøystes attvalde.

Styrets framdrift og planar:
1. Bykle radio kjem ikkje til å starte opp i haust. Det var ein søkjar til stillinga, men han vart ikkje vurdert. Olav Mandt er vald til ny leiar i Bykle radio.
2. Det kom opp spørsmål om å reparere sendarar. Fleire av sendarane har hatt feil, og lyttarar har etterlyst sendingane. Det vil vere aktuelt å ha eit møte med Bykle om dette.
3. Det kom også spørsmål om konsesjonstilhøva. Ny konsesjonsrunde er ved utgangen av 2007.
4. Onsdag i høve til fredag. Ørnulf opplever at det er vanskeleg å få med folk til fredagane. Vi held fram med onsdagane til hausten.
5. Arbeidet med å legge platene inn på data må gå vidare.
6. Helge tok opp spørsmålet om reklame. Han vil ikkje lenger arbeide med det, men vonar ein kan finne andre til det.

Hallvard takka alle dei 14 deltakarane på årsmøtet for frammøtet før han serverte pizza.

Valle 23. mai 2006

Harald Haugland

Årsmelding 2005

Share

Radioåret 2005 har vore todelt: **Første halvdel** starta med innsamlingsaksjon i samband med tsunamien i Asia. I samarbeid med Strømmestiftelsen samla vi inn pengar til Sri Lanka. Mange gode underhaldningskrefter var med i kommunestyresalen under leiing av Kirsten Bråten Berg og Hallvard. Vi fekk inn rundt 180.000 kroner til dette. Påskesendingane vart kanskje ikkje den store suksessen i år, men rundt 120.000 er ikkje dårleg. **Andre halvdel** vedtok Bykle Radio å ikkje ha sendingar. Vi kunne dermed ha fredagssending om vi ønskte det. Vi valde å ha onsdagssendingar om hausten, men fredagar i vintersesongen med sikte på også å ha hyttefolk som målgruppe.

*Programarbeid**. I løpet av året har Rolf Erik Homme, Jorunn Lund Harstad og Anna Rysstad hatt opne sendingar og Ørnulf Hasla har gått inn som programleiar i tillegg til Theis, Harald og Hallvard. Håvard Viki, Torleif B. Harstad og Bjørgulv T. Berg har halde fram med Tankar frå Bibelen, og rådmann Vidar Homme har organisert Kommunen informerer.

**Teknisk** har vi halde fram med dei same medarbeidarane. I tillegg til dei har Geir Uppstad og Kent Vidar Helle blitt med. Sist årsmøte vart det bestemt å fornye det tekniske utstyret, og i løpet av året har vi fått det meste på plass. Framleis treng vi nok kursing før alle brukar utstyret like godt. Etter kvart skal og all musikk inn på data.

**Tysdagssendingane** har gått heile 2005 med Harald Haugland som ansvarleg. Faste medarbeidarar har vore Niklos K. Besteland og Lisbeth D. Homme, Harald samarbeider med Norea Radio. Kvar veke får han tilsendt programmet Over ein open Bibel, Noreamagasinet og Møteplassen. Alle desse programma tek opp kristne tema frå ulike vinklar. Av den grunn sender vi ikkje så mange møteopptak lenger.

Frå 1. november 2005 starta Harald å skrive **blogg** basert på programma i Valle radio. Til no – 22. mai 2006 – er det skrive over 180 innlegg, og det har vore over 17.000 sidevisningar og nesten 900 besøk sidan vi starta.

»

**Samarbeidet** med Bykle og Evje radio om sending fyrste fredag i kvar månad gjekk greitt i vårsemesteret, og slik har det halde fram også etter at Bykle radio ikkje lenger er på lufta.

**Til slutt** nemner vi Halvor Rike som fører rekneskapen og Helge Homme som skaffar gevinstane, sender ut giroar og organiserer reklamen. Utan deira innsats hadde vi hatt mange problem, om vi i det heile teke hadde vore på lufta.

Sjølv om 2005 ikkje var som andre år, baud det på mykje trivsel og moro i radioen. Takk til alle som på ulike måtar la grunnlaget for det.

17. mai 2006 – Tale for dagen på Rysstad

Share

**GUNNAR STUBSEID** skriv i epost der han sender talen:

Hugs at dette er grunnrisset – eg la nok til litt her og der på direkten – frå talarstolen.

Gratulerer med dagen!

Når ein blir beden om å halde 17. mai-tale og svarar positivt på det, gjer ein det kanskje før ein har tenkt godt nok over reint konkret kva talen skal innehalde. 17. mai er liksom eit tema for seg – tenkjer vel dei fleste – det er 1814, grunnlova, Henrik Wergeland, bunader, glade barn med sløyfer og norske flagg, hipp hipp hurra og lovprising av det som er norsk og verdien av at vi som nordmenn vart herre i eige hus og at 400-årsnatta under dansk styre og stell var over. At me fekk konge saman med svenskane og måtte la dei styre med utanrikspolitikken i endå neste hundre år har liksom ikkje vore så viktig når ein feira 17. mai. Og det var vel heller ikkje så viktig, sjølv om me i fjor kunne feire 1905 og den endelege fridomen og sjølvstende for landet vårt.

For oss som har levd ei stund er 17. mai svært ulikt alt etter kva fase i livet ein er. Eg kom til å tenkje på dette då eg sette meg ned og skulle skrive denne talen – og blei faktisk overraska over kor ulik 17. maidagen kan vere alt etter kvar ein er og i kva slags livssituasjon ein er. Eg vil difor i første delen av talen vere litt personleg:

**17. mai som barn**
Eg voks opp på Austad, og der var ein 17.-maidag og ei feiring som i dag er soge:
Me samlast – unge og eldre – i Heistadtunet (Nordgarden på Heistad) – eg trur i eitt-tida – då hadde nokre alt hatt ein halv arbeidsdag dersom det var noko som måtte gjerast på garden – og stilte opp i tog for å gå dei tre kilometerane ut til ungdomshuset på Austad. Fana til Austad Ungdomslag var fremst i toget, og me song av full hals alle 17. maisongane og salmane. Papa, som var lærar og klokkar, var forsongar og leidde dei heile, og alle song med etter beste evne. Me hadde ikkje songbok, songane kunne me. Så var det stopp ved kvart hus som hadde flagget oppe, og vi vende oss mot flagget og ropa 3 gonger hurra. På den store gravhaugen i sørgarden på Heistad stod det flaggstong før, og alle gjekk opp på haugen og song ”No livnar det i lundar”. Gjennom skogen mellom Austad og Heistad song me ikkje så mykje – stemmene måtte sparast på. I Plasset, som den nørste garden på Austad heiter, sat Gamle-Grunde ute på trappa og venta på 17.maitoget. Her song me allstøtt «Enno ein gong fekk eg vetren å sjå…» og så svinga Gamle-Grunde med huva. Ved den gamle kyrkjegarden stogga me, senka flaka og song ”Her ligg dei grav i grav”. Så var det å gå ut på Oddebrotet og helse over til Ose, rope 3×3 hurra, og så opp til Ungdomshuset der feiringa var. No var det mat å få – alle hadde med seg niste og dei vaksne fekk kaffi. Og no kom det einaste ”urbane” innslaget for oss som var ungar – is, pølser og slike ting hadde me knapt høyrt om – me fekk kjøpe brus! Ubegrensa med brus – me hadde heile lagerbehaldningane med gul- og raudbrus i buskane rundt ungdomshuset. Lageret varde i mange dagar….

Resten av dagen var det idrottsleikar – 60-meteren, lengdehopp, 3-steg og stikkhopp (som me sa – høgdehopp). Og dette var ikkje berre for ungane – både vaksne og ungdomane var med. Og alle fekk premie. Høgdepunktet var når dei tidlegare sportstjernene frå Heistad stilte opp – Sigurd Heistad (”Sportsmannen”), Hallvard Slettevollen, Hallvard og Gunnar Grundesson og fleire – dei kom på slutten og laga eit klimaks i tevlingane. Og alltid var det gode kommentarar både blant deltakarane og publikum når desse karane synte gamle kunster…

**Neste 17-maiperiode** for meg var gymnastida. Då var det nok ikkje akkurat raud- og gulbrus som låg i buskane kring ungdomshusa i den tida. Men denne tida var spennande, og for meg som på den tid spela gitar og vart hyra inn som musikar i russeorkestera fleire år på rad var dette nye og sterke opplevingar. For å seie det slik – den nasjonale musikken med ”dei gamle fjell i syningom” kom vel litt i bakgrunnen, no blei det swing, tango, foxtrott og vals som stod i det musikalsk sentrum.

Studietida hadde eg i Bergen. Der møtte eg **den urbane 17. maifeiringa**. Den var fullstendig annleis enn den eg kjende frå tidlegare – og for meg som var ein enkel landsens gut – vart dette nærast ei sjokkarta oppleving. Den Bergenske Måten å feire 17. mai på er ekstremt urban og borgarleg. Der går 17.maikomiteen fremst i borgerprosesjonen – det heiter det i Bergen – og alle mennene i 17.maikomiteen har flosshatt den dagen. Så kjem dei ulike lag og foreiningar med sine faner – og så har dei alle ”buekorpsene” med sine eigne uniformer, armbrøst og trommevirvelar, – og sjølvsagt barnetog. Dette har gamle tradisjonar – bergensarane var blant dei første som begynte å feire 17. mai – dei tok til alt i 1820-åra. 17- mai komiteens formann helsar i sin tale folket med ”Kjære byborgere. Atter er dagen oprunden”, og så syng dei, ståande med tårer i augene, sin eigen nasjonalsong:
”Jeg tog min nystemte Cithar i Hænde;
Sorgen forgikk mig på Ulrikens top”.

Men før dette er det 17-mai-frukost hjå alle Bergens borgarar (og denne skikken tok sjølvsagt vi studentane etter) – med god mat, øl og dram. Og så var det alltid godt vér i Bergen 17. mai – og ingen by på denne jord er så frodig og vakker som Bergen om våren i mai!!

For i Bergen heiter det: ”Eg e´kje fra Norge. Eg e`fra Bergen”.

Så kjem **perioden med små born**. Alle som har små born veit at 17. mai er noko spesielt. I denne perioden er det borna som står i sentrum, og det skal leggjast tilrette for at borna skal få oppleve denne dagen på ein mest positiv måte. Det heiter jo heilt frå Wergelands- og Bjørnsons tid at dette skal vere barna sin dag. Desse åra er jo fine minne, og står som ein eigen periode i liva våre.

Så kjem **tida då borna er vaksne**, dei feirar 17. mai på sin måte, og vil helst ikkje ha så mykje med foreldra å gjere denne dagen utan at det er greitt å kome innom heime og sove litt, dusje og få mat når det passar dei. Dette er vel velkjende tilhøve for dei fleste av oss. Og slik må det vel vere – inntil det på nytt kjem små barn som du som gome eller gofa skal ta deg av på 17. mai. Den perioden har ikkje kome til meg ennå.

Så står vi att med spørsmålet: Kva er 17. mai for oss i den mellomperioden mange av oss er i nett no? Sjølvsagt skal vi feire og gle oss over fridom, sjølvstende og at me lever i eit rikt og godt land som er blant dei aller beste i verda – men er det andre ting me kan leggje i denne dagen som kan minne oss om at kanskje er ikkje alt berre velstand og fridom på denne vakre kloden vår. Kan me kanskje leggje eit litt større perspektiv i denne dagen enn det reint nasjonale – og kan me seie at når vi har fått fridom og sjølvstende, forpliktar dette oss til å ta del i det som skjer rundt omkring i verda i dag?

Den kalde krigen tok slutt med Berlinmurens fall i 1989. Eg var faktiske i Aust-Tyskland på ein festival – i Rudolstadt – berre månader før muren fall, og det var fantastisk å merke den stemninga som låg i lufta – det var ein optimisme å merke blant dei aust-tyske artistane og arrangørane – dei sa like ut at no skjedde det store ting om ikkje lenge. Dei visse kva som ville kome til å skje. Og for heile verda var jo dette noko av det største som hende i førre hundreåret.

Men når eit fiendebilete fell, kjem eit nytt i staden. No er det ikkje ideologiane som krigast, det er religionane. Fundamentalistane – på mange kantar – er det største trugsmålet i vår tid. Me definerer oss – og dei andre. Og dei andre er farlege.

Vi fekk grunnlova vår i 1814. Men grunnlova var ikkje perfekt den gongen – det var mellom anna ein paragraf – den såkalla jødeparagrafen – som nekta jødar tilgang til riket. Jødar hadde ikkje tilgang til Norge før i 1851 – den 13. juni det året gjorde Stortinget vedtak om å stryke denne bestemmelsen. I dag vil me vel riste litt på hovudet at ein i det heile kunne finne på å lage ein paragraf med dette innhaldet. Men dersom me er heilt ærlege – ligg det ikkje litt etniske rasefordomar i nokon kvar av oss også i dag? Ein kan kanskje minne om Meistarens ord – ”den som kan seie seg heilt fri kan kaste den første steinen…”

Det er Ibsen-år i år – for 100 år sidan døydde den verdskjende diktaren, som ved sida av Shakespeare er den dramatikaren som vert spela mest over heile jordkloden. Ibsen hadde, som me veit, mykje motgang, både som barn og i ungdommen. Han vart ”oppdaga” av Ole Bull, som såg talentet tidleg og tilsette han, 23 år gamal – som første teatersjef ved Det Norske Teatret i Bergen. Etter 6 år i Bergen – viktige år for han – reiste han i 1857 tilbake til Christiania for å arbeide som artistisk direktør ved Christiania norske Theater. Men åra frå 1857 til 1864 blei nokre av hans verste. Økonomien til teateret var dårlig, og i 1862 gikk det konkurs. Han møtte også motstand i samband med skodespela sine, og desse nederlaga gjorde han bitter til det norske samfunnet, som han så på som trongsynt.

Heldigvis – må me seie i dag – fekk han hausten 1863 eit reisestipend av regjeringa, og året etter drog han sørover. Bortsett frå et par kortare besøk, kom han ikkje tilbake til Noreg før det hadde gått 27 år. Mesteparten av denne tida budde han i Italia og Tyskland, og det var her han skrev de fleste av skodespela som har gjort ham til – ikkje berre Noregs – men ein av verdas største forfattar. Først kom Brand (1866) og eitt år seinare Peer Gynt.

Eg nemner Henrik Ibsen her, fordi eg meiner har mykje å seie oss også i vår tid. Spesielt om våre haldningar og syn på dei som er annleis og meiner annleis enn me gjer. I Brand tek han opp den religiøse fundamentalismen i si fulle breidde. No skal teatret vårt her i Agder – Agder Teater – setje opp dette stykket på friluftsscenen i steinbrotet ved Grimstad i sommar – og mi oppmoding til alle må vere: Tak turen til Grimstad og sjå dette meisterverket!

Mitt ynskje for dagen må vere at me kvar og ein går litt inn i oss sjølve – me som har vore så heldige å vakse opp i og få bu eit fritt og rikt land – og tenk på alle dei rundt omkring oss som ikkje får del i vår velstand og vår fridom. Fridomen forpliktar også. Me har ikkje lov til å lage oss generelle fiendebilete om dei andre – som trur og meiner annleis enn me gjer – og soleis skape avstand og intoleranse. Lat oss bruke dagen på ein positiv måte – i fridomens og toleransens ånd!

Til lukke med dagen!

Onsdag 24. mai 2006

Share

Kveldsansvarleg: Bjørgulv T. Berg/ Jorunn L.Harstad
Teknisk ansvarleg: Gudrun T. Rysstad

18.00 Aktuell time
19.00 Kommunen informerer
19.30 Tankar frå Bibelen
20.00 Bjørgulvs time med gjester
21.00 Opi sending: Jorunn L. Harstad

Kunngjeringar og helsingar:
tlf: 37 93 75 77
fax: 37 93 75 75
Skjermpost(e-mail) post@valleradio.com