Tabbe nr. 2

Share

Sesongen for meg og Valle radio har, som eg skreiv i går, starta med ein tabbe. I dag kjem tabbe nr. 2. Det gjaldt sendinga onsdag, då det var kommunestyremøte. Eg hadde sagt at eg kunne styre sendinga om det var ein annan som kopla opp. Dermed kom Torhild og kopla opp, og så reiste ho heim att. Eg hadde gått heim for å sove middag og lovnaden min var borte frå både medvit og undermedvit, så eg vakna ikkje før nærare halv åtte, og kommunestyremøtet starta klokka seks.

Det varte til halv ti, og i heile den tida gjekk musikken som Torhild hadde sett på. Ikkje noko av kommunestyremøtet kom på lufta denne siste onsdagen i august. Eg bed alle potensielle lyttarar om orsaking og vonar resten av sesongen går betre.

Avlyst

Share

Eg kom i radioen klokka 1720 og starta å prøve å kople opp, men det kom **connection failed** heile tida, så eg trong hjelp. Diverre er Jørund i Spania og Hallvard hadde motellet fullt av gjester, så det var lite hjelp å få. Truleg hadde dei ikkje kunna gjere så mykje, heller, det verka som om det var ein feil i Bykle, for i Valle såg alt ut til å fungere greitt.

Eg måtte ta telefonar til Hans Olav og Niklos og fortelje at det ikkje vart noko i kveld, dei skulle vore med LIVE, men vi får ha det til gode til ein annan gong.

Så vart det tidleg kveld i kveld. Vonar dei finn ut av det til i morgon, då skal det vere kommunestyremøte….

Bokaktuelt: Skoleromaner

Share

I kveldens program snakkar eg med biblioteksjef i Valle, Lisbeth D. Homme om skoleromanar. Det er romanar som tek opp tema om skole og pedagogikk. Som grunnlag nyttar vi ei liste over bøker med om dette frå Wikipedia. Her er adressa: (bokmålswikipedia) http://no.wikipedia.org/wiki/Skoleromaner

Wikipedia er eit leksikon, ein encyclopedi, som alle kan vere med å gjere betre. Dugnaden er på premiss om at alle skal kunne bruke det som vert skrive der, det kan og flettast inn i eigen tekst om ein syner det høver. No nærmar bokmålswikipedia seg 73.000 artiklar, medan nynorskutgåva har om lag 16.300.

Her er artikkelen på Wikipedia:

Skoleromaner er romaner som tar opp spørsmål om skole og pedagogikk.

**Noen skoleromaner**
En glad gutt av Bjørnstjerne Bjørnson fra 1860
Gift av Alexander Kielland fra 1881
Efterpå gikk vi hjem av Andreas Eriksen fra 1936
Det forsømte forår av Hans Scherfig fra 1940, utgitt på norsk i 1976
Jonas av Jens Bjørneboe fra 1955
Ved fergestedet; skjebner om en skole av Gerd Brantenberg fra 1985
Du er en drittsekk, lærer av Kjell Horn fra 1986
Genanse og verdighet av Dag Solstad fra 1994
Sinkeklassen av Bent Haller fra 2002
Tommy eller «Det er så jævlig kjedelig, rektor!» av Kjell Horn fra 2006

Ho kan nok gjerast mykje lenger, men det vil i så fall dugnaden ta seg av.

Høyr på samtalen vår tysdag 29. august 2006 klokka 20 i Valle radio.

Her er programmet for denne veka

Share

**Tysdag 29. august**

Ansvarleg: Harald Haugland

**Program**
18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Country Gospel. Marita og Svein Johnsen presentert av Hans Olav Lauvstad
19:30 HARPA, intervju med Beth Kollé
20:00 Bokaktuelt. Nokre skuleromanar. Lisbeth D. Homme og Harald Haugland
20:20 Dagens Mozart
20:30 Postludium. Niklos K. Besteland presenterer orgelmusikk av Johannes Brahms
21:00 Kyrkjebakken

**Onsdag 30. august**

18:00 Kommunestyremøte

Ny sesong startar neste veke

Share

Så langt eg har oversikt no, startar sendingane i Valle radio neste veke. Eg har planlagt å ha tysdagssending, noko som i alle fall Niklos har førebudd når det gjeld programmet Postludium. der vil han ha om Johannes Brahms etter det eg har fått vite.

Dei andre delene av tysdagskvelden er enno opne, så det får vi vente til måndag med å avklare.

Onsdag skal det vere kommunestyremøte i Valle klokka 18. Vi får prøve å få det på lufta og. Her er lenke til Valle kommune:
http://www.valle.kommune.no/
Etter det eg les i Setesdølen skal Kjell Pedersen-Rise orientere om Det digitale distriktsagder og Arne Tronsen om Prosjekt konkurrerande fiber og varig avstandsuavhengig prising av breibandstenester i Setesdal. I tillegg vert det ulike saker til handsaming, mellom anna Utbygging av Åsan II inkludert høgdebasseng til Rysstad vassverk og ei sak om Setesdal Regionråd etter 1. juli 2006.

Første veka i september skal vi etter planen starte med ordinære sendingar. Sjå på heimesida til radioen, www.valleradio.com for å få vite meir etter kvart som programmet for hausten blir klart.

Bomstasjonen på Besteland

Share

Bommen i Valle slit med feil, stod det i Setesdølen i dag. Eg tenkjer det er mange av oss som kjører forbi bomstasjonen på Besteland som godt kunne tenkje seg at det var feil på han ofte, slik at me kunne kjøre gratis.

Men i dette tilfellet var det systemet for å få kontakt med folk om ein har problem, som ikkje fungerte, og det er verre. Eit slik automatisk innkrevjingssystem treng at folk som får problem, kan få kontakt med ein som kan rettleie folk i kva dei skal gjere i slike situasjonar.

Denne veka har det vore problematisert at ESA ikkje har vore nøgd med at ein tek inn bompengar på andre samband enn der pengane skal nyttast. Det var særleg i Rogaland dette har vore diskutert, for der har ein no betalt ned Rennfast, og så held ein fram fordi ein vil også få pengar til Finnfast. Folk som ikkje har teke turen til Finnøy nokon gong i sitt liv, synest det er meiningslaust å betale bompengar mellom Rennesøy og Stavanger for sambandet Finnøy skal få.

ESA krev nærleik. Difor er nok bommane i Setesdal komne for å bli. Dei pengane som samlast inn, skal brukast på Riksveg 9 og ikkje på Brokke-Suleskard eller Rotemo-Dalen, sjølv om begge desse vegane kunne trengje opprusting.

Her finn du litt om ESA sitt syn på bompengane:
http://www.vestnytt.no/nyhet.cfm?nyhetid=2580

Og her er Bilistenes blogg i VG om bompengar:
http://www.vgb.no/keyw.php?blog=1020&keyword=bompenger

Der kan du og lese mykje om andre tema relatert til vegar og bilkøyring.

Her er meir om temaet, men no i Vestfold
http://odin.dep.no/sd/norsk/dok/regpubl/stprp/028001-030063/hov007-bn.html

Og her er sida til bomstopp:
http://www.bomstopp.no/

Lukke til med lesinga i helga.

Kommentarar

Share

I dag sletta eg ein del kommentarar. Funksjonen for å skrive kommentarar på bloggen her, er god, men det er ikkje mange som brukar han. Eg har late ein del kommentarar stå, sjølv om dei ikkje følgjer intensjonen med bloggen min. Intensjonen er å skrive ting som supplerer stoff som er aktuelt for Valle radio. Difor heiter og bloggen Valle radio.

Dei fleste dagane i sommar har eg klart å få det til. Målet har vore å skrive ein artikkel dagleg, og det har eg stort sett klart. Dermed ser det ut til at talet på besøk dei fleste dagane har vore over 10, og vi har halde Valle radio varm fram mot sendingane som startar att i neste veke (tysdagssendingar) og veka etter (onsdagssendingar).

Det hadde vore hyggeleg med kommentarar frå dykk som les, men eg har altså sletta kommentarar som har vore perifere, sjølv om dei har stått lenge (siste var skriven 1. mai, trur eg). Om du har lyst å skrive ein kommentar i høve til det eg skriv på bloggen eller program du høyrer i radioen, er du velkomen til det.

Eit søk på internett viser at det ikkje er mange andre enn bloggen som skriv om Valle radio. Men bloggen dokumenterer ein stor aktivitet i lokalsamfunnet vårt. Om du set pris på den, kan du skrive ein kommentar her på bloggen.

Aktivitet i Brokke

Share

Den som trudde at det var stille i Brokke om sommaren, må tru om att. I Fædrelandsvennen i dag har Johs. Bjørkeli (godt å sjå at han er tilbake etter ferien) ein stor artikkel på side 4 der han fortel om utvidinga dei held på med. Den skjer på toppen, over noverande trekk kjem det eit nytt trekk og i samband med det vert bakken utvida til 1100 meter. Og så kjem det som dei unge har sakna, bakke for hopp på brett og aktivitetar som dei meir tilårskomne ikkje vågar seg i gang med.

I samband med utbygginga av bakken må vi sjå at det alt no er nesten hundre bueiningar. Og så er det planlagt to hundre til, og om farten held seg, vil det ikkje vere så lenge før ein går mot tusentalet. I tillegg til alpinbakken vert det til vinteren 20 km langrennsløyper. Kanskje vert det gondolbane frå Rysstad om nokre år. Og lys kjem det også i den nye delen av bakken. Kveldskøyringa var populær i fjor.

Slik situasjonen er no, strevar Jan Wojtaszek med å få tak i ein teknisk sjef som er viljug til å jobbe i helgene til vinteren. Sjølv om han tilbyr fast jobb, vil ikkje folk ha ein jobb som bind dei i helgene, då vil dei sjølve dra på hytta og køyre snøscooter, trur han.

Men neste år kjem det ny bru over elva. Kven hadde trudd dette for få år sidan?

Lenke til artikkel i Fædrelandsvennen:
http://www.fvn.no/nyheter/setesdal/article391979.ece

Lenke til Brokke med mykje info:
http://www2.brokke.com/

Gratulerer, Theis

Share

I dag kom meldinga om at Theis har fått stilling som sokneprest i Tveit i Kristiansand, så i løpet av nokre månader er han ferdig med tenesta her. Også i Valle radio vil den trivelege programleiaren og medspelaren verte sakna, han har vore ei inspirasjonskjelde for oss alle i dei åra me har halde på.

Theis er den presten som har vore lengst i Valle dei siste 200 åra. Nils Nilsen Mollerup frå Viborg i Danmark var i Valle frå 1738 til 1772, men med unntak av han har ingen vore 17 år som prest i Valle.

Son min, Helge, har laga ei liste over prestar i Valle. Sjå http://eskeland.net/node/4

Theis Salvesen har vakse saman med bygdene i Øvre Setesdal og tent oss med Guds ord i glede og sorg. Vi ønsker han til lukke med ny jobb.

I løpet av tenestetida i Valle har han hatt ein del oppslag i media. Her er lenke til nokre av dei:
www.fvn.no/nyheter/setesdal/article386574.ece
www.fedrelandsvennen.no/nyheter/setesdal/article247364.ece
www.vl.no/apps/pbcs.dll/article?AID=/20041111/ARTIKLER/41110019/0/
www.nrk.no/programmer/radioarkiv/gudstjenesten/4552300.html

Munnharpebølgen

Share

Dette er hovudtittel på ein artikkel om munnharpa av Hans-Hinrich Thedens på Norsk Folkemusikksamling, UiO. Undertittelen er **Rekonstruksjon og innovasjon i gjenopplivelsen av et tradisjonelt instrument.**

I denne 10 sider lange artikkelen går han inn på nokre element som var viktige når munnharpa fekk sin renessanse i Noreg. Her var folk i Setesdal viktige medspelarar. Han nemner Knut Gjermundson Hovet, fødd 1897, den siste munnharpesmeden i Setesdal. Vidare kjem Torleiv H. Bjørgum, Andres K. Rysstad, Knut Tveit, Mikkel Kaavenes, Bjørgulv Straume, Åni Rysstad og Folke Nesland på rekke og rad. I tillegg presenterer han namn frå andre stader i Noreg. Sjå
www.uio.no/studier/emner/hf/imv/MUS4010/v06/Munnharpebølgen.doc
Eg skreiv om dette 8. august, sjå http://tinyurl.com/glpab

I sommar var det munnharpefestival i Nederland, og 22. og 23. september samlast munnharpefolka igjen på Rysstad. Fredagskvelden er det konsert med Bjørgulv Straume og Sigurd Brokke, og i tillegg til kurs på laurdag skal dei på Munnharpe-safari i Setesdal. Jon Melhus fortel at dei fyrst tek ein tur i Hylestad, så stoppar dei ved munnharpemonumentet i Valle før turen endar i Bykle. Så dreg dei heim att til Rysstad for å avslutte festivalen. Det heile kostar 300 kroner. Du som er interessert i munnharpa, bør få det med deg. Ta kontakt med Jon Melhus om du vil vite meir.