Wikipedia og Setesdal 3: Bygland

Share

Det er 22 artiklar om Bygland i Wikipedia. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Kategori:Bygland

Bygland
Bleke
Byglandsfjord
Byglandsfjorden
DB Bjoren
Osmund Faremo
Gaukhei
Grøssæ
Gyvatn
Hovatn
Josephsbu
Kvifjorden
Longerakvatnet
Nordåne kraftverk
Ose
Otra
Setesdølen
Stakkedalen
Storstraumen
Straumsfjorden
Topsæ
Åraksfjorden

På nynorsk wikipedia er det 3 artiklar frå Bygland.

Det hadde vore fint om fleire hadde kjent seg kalla til å skrive frå Setesdal. Det fine med wikipedia er at alle kan vere med, men det betyr også at det lett kan verte mange artiklar der folk er engasjerte og ikkje så mange der folk ikkje er engasjerte.

Dersom du sender meg en mail eller skriv ein kommentar om noko som det kan vere aktuelt å legge inn på wikipedia frå Setesdal, vil eg prøve å gjere mitt for å få skrive ein artikkel om temaet.

Lat oss hjelpe kvarandre med å verte gode!

Å gjere andre gode

Share

**Du blir god ved å gjere dei andre gode** er eit uttrykk for filosofien til trenarlegenda Nils Arne Eggen. Det har ført til at ein har starta å undersøke korleis dei realiserer dette i Rosenborg, som jo var fotballaget han trente. Sjå meir om dette i wikipedia: http://tinyurl.com/yk722x

Etter kvart som eg har tenkt på dette, har det gått opp for meg at dersom ein kunne ha dette perspektivet i ein del situasjonar, ville ein kunne unngå mange problem. Det er naturleg for ein lærar å tenkje slik, dersom han kan hjelpe elevane til å bli gode, vil omdømmet til læraren bli at han er god.

Men det gjeld i mange andre samanhengar og. Dersom ein i Valle kommune kan hjelpe medarbeidarane til å bli gode, vil også leiarane oppfattast som gode. Dette gjeld frå toppen og nedover.

Dermed gjeld det og i Valle radio. Dersom ein kan hjelpe kvarandre til å bli gode, vil den einskilde bli sett på som god. Spennande tankar ein mørk oktoberkveld.

Open sending 18. oktober 2006

Share

Kveldens Open sending var ved Theis Salvesen og Bjarne Tveiten. Dei hadde bøker og forfattarar som tema for rebusane. Her er ei liste over forfattarar, kven som vart trekte ut til å kome inn i studio og premiane som vart trekte ut i kveld.

1. Henrik Ibsen – Torleif Harstad
2. Jakob Sande – Gyro Trydal – Valle radio-kopp
3. Knut Hamsun – Nina Helle
4. Amalie Skram – Angerd Mosdøl – Slagdrill
5. Arne Garborg – Toril Lunden – Boka Tradisjonsmat frå Valle
6. Sigrid Undset – Ellen Lien – dusjradio
7. Jo Nesbø – Anne Rakel Brokke – Valle radio-sekk

Ved starten av sendinga kom Anne Lise Harstad frå Valle bygdekvinnelag med ei gåve: Boka **Tradisjonsmat frå Valle** som ho meinte kunne høve godt som premie denne kvelden, det var dagen etter at boka var lansert, og tema i kveldens opne sending var bøker.

I løpet av kvelden snakka Theis og Bjarne om boka som Bjarne held på å skrive, basert på pilgrimstradisjonen frå Hovden til Røldal. Planen er å organisere ein slik tur fyrst i juli neste år.

Aktuell time og Kommuninfo onsdag 18. oktober

Share

Det var Theis Salvesen som hadde timen, og med seg i studio hadde han Tarald Myrum, som er leiar i Valle IL. Til innleiing snakka dei om Fylkestinget. Tarald var nett komen frå eit førebuande møte, sjølve plenumssamlinga skal vere neste veke. Skulesaker engasjerer, og det er ein del andre viktige saker som også engasjerer, men Theis meinte at fylkestinget er kome i ei bakevje, og Tarald kunne forstå at han meinte det.

Deretter snakka dei om planane om kunstgrasbane i Valle, det er planar som er 5-6 år gamle, og no er det på tide å ta dei fram att. Idrottslaget har også andre tankar og idear, mellom anna arbeider dei for å få til eit samarbeid med Valle kommune om ei løna stilling for å drive ein del av det administrative arbeidet for idrottslaget sitt arbeid med fysisk fostring i kommunen. Fysak har vore eit engasjement i 20% for Øyvind Jacob, når han går ut av det, kan Valle IL føre det vidare.

Så kom Per Emanuelsen innom for å fortelje om kveldens arrangement i kommunestyresalen. Der skulle han snakke om «Å fange solstråler». Det var eit samarbeidsarrangement mellom Diakoniutvalet og Helselaget, og det kom til å bli god servering, lova han.

I ein telefonsamtale med Maranne Fedde Lilland, som er reiselivssjef på Hovden, handla det om å utdanne seg for å bu seg til styreverv no når det skal vere 40% kvinner i styra.

Til slutt hadde dei ein telefon til Jan Olsen der dei snakka om «Syklar til Cuba» og den store responsen det hadde vore på prosjektet i Valle. No vert det tre containarar og han reknar med å ha sendt 3000 syklar til Cuba på dei sju åra han har halde på.

Til **Kommunen informerer** kom driftssjef Ingvar Nes. Han hadde med seg mykje informasjon om kulturaktivitetar i tida framover, men og om eit møte som skal vere neste tysdag i kommunestyresalen om tilhøva på Furestøyl til vinteren.

Linda Eide i Sauesjåsendinga

Share

Til programmet fredag før Sauesjået fekk eg eit intervju med Linda Eide. Det er mange sider på Internett om henne. Her er lenke til to:
http://tinyurl.com/u3cb8
På denne lenka kan du finne kåseri av henne i Norgesglasset.
http://www.magasinett.no/index.cfm?id=40612
Langt nede på denne lenka finn du nokre ytringar av henne.

Her fylgjer intervjuet eg gjorde med henne til Valle Radio:

**-Linda Eide, du har vore i Valle nokre dagar no. Du er kjent som ein nynorskentusiast. Har det hatt noko med nynorsk å gjere når du har vore her?**

Ho ler og svarar:

-Nei, det har ikkje det. Det er jo lett å kalle meg nynorskentusiast sidan eg har ein dialekt som ligg tett opp til nynorsk. Eg likar godt å bruke eit skriftspråk som ligg opp til dialekten min. Men det kan godt hende eg er ekstra oppteken av språk. Det blir ein kanskje når ein har eit minoritetsspråk, som jo nynorsk er og har blitt. Men eigentleg er det ikkje fordi eg har dialekten min og brukar nynorsk at me er i Valle. Eg er svært fascinert av Valle-dialekten. I ein serie me har og gjer opptak til hadde eg lyst til å gjere noko på Valle-dialekten. Men det er ikkje eit språkprogram.

**-Det er altså ikkje Typisk norsk?**

-Nei, det er ikkje det. Valledialekten er ein av mange ting vi skal putte inn i åtte program som skal teikne eit nytt attraksjonskart over Norge, og me er på jakt etter andre ting å bli fascinert av enn dei mest vanlege eller typiske. I staden for å sjå på Monolitten i Vigelandsparken lar me oss kanskje fascinere av Valle-dialekten. Den kan og vere ein attraksjon.

-Men så kan me finne ein rar skulptur ein annan plass, eller eit hus som kan ha ei viss historie. Men det er ikkje eit språkprogram, det er heller eit reiseattraksjonsprogram. Men det er litt langt fram i tid, så me skal gjere ein masse opptak før den skal sendast.

**-NRK Hordaland lagar desse programma?**

-Ja, du kan seie at huset i NRK Hordaland har ein distriktsradio. Men det er og ei TV-avdeling der, og det er ei Riks-avdeling. Så det er eit Riksprogram me lagar.

**-Er det slik at Norge Rundt blir laga der?

-Ja, det blir laga i Bergen.

**Ingen er i tvil om at det er eit riksprogram. Har du jobba lenge i NRK?**

-Eg har jobba i NRK sidan 1990, men eg har jobba mest radio, nett som deg, eg har vore i P1 og P3. Eg har vore litt i dei fleste P-ane, men eg har vore mest i P1 dei siste åra, i Norgesglasset i P1.

**-Kva synest du er triveleg med radio?**

-Det er masse. For meg er radio eit univers der eg kan…

-Eg merker det no når eg lagar TV, eg kan jo ikkje lyga. No har me nett vore i ein telefonboks, eg skal liksom ringja heim til mor mi frå ein telefonboks. Eg ligg i senga på Valle motell og tenkjer på at no skulle eg og hatt nokre ord, kanskje, og sånn, så ringjer eg til mor mi. Då må eg gå ut i slåbrok – då kom jo du, så du fekk sjå meg i slåbrok, det er jo ikkje eit spesielt vakkert syn med kvite bein og sånn, men hadde det vore på radio, så hadde eg ikkje trengt å gå i slåbrok; eg kunne jo bare sagt at det var kveld og så ringt, ikkje sant, og så kom mutter i telefonen.

**-Bildene er best på radio?**

-Ja, bilde kan vere best på radio, det kan dei, når dei er det. Om ein ikkje har bilete på radio, då kan radio bli kjedeleg. Dette kunne me snakka om i timevis, men eg veit at de ikkje klipper i intervjua dykkar, så det får vere måte på.

**-Vekslar du mellom radio og TV no?**

-No jobbar eg mest med TV heile tida, og det skal eg gjere i eit år til.

**-Har du alltid vore i Bergen, eller har du jobba i Oslo også?**

-Eg har ikkje jobba så mykje i Oslo, det har bare vore for einskilde program, men eg har jobba vel to år i Trondheim, i P3.

**-Ikkje noko problem å bruke dialekten din på P3?**

-P3 er verkeleg dei som… Dette var i 1993 om hausten, og då var det slik at det var mykje betre for meg å bruke dialekten min der enn i NRK Hordaland. Der ville dei helst ha anten nynorsk eller bokmål. Og sjølv om eg har ein dialekt som ligg veldig nært opp til nynorsk, så vert det å snakke nynorsk, feil for meg. Eg har ein tanke om at språket mitt skal vere mest mogleg munnleg og mest mogleg meg sjølv, og det var ingen problem i P3. Både P3 – og eg meiner forsåvidt og TV2 har sleppt fram dialektane, og no etter kvart er det blitt heilt vanleg på P1 og slikt og. Eg tenkjer om radio at det er ikkje skriftleg, så eg synest det er unaturleg om eg skulle snakke eit skriftspråk.

**-No er det sikkert nokre som har høyrt på denne samtalen og som lurer på kor du har dialekten din frå?**

-Ja, no de lure der ute, no kan de få litt tid å gjette på det. Veit du det?

**-Nei, eg er ikkje sikker på det, men det verkar som om du kjem frå litt nord for Bergen.**

-Ja, litt nord, men og inn i landet. Viss du tek toget frå Bergen og …

**-Til Voss?**

-Ja, smiler Linda og klappar i hendene for open mikrofon. -Det er kanskje nokon som høyrer på og tenkjer at «Er det Vossadialekt, det høyrest ikkje heilt ut som nokon eg kjenner.» Men eg snakkar nøyaktig slik som eg alltid har snakka, frå den staden som eg kjem frå på Voss, og det er ei mil utanfor Voss, mot Hardanger. Og eg er fødd i 1969 og flytta frå Voss i 1988, og då var dialekten min sånn som eg snakkar no, trur eg. Når eg no er heime og snakkar med tantungar som bur i nøyaktig same huset og soknar til same skulekrinsen, så høyrer eg at dei snakkar annleis, i alle fall litt.

**-Språket er i utvikling heile tida.**

-Ja, det er det. Voss er sikkert litt slik som her i Valle og, at ein del ord forsvinn, dei er ikkje i bruk lenger. Det er jo ulike gjeremål som ein ikkje driv med lenger. Kanskje dei unge får mange nye ord, bokmål veltar jo inn over oss, så det er ikkje så rart om så skjer, men lyden, tonefallet, høyrer eg godt, også på ungar. Det høyrer eg i Valle, og slik er det på Voss også.

**-Har de eit prosjekt som Talemålsprosjektet i Valle, på Voss?**

-Det trur eg ikkje. Det var skikkeleg interessant å sjå den Internettsida de har laga til og møte denne gruppa som arbeider med dette, som kom med ord og som og diskuterte desse orda. Det dataprogrammet såg jo veldig bra ut, så det var ein type ting som Vossadialekten og kunne ha hatt. Det er jo sjølvsagt mange ord som er på veg ut.

**-Takk for praten.**

Onsdag 18. oktober 2006

Share

Ansvarleg: Theis Salvesen
Teknikar: Inga Flateland
Telefon: Torbjørg Hoftuft

18:00 Aktuell time. Theis med gjest Tarald Myrum
19:00 Kommunen informerer. Driftssjef Ingvar Nes i studio
19:30 Tankar frå Bibelen. Håvard Viki
20:00 Gunvor Ruth Salvesen og Monika Helle småpratar og spelar musikk.
20:30 Bygdekvinnelaget sine annalar.
21:00 Opi sending. Theis med gjest Bjarne Tveiten

Å få så hatten passer

Share

I ei brevveksling på Wikipedia fortel Bjørn som tegner at han får så hatten passar når han gjer noko som ikkje er slik andre ville ha det. Sjå http://tinyurl.com/yylzrs

Vi er flinke til å gje kvarandre så hatten passar. Men det er rimeleg fåfengt å tru at ein kan endre hovudet til ein person. Det er nok helst hatten som må endrast. Vi er skapte unike, ikkje ein gong tvillingar er heilt like.

Likevel kan nok ros gje endringar. Historia om sola og vinden som diskuterte om kven som kunne få frakken av mannen som gjekk på vegen, tyder på det. Same kor mykje stormen reiv i frakken, mannen drog frakken rundt seg. Men då sola steig og tok til å varme, då tok han fort av seg frakken og la han på armen.

Sondre Bratland syng om dette: Frå soli stig og strålar og Grip du meg, Heilage Ande, er opptekne av tankar om at endring kan skje gjennom vekst og varme.

Tankar i Kåseriet tysdag 17. oktober 2006

Wikipedia og Setesdal 2: Valle

Share

Som eg skreiv i går har internettleksikonet Wikipedia mange artiklar frå Setesdal. Her er det som gjeld kategori Valle:
http://no.wikipedia.org/wiki/Kategori:Valle
I denne kategorien finn vi 40 artiklar:
Valle
B
Kirsten Marie Bråten Berg
Bjørgum kraftverk
Hallvard T. Bjørgum
Torleiv Bjørgum
Bjørnevasshytta
Bossbu
Botnsvatnet
Brokke kraftverk
F
Fakse-Brokke
Osmund Faremo
Fisstøylvatnet
H
Paal-Helge Haugen
H forts.
Hylestad
Hylestad kirke
Hylestadportalene
Håhelleren
K
Kolsvatnet
Steinar Kyrvestad
M
Myklevatnet
O
Otra Kraft
R
Rosskreppfjorden
S
Theis Salvesen
Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane Landskapsvernområde
Johannes Skar
Stavskar
Store Bjørnevatn
Storvatnet i Bykle
Straumsfjorden
Svartenut
Svarvarnuten
T
Ole Knudsen Tvedten
Tveitetunet
U
Urddalsknuten
V
Valle (tettsted)
Valle Radio
Valle flyplass, Åraksøyne
Valle kirke (Aust-Agder)
Ø
Øyarvatnet
Øyuvsbu

Det er mange bidragsytarar på desse artiklane. Systemet til wikipedia er at alle kan vere med om dei veit noko. Eg har skrive noko, Helge Haugland har skrive ganske mykje på mange artiklar.

På nynorsk wikipedia er det bare ein artikkel frå Valle, det er om kommunen.

I programmet eg hadde med rebusar om turisthytter i Setesdalsheiane, fann eg stoff på desse sidene. I tida framover kjem eg truleg til å skrive meir frå Valle. Så du gjer lurt i å stikke innom av og til for å sjå om det er utvikling der.