Meir statistikk

Share

I dag blir det ikkje mange linjene på bloggen. Men eg gleder meg over at det har vore over 20.000 sidevisningar no. Nesten kvar dag er det over 10 besøk og gjerne nokre fleire sidevisningar. Tysdag var det 39, så nokon er det som finn glede i det eg skriv.

Eg har hatt som mål å ha ein tekst på bloggen kvar dag kvar månad. I kveld heldt eg på med noko anna og gløymde meg bort. Så tenkte eg at eg skulle klare å skrive ein post før klokka tippa midnatt på serveren, men det gjorde eg ikkje. To minutt over midnatt vart teksten lagra, og då tenkte eg at eg kunne fullføre han med å skrive litt ekstra etterpå.

I løpet av sommaren har skrivinga her på bloggen gjeve grunnlag for mange tankar om program til hausten. Mange folk spør meg om korleis vi i radioen klarar å finne på idear til program. Sjå litt på serien som eg har skrive her på bloggen om skattar i Valle. Så vidt eg veit har ikkje nokon laga program om det som er nemnd der, kanskje med unntak av Tusenårsmonumentet. Så det er nok å ta fatt i. Vonleg blir det ein triveleg radiosesong når vi startar att seinare i august.

Skattar i Valle 6 – Tusenårsmonumentet

Share

Tusenårsmonumentet i Valle som står på skuleområdet like ved Riksveg 9, er laga av Bjørgulv Bjørgum. Han nytta ei av Bjørgulv Straume sine munnharper som modell og forstørra den opp 50 gonger. Den er laga av
5 mm rustfrie stålplater og er 3,40 m lang og 1,35 cm brei. Munnharpa veg 330 kg, og står oppført i Guiness Rekordbok. Her finn du og bilete. Sjå http://home.no.net/bstraume/hovedside.htm

I Valle radio har me hatt mange program med munnharpe som tema. Som oftast har Jon Melhus vore saman med meg om desse programma, men Bjørgulv Straume og Sigurd Brokke har og vore med. Når munnharpespelarane er i studio, får vi som oftast levande musikk i tillegg til platene dei har med. Det gjev programma ei ekstra nerve.

Hans-Hinrich Thedens, Norsk Folkemusikksamling, UiO, har skrive ein interessant artikkel som han har kalla **Munnharpebølgen**. Sjå www.uio.no/studier/emner/hf/imv/MUS4010/v06/Munnharpebølgen.doc
og om du er interessert i munnharpe, bør du lese den.

Her drøftar han den revitaliseringa som har skjedd. Munnharpa har blitt eit instrument å rekne med på andre stader enn ved utdeling av Spellemannspris og som symbol på bokverket Norsk Musikkhistorie. Gode musikarar og dyktige instrumentmakarar gjekk saman om å skape instrument som møtte dei krav som musikken stilte. Truleg er Valle radio aleine om å ha program som presenterer munnharpa slik me gjer, kanskje me og bør få ein liten lut i denne revitaliseringa.

Denne vekkinga er grunnlaget for tusenårsmonumentet i Valle, og til hausten skal det vere ny festival for munnharpa i bygda vår.

Men om det får eg skrive ein annan gong.

Skattar i Valle 5 – Harald Lund sine måleri

Share

Harald Lund var fødd i 1908 og døydde i 1993. Han var kunstmålaren som måla bilete frå Valle. Eg leita fram festskriftet i høve 80-årsdagen 27. november 1988 og bladde litt i det her om dagen. Av og til slår det meg at ein går midt mellom skattane i Valle og gløymer å sjå på dei.

Eg skreiv om altertavla i Valle kyrkje, korleis den har sitt opphav i Italia på slutten av 1500-talet. Harald Lund sine bilete er originale, og religiøse motiv er ikkje uvanlege i hans produksjon om ein ser på alt han måla. Sjølv tok han bare vare på to av desse bileta frå 30-talet, Adam og Eva frå 1934 og Bergpreika frå same året.

Men mest er det livet i Setesdal han skildrar. Folk, natur og hestar høyrer med i bileta han laga. Dei er mørke i tonen, spesielle, vil mange seie. Dei har likevel ein dåm som engasjerer og skaper ettertanke.

Mange av bileta til Harald Lund heng i kommunestyresalen i Valle. Ta turen innom i kontortida. Om den ikkje er oppteken, kan du gå rundt i romet og studere skattane i denne samlinga. Det er ikkje bortkasta tid. Truleg kan du også kjøpe festskriftet. Det er ikkje bortkasta pengar. Tvert imot, etter eit slikt besøk er du rikare enn du var før. Og du har ei djupare forståing av bygda vår.

Ein observasjon

Share

Det ser ut til at gamle namn vert populære att. I dag var eg i kyrkja i Mandal, der det var barnedåp av seks born som du finn namna til nedanfor. På denne sida på Internett finn du oversikt over populariteten til namna og kva dei betyr: http://www.norskenavn.no/navn.php

**Daniel**
Namnet kjem frå det hebraiske namnet Daniyel som betyr «Gud er min domar». Namnedag er 11. desember og om lag 12.000 har dette namnet, som tok til å bli populært att på slutten av 70-talet, hadde eit høgdepunkt rundt 1990, men framleis held seg høgt. I Valle finn du Daniel Harstad i den lokale telefonkatalogen, og på Husfliden har Daniel Rike utstilling. Dei har namnedag 11. desember.

**Tristan André**
Gutenamnet Tristan er eit keltisk namn med noko usikker tyding, men kan kome frå eit keltisk ord som tyder «opprør». Om det er avleidd frå latin «tristis», tyder det trist. Det er om lag 70 personar i Noreg som heiter Tristan. Ein av dei, Tristan Dobson, vaks opp på Nomeland i Hylestad, men bur no i Oslo, der han er lærar.

Gutenamnet André tyder mandig og er ein av mange variantar av Andreas. Akkurat som Daniel finn vi namnet Andreas i Bibelen. I Noreg er det om lag 6000 som heiter André, ein av dei vaks opp på Rysstad og heiter Kim André Rysstad. Namnet har auka i popularitet etter 2. verdskrigen og nådde ein topp tidleg på 80-talet, og André har namnedag 3. juli.

**Johannes**
Dette namnet tyder «Gud er nådig» og er latin form av gresk Ioannis. Det er mange andre namn som tyder det same, mellom anna: Hans, Ivan, Jan, Jens, Jo, Johan, John, Johnny, Jon, Jonny, Hanne, Jane, Janne, Jannicke, Jeanette, Jenny, Johanna, Johanne. Min farfar hadde dette namnet og morfar heitte Hans, i Valle finn vi Johannes Bjørkeli i Leite. Namnet hadde eit høgdepunkt rundt forrige sekelskifte, men då Johs. vart fødd, var det lite i bruk. Men dette bibelske namnet med namnedag jonsok aukar att no.

**Eline**
er ein variant av Elin, som er avleidd av Helene og tyder lys, skine. Om lag 2600 personar i Noreg har dette namnet, ei av dei vaks opp i Valle, det er Siv Eline Jacob, som no bur i Stavanger. Etter at ho fekk namnet sitt i 1980 har det stige i popularitet, og rundt 2000 nådde det ein topp på 0,6% av namna det året. Andre namn med same tyding er Eli, Elin, Ella, Ellen, Ellinor, Elna, Helen, Helena, Helene, Lena, Lene, Nelly, Nora; og Eline har namnedag 31. juli.

**Isak**
var den sonen Abraham fekk då han var 100 år, etter det Bibelen fortel i 1. Mosebok. Namnet tyder latter, og vi hugsar at kona til Abraham, Sara, sat i teltet sitt og lo då ho høyrde at ho skulle få ein son i sin høge alder. Dette namnet har ikkje vore i bruk i Valle, og i Noreg er det bare om lag 1800 personar som har dette namnet. Dei fleste av desse er fødde etter 1975, dei har namnedag 19. desember, og så hugsar vi Knut Hamsun si store forteljing om Isak Sellanrå.

**Angeline Nathalie**
Angeline er eit lite brukt namn i Noreg, bare om lag 30 personar har dette namnet, som tyder «liten engel».

Nathalie er også lite brukt, men det er likevel om lag 1000 personar som heiter Nathalie i Noreg, dei fleste fødde etter 1980, og dei har namnedag 27. desember. Namnet er fransk og tyder fødsel, særleg knytt til Jesu fødsel. Av dei som har telefon, bur 35 på Sørlandet, men ingen i Setesdal.

Då eg sat i kyrkja og høyrde desse namna, tenkte eg at dei som seier at avkristninga skyt fart i Valle, ikkje kan ha studert namnetradisjonane i landet vårt. For bibelske namn er på full fart inn att. Her hadde vi Daniel, Andreas, Johannes og Isak, som alle kan finnast i Bibelen.

Skattar i Valle 4 – Barocci-motiv

Share

Eg veit ikkje om Theis var i Senigallia då han var i Italia i sommar. Men i denne vesle byen sør for Rimini, ville han finne originalen til det biletet han ser på kvar sundag når han held messe i Valle kyrkje. Sjå http://tinyurl.com/hedzv

I ein artikkel i Kyrkja på Vaddarhaugen fortel tidlegare riksantikvar Stephan Tschudi-Madsen soga om denne skatten, som er måla av ein nederlandsk målar vi ikkje veit namnet på etter ein original av den store italienske kunstnaren Federigo Barocci. Originalen heng i St. Croce, Senigallia og heiter Gravlegginga eller Trasporto di Cristo al sepolcro. Motivet er det same, men fargane er heilt ulike.

Motivet finn vi bare på to stader i Noreg, det er i Røldal i tillegg til i Valle. I Røldal er det måla av den kjende Gottfried Hendtzsehel. Ettersom Danmark og Noreg var saman i 1670, kan vi vel og nemne at ein og kan finne motivet i fire kyrkjer i Danmark: Gunderslev, Nakskov, Næstved og Kimmerslev.

Knapt 100 år etter at Barocci måla sitt bilete i Italia, finn vi motivet i Valle, gjeve til kyrkja av Laurits Andersøn og hustru Maria. Dersom du går til sida om Barocci på engelsk wikipedia, http://en.wikipedia.org/wiki/Barocci vil du sjå biletet med motivet frå då engelen kjem med bod til Maria. Der finn du same borga sentralt i biletet som på biletet i Valle kyrkje. Den engelske teksten fortel at Barocci fekk mykje støtte frå fyrsten i Urbino, difor måla han fyrsten sitt palass inn i bileta sine når han kunne.

Vil du ha heile soga om skatten i Valle kyrkje, finn du den i Kyrkja på Vaddarhaugen 1844-1994.

HC Andersen og Knut Hamsun

Share

Av og til oppstår det i livet linjer som skaper ny innsikt og gjev nye perspektiv. Ei slik linje fann eg i dag då eg slo opp på hovudsida til Wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Hovedside

HC Andersen var fødd 2. april 1805 og døydde 4. august 1875. Den dagen kunne Knut Hamsun feire sin 16-års dag. Om han gjorde det, er ikkje godt å vite, han var for lengst ute i arbeid. Han fekk bare 252 skuledagar og gjekk ikkje på skule etter 1870. Året etter vart han konfirmert, bare 12 år gammal. I 1877 kom den fyrste boka hans, Den Gaadefulde. Då var han 18 år gammal. Boka vart ingen suksess, og etter det flytta han til København og budde der ein periode.

På ulike måtar skapte diktarkunsten deira liv. Eventyrforfattaren og den norske nobelprisvinnaren hadde forteljinga felles, dei kunne fabulere som få andre og utvikle sine litterære figurar slik at ein føler kjennskap til dei, ja, til og med slektskap med dei.

Visst var dei ulike. Men som poetar var dei store, begge to. Les jolesalma til HC Andersen, så ser du det:

Barn Jesus i en Krybbe laae

Af Hans Christian Andersen

Barn Jesus i en Krybbe laae,
Skjøndt Himlen var hans Eie;
Hans Pude her blev Hø og Straa,
Mørkt var det om hans Leie!
Men Stjernen over Huset stod,
Og Oxen kyssed» Barnets Fod,
Halleluja, Barn Jesus!

Hver sorgfuld Sjæl, bliv karsk og glad,
Ryst af din tunge Smerte,
Et Barn er født i Davids Stad,
Til Trøst for hvert et Hjerte;
Til Barnet vil vi stige ind,
Og blive Børn i Sjæl og Sind.
Halleluja, Barn Jesus!

Hentet fra «http://da.wikisource.org/wiki/Barn_Jesus_i_en_Krybbe_laae»

Hamsuns poesi er ikkje fri enno, så eg vil ikkje sitere Skjærgårdsø direkte på bloggen. Men andre stader på Internett kan du finne diktet, til dømes her: http://home.loqal.no/~pmauseth/skjaergaardsoe09092003.htm

Hamsun vart 92 år gammal og døydde 19. februar 1952.

To kjemper deler denne dagen. Ha ein fin 4. august, du og.

Skattar i Valle 3 – Buda i gjesteromet

Share

Ruth Hamran fortel i artikkelen i Kyrkja på Vaddarhaugen 1844- 1994 at før ein fekk gjesterom i andre etasje, kunne folk sove i loftet. Difor pynta dei med veggbonad i loftet. Eg har tidlegare skrive her på bloggen om to slike teppe. I dag kjem det tredje, som og har motiv frå dei 10. boda. Det er 370 cm langt og viser boda frå nr. 5 til nr. 10 (9 og 10 er slegne saman).

Illustrasjonen til det femte bodet er Kain som slår bror sin, Abel, i hel. Her er det og eit bilete med motiv frå 2. Sam. 20, 8-12:
8 Då dei var komne til den store steinen ved Gibeon, kom Amasa imot dei. Joab bar våpenkappe, og utanpå kappa hadde han eit belte. Til beltet var det fest ei slire med sverd i. Det glei ut og datt ned. 9 Joab sa til Amasa: «Står det bra til med deg, bror?» og tok med høgre handa kring skjegget hans som om han ville kyssa han. 10 Men Amasa tok seg ikkje i vare for sverdet som Joab hadde i den andre handa. Joab stakk han i magen, så innvolen rann ut på marka, og han døydde straks av det eine stikket.

Bibelen er ei realistisk bok, det er bileta på Rygnestadloftet og. Det siste feltet syner til det største bodet i lova frå Matt 22, 37:
«» Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av alt ditt vit.» 38 Dette er det største og første bodet. 39 Men det andre er like stort: « Du skal elska nesten din som deg sjølv.» 40 På desse to boda kviler heile lova og profetane.»

I første feltet av serien ser vi at Moses får lovtavlene. I siste biletet vert lovtavlene tolka.

Ruth Hamran trur at teppa har vore i kyrkja, men så har kome til Rygnestad ved ei endring i kyrkjeromet. På Rygnestad har dei så blitt tekne vare på heilt til vår tid.

Boka til Ruth Hamran kan du låne på Valle folkebibliotek.

I denne artikkelen på bloggen har eg kopiert sitat frå Bibelen. Dei fann eg på http://bibelen.no/

Skattar i Valle 2 – Fleire teppe på Rygnestad

Share

Eit av teppa i loftet på Rygnestad skildrar Moses som får lovtavlene. Vidare fortel teppet om bod nr. 1 – 4. Over bileta er det nederlandsk tekst frå desse bodorda.

Luther gav ut si lille katekisme i 1529, bare 12 år etter at han slo opp tesene på slottskyrkja i Wittenberg og med det starta Reformasjonen. Den dansk-norske kongen innførte reformasjonen til sitt rike i 1536, og dermed kom katekisma til å bli svært aktuell også her til lands. Mange av utgåvene hadde teikningar av ulike kunstnarar.

Ruth Hamran skriv i festskriftet til Valle kyrkje at ho ikkje har klart å finne dei grafiske blad eller eventuelt den trykte boka som har vore førebilete for bileta. Ho fortel at slike bonader vart produsert mellom anna i Mechelen i det nåverande Belgia, men at ikkje nokon er bevarte i Nederland. OM ein ikkje reknar med trykte katekismer er teppa med bodorda på Rygnestad dei einaste slike i Noreg.

I festskriftet tek Ruth Hamran føre seg illustrasjonen til det tredje bodordet: Du skal halde kviledagen heilag. Motivet syner presten på preikestolen og tre menn som sit på krakkar. Framme sit ei kvinne med hendene falda i bøn og andaktsboka oppslegen. Ho har lagt til side arbeidet med spinning på handtein. Ho har på seg eit hovudplagg som liknar brudelaet ein nytta i Setesdal. Ein mann held ei øks, det skal han ikkje på heilagdagen.

Boka **Billedsamlingen i Rygnestadloftet Valle i Setesdal : Fra senmiddelalder til reformasjon og renessanse** av Ruth Hamran kan du låne på biblioteket når det opnar att etter ferien.

Statistikk

Share

Først vil eg takke alle som er innom på bloggen. Den er jo knytt til programma i Valle radio. Likevel har eg tenkt at eg ville skrive eit innlegg dagleg sjølv om Valle radio har sommarferie. I dag kom statistikken for juli, og det er opplyftande lesing om ein tenkjer på at statistikk skal syne resultat i tal.

Statistikken til bloggen måler både besøk og sidevisningar. Her er lista med månader der det har vore over tre hundre besøk.

Månad  Besøk

Mai         427
Januar     382
Juli         332
Juni        301

Juli kjem altså på tredjeplass når det gjeld besøk.

Å tolke statistikk er vanskeleg. Eg får til dømes ikkje vite om det er dei same IP-adressane som gjer desse besøka. Likevel vil eg velje å tolke statistikken positivt: Sjølv i ein månad der det ikkje er sendingar i Valle radio, er det i snitt om lag 11 personar som kvar dag er innom og les på bloggen til Valle radio.

Når avisene presenterer opplagstal, likar dei å fortelje at kvar avis vert lesen av fleire personar. Det er vel liten grunn til å tru at det skjer med bloggen i stor utstrekning. Likevel har eg lyst til å seie takk til kvar og ein. Om du formidlar det eg skriv til vener og kjende, er det hyggeleg. Og snart startar ein ny sesong i radioen.