Hageprat 10. mai 2006

Share

Ørnulf hadde sett av ein heil time til dette og hadde fått med seg hageentusiast og leiar av Valle hagelag, Øyvind Jacob, til denne praten.

Dei starta med å snakke saman om kva tid ein skal **beskjære frukttre**. Moreller er seint på sommaren, tidleg haust, medan epler er sein vinter eller tidleg vår, før sevja stig.

Ørnulf lurte så på kva Øyvind gjorde for å **førebu ein god sesong**. Han svara at han prøvde å få vekk rusk og rask frå sist sesong. Roser treng godt dekke om vinteren, iris har eit voldsomt bladverk.

Flammentanz er ein rosesort som høver godt her, og Øyvind meinte at **roser** med H3-4 går godt i Valle, til og med H2 kan fungere fint, medan planter som har H8 tåler kva som helst. Likevel er det vanskelege vekstvillkår inntil ein vegg.

Øyvind snakka også om **Agromarin**, eit nytt stoff som han brukte til å gjødsle med og som gav god vekst. Her er heimesida til det stoffet, som kan kjøpast hos Primaflor, Mjåvannsv. 35, 4628 Kristiansand, telefon 38 18 54 20 http://www.agromarin.no/index.html

Elles var Øyvind for å bruke **stauder**, fleirårige planter. Til byttedagen i hagelaget ville han ta med stauder og bytte med andre hagefolk. Dei snakka og litt om humle, som treng stålstreng å klatre etter. Så snakka dei om buskar og nemnde **buksbom** som ein god busk å ha i hagen, anten som hekk eller frittståande.

I innleiinga hadde dei sagt at dei tok imot telefonar, og då ringde eg til radioen for å seie at eg ikkje likte buksbom fordi den hadde så mange kvasse piggar. Men då lurte Øyvind på om eg ikkje tenkte på **berberis**, då kunne han vere einig med meg. Så eg dumma meg kanskje litt ut, men eg var den einaste som ringde inn i programmet.

Vi snakka vidare om påskeliljer, om krokus og kvitveis og hadde ein triveleg prat. Etter at eg la på, kom dei og inn på **isbrann** i hagen. Øyvind meinte at det truleg var best å ta opp og så i på nytt, det tok ikkje så lang tid før nytt gras kom opp. Var det små flater med isbrann, reparerte som oftast graset seg sjølv, men det tok lenger tid.

Det var ein triveleg prat om eit aktuelt tema denne kvelden.

Harald

Kommunen informerer 10. mai 2006

Share

Det var Torgeir Haugaa som hadde oppdraget denne kvelden. Han er leiar av Avdeling for plan og utvikling i Valle kommune.

Samtalen mellom han og Ørnulf Hasla starta med at Torgeir fortalde at bak tala om stor fråflytting frå Valle låg det to tilhøve: Meir utflytting, men og mindre tilflytting. Det har vore ein periode der Valle har mista mange arbeidsplassar. Likevel er det nokre ting som gjev grunn til optimisme:

1. Fylkestinget og Norsk Motorsportsforbund har vedteke at ein skal arbeide for å realisere planane om folkehøgskole med vekt på motorsport. Tidsramma for dette er to år. No lyser ein ut stilling for prosjektleiar.

2. Det vert arbeidd med planar om leilighetskompleks i Valle. Det er mange som kan tenkje seg å bu i ein bustad som ikkje er einebustad. Tanken er at det skal ligge mellom Leite og sentrum.

3. Hytteboomen i dalen har gjort at ein no prøver å få til ein eigen nettstad for Hytter i Setesdal.

Aktuell time onsdag 10. mai 2006

Share

Sjølv om det no er gått ei veke sidan sendinga, tek eg med litt av det som Ørnulf Hasla hadde samla saman av stoff til denne sendinga.

**1. FYSAK i Valle**
Ørnulf hadde med seg Øyvind Jacob i studio. Øyvind er leiar for FYSAK i Valle. Ein av dei aktivitetane FYSAK steller til er dansekurs. Difor var Rune Mikkelsen og Hildegunn Håland i studio for å fortelje om swingkurs som skulle vere 19.-20. mai. For to år sidan hadde Rune kurs saman med Ingunn M. Viki. Då var det 70-80 deltakarar, så dette tiltaket var populært.

No skal swingkurset vere på grendehuset på Helle, og det går buss frå Valle. Ein vonar å få til dansekveldar seinare. Rune fortalde at han då han var liten gjekk på danseskule og seinare deltok i konkurransedans. Pengane til dette opplegget hentar Øyvind frå ei løyving frå fylket på 50.000 kroner til FYSAK i Valle.

**2. 17. mai**
Leiarane frå 17.-mai komiteane, Leonhard Jansen i Hylestad og Tarald Myrum i Valle, var i studio og fortalde om opplegget.

**3. Siste året med russ på musikklina i Valle**
Torunn Charlotte N. Lund, fungerande rektor ved Valle VGS fortalde om situasjonen ved skulen. Dei jobbar no vidare med gull og sølv. Dei hadde von om VG1 Design og håndtverk, men det fekk ikkje nok søkarar og kjem ikkje i gang i år heller. Dei elevane som no går på skolen, tek VK2 over 2 år. Dei reiser no til Nederland, Tyskland og Lahti, og frå 28. august til jol vert det utanlandske elevar i Valle.

I ei undersøking om skulemiljø kom Valle godt ut. No vert skulen ein del av Setesdal vidaregåande skule, Torunn blir avdelingsleiar i Valle og Rolf Øvrevik får den oppgåva på Hornnes.

**4. Postkassetrimmen**
Dette er eit tiltak for trim i kommunen, og Torleif Løyland, Oveinang, Toralf Andersen, Rysstad, og Ånund Lund, Valle, var i studio for å fortelje om opplegget. Det vert 5-6 postar i Oveinang, 20 i Valle og 20 i Hylestad, og start for opplegget er 15. mai.

I opplegget er det noko for ein kvar smak, og namnet har det fått fordi på måla for turane er det ein postkasse med ei bok der ein kan skrive seg inn og ei tang som ein kan nytte til å klippe i eit kort.

Ein 17.-mai utanom det vanlege

Share

Årets nasjonaldag vart utanom det vanlege for meg. Ettersom det var onsdag, og ingen hadde meldt seg til å ha sending, gjorde eg det. Ideen min var at eg skulle sende noko frå feiringa i Øvre Setesdal. Diverre var det ikkje mogleg å få stoff frå Bykle om eg samstundes skulle dekke Valle, så då valde eg å dekke Valle og Hylestad.

Her er timeplanen min:

09:15 Til radioen for å hente utstyr
10:45 Opptak av Olav Hovets tale ved bauta ved Hylestad kyrkje.
11:30 Opptak av gudstenesta i Valle kyrkje
12:15 Opptak av Sissel Åkres tale ved støttene ved Valle kyrkje.
14:00 Opptak av tale for dagen på Rysstad ved Gunnar Stubseid
15:30 Opptak av tale for dagen i Valle ved Bjørgulv S. Lund
16:40 Middag
17:30 Få hjelp av Hallvard med nytt utstyr.
18:00 Sending
22:10 Slutt

Det vart ein lang og triveleg dag, som eg vil kome tilbake til.