Valle radio i Wikipedia

Share

I Wikipedia er det vanleg å sjå på dei siste endringar som har vore gjort. Av og til blir det gjort tjue rettingar i minuttet, og eit dugnadsbasert leksikon må ha eit system slik at dei som arbeider på prosjektet, veit kva andre held på med.

Det er også eit system slik at du kan føre opp sider du vil halde auge med. Det kan til dømes gjelde dei sidene du sjølv har skrive eller sider du veit noko om.

I dag då eg sjekka siste endringar, såg eg at det var gjort endringar på ein artikkel som heiter Kringkasting. Endringa gjaldt Lokale radiokanaler og eg tenkte at eg måtte sjå litt på den lista. Nederst på lista fann eg Valle radio. Den stod med raud tekst, det betyr at ingen har skrive noko om dette emnet.

Wikipedia har som prinsipp at alle kan skrive om kva dei vil. Men det er jo ein føremon at ein skriv om noko ein har greie på. Akkurat dette emnet er det kanskje ikkje så mange som har betre greie på enn eg, eg har jo vore med i Valle radio frå starten. Dermed var det bare å starte skrivinga.

Det vart ein god artikkel. Den som les han, vil vite meir om Valle Radio etterpå. Eg kunne skrive meir, mellom anna om programleiarane. Men då var det vanskeleg å unngå å skrive om seg sjølv, og eg tykkjer ikkje det høver å skrive om seg sjølv i eit leksikon, det får andre gjere. Så difor står det ikkje noko om programleiarane i Wikipedia enno. Om du har lyst til å skrive noko i tillegg til det som alt står der, kan du gjere det.

Det som står på Wikipedia kan i prinisppet kopierast og skrivast her på bloggen. Men eg skriv på bokmåls-Wikipedia og bloggen er på nynorsk, så om du vil lese det, kan du heller bruke denne lenka og gå til artikkelen der http://no.wikipedia.org/wiki/Valle_Radio

Ha ein fin fredag. Harald

PS
Ikkje gløym at det er i kveld klokka 19 det er **harpekonsert i Valle kyrkje**. Den må du få med deg. «Finn deg ein femtilapp og spring…» 🙂

Å bli hekta

Share

I dag vert innlegget mitt på bloggen kort. Grunnen til det er at eg har blitt hekta på wikipedia, så det meste av tida mi på datamaskina har gått til å arbeide med stoff til dette dugnadsbaserte leksikonet. Ofte er det slik at når du vert betre kjent med noko du held på med, synest du det er trivelegare å halde på med det.

I dag har eg laga to artiklar på wikipedia. Dei handlar om koral og koralbok, og for å skrive dei måtte eg leite fram noko av det stoffet eg brukar når eg lagar program til Valle radio. Slik sett har artiklane vore relevante for bloggen, men så var det å skrive på bloggen, då. Les heller på wikipedia, så ser du litt av det eg har halde på med. Her er lenka: http://no.wikipedia.org/wiki/Koralbok Frå denne kan du gå vidare og sjå på andre ting eg har laga.

God natt!

Tilbake til det gamle landet

Share

Fredag kveld klokka 19 er det duka for ein spesiell konsert i Valle kyrkje. Åtte harpistar frå USA vil då saman med Kirsten Bråten Berg ha konserten Tilbake til det gamle landet.

Kirsten møtte Beth Kollé, som er leiar for harpistane, på ein konsert i Seattle. Beth har tidlegare vore på Ose, og då vitja ho Kirsten. Ho talar flytande norsk, så det vert ikkje språkproblem denne kvelden. I løpet av konserten fortel ho om musikken, noko som gjev ei meiroppleving for publikum. Beth har og lært seg ein del av Kirsten sitt repertoar, og andre avdeling av konserten vil dei halde saman.

Eg har tidlegare peika til heimesida til Beth Kollé, http://www.bethkolle.com/ Der fortel ho at turneen i Skandinavia denne gongen startar i Oslo, går vidare til Heddal Stavkyrkje, Hovin, Mjonøy og altså Valle, før dei dreg vidare til Göteborg, der dei skal ha to konsertar i Wasa kyrka på Nordlek06, det nordiske folkedans- og spelmannsstemnet som vert arrangert kvart tredje år. Her er lenke til arrangementet i Göteborg: http://www.nordlek.nu/Nordlek/index.do Om du planlegg ein tur med ferja frå Kristiansand til Sverige i perioden 25.-30. juli, kan det vere noko å få med seg der. HARPA sine konsertar er tirsdag 25. juli og fredag 28. juli klokka 23.

Eg veit ikkje kva dei skal spele i Valle kyrkje fredag 21. juli klokka 19. Men dei har eit stort repertoar å ta av. Beth Kollé har gjeve ut mange bøker med melodiar arrangert for harpe. Du kan ta ein kikk på dei her http://www.bethkolle.com/harpbooks.html

Bobby Bare til Bygland

Share

Setesdølen melder at countrysongaren Bobby Bare alt er komen til Bygland. Han skal opptre på Reiårsfossen countryfestival til laurdag, men før den tid vil han nytte høvet til å fiske i Byglandsfjorden.

Eg fann ei infoside om han på Internet. www.bobbyroberts.com/bare_bio.pdf Der står det at han heile livet har likt å fiske og at han bur på stranda til Old Hickory Lake utanfor Nashville saman med kona Jeannie. Då han var ung, spelte han i ein film, A Distant Trumpet, og han var aktuell for ein fjernsynsserie. Men så bestemte han at det han verkeleg ville, var å gifte seg med Jeannie Stirling, få nokre ungar og halde fram som countrysongar. Det gjorde han, og det har halde til denne dag. No turnerer han ikkje særleg, i år har han tre konsertar på tre veker i Noreg: Breim, Ose og Seljord. Så får han tid til fisking mellom konsertane.

Bobby Bare har samarbeidd mykje med Shel Silverstein, som har skrive mange av songane hans. Saman med Chet Atkins, Jim Reeves og Anita Kerr Singers var Bobby Bare med på den første Country Music Tour of Europe i 1964, då dei og var i Njårdhallen i Oslo, og sidan har han hatt eit stort namn på denne sida av Atlanterhavet. Etter den første turen kom han tilbake på ein tre månaders turne i Tyskland, og sidan har han vore på Europa-turar kvart einaste år.

Eg skriv denne omtalen medan eg er på ferie i Mandal. Hadde eg vore i Valle, skulle eg leita fram plater vi har i Valle radio med Bobby Bare. Han har vunne Grammy for Best Country Recording med Detroit City. Andre kjende songar er 500 Miles Away From Home og Daddy, What If.

For alle som er glad i countrymusikk er det bare å gle seg til ei stor oppleving til helga. Eg legg på lenke til artikkel i wikipedia, der kan ein og finne informasjon på andre språk. http://en.wikipedia.org/wiki/Bobby_Bare

Sølepyttar i sommarland

Share

«Hallvard Brattland, og søstrene Ingebjørg Lie og Sigrid Bakken har et svare strev med å få ut båten i det vannfattige Bossvatn.FOTO: ANDERS MARTINSEN» heiter det i biletteksten til ein artikkel i Aftenposten i dag: http://www.aftenposten.no/forbruker/pengenedine/strom/article1389595.ece
Ingebjørg målber det som mange vanlege folk ikkje forstår når ho fortel at dei siste vekene har Bossvatn blitt tappa ned mellom fem og ti meter: -Eg kan ikkje skjøne at straumprodusentane driv og tappar vatnet endå lenger ned.

Skulen i Bykle har skrive om dammane og reguleringane på ei side som kommunen har lagt ut på nettet: http://www.bykle.kommune.no/kultur_fritid/Damhist.htm

Valle har ikkje opplevd slike reguleringar som Bykle, reguleringane i Bykle er mykje av grunnlaget for at også Valle er ein kraftkommune, ettersom kraftstasjonen ligg i Brokke.

Klimaet for kraftutbygging er heilt annleis no enn då dette eventyret starta. Difor burde nok utbyggjaren Statnett høyre meir på synspunkta i lokalmiljøa, til dømes når det gjeld linjetrasé. Kampen om kraftlina frå Holen til Skåreheia er ikkje ein kamp om regulering av vatn, men ein kamp for å få minst mogleg sjenerande linjetrasé. Truleg må nok kraftselskapa sjå i augo at meir og meir av ledningsnettet bør leggjast i kablar i jorda i staden for i lange linjestrekk i lufta. Dermed treng dei høgare straumprisar enn dei får i dag, der straumprisen alt er rekordhøg. Før måtte linjekostnader kalkulerast inn i eit prosjekt utan at auka kostnader utan vidare kunne belastast kundene, no er slike ekstra kostnader i nettleie direkte lagde på dei som kjøper straum.

Spørsmålet om fjellvatna skal vere sølepyttar i sommarsesongen er eit overordna spørsmål som eigentleg er for viktig til at den som kan tene store pengar på å tappe vatna ned, skal få lov til aleine å bestemme dette. Vi burde hatt nasjonale føresegner som kunne syte for ei langt høgare minstegrense for nedtapping. Estetiske tilhøve i naturlandskapet er ikkje utan verdi, kanskje er dei tvert i mot ein viktig grunn til at så mange dreg til fjells på tur i heia om sommaren. Ørkenlandskapet som gjerne kjem fram ved stor nedtapping av regulerte vatn, vil nok dei færraste karakterisere som vakkert.

Så får vi heller finne den gyldne middelvegen, som det heitte før i tida. Det vil nok av og til seie at ein ikkje skal selje all kraft det er råd å produsere, sjølv om det finst kjøparar no når nettet er utbygd og forsterka. Av og til, til dømes i sommarsesongen når flest folk brukar fjellheimen, får ein heller samle opp så mykje vatn at ingen tenkjer sølepyttbilete i staden for fjellvatnbilete.

16. desember 2003 hadde ein kunstauksjon i Oslo eit fjellvatnbilete frå Bossvatn til sals. Sjå
http://www.gwpa.no/kataloger/2003/31/juleauksjonen/45903.html
Dette er eit bilete som framleis vekkjer større atterklang hos folk enn bileta i Aftenposten 17. juli 2006.

Halfdan Sivertsen skriv om «Sommarfugl i vinterland» – dei passar ikkje saman. «Sølepyttar i sommarland» er og malplasserte.

Glede og rikdom

Share

**Vakre hagar** er ei glede no på sommaren. Å kjøre gjennom landet og sjå blømande hagar er ei glede. Opp gjennom Setesdal kan ein sjå mange eksempel på fine hagar. Ofte tenkjer ein at her er det lagt ned mange timar med omsorgsfullt hagearbeid. Aud Magna Helle, som bur i første huset på høgre hand når du har passert Besteland på veg nordover, gleder vegfarande med ein unik hage på ein fjellknatt ved vegen. Blømande sentrum i Valle og på Rysstad skapar trivsel og gjer at folk gjerne slår seg ned på benkene der.

I Setesdølen for fredag 14. juli hadde avisa funne peonane til Sverre Lund. Han er no 95 år gammal, fødd 1. desember 1910, men held ved like hagen i Leite som han og kona Inger hadde så mykje glede av medan ho levde. I avisa får vi vite at dei og hadde peonar bak butikken i sentrum då dei budde der så tidleg som i 1955, altså for over 50 år sidan.

Peonar er langveisfarande planter. I programmet Grønn glede på NRK 26. mai kom det fram at plantene kan sporast tilbake til Japan for 1000 år sidan, og at dei kom til Europa for 400 år sidan. Les meir her: http://www.nrk.no/programmer/tv/gronn_glede/5656054.html

Her står det og, det som Sverre har erfart: Når du får peon til å trivast på ein stad, er det ingen grunn til å flytte planten. Store og blømande buskar er ei glede og ein rikdom å ta vare på.

Setesdølen kan gjerne halde fram med bilete frå vakra hagar. Slike bilete er og ei glede og ein rikdom å ta vare på.

Frå binders til bustad

Share

Det er jo flott når TV fortel at sommaren held seg her sør og set opp sol utan skyer over store deler av landsdelen. For ein som ikkje er så glad i dei høgaste temperaturane, er det svært høveleg å nyte livet i Mandal.

I dag sat eg og las epost då det kom eit brev som fortalde ei uvanleg historie. Ei tilvising til bloggen gjev deg høve til å gå i detalj om du har lyst til det. Sjå
http://oneredpaperclip.blogspot.com/

Den handlar om ein mann, Kyle MacDonald, som i fjor sat og såg på ein raud binders, og så tenkte han at han skulle starte ein byttehandel og så bytte seg framover til han hadde eit hus. Det første han bytta med, var ein penn med form som ein fisk, sidan bytta han den i ein dørknagg, så bytta han den med ein primus, og frå primusen gjekk det vidare i ei rekke ledd til han i går overtok eit hus. I løpet av eitt år har byttehandlane hans gjeve stor merksemd og reportasjar i mange TV-kanalar og radioprogram.

Når ein les om han på wikipedia, finn ein ut at han nok ikkje er ein heilt vanleg mann, men morosamt må han ha hatt det siste året:
http://en.wikipedia.org/wiki/Kyle_MacDonald

På norsk wikipedia kan du og ta ein titt. No er det 68.333 artiklar der. http://no.wikipedia.org/wiki/Hovedside

Å få ein slik bytteprosess til å gå, må vere spanande. Kanskje vi skulle prøve å få til noko slikt i Valle radio til hausten?

Ha ein fin laurdagskveld!

Valle Modellverkstad

Share

I dagens Setesdølen kom endeleg ein politikar i Valle kommune på banen i saka om Valle Modellverkstad. **Formannskapsmedlem Pål Dale**, Kr. F., hadde eit lesarinnlegg i Setesdølen der han oppmoda politikarar og administrasjon til å bruke feriedagar for å sjå om arbeidsplassane på Rysstadmo kan bergast i kommunen.

Pål kallar Valle Modellverkstad for ei hjørnesteinsbedrift i kommunen. Truleg ser dei det ikkje slik i Kristiansand, det er bare tale om fem arbeidsplassar. Men det er ikkje talet på arbeidsplassar åleine som avgjer om ei bedrift kan kallast hjørnesteinsbedrift. I Valle er det minimalt med arbeidsplassar av denne typen. I 31 år har dei tilsette hatt høve til å arbeide med modellbygging for støyperiet i Kristiansand utan å verte vekependlarar. Alle år har arbeidet gjeve overskot i rekneskapen.

Ein stor del av desse 31 åra stod Knut O. Nomeland for transporten til Kristiansand. Når han ikkje lenger hadde høve til å kjøre, ser det altså ut til at transporten skal velte den vesle verksemda på Rysstadmo.

Eg søkte litt på Internett for å finne ut meir om bedrifta. Då fann eg dette i ei annonse dei hadde etter folk i juli:

«Vestas Castings Kristiansand AS er et støperi i Vestaskonsernet, beliggende på Dalane mellom Kristiansand og Mosby. Støperiet har spesialisert seg på produksjon av høykvalitetsprodukter til vindmølleindustrien, og har ca. 180 ansatte. Årsproduksjonen i 2005 var på 16.000 tonn til en verdi av 300 mill. kroner.

Vestas er verdens førende produsent av vindmøller og har alltid vært en av drivkreftene i vindindustriens utvikling. Konsernet har produksjonsavdelinger i 10 land, med til sammen over 10.000 ansatte.»

Vestas er eit dansk firma som held til i Randers. Dei har ei interessant heimeside på dansk, http://www.vestas.com/dk/profil/profil_kort_DK.asp
der ein kan lese om historia til selskapet. Truleg er ikkje 5 tilsette på Rysstad så mykje i dette store konsernet, og Valle kommune må nok kjempe hardt om dei skal klare å endre situasjonen for dei tilsette og sikre arbeidsplassane i kommunen.

Valle på Wikipedia

Share

**Wikipedia** – leksikonet som vert laga på dugnad på ei rekke ulike språk, både på bokmål og nynorsk, har når dette vert skrive 68.115 artiklar i bokmålsutgåva. Det har også artiklar knytt til Valle, det er etter kvart blitt så mange at dei har laga ein eigen kategori, det vil seie ei liste, med artiklar knytt til Valle. Til no er det 13 artiklar i tillegg til artikkelen om kommunen.

Wikipedia er eit interessant prosjekt. Kven som helst kan gjere artiklane betre ved å gå inn og legge til nytt stoff eller redigere i det gamle. Kvar dag er det mange som legg inn stoff som ikkje høver, gjerne artiklar om folk som ikkje det er naturleg å ha i eit leksikon. Men det er nok det mest moderne og oppdaterte leksikonet. Med alle feil og manglar er det eit stort prosjekt å ha fått inn nærare 70.000 artiklar, nokre av dei er det kanskje førti personar som har redigert.

Sjølv har eg lagt inn noko stoff på Wikipedia og ser klart at det ikkje bare er å skrive, ein må og ha noko å skrive om. Sjølv om ein har noko å skrive om, skal det og ha ei form som er objektiv, det er ikkje alltid like lett å få til. Men det er jo hyggeleg når ein får det til.

Ta ein tur innom, du og. Kan hende er det noko du ser som du kan rette på… http://no.wikipedia.org/wiki/Kategori:Valle

Ingebjørg Bratland

Share

**Ingebjørg Harman Bratland** er ein av utøvarane på kappleiken i år. Ho skal ha konsert i Heddistoga saman med Kim Andre Rysstad laurdag 5. august klokka 20.

Ingebjørg var ferdig med 10. klasse i vår, ho er altså 16 år. Likevel er ho ein røynd kvedar og har delteke på landskappleiken sidan ho var 11. I vokal folkemusikk klasse C har ho vunne fire førsteplassar, i år vart det andreplass etter Margit Myhr frå Gol. Ingebjørg er frå Vinje, far hennar, Inge Sondre Bratland er søskenbarn til Sondre Bratland.

Etter kvart har ho blitt ein røynd kvedar som har delteke på mange ulike konsertar. Då Sissel Kyrkjebø var i Dalen i sommar, var Ingebjørg ein av dei som var på scenen før Sissel. Ho har og fått seg ei eiga gruppe, Hanning Kanning, der ho er vokalist med studentar frå folkemusikkstudiet i Rauland som musikarar; Anders Blystad (gitar), Maya Woldmo (torader) og Øyvind Skarbø (trommer, perkusjon). Med denne var ho på folke:larm, mellom anna.

**Kim André Rysstad** har og gode resultat å syne til frå Landskappleiken. I år vann han vokal folkemusikk klasse B.

Det bør verte fullt i Heddistoga i timen før premieutdelinga på Setesdalskappleiken i år.