Odd Børretzen 80 år

Share

Han har gjeve oss så mange flotte viser og tekstar, denne trubaduren og forfattaren med mange ulike bøker og plater på samvitet. Eg nytta stoff frå wikipedia då eg kåserte om dagens jubilant, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Odd_B%C3%B8rretzen

I samband med kåseriet spelte eg »Hva er vakrere enn en blomst på marken». Han har gjeve oss mange gledesstunder i radioen med tekstane sine, så også vi i Valle radio sender gratulasjonar i høve dagen.

Onsdag 22. november

Share

Ansvarleg: Ørnulf Hasla
Teknikar: Gudrun Rysstad
Telefonvakt: Gudrun Nomeland

**Program**
18:00 Aktuell time med intervju av Vidar Homme
19:00 Kommunen informerer
19:30 Tankar frå Bibelen ved Bjørgulv T. Berg
20:00 Musikk eg likar. Ved ungdomar frå Valle
21:00 Open sending ved Øyvind og Ørnulf

I Setesdølen tirsdag 21. november stod denne omtalen av programmet:
**Banksjefen i Valle radio**
VALLE: Onsdag byr Valle radio på eit intervju med Vidar Homme, den nye banksjefen i Valle sparebank i Aktuell time. Då får du truleg høyre meir om kvifor han vender tilbake til Valle etter ein kort karriere i Bykle kommune.