Jon Lilletun er borte

Share

Det kom som eit lite sjokk då eg i dag fekk høyre at Jon Lilletun var gått bort, 60 år gamal. Kreften vann til slutt, etter at vi hadde trudd han hadde vunne kampen då han tok til att på Stortinget etter sjukdomsperioden for eit år sidan. Men det hadde han ikkje.

Helga Hjetland seier i ein kommentar at han var den einaste statsråden som har fått trampeklapp då han tala til lærarar på eit landsmøte. -Eg trur at mange lærarar som møtte han på lokallagsmøte eller i andre samanhengar, lærte å verte glad i han, for han var så ekte og nærverande, seier ho.

Eg tur vi opplevde han slik i Valle og. Vi gløymer nok ikkje då han var her i Valle i valkampen for nokre år sidan. Olav Hovet henta han med fly på Kjevik og flaug han til Åraksøyne. Der møtte Bjørgulv T. Berg han med limousinen sin og så køyrde dei i open bil gjennom kommunen til stand og møte.

Jon Lilletun var inspirerande. Når ein tenkjer på kor mange folk han møtte i det politiske arbeidet, ikkje minst då han var statsråd, er det mest uforståeleg korleis han kunne kjenne oss att og vere til stades og lytte til oss når vi hadde saker vi ville ta opp. Anten det var saker i Aust-Agder eller Vest-Agder, så lytta han og vann vener og forståing ved det.

No er han borte. Vi lyser fred over minnet hans.

Les kva Helga Hjetland og andre seier:
http://vl.no/apps/pbcs.dll/article?AID=/20060821/ARTIKLER/60821004/1089

Kristen-Norge minnast Lilletun:
http://dagen.no/show_art.cgi?art=9681

Kristeleg Folkeparti si hovudside skriv og om dette:
http://www.krf.no/portal/page?_pageid=33,34453&_dad=portal&_schema=PORTAL

Homfjellet

Share

Klatring i Homsfjødd er første kapittel i boka Setesdal – Klatring i Sør-Norge, som eg skreiv om i går. Eg fortalde om boka til Lisbeth på biblioteket og ho kunne fortelje at det var rart å sjå kor det lyste oppe i fjellveggen ein gong då nokre klatrarar ikkje kom seg opp før det vart mørkt, og måtte overnatte oppe i fjellet.

I boka er det eit bilete som er teke på rasteplassen og badeplassen Honnevje ved riksveg 9 nord for Valle. På dette er det teikna inn fem ruter som er klatra opp veggen. Det er Sheeptrail (august 2000), Spleetje (ikkje fullført enno), Mammuttour (8. august 1991), Homeostase (juli 1992) og Eternity (17. september 2002).

**Homeostase** er omtala her:
http://www.adrenaline.no/klatre/2001/setesdal/index.htm

I ei pdf-fil som kallast leseprøve frå boka kan du sjå biletet frå Homsfjødd teke på Honnevje. Lenka er her: http://tinyurl.com/qx979

Eg oppfordrar ikkje til å klatre, men stopp på Honnevje når du køyrer den vegen. Ta med deg eit fotoapparat og sjå det fantastiske motivet du får når du retter kamera mot den flotte fjellveggen.

Fjelli heime møtte mitt auga

Share

Slik syng Anne Karin Kaasa i ein nydeleg sang. I sommar har det kome ei bok om fjellklatring i Setesdal. Du kan kjøpe den på Turistkontoret, den er i grunnen tenkt for folk som vil klatre i dei bratte fjella her i Setesdal. Men alle som er glade i naturen vår, burde skaffe seg boka og bla i henne. Ho er ikkje så stor i format, men meir enn stor nok til å gje opplevingar sjølv om du ikkje har tenkt å klatre ein meter.

Boka heiter Setesdal, er skriven av Hans Weninger, og utgjeven på Panico Alpinverlag i Tyskland. I den boka kan du møte fjelli heime, anten det er Homsfjødd, Nomelandsfjødd eller Løefjødd. Steinsås og klatreruter på austsida av Otra er og omtalte. Den siste er i Restefjell som ligg på vestsida av vegen sør for Hekni rasteplass.

Du finn informasjon om klatring i Setesdal og bilete som kunne vore frå frå boka, som kom ut i 2006, på denne sida, sjølv om ho er frå 2001: **Klatring i Setesdal – en oppsummering og oppdatering**
http://www.adrenaline.no/klatre/2001/setesdal/index.htm

Då boka var under planlegging, innstilte rådmannen i 2005 på eit tilskot på 15.000 kroner frå Valle kommune. Sjå: **Ny klatreguide for Setesdal** http://www.valle.kommune.no/vak/saksdok/1313050.html

Etter mi meining er det sjeldan ein finn ei så vakker bok om naturen i Valle, så LØP OG KJØP – 200 kroner kan gje grunnlag for mange samtalar om fjelli heime.

Natur med armatur

Share

**»Det er knapt for å oppleve natur med armatur at turistane søkjer til den norske fjellheimen.»**

Dette seier Else Lind Løyland i ein kronikk i Nationen i sommar. Du kan lese den svært lesverdige artikkelen **Kraftlinje i Setesdalsheiane** frå 10. juli 2006 her:
http://www.nationen.no/meninger/Kronikk/article2187487.ece

Eg har tidlegare her på bloggen teke til orde for at i ei ny tid må Statnett heller legge ein plan for å sanere kraftlinjer som går i luft og legge meir av høgspentnettet i kabel i bakken. Samfunnet vil kreve det etter kvart, det er denne endringa me ser starten på gjennom dei aksjonane som er starta mot dei planlagde luftlinjene.

Dag og Tid har og hatt spalteplass for dette engasjementet. Her er to artiklar:
**Varslar kamp om straumrekninga** 15. juli 2006:
http://www.dagogtid.no/nyhet.cfm?nyhetid=796
**Skuldar på forbruksauken** 12. august 2006
http://www.dagogtid.no/nyhet.cfm?nyhetid=817

Avisene melder no at Enoksen vil kome til Brokke for å sjå ved sjølvsyn kva det er folk i Valle og Bykle er opptekne av. Det er godt nytt for alle som har late seg engasjere av denne saka.

Alle som har køyrt frå Valle til Dalen legg merke til kraftlinjene som dominerer den vakre naturen over heia. Det er på tide med ein kamp for å vinne att områda, sjølv om det skulle føre til graving i stor stil.

Hengebru

Share

I dag skreiv eg om hengebru på wikipedia.no. Ei hengebru er ei bru som er hengt opp i kjettingar eller kablar som går frå tårn på kvar side.
I Noreg er Sotrabrua ei av dei lengste, Varoddbrua i Kristiansand blir ikkje mykje samanlikna med den.

Verdas lengste hengebru har eit spenn på 1991 meter, ho ligg i Japan. Om denne og fleire hengebruer kan du lese om du går til denne lenka:
http://no.wikipedia.org/wiki/Hengebro

Og her kan du sjå eit bilete av den, Akashi Kaikyo Bridge, som ligg ved Kobe og bind saman to øyar.
http://en.structurae.de/photos/index.cfm?JS=55102

I Valle har me og ei hengebru. Ho kan ikkje måle seg med dei store, men har hatt sin misjon i mange år. I dag er ho kanskje ikkje så viktig for trafikken mellom Strondi og austsida, men då Paal-Helge Haugen vaks opp, var ho eit viktig band mellom aust og vest. Han har skrive eit dikt om dette, du finn det her:
http://www.ntnu.no/gemini/2003-04/46_1.htm

Ta deg tid til å lese. Så kan du tenkje over tryggleik og fridom.

Aktiv sommar og aktiv haust

Share

Den som las Setesdølen i dag, må få inntrykk av at det har vore mykje aktivitet i dalen no når sommaren er på hell. Der var det reportasje frå Landbruksdagane på Evje, med eit overslag som rekna 5000 til stades. Så var det resultatliste frå Setesdalskappleiken, der det tidlegare var meldt om 400 innom i løpet av helga. I bowling-turneringa på Evje, der ein deltakar fekk seg ein båt til 240.000, var det over 100 deltakarar med 735 startar. Og 125 gjekk Bispevegmarsjen, medan 1000 skreiv under på oppropet mot kraftline.

Under countryfestivalen måtte kommunelege Hanne Straume i Valle i aktivitet fordi det ikkje var lagt opp til ekstra legevakt i Bygland og til hausten skal skuleelevane i Valle i aktivitet for å støtte prosjektet til Jan Olsen med syklar til Cuba. Og til sundag kan ein kaste våte svampar på soknepresten utanfor Otrahallen i samband med aktivitetsdag i kyrkjelyden. Iveland skal halde Jaktfestival, og snart er det NM i orientering.

Ofte snakkar ein som sommaren som ei tid med lite aktivitet. Slik har det ikkje vore i år. Reiselivet fortel om eit gullår, og det er ikkje Skattejakt på Sørlandet si skuld, sjølv om den aktiviteten sikkert medverkar til dei gode resultata. Det gode veret er nok heller årsaken til at så mange har vore med på dei mange aktivitetane i Setesdal i sommar. I tillegg til det som eg har nemnt over, kjem jordbærfestival, matfestival, Tveitetunstemna og alle utstillingane. Det har vore campingliv og turistbesøk og konsertar i kyrkjer og telt.

Når dette så vart krona med dronningbesøk både i Austhei og Vesthei, og båttur med Bjoren på fjorden til slutt, så kan ein ikkje anna enn å ta hatten av for alle som har stått på og lagt til rette for all aktiviteten. Mange løna og uløna har vore i sving for å få til alt som ein må ta tak i når folk møtest og skal ha service og stell.

Og så er det skulestart med andre utfordringar og Kulturveke med andre tilbod. Rikt og interessant for den som let seg engasjere.

Nokre flotte gamle bilete

Share

Då eg surfa på nettet i dag, kom eg over nokre flotte bilete frå Valle. Sjå til dømes dette biletet av Einang
http://www.nb.no/cgi-bin/galnor/gn_sok.sh?id=49824&skjema=2&fm=4
Biletet er teke av Aksel Lindahl mellom 1880 og 1890 og er no lagt ut på Nasjonalbiblioteket sine sider.

Her er eit anna bilete han har teke av Hylestad kyrkje på same tid.
http://www.nb.no/cgi-bin/galnor/gn_sok.sh?id=57329&skjema=2&fm=4
Attgroinga har vore sterk, endringane i bygda likeeins. Likevel er det råd å kjenne seg att, og ein kan vel seie med Ivar Aasen: Dei gode, gamle nutane, Dei standa like traust.

Eit anna bilete gjer at eg undrast: Kor var Valle skyss-stasjon.
http://www.nb.no/cgi-bin/galnor/gn_sok.sh?id=49817&skjema=2&fm=4
Det fortel meg at det er mange ting eg ikkje veit, og dermed er det og noko ein kan lage program om dersom ein får i tale dei som veit.

Her er eit anna parti med utsyn mot sør.
http://www.nb.no/cgi-bin/galnor/gn_sok.sh?id=49820&skjema=2&fm=4

Og her har han kjørt litt lenger nord og snudd kamera mot nord.
http://www.nb.no/cgi-bin/galnor/gn_sok.sh?id=49822&skjema=2&fm=4

Det gjer godt å sjå slike gamle bilete. Framleis kan ein seie med Ivar Aasen: **Her er so mange endringar/ i bygdom komne til**. Den som ser endringane, vil kanskje forstå meir og vonleg vil takksemda auke over kor godt ein har det i vår tid.

Skattar i Valle 7 – Søstrene

Share

Det er ikkje mange skulpturar i Valle, men ein stod lenge utanfor kommunehuset. Etter kvart grodde han ned i dei buskfurene som var der, så då dei endra planteplanen framom kommunehuset, vart han flytt ned bakken og over gata og sett opp att utanfor det som då var posthus. Så vart Posten flytt til butikken, og då stod skulpturen eigentleg litt ute av vegen, noko som ikkje er naturleg for ein skulptur. No lurer dei på å flytte han til leikeplassen nordom Husfliden, så kan folk sjå han når dei køyrer opp mot Valle sentrum.

Skulpturen heiter Søstrene og er laga av bilethoggaren Dyre Vaa. Han levde frå 1903 til 1980, og på heimesida til Vest-Telemark Museum står det:

Ved sida av Gustav Vigeland er Dyre Vaa den bilethoggaren som i sterkast grad har prega norsk skulpturmiljø. Ingen annan bilethoggar har vunne så mange tevlingar som han.

Han debuterte på haustutstillinga allereie som 20-åring, og vart då kjøpt inn til nasjonalgalleriet.

«Mennesket møter naturen» er tittelen på fire store figurar på Ankerbrua i Oslo. Det var medan han arbeidde med desse på 1930-talet at han flytte til Rauland, og der vart han buande resten av livet.

Andre kjende arbeid er «Ulvane» på Alexander Kiellands plass i Oslo. «Sjømannsmonumentet» i Bergen, «Holberg-monumentet» ved Nathionalteatret og «Svanene ved Oslo Rådhus.
http://vest-telemark.museum.no/article/archive/33/

Dyre Vaa var gift med Tora, og ho gav leireoriginalen Søstrene til Valle kommune og Myllarguten til Bykle. Ånund K. Homme, som då var kulturleiar i kommunen fekk lov å støype skulpturen i bronse, og saman med vaktmeister Hallvard Åkre drog han til Rauland for å hente originalen. Han fortel at den var så tung at bilen bulka nedover og han fekk ikkje att dørene bak, men måtte binde dei saman med tau då dei frakta formene til støyperiet i Oslo.

Verket kom på 140.000 kroner, og dei streva litt før dei fann ein plass til Søstrene, så den fyrste tida i Valle stod skulpturen på lager. Når han no er på flyttefot att, så synest eg at Sentrumsforeninga skulle prøve å finne ein plass til skulpturen i sentrum no etter at det er rusta opp. Til dømes er det fint utanfor biblioteket, men truleg kunne det og vere plass mellom Valle blomar og gåver og Frikyrkja. Ein skulptur er laga for å stå i nærleiken av der folk ferdast, og ikkje bare til å kjøre forbi, det er no mi meining.

Tora Vaa, som var gift med Dyre, var dotter til Johan Bojer. Då kunne det høve å lese Den siste viking eller ei anna av dei mange bøkene Bojer skreiv. Dei er ikkje frå Setesdal, men frå Namdal, med utsynet både til hav og dal. Lisbeth har dei på biblioteket.

Her er ei side om Dyre Vaa:
http://www.krus.com/kunst/kunstbild/vaa.html

Sjå litt ekstra på Søstrene neste gong du er i nærleiken.

Ein dag på travbanen

Share

Tidlegare i sommar var eg saman med barnebarn i Dyreparken. www.dyreparken.com I dag var eg tvers over vegen for Julius og Kaptein Sabeltann, på Sørlandets Travpark.
http://www.sorlandets-travpark.no/

Om du trur eg har fått hestedilla eller spelegalskap, så må du tru om att. Grunnen var at Sigmund, sonen min, var teknisk leiar på Digital Visjon sin buss som produserte 49 minutt for NRK2 frå V75 på Sørlandsparken. Dermed gav han grunnlag for at eg kunne få ei ny oppleving.

Det var første gong i livet eg var på ein travbane medan det var løp. Det minner meg om soga eg høyrde då eg i sommar var på Ålgård på klassefest for folkeskulen, 45 år etter at me gjekk ut. Ein av gutane i klassen var med far sin til Forus Travbane for fyrste gong og tykte det var svært triveleg, så han spurde far sin om kvifor me ikkje hadde Forus på Ålgård. For oss var Forus synonymt med travløp, men det var før Kvadrat si tid.

Etter å ha sett på korleis dei rigga til for TV-overføring, tok eg turen opp på banen og fylgde med løpa. Sjølv om eg ikkje møtte ein einaste kjent, var det triveleg å fylgje med og sjå både på folkeliv og hestesport. Her er rapport frå det som skjedde denne dagen:
http://www.rikstoto.no/nyheter/NR/article_14914.asp

Når eg no var der og gjekk og såg, var det naturleg å setje nokre kronar på V75 og, men det gjekk ikkje særleg bra. Det vart ingen premie på meg denne dagen, men ei erfaring rikare, det var eg då eg i kveldinga tok på heimveg att.

Ei helg i byen

Share

Banken har husvære, kommunen har leilighet og mange valldølar har etter kvart også skaffa seg hytte i byen. Kjekt å ha når ein vil ha ei helg i byen.

I dag var eg på Sørlandssenteret og då møtte eg folk frå dalen som var på handletur. Gode kjøp på mest alt mogleg, verkar det som. Denne helga er det Skalldyrfestival i Mandal, truleg vil folk frå dalen ta turen innom her og.

I morgon er det V75 frå Sørlandets travpark, så hesteglade folk har noko å sjå fram til, sjå http://www.sorlandets-travpark.no/ Dei fotballglade Starttilhengjarane kan prøve å få billett til kampen på sundag. http://www.ikstart.no/dt_kampanjebanner.aspx?m=94

Sjølv om eg no i sommar har hatt dei fleste helgene i byen, det vil i mitt tilfelle seie Mandal, så har eg knapt nok gått gjennom Bryggegata i sommar. Farande folk i flotte båtar legg til kai og gleder seg over livet i byen, men mange av oss som høyrer til i byen, er knapt innom om me ikkje må.

Ei helg i byen er likevel ein god ting for den som ikkje må vere der. Og denne helga, med Skalldyrfestival er flott å nytte i Mandal.
http://www.skalldyrfestivalen.no/home/default.asp?sec=2&app=5&page=1&view=6 Så er det siste innspurten før skulen startar og hausten stundar til.