Takk for kommentarar

Share

Valle Radio sin blogg har ikkje hatt så mange kommentarar. Av og til har det kome spam, og nokre kommentarar har eg sletta fordi dei ikkje har vore relevante i høve til bloggen sitt føremål. Men no i jola vil eg nytte høvet til å takke for dei to siste kommentarane og oppfordre lesarane av bloggen til å lese kommentarane. Ros er alltid triveleg å få, og me treng det også.

Eg har mange gonger undra meg over at det har vore så få kommentarar til det eg skriv på bloggen. Eg har vald å tolke det slik at det eg skriv er dekkande for det som har vore oppe i radioen når eg skriv om programma i radioen, og at lesarane ikkje finn så store feil i det eg skriv, at dei tek seg bryet med å korrigere meg. Eg veit jo og at barrieren for å skrive ein kommentar til eit innlegg på ein blogg, er ganske høg. Det ser eg på meg sjølv, som av og til surfar innom andre bloggar og les, men ikkje legg att kommentarar sjølv. Difor har eg slått meg til ro med at denne bloggen nok skal vere ein blogg der eg skriv og andre les. I romjola har eg hatt over 40 lesarar ein av dagane, i går var det 29 som las på 426 sider, og talet har auka mykje dei siste månadane.

Mange lurer og på korleis eg kan klare å finne på nye ting å skrive om eller lage radio om. Kan det skje så mykje i ei lita bygd som Valle? seier dei. Men du ser det sjølv, det stoppar ikkje opp. Før denne artikkelen var det 430 innlegg på bloggen, og i det nye året vil det kome fleire.

Eg har hatt som mål å skrive eit innlegg kvar dag no i desember, og det ser ut til at eg klarer det. Når dette er ferdig, har eg bare ein dag att, så er månaden full. Dei som høyrer på radioen, veit at eg får ikkje med meg alle tema her, men, som Vidar H seier det, om ein ikkje fekk høyre på radioen ein onsdagskveld, vil ein tur innom bloggen mange gonger gje eit bilete av kva som var oppe. Eg høyrer ikkje sjølv alle programma, men når det høver, prøver eg å gje eit bilete av det her.

Men bloggen min er jo utan bilete, i alle fall har den vore det til no. Ein seier at eit bilete fortel meir enn tusen ord, men eg har til no halde meg til dei tusen orda. 😀 Det høver best i radio, og det er meir styr med bilete.

Så langt i kveld. Takk for at du les på bloggen. Ta gjerne kontakt med tips og idear til program og innlegg her. Vi speglar bygda vår på denne måten.

Gi så det svir

Share

Dei siste dagane har eg vore mykje oppteken med å skrive på Wikipedia, det leksikonet der alle kan skrive om det dei veit. Som eg har fortalt her på bloggen før, var det son min, Helge som oppmoda meg til å begynne å skrive der. Det var i sommar, og sidan har eg hatt mykje glede av dette. Her er hovudsida til bokmålsutgåva, som eg skriv på og som har om lag 92 000 artiklar når du les dette. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Hovedside

I ein tre vekers periode som starta 16. desember har wikipedia foundation, som er det ideelle stiftelsen som eig datamaskinane som dette leksikonet ligg på, hatt ein fundraisingskampanje for å få pengar til å drive datamaskinane. Den engelske utgåva av leksikonet har 1,5 millionar artiklar, dene tyske har ein halv million, og den norske går mot 100 000. Det er utgåver på over hundre språk, så det er eit viktig og stort arbeid å lage wikipedia.

I løpet av dei to første vekene har kampanjen fått inn nesten 750 000 dollar, du kan sjå det sjølv ved å gå inn på http://en.wikipedia.org/wiki/Main_Page den engelske hovudsida til leksikonet. Om du les engelske, vil eg og anbefale denne sida, som fortel om oppstarten og om prinsippa for leksikonet: http://www.theatlantic.com/doc/200609/wikipedia

Samstundes var det eit oppslag i Aftenposten i dag på side 17 i del 1. Der står det om den norskamerikanske milliardæren Fred Kavli, som gir heile si formue til forskning.

Eg veit ikkje kva for eit godt føremål du sponsar med gåver. I jolegåve i år fekk eg ei geit, det vil seie, ein familie i eit fattig land fekk ei geit til 250 kroner gjennom Kirkens Nødhjelp, og så fekk eg eit gåvebrev der Rønnaug skreiv at i år ville dei heller gje meg ei slik gåve enn ei ny bok til den overfylte bokhylla mi.

Eg gleder meg med den fattige familien som har fått ei geit og hjelp til å halde liv i seg. Eg gleder meg og over dei mange som gjev ein slant til Wikipedia og han som gjev sin rikdom til forskning. Den som gjev, han får, det er ein forunderleg livsvisdom samla i det gamle ordet.

Ei sjeldan kvinne

Share

Vi som lagar program i Valle radio, kan ofte glede oss over at Tora O. Lund er på telefonen når vi har rebusar og opne sendingar. Ho er så blid og triveleg å prate med.

Bjug Åkre tok ein prat med grannen sin og skreiv om henne i Jol i Setesdal 2006, og det vart eit interessant stykke. Tora har ikkje lege på latsida i livet. Ho var bare 20 år då ho gifta seg i 1941 og flytte frå Rike til lensmannsgarden i Nordibø og stifta heim med Juel O. Lund. Dei fekk seks born, så ei tid var det ganske folksamt i huset. Ein kan godt skjøne at det vart stussleg å bu der aleine, så no har ho fått seg rom på aldersheimen.

Ikkje alle ville ta fatt på ein ny karriere i ein alder av 65, men det gjorde Tora då ho starta med baking av braud og lefser for sal til turistane. Det har vore eit kjært bilete i bygda med Tora og etter kvart også dottera Jorunn i bakebua ved sidan av Valle Motell. Eit bilete av henne i artikkelen syner den kjende posituren hennar med kjevlet i bakebua.

Artikkelen nemner ikkje noko om Tora sitt engasjement for Valle radio sine opne sendingar. Einskilde gonger er det ikkje så mange som ringjer inn svar, då er det godt å ha Tora på tråden. Det har blitt mang ein triveleg prat om laust og fast, og mange helsingar har vi også kunna sende henne. Av og til har vi lokka henne utpå til å syngje i telefonen, noko som ikkje er så uvand for henne. Ho var jo med i songgruppa som Sverre Lund kalla Syskeni Rike, skriv Bjug Åkre og fortel at ho meir enn ein gong song Valle, min heimstad for turistane medan ho baka.

Gledeleg jol og eit godt nyår, Tora! Vi vart rikare som møtte deg, anten det no var på telefonen, på møte eller i Jol i Setesdal.

Reier Gjellebøl

Share

Reier Gjellebøl var prest i Valle fra 1772 til 1782. Sjå http://www.eskeland.net/node/4
Der har Helge Haugland lagt ut ei liste over prestar i Valle frå reformasjonen i 1536.

I år var det ein artikkel om Reier Gjellebøl i Jol i Setesdal. Torleiv Uppstad har skrive han, og han har nytta ei rekke kjelder for å finne stoff. Mellom anna:
* Naturlig og oeconomisk Beskrivelse over Hølands Præstegield (1771).
* Beskrivelse over Sætersdalen i Christiansands Stift av Rejerus Gjelleböl, Guds ords tjener til Valle Præstegjeld i Sætersdalen (1781), som i følge wikipedia vart «Belønnet med en premie av det Kongl Danske Landhusholdnings-Selskap. Trykt i Topographisk Journal i 1800-01.»
*Norsk Biografisk Leksikon

Eg fann han på Internett i Dansk biografisk Lexikon, 6. bind, sjå http://runeberg.org/dbl/6/0036.html

Reier Gjellebøl (1737-1803) var fødd i Høland. Då han var ferdig med å studere teologi i København, var det ikkje lett å få kall, og han vart gåande som lærar i Danmark ganske lenge. Boka om Høland hadde han tileigna Struensee, men Struensee kom i unåde og fall like etter, og difor måtte han be om tilgjeving for dette. Den fekk han, og like etter fekk han kall til Valle. Om det var feitt eller ikkje på den tida, er ikkje godt å seie, Uppstad har funne fleire episodar som tyder på at det kan ikkje ha vore lett å vere prest i Valle for to hundre år sidan. Han var svært oppteken av å få skulen på stell. Føregjengaren hans hadde ikkje makta mykje her, folk meinte at det vart for dyrt.

Uppstad har funne eit stev om Gjellebøl. Det er etter Slarve-Vilborg, som han hadde nekta nattverden. Då kom det til eit basketak, der presten reiv kleda av Vilborg. For å unngå stemning skulle han gje ei årleg godtgjersle til henne, og då kvo ho:
Gud signe han Reiaar Gjellebøl,
han kom her i messekledi.
Han tok sekken av hærdo mi
og gav meg braudet bæri.

Det vart ei god ordning for henne. No slapp ho å gå med tiggarsekken, fortel Torleiv Uppstad.

Kjøp Jol i Setesdal. Du finn mykje meir enn trivelege stev frå næringslivet i dalen også i nummeret i år.

Emisssæren

Share

I jola fekk eg ei gåve eg sette svært stor pris på. Det var boka Inge Hyld gav ut i år. Den har ikkje fått dei store oppslaga i media, men har vore til stor glede. Emissæren heiter ho. Luther forlag, ISBN 82-531-3332-4 150 små sider som fortel med humor og glede om eit liv som emissær for Misjonsselskapet, Indremisjonen, Blå Kors og Normisjon, 40 år på reisefot med evangeliet og godt humør. Inge har en egen evne til å huske de gode replikker og de komiske situasjoner, den evnen blir til en sprudlende glede som gjennomsyrer hele boka.

Her er ei av sogene, saksa frå Vårt Land sin omtale av boka:
Ifølge forfatter Inge Hyld var emissærene så mye ute og reiste at en emissærsønn kunne si til sin mor: «Du mamma, ska dein main ligge i pappa si sæng i natt og?».

Meir enn ein gong denne jola har eg humra under gjennomlesning av boka. Når ein attpåtil kjenner predikanten og har høyrt mei enn ei soge av han ved middagsbordet på Hadsel Folkehøyskole i de årene han vitja oss for å halde seminar om rusgifter, så skjøner du at eg har hatt ei triveleg jolehelg.

Gledeleg jol

Share

Eg sat og såg på NRK-gudstenesta i dag. Dei andre i familien var gått til Mandal kirke, men eg hadde vondt i ein fot og valde å vere heime. Dei hadde det sikkert fint i kyrkja, men NRK gav meg ei stor oppleving med gudstenesta dei sende frå Mortensrud kirke, som er ei ny kyrkje, vigsla i 2002. Her er informasjon på wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Mortensrud_kirke

Og her er heimesida til kyrkjelyden: http://www.mortensrud.no/

Det er Kirkelig Kulturverksted som har hatt ansvar for utsmykking, og kyrkja er blitt spesiell. Her er nokre bilete: http://www.kkv.no/billedkunst/mortensrud.htm

Både pinsevenner, frikirke og statskirke var saman i Mortensrud kirke 1. juledag. Frikirkepastor Lloyd Tryland var liturg, David Bye frå pinsekyrkja var forbønnsleder og
sokneprest Svein-Erik Skibrek talte. FreeKidz dansegruppe frå frikyrkja var med, og det var fin song av Mortensrud kirkekor og solistane Geir Rebbestad, Allister Svein Kindingstad og Christina Gjestvang. Mot slutten var det omfattande nattverd på tre stader i kyrkjeromet. http://www.nrk.no/kanal/nrk_p1/5821770.html

For 50 år sidan og i dag

Share

Sendinga i Valle radio i går kveld var hyggeleg å sitje å lytte til. Eg fekk ikkje med meg den fyrste delen, så å kommentere timen frå sentrum og samtalen Theis hadde med Gro, Brita og Helene, det kan eg ikkje. Men frå klokka 1915 var det Bjørgulv og Ørnulf som var i studio, og dei hadde Helge Dahle med seg som utereporter på Valle Alders- og Sjukeheim. Han møtte ei rekke av dei som bur der og dei som arbeider der og prata med dei om det å bu på heimen i jola og det å arbeide der i høgtida. Trivelege innslag.

Men for meg var nok høgdepunktet då Leonhard Jansen fortalde om hendinga for 50 år sidan som eg skreiv om på bloggen i går. Då fekk eg oppklart at båten Lester og Signe var på, var på veg frå Narvik til Rotterdam med jern då dei forliste i Nordsjøen. Leonhard fortalde og at dei gav seg med sjølivet etter den turen. Sjølv om far hans nok kunne tenkt seg ein ny tur, vart det nok med tanken. Mange hadde meint at det var alt for farleg alt før Signe fekk seg hyre, og no meinte dei at dei hadde fått rett. Han fortalde og at Signe seinare ikkje ein gong hadde reist med Danskebåten, men at forteljinga frå tida på sjøen hadde vore ein del av historia i familien alt frå han var liten. Eit svært triveleg innslag i programmet denne kvelden.

Elles prata Ørnulf og Bjørgulv med Anne Hasla og Knut Inge Hovet om det å dra ut og skaffe seg utdanning og tankar om å kome attende til Valle. Tankevekkjande og interessant var det å høyre på dei.

Ikkje mindre tankevekkjande var det å høyre då dei fekk Andreas Skjærli på tråden. Den nye eigaren av Refsnes Hotell inviterer til ope hus på jolekvelden, ein tradisjon han har hatt i 16 år frå han starta på Løa i Vennesla via Obersten på Evje til han no dekkar bordet på Refsnes. Motivasjonen og engasjementet var sterkt, og det var interesant å høyre han fortelje.

Ørnulf og Bjørgulv fullførte sendinga lisle joleptkvelden på ein fin måte. Ved 21-tida slutta dei av denne siste sendinga i Valle radio i 2006.

For 50 år sidan

Share

I romjula for 50 år sidan var Signe og Lester Jansen på Liberiaskipet Sun Long. Lester var andrestyrmann, Signe arbeidde truleg i messa. Skipet skulle til Europa, der dei hadde planlagt å gifte seg i sjømannskyrkja i Rotterdam nyårsaftan.

Men det bles sterk storm i Nordsjøen i romjola for 50 år sidan. Sonen Leonhard Jansen fortel at Lester oppdaga at båten hadde sprunge lekk. Førstestyrmannen ville evakuere båten med det same, men Lester meinte dei fekk vente og sjå om det kom hjelp.

Fred Olsen sitt skip Borre kom til hjelp. Dei hadde gått frå England jolaftan i eit stort uver, der mange ville utsetje avgangen, men kapteinen heldt på at dei skulle gå etter ruta. Dermed fekk dei redde 35 menneske frå den visse død i dette sterke uveret. Den siste vart heist ombord bare ein halv time før Sun Long forsvann i havet 100 sjømil sør for Lindesnes fyr.

Borre kom inn til Kleven i Mandal med dei 35 havarerte, så hendinga vart omtalt i avisa Lindesnes i 1956, og så dukka den opp att i Lindesnes 15. desember 2006 under overskrifta Lindesnes for 50 år sidan.

-Bryllaupet måtte utsetjast til mai 1957, fortel Leonhard, som fortel at han vart fødd nokså nøyaktig ni månader etter bryllupet, i februar 1958.

Truleg ligg det her stoff nok til ein artikkel i Jol i Setesdal. Her er det i alle fall presentert på bloggen.

Lisle Joleptdagen

Share

Kveldsansvarleg: Ørnulf Hasla og Bjørgulv T. Berg
Teknisk ansvarleg: Jørund Georg Jore

17:00 Sending frå Valle sentrum med trekning av jolelotteri. Utereporter: Helge Dahle.
18:00 Time med Theis. Samtale med Helene Horverak, Brita Mosdøl og Gro Haatveit Hovet.
19:00 Ørnulf og Bjørgulv i studio.

Telefon 379 37577
Faks 379 37575

Joleferie med noko attåt

Share

No har eg teke joleferie. Eg er tilbake i Valle 2. januar med ny sending. Men lisle jolaftan vert det sending som vanleg ved at ein startar klokka 17 i sentrum, og frå klokka 18 i Radiohuset. Ørnulf og Bjørgulf har ansvaret for den sendinga, som blir den siste sendinga i 2006.

Fredag 22. er det konsert i Valle kyrkje ved ei rekke ungdommar med lokal tilknytning. Gjer vel og gå på konserten og gje dei støtte og deg sjølv ein fin start på jolehøgtida.

I romjula inviterer kommunen unge som er heime på joleferie til eit møte. Lene Dyrkorn leiar samlinga, som onsdag 27. desember klokka 18. Tema er Folkehøgskule i Valle.

Det vert og badmintonturnering i romjola laurdag 30.12. frå kl. 10.00. Turneringa er for alle over 10 år og like mykje for dei «nye» som dei drevne. Påmeldingsfrist er 23.12. Meld deg på til Øyvind (97170382) eller Ralf (97530846). Startkontingent kr. 40,- for dei vaksne (over vg.skule)

2. joledag er det joletrefest i Oveinang, ettter det det kunne sjå på ein plakat i sentrum i dag.

Sjekk ut Setesdølen i morgon for å finne meir om gudstenester i Bykle og Valle i jola.

Eg har så langt klart å skrive kvar dag i desember. Om eg klarar det resten av månaden, vil det vere første månad utan hol i kalenderen. Ein epost til harhaugl@gmail.com med tips er kjærkome.