Aktuell time 7. juni 2006

Share

Timen starta med **Leif Kvinlog**, rektor på Valle skule, som fortalde om resultata ved eksamen i fjor, der Valle skule kom på 14. plass på landsbasis og 1. plass i Aust-Agder. Her er oppslaget i Fædrelandsvennen: http://www.fvn.no/nyheter/setesdal/article370383.ece

Han kunne og fortelje at Sigrunn Askland no tek grunnfag i spansk for at skulen skal kunne tilby det når dei får den nye læreplanen frå hausten av. Då får dei og eit nytt fag som heiter Mat og helse i staden for Heimkunnskap. Frøydis Unneland og Anita Bakke skal ei veke på kurs til Lesvos med HiA for å lære om det nye faget og om mat ved Middelhavet og at skulle vidare til barneskulen sin grillkveld på Flateland camping denne kvelden.

**Dag Jørund Lønning** var neste mann ut. Han fortalde om arbeidet med bygdeutvikling i Telemark med vekt på Telemarkskua. Meir om dette finn du på heimesidene til Dyrskun, http://www.dyrskun.no/

Onsdag og torsdag er det ein konferanse om bygdeutvikling på Sirdal Høyfjellshotell. Her heldt **Arne Tronsen** i Setesdal Regionråd eit innlegg i dag om temaet sett frå næringsavdelinga i offentleg sektor si side. Valle radio gjorde eit opptak av dette før han reiste til Sirdal, og vi fekk manuskriptet, som ligg her på bloggen.

Til slutt i kveld hadde eg ein prat med **Ørnulf Hasla**, som også skulle på konferansen og halde foredrag om Hasla Sølvsmie og arbeidet dei har gjort for å få ein ny profil. Ørnulf er også leiar i Valle sentrumsforening, som hadde møte tysdag kveld og la planar for sommaren. Han fortalde litt om desse, mellom anna at sentrum vil verte stengt for trafikk på laurdagane i sommar, i staden vil ein lage langbord og gatetun i denne perioden.

**Kommunen informerer**

Her var det **Ingvar Nes** som var med. Vi snakka om

* Ferievikarsituasjonen
* Valle skule, karakterer og ombygging
* Hylestad skule, avslutning med syngespelet SkoterKnut
* Kulturskulen si avslutning måndag 12. juni kl. 18.00
* Kulturmidlar til lag og foreningar, til saman 200.000

**Tankar frå Bibelen**
Her kom Sissa Ringstad og hadde programmet denne kvelden.

Rett, plikt og lyst.

Share

Konferansen Gråberg eller Gull II
Sirdal 7/6 2006 **Av Arne Tronsen**

Det offentlege til teneste for utviklingsaktørane!
Det er menneske med idear som er gull verd!

Rett,plikt og lyst!
Som næringsmedarbeidar:
gjestfri – for nye tankar og vis vørdnad for det mennesket som tør take kontakt med deg
engasjert – dersom du i møte med «grunderen» ikkje syner engasjement i løpet av 2-3 minutt, kan du take livet av ein ide og hindre nyskaping i bygda di!

Rett,plikt og lyst!
Ver klår over at du som næringsmedarbeidar har ulike roller!
-Rettleiar?
-Rådgjevar?
-Forvaltar av kommunalt mynde?
-Gjev du tilskott?

Rett,plikt og lyst!
Roller- framhald:
Er organisasjonen liten, har du sannsynlegvis mange roller!
Kva «kan» kombinerast:
Rettleiar og tilskottsgjevar!
Rådgjeving bør du ikkje kombinere med ovannemnde roller!
Grunngjeving:
Du får for mykje makt over det mennesket du gjev råd!
Ønske om suksess på andres vegne kan gjere deg ugild.
Du tek for sterkt eigarskap til andres idear!

Rett,plikt og lyst!
Kva så med rådgjeving?
De fleste som arbeider med næringsutvikling arbeider i små
organisasjonar.
Kvifor ikkje bytte kompetanse og kapasitet?
Kvifor ikkje nytte eksterne kompetansemiljø?
Eva-senteret i Kristiansand?
Kompetansedeling fører og til kompetanseheving!

Rett,plikt og lyst !
Kva så med rådgjeving? (framhald)
God rådgjeving i ein tidleg fase er ei god investering, men viljen til å betale for dette er låg.
Difor:
Ei avgrensa rådgjeving i ein tidleg fase med god offentleg finansiering!

Rett,plikt og lyst!
Den einskilde næringsmedarbeidaren har plikt til å vite om alle andre offentlege aktørar og kvar for virkemiddel som finst: Det viktige er ikkje å sleppe handa til «grunderen» før ei ny hand tek over!
.

Kva med nabokommunen?
Vi må ikkje vere redd for at nabokommunen lukkast i næringsutviklingsarbeidet sitt!
Dersom eg ser at ideen har mykje betre sjanse for å lukkast i ein annan kommune, lyt eg som rettleiar vere tydeleg på dette!

Rett,plikt og lyst!
Engasjement- ikkje eigarskap
Gjestfri for nye tankar!
Kompetansedeling fører til kompetanseheving!
Rolleavklåring.
Dersom du unner andre suksess og er tydeleg på det, risikerer du at andre unner deg og suksess!

Rett,plikt og lyst!
I Setesdal er hylstringen kjent for å vere full av tiltakslyst:

» I Hylestad, der er alle slik,
dei drustar seg , som var dei rike!
Stor» og velverde kjem dei inn,
-um dei eig kje pengar til garva skinn!

» Han er ein drøymar- det fær so væra,
Men eingong finn han vel sitt å gjera.
Og set han mål, vinn han visstnok fram
Og stend ikkje etter til spott og skam»
(Jon Bjørgulsson Rysstad)

Onsdag 7. juni 2006

Share

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Inga Flateland
Telefon: Anna Rysstad

18:00 Nytt og aktuelt
19:00 Kommunen informerer
19:30 Tankar frå Bibelen
20:00 Bygdeutvikling i Telemark – og Valle. Intervju med Dag Jørund Lønning, som er forskningsleiar i Telemarksforskning.
20:35 Kan fisk fungere i bygdeutvikling? Leiar i VAFA Toralv Andersen og fiskeribiolog Tom Arild Homme kommenterer Lønning sine tankar.
21:15 Opi sending. Harald Haugland og Karin Bøe